Viser innlegg med etiketten 1Q84. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 1Q84. Vis alle innlegg

10. september 2013

Bok på vent: Kafka på stranden


Valet er overstått, naturen har kledd seg i haustfargar, kveldane er mørke. Og eg er klar for 1001-boka Kafka på stranden.

Tidlegare i år har eg lest - rettare sagt høyrt - både 1Q84 og Elskede Sputnik, og eg vart veldig betatt av både Haruki Murakami og opplesaren Duc Mai-The. Eg er stadig nysgjerrig på Murakami sitt forfattarskap, og har no Kafka på stranden liggande på vent, motteken som lydfil frå Lydbokforlaget. Opplesinga varer i over 21 timar, så det er muleg eg kjem til å låna papirboka på biblioteket i tillegg.

Omtale frå forlaget:
"På 15-årsdagen rømmer Kafka Tamura hjemmefra. Han vil vekk fra den iskalde faren sin og den foruroligende ødipale spådommen som alltid har fulgt ham. Men Kafka bærer også på håpet om å finne moren og søsteren, som forsvant elleve år tidligere. I byen Takamatsu slår han seg ned i et lite bibliotek, der han blir kjent med den androgyne Oshima og den gåtefulle kvinnelige bestyreren. Og her får han hjelp når politiet tar opp jakten på ham etter en blodig hendelse.
Nakata er også på flukt fra politiet. Etter en mystisk ulykke som barn har Nakata kunnet snakke med katter, og det er da han leter etter en forsvunnet katt at han får blod på hendene og må legge ut på reise. Gradvis veves trådene i Kafkas og Nakatas liv sammen."
Kafka på stranden er ei svært kjend bok som "alle" har lest. Eg forventar ei bok utanom det vanlege; ei rar, utfordrande og god leseoppleving.

Fleire fine ventebøker finn du om du klikkar deg inn på bloggen Beathes bokhylle!

4. juli 2013

Bokomtale: Elskede Sputnik av Haruki Murakami

Lydbokforlaget 2010
Opplesar: Duc Mai-The
Speletid: 7 t 32 min

Eg har tidlegare i år lese 1Q84 bok 1, 2 og 3 - og vart med dette bokverket både bergtatt og betatt av Haruki Murakami sitt univers. Elskede Sputnik byr på mykje av den same tematikken; einsame menneske i storbyen, som kretsar rundt kvarandre - nesten som satelittar -  i kvar si verd. Den sære humoren, som eg likte så godt i 1Q84, er ikkje tilstades i same grad. Det alternative, absurde og surrealistiske tek heller ikkje fullt så stor plass i denne boka.

Den ytre handlinga er kort sagt slik:
Forteljaren K er lærar på ein barneskule og elskar Sumire. Men Sumire har ingen slike kjensler for K, så han lyt nøya seg med å vera den trufaste venen hennar. Sumire på si side elskar Miu, som er ei sytten år eldre gift kvinne. Men Miu elskar ingen, - ho har opplevd noko i fortida som gjer at ho ikkje er i stand til det. Miu vert Sumire sin arbeidsgjevar og ven, og etter ei tid reiser dei saman til Europa. K vert oppringd av Miu og bedt om å komma til den greske øya dei har opphalde seg: Sumire er sporlaust vekke.

Språket er fantastisk og poetisk, enkelt og melankolsk, stemningsfullt og magisk. Setningar og samanlikningar som ikkje kan - ja, samanliknast med noko eg ikkje har lese før. Personskildringar og karakteristikkar som gjer at du "ser" menneska det vert fortalt om. Skildringar av sex, kropp og begjær som er litt kleine og naive og på grensa til å vera pinlege. Hovudhistoria som stadig vert avbroten av digresjonar, samtalar, dokument og sidehistoriar.

Når språket er så vakkert; kvifor då ikkje høgre terningkast enn fire?
For det fyrste: Handlinga. Historia heng ikkje heilt saman og er litt kjedeleg. Heldigvis er boka tynn/kort.
For det andre: Slutten. Den er skuffande, trur eg. Kanskje. Eg skjønte den ikkje. Dessverre. Eg lytta om igjen dei siste avsnitta fleire gonger, men vart like forundra kvar gong.

På plussida: 
Lydbokversjonen. Fabelaktig lest. Eg trur ikkje eg hadde fullført boka om eg ikkje hadde høyrt ho. Duc Mai-The maktar å få fram stemningar som eg hadde gått glipp av om eg hadde lese boka på eiga hand.

Konklusjonen blir at Elskede Sputnik er ei sær og rar, men vakker bok.

Trass i nedturen med Sputnik-boka: Eg er ikkje "skremd" frå å lesa/lytta til fleire Murakami-bøker. Den neste eg skal prøva meg på - kanskje til hausten? - er Kafka på stranden - i lydbokformat. Det vert litt av eit prosjekt, boka varer i over 21 timar - så om eg skal bli ferdig reknar eg med at eg lyt låna meg ei papirbok i tillegg.

14. mai 2013

Frå Japan til Sverige

- og frå Murakami til Niemi.

I går kveld lytta eg meg ferdig til 1Q84 bok 3, og enno er eg - reint mentalt - langt inne i Murakami sitt fantastiske univers. Verket 1Q84 har på alle måtar vore ei stor lese- og lydbokoppleving. Dei tre bøkene er på nesten 1200 sider til saman, lydbokversjonen på omlag 48 timar. Duc Mai-The er ein strålande opplesar, han formidlar stemninga i bøkene med stor innleving og i eit passande tempo.

Duc Mai-The er òg opplesar av lydboka som eg har på vent i dag;
Fallvann av Mikael Niemi.

Forlaget presenterer boka slik:
Det har regnet uten opphold hele høsten. Skogen, markene, myrene i Nord-Sverige er gjennomtrukket – jorden er mettet. Det er her, hvor Lulevassdraget strekker seg inn mot norskegrensen, at kraftverkenes store vannmagasiner ligger på rad. Og nede ved kysten ligger byene. 
En dag hender det som aldri skal skje. En liten sprekk i et damanlegg utvides, demningene brister – en katastrofe er under utvikling. En grå vegg av vann reiser seg. Flodbølgen velter fram, og den skal én vei – nedover. 
Blant dem som rammes, er mannen som kjører for livet i sin elskede sports-Saab mens tsunamien vokser i bakspeilet. Her er helikopterpiloten, som hadde planlagt selvmord denne dagen, men i stedet blir redningsmann for mange. Hans fraskilte kone skaper igjen problemer for ham, mens hans gravide datter klamrer seg fast i et flytende hus. En kraftverksarbeider blir rasende på en ung kvinne og søker hevn. En kvinne nede i Luleå prøver desperat å forsere den endeløse, helt stillestående bilkøen ut av byen for å komme hjem til sin datter.
Fallvann er en intens og åndeløst spennende katastroferoman – og samtidig full av Mikael Niemis varme, poesi og humor.

Eg har ikkje lese noko av Niemi før, - så eg ser fram til å ta til med denne.

Andre fine ventebøker finn du på bloggen Beathesbokhylle!

5. mai 2013

Smakebit på søndag: 1Q84

En smakebit på søndag
Ny søndag, nytt boktema, ny smakebit - og denne gongen i "ny" blogg. Kvar søndag fristar Mari frå Flukten fra virkeligheten oss med litterære smakebitar. Her kan ein dele nokre linjer frå ei bok (eller noko anna bokrelatert) med andre. Slik kan ein sjølv kanskje få gode bok- og bokbloggtips.

Eg les siste del av Haruki Murakami sitt store verk, 1Q84 bok 3, og er både betatt og bergtatt av boka. Det er ei absurd verd Murakami fortel om; ein må berre lena seg tilbake og ta inn over seg at forfattaren snur opp ned på tid, rom og verkelegheit. Eg vil gjerne dela ein liten smakebit av 1Q84, og har valt å gjera det med nokre videoklipp.

Det finst eit utal videoar om (og til) 1Q84 på Youtube. Boktrailers, bokomtalar, hyllestar, musikk frå bøkene (t. d. Janáceks Sinfonietta, som er med i opningsscenen i bok 1), intervju med forfattaren og mykje mykje meir, på mange ulike språk.

Her er ein fin boktrailer som skildrar stemningen i bøkene ganske godt:



1Q84 handlar om så mangt, og ein kan sei at kjærleik og einsemd er sentralt i handlinga.
Akkurat slik som i videoen nedanfor ser eg føre meg den eine hovudpersonen, Aomame.
Denne scenen er frå slutten av bok 2, og ein liknande scene vert det òg fortalt om i bok 3:



I denne videoen kan ein sjå ein presentasjon av forhistoria og fleire av personane som er sentrale i 1Q84:



Eg er veldig glad for at eg bestemde meg for å prøva meg på "fantasy for vaksne" og 1Q84. Eg var redd dette vart for sært og rart, men eg tykkjer bøkene er fengande og fengslande, handlinga er spennande og uforutseieleg. Murakami blandar saman austleg og vestleg mystikk på ein fascinerande måte, og eg har dessutan stor sans for den sære humoren hans. No er eg spent på slutten; eg har inga aning om kvar historia om Tengo og Aomame endar.

Lydbokversjonen anbefalast varmt, Duc Mai The er ein glitrande opplesar!