Forlaget Nord 2018
182 sider
eBokBib
I dag er Bernt Nikolai Hulsker mest kjent som fast deltakar i VGTV sitt magasin Foppall og den tilhøyrande podcasten. Her får han utfalda seg med engasjement, friske uttalelsar og sleivspark oppover og nedover og hit og dit.
Som aktiv fotballspelar var han også ein friskus. I ungdommen spelte han på fleire ulike lokalklubbar før han vart oppdaga og kjøpt av Molde i 1999. Seinare spelte han for Vålerenga, AIK, Start og til sist var han utlånt til Stabæk. Etter 2010-sesongen la han opp.
Hulsker har skjønt det. Fotball er fyrst og fremst underhaldning. Skal du nå ut til publikum må du by på deg sjølv, i alle fall til ein viss grad. I denne sjølvbiografien fortel Hulsker mange artige historiar frå oppveksten og om ymse hendingar på og utanfor fotballbana. Nokre episodar er utvilsamt pynta på medan andre virkar å vera ganske sanne. Alt om Hulken er ingen djup biografi og heller ikkje noko strålande litterært verk, men som underhaldningsbiografi er boka meir enn OK lesing. Eg har humra og flira meg gjennom dei 182 sidene og landar på terningkast 4. Av og til er det godt å lesa ei bok der ein ikkje treng å tenkja; berre lena seg tilbake og la seg underhalda.
Tema for desemberutgåva av Moshonista sin biolesesirkel er Gretne Gamle Gubber og valet av denne biografien treng difor ein forklaring: Bernt Hulsker er slett ikkje nokon gammal mann (fødd i 1977), men han er i alle fall fotballpensjonist. Han er dessutan smilande og blid på coverbiletet, så difor eit anna bilete der han ser meir gretten ut:

![]() |
| Her har Bernt Hulsker fått raudt kort av dommar Tommy Skjerven. Han er visst ikkje heilt enig, for å sei det slik. Foto: Schrøder, Tor Erik/SCANPIX |