223 sider
Kjelde: eBokBib
"Vi lever" er tema for junirunden av Moshonistas biolesesirkel. Det handlar altså om nolevande personar - og eg valde meg ein biografi om Angela Merkel. Til politikarbiografi å vera er ikkje boka så tørr og uinteressant som ein gjerne skulle tru, men ho er ikkje sååå engasjerande heller. Angela Merkel - Et europeisk drama er eit norsk blikk på den tyske forbundskansleren, den tyske etterkrigspolitikken, den tyske gjenforeninga og den tyske utanrikspolitikken.
Forfattaren Ingrid Brekke er journalist i Aftenposten og var avisa sin korrespondent i Berlin ein periode. Ho har difor god kjennskap til tysk samfunnsliv og politikk og har med denne boka gitt eit reflektert, grundig og "passe personleg" portrett av Angela Merkel. Brekke har støtta seg til folk rundt hovudpersonen, på tidlegare biografiar og ymse muntlege og
skriftlege kjelder. Boka er lettlest og utan lange utgreiingar; ein typisk journalist-biografi - utan å vera tabloid.
Eg visste egentleg ingenting om Merkel på førehand, så for meg var det meste av innhaldet i boka nytt stoff. Eg var ikkje ein gong klar over at ho hadde austtysk bakgrunn, så eg tykte det mest interessante var å lesa om Merkel si barne- og ungdomstid i gamle DDR. Brekke fortel at Merkel var skuleflink, ordentleg og beskjeden av natur. Ho fortel vidare om studieåra og karrieren som vitenskapskvinne og fysikar. Den politiske oppvakninga hennar skjedde ikkje før muren fall i 1989, då Merkel var 35 år gammal. Elles vert det fortalt om familiebakgrunn, ekteskap og politikarkarriere - men det kan like godt lesast i denne omfattande Wikipedia-artikkelen.
Angela Merkel har hatt ei ekstraordinær "reise" - frå prestedotter i ein diktaturstat til ein av verdas mektigaste leiarar i eit velfungerande demokrati. At det skulle bli nettopp CDU (Christlich Demokratische Union - kristendemokratane) som vart hennar parti kan synast underleg, men Brekke gjer greie for årsakene til det. Det vert fortalt om den bratte vegen til topps, om maktkamp innan partiet og koalisjonen og om det som kvinnelege toppolitikarar ofte vert utsett for: Kritikk for utsjånad, frisyre og klestil. Men det vert også hevda at den einaste leiaren i EU som Vladimir Putin verkeleg har respekt for er - nettopp; Angela Merkel.
Merkel er utan tvil ei dyktig og mektig dame, men på TV-skjermen virkar ho gjerne litt stiv og reservert - og eg finn ikkje noko karismatisk ved henne. Ho skal imidlertid vera ualminneleg hyggeleg og omgjengeleg "på ordentleg". For sitt arbeid for demokrati, menneskerettar, miljøvern og europeisk samarbeid har Merkel motteke fleire prisar. Ho har i det politiske arbeidet vist seg som rasjonell, faktaorientert og løysingsorientert, noko som sikkert heng saman med hennar naturvitenskaplege bakgrunn. Det skal òg nemnast at ho er kontroversiell - og i samband med den pågåande flyktningekrisa er det mange som har lagt ho for hat.
Ingrid Brekke har gitt biografien om Angela Merkel eit personleg preg; ho legg ikkje skjul på sine eigne tankar, vurderingar og meiningar. Eg meiner det er positivt, for dermed blir ikkje boka så kjedeleg/sakleg som ho elles kunne ha blitt. For meg vart det ei OK+ leseoppleving.Andre bloggmeiningar: Rose-Marie - som er svært begeistra for boka.
