Viser innlegg med etiketten Åsta Holth. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Åsta Holth. Vis alle innlegg

5. juni 2026

Omtale: Finnskog-trilogien av Åsta Holth

Gyldendal 2025
767 sider
Papirbok fått i gåve


Om eit par veker, den 21. juni, vert skogfinnane sin dag markert mange stader. Sidan 1999 har skogfinnar hatt status som nasjonal minoritet i Noreg og i 2022 fekk dei sitt eige flagg

Skogfinnane er etterkommarar av ei finskspråkleg folkegruppe som utvandra frå Finland og inn i Sverige på slutten av 1500-talet. Etter kvart trakk mange endå lenger vestover og frå midten av 1600-talet busette mange seg på austlandet, særleg i det skogsområdet som no vert kalla Finnskogen i Innlandet fylke. Dei tok med seg tradisjonane sine; både språk, kultur, byggeskikk og jordbruksteknikkar.

Språket deira døydde ut på midten av 1900-talet, men kulturen vert i dag teke vare på og halde levande gjennom fleire arrangement og ulike organisasjonar.
Forfattaren Åsta Holth (1904-1999) hadde eit sterkt personleg engasjement for skogfinnekulturen. I Finnskog-trilogien fortel ho om skogfinnane sin kultur og deira harde liv som nybyggarar og innvandrarar.

Den fyrste boka i trilogien er Kornet og freden som kom ut fyrste gong i 1955. Med denne boka fekk Holth sitt litterære gjennombrot. Seinare kom Steinen blømer (1963) og Kapellet (1967). Eg tykte det var greitt å lesa dei samla og rett etter kvarandre i dette eittbindsverket. Samstundes har eg teke meg god tid med lesinga og lese mykje anna innimellom. 

Handlinga i den fyrste boka startar på slutten av 1600-talet der me blir kjende med Pål Tyyskiäinen og kona hans, Kerttu Mullikka. Sidan føl me etterkommarane deira utover på 1700- og 1800-talet. Holth skildrar, detaljert og med innsikt, livet på Finnskogen. Det handlar om hardt arbeid og slit, om skiftande årstider, om frykt for uår og rovdyr. Det handlar vidare om utanforskap, diskriminering og fattigdom, men også om samhald og (glimt av) lykke. Ho skriv direkte og som oftast frå eit kvinneperspektiv. Det er sterkt å lesa om dei tøffe kåra som kvinnene på Finnskogen hadde; om tider med svolt og naud, om (altfor mange) graviditetar og barnefødslar, om fjøsstell, handarbeid og husarbeid og om ulike omsorgsoppgåver som måtte ivaretakast.

Menneska sitt forhold og nærleik til naturen står sentralt i bøkene:

Kjenner du våren i skogane i nord? Det er der det er vår. Enda han kjem ikkje med brask og bram, han smyg på tå som ein lørdagsfriar. Han kviskrer stilt og smeikande og kakker lint på ruta. Han ber berre om ein liten prat gjennom dørsprekken. Men han banker snart sterkare, noe snur på seg og puster søvntungt der inne. Og våren blir meir og meir høgmælt, han nynner, plystrer, syng - til slutt knasar han ruta, stormer inn og tek henne i fang. Henne - skogens vaknande jord. Han er strid og mjuk, han er overmodig og vill og glad, og samstundes græt han saman med henne tårer av lengt og letting. Jorda blir varm i fangtaket hans. Og livet bobler, i strupen på orrhanen som danser med raue bryn, i tiuren med det frodande og knepprande nebbet, i brestande knoppar og susande sava, i det englekvite mylder av kvitveis og i hestehovens overmodige solfarge. Bån skulle komma til om våren. Alle bån skulle bli fødde til stigande verme og veksande lys.
Eg vart positivt overraska over språket Åsta Holth brukar. Det er veldig spesielt; nynorsk og noko radikal bokmål samt enkelte dialektord og -uttrykk. Sannsynlegvis meinte forfattaren at nynorsk var nærast hennar eiga dialekt, og med dette særeigne språket skapte ho ein heilt spesiell skrivestil. Andre ting som imponerer er forfattaren si formidlingsevne og hennar kunnskap om natur, kultur, folketru og tradisjonar.

Persongalleriet er stort, noko som er naturleg når handlinga går over eit par hundre år og fleire generasjonar. Nokre av personane kjem me under huda på medan andre berre flagrar forbi. Åsta Holth skal ha basert personane sine på verkelege menneske i si eiga slekt.

Finnskog-trilogien er eit stort og interessant romanverk, skrive med engasjement og i eit særeige språk.

For nokre år sidan las eg Britt Karin Larsen sin serie frå Finnskogen, og eg likte dei bøkene veldig godt. Larsen og Holth tilhøyrer kvar sin generasjon, og bøkene deira kan kanskje ikkje samanliknast - men eg tykkjer at dei utfyller kvarandre. Der Larsen er poetisk og svevande, har Holth meir fokus på det konkrete og på detaljar i høve levemåte og buforhold. Men kjærleiken til Finnskogen - den har dei felles.
Ein annan ting dei har felles er at bøkene deira gir oss ei påminning om at landet vårt har vore fleirkulturelt i fleire hundre år. 

31. mai 2026

Oppsummering mai 26

Påbyrja i februar, fullført i mai:
Åsta Holth - Finnskogtrilogien - Norske romanar - Papirbok fått i julegåve

Påbyrja i april, fullført i mai:
Håkan Nesser - Det finmaskede nettet (Barbarotti #10) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Tomm Kristiansen - På Parfymefloden og andre reiser - Norsk dokumentar/reiseskildring - Lyd Storytel

Lese i mai:
Harlan Coben - Funnet - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Pascal Engman og Johannes Selåker - Skammens vei (Skumringstimen #2) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Tomm Kristiansen - Fra Mandelas land - Norsk dokumentar/biografi - Lyd Storytel
Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen - 1968 - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Nicci French - Et rom av løgner - Britisk krimthriller - Lyd Storytel
Christoffer Carlsson - Jærtegn (Hallandsviten #1) - Svensk krim - Lånt ebok Biblio
Torbjørn Færøvik - Drømmen om Asia - Norsk dokumentar/reiseskildring - Lyd Storytel

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Tina Frennstedt - Det siste bildet (Cold Case #4) - Svensk krim - Lånt lydbok Biblio
Christoffer Carlsson - Brenn meg en sol (Hallandsviten #2) - Svensk krim - Lånt ebok Biblio

6 lyd, 3 papir, 1 ebok
3 lånt, 6 abonnement, 1 fått
5 krimromanar, 1 historisk roman/trilogi, 4 dokumentar
5 norske, 3 svenske, 1 britisk, 1 amerikansk
Nye forfattarar: Holth, Bratholm, Larsen

I mai vart eg omsider ferdig med Finnskogtrilogien som eg byrja på i februar. Eg har brukt lang tid, ikkje fordi boka er kjedeleg eller langsam, men fordi eg ville bruka tid på å "fordøya" innhaldet. Trilogien vart ei god leseoppleving og det kjem truleg ein omtale etter kvart. 

Det vart 4 sakprosa denne månaden, tre av dei av "eldre årgang". Både Parfymefloden og Fra Mandelas land av Tomm Kristiansen og Drømmen om Asia av Torbjørn Færøvik kom ut fyrste gong på 1990-talet. Men eg vil påstå at dei berre til ein viss grad er utgått på dato, - dei er alle framleis interessante, lærerike og underhaldande. 
Forfattar- og ekteparet Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen si bok om 1968, "året da kjærligheten blomstret og verden sto i brann" er óg ei interessant bok. Sjølv var eg eit barn i 1968 og følgeleg er eg for ung til å vera ein "ekte sekstiåtter", men eg hugsar ein del av dei hendingane det vert fortalt om, noko som truleg skuldast at det var i 1968 at foreldra mine kjøpte den fyrste TV'en vår. TV er eit sterkt medium, kanskje særleg for eit barn, og difor hugsar eg fleire svart-kvite glimt. Glimt frå både vinter- og sommar-OL, av kronprinsbryllaupet, samt nyhende som invasjonen av Tsjekkoslovakia og attentata på Robert Kennedy og Martin Luther King.

Krimbøkene eg las var av ulik stil og varierande kvalitet, med Det finmaskede nettet og Jærtegn som høgdepunkt, og med Funnet og Skammens vei hakk i hel. Eg har lese og likt fleire bøker av "Nicci French" (pseudonym for forfattar- og ekteparet Nicci Gerrard og Sean French) tidlegare, men Et rom av løgner innfridde ikkje heilt. Genialt plott, men leseopplevinga vart forringa av ein slitsam hovudperson og mykje utanomsnakk om trivialitetar.
Jærtegn er fyrste bok i serien Hallandssviten av Christoffer Carlsson. Kan kategoriserast både som bygdekrim, oppvekstroman og psykologisk thriller. Ei sterk og ganske intens leseoppleving. Eg las ut boka i går og er no i gang med ei anna bok i same serie, Brenn meg en sol

Elles har BookBites i løpet av mai gått over i historien og me har fått Biblio i staden. Appen er ny, men for oss brukarar er endringa knapt merkbar. Både brukarnamn, passord, utval og innhald er det same som før. Det vil óg sei at eg framleis ikkje er heilt nøgd med tenesta. Me som helst vil låna ebøker og lydbøker må finna oss i å venta mykje lenger enn papirboklånarar. Slik er det i alle fall på "mitt" bibliotek.

30. april 2026

Oppsummering april 26 og tertialstatistikk

Påbyrja i mars, fullført i april:
David Lagercrantz - Memoria (Rekke og Vargas #2) - Svensk krim - Lyd Storytel 
Martin Baldysz - Stille grender - Norsk krim (Ryer-serien #1) - Lånt ebok BookBites

Lese i april:
Malin Persson Giolito - Motiv - Svensk krimnovellesamling - Lyd Storytel
Elly Griffiths - En følelse av død (Ruth Galloway #4) - Britisk krim - Lyd Storytel
Jørgen Brekke - Alt skal bli støv (Odd Singsaker #9) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Jarle Sten Olsen - Rovfugl (Kim Utler #1) - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Val McDermid - Bildene hvisker (Karen Pirie #6) - Britisk (skotsk) krim - Lyd Storytel
Val McDermid - Bak løgnen (Karen Pirie #7) - Britisk (skotsk) krim - Lyd Storytel
Eleanor Barraclough - Historiens glør - Britisk historisk dokumentar - Lånt ebok BookBites

Langlesing - skal fullførast i mai:
Åsta Holth - Finnskog-trilogien - Norsk - Roman(ar) - Papirbok fått i gåve

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Håkan Nesser - Det finmaskede nettet (Barbarotti #10) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Tomm Kristiansen - På Parfymefloden og andre reiser - Norsk dokumentar/reiseskildring - Lyd Storytel




5 lyd, 3 ebøker, 1 papir
4 lånt, 5 abonnement
7 krimromanar, 1 krimnoveller, 1 historisk dokumentar
3 norske, 2 svenske, 4 britiske
Nye forfattarar: Baldysz, Olsen, Barraclough

April vart ein OK+ lesemånad. Ikkje så variert akkurat, då eg for tida les nesten berre krim og spenning, kun ispedd litt sakprosa av og til. (Eller - når eg tenkjer meg om har det vel vore slik nokre år..) 

Historiens glør er ei overraskande interessant bok, der me får kunnskap om vikingtida sett med britiske auge. Barraclough har fokus på kva arkeologi og skriftlege kjelder kan fortelja om "vanlege folk", og er til dømes eit bra supplement til Hardråde av Tore Skeie. Forfattaren ser ut som ho er 14, men ho er velutdanna og har mellom anna doktorgrad i norrønt. Terningkastet - ein (sterk) 4'ar - er strengt, men eg følte så sterkt på at eg ville ha meir. Meir tekst, fleire forklaringar, fleire teoriar og særleg; fleire illustrasjonar og kart.

Av høgdepunkt i april må nemnast Stille grender og Malin Persson Giolito si glimrande novellesamling Motiv
Alt skal bli støv og Rovfugl skal eg komma tilbake til i ein framtidig samleomtale. 

Tertialstatistikk 

Etter 4 månader av 2026 kan eg visa til følgjande tal:
  • 32 bøker, fordelt slik på sjanger:
    - 23 krim- og spenningsromanar
    - 2 andre romanar
    - 2 novellesamlingar
    - 5 sakprosa
  • 15 lyd-, 13 ebøker, 4 papirbøker
  • 19 lånt, 13 Storytel-abonnement, 
  • 11 norske, 8 svenske, 6 britiske, 4 amerikanske, 1 dansk, 1 fransk, 1 australsk
  • Terningkast: 13 5'arar, 15 4'arar og 4 3'arar.