Kagge forlag 2013
170 sider
Kjøpt ebok
Dette er mitt bidrag til Ingalill -
Moshonista - sin
biosirkel, som i runde 4 har
"Silverscreens/Dirty Stages" som tema. Eg valde meg til slutt (og tilfeldigvis)
Hans-Olav Thyvold si nye bok om Steven Van Zandt.
Van Zandt - Little Steven - er ikkje fyrst og fremst kjend som skodespelar, - han er meir kjend som musikar, låtskrivar, artist, gitarist, produsent, politisk aktivist og radio-DJ. For det store og breie publikum (som det heiter) er han nok best kjend som venen til
The Boss og medlem av
The E Street band og - i seinare tid - i rolla som Silvio Dante i
Sopranos. For mange nordmenn er han i løpet av det siste året også blitt ein kjær og kjend figur i
Lilyhammer, som Frank Tagliano/Giovanni Henriksen.
Forfattar Hans-Olav Thyvold kom ut med bok om kompisen til Van Zandt i fjor;
Bruce Springsteen - Den siste amerikaner. Årets bok,
Little Steven - fra New Jersey til Lilyhammer, er ei portrettbok basert på intervju forfattaren har hatt med Van Zandt frå 1984 til i år, samt opplysningar frå andre kjelder.
Ein vert ikkje noko særleg mykje meir "kjend med" Steven Van Zandt etter å ha lese denne minibiografien (ein kan finna mykje meir stoff om mannen ved å gjera eit google-søk), men eg har funne enkelte småinteressante ting å hygga meg med i denne tynne boka. Thyvold skriv om venskapet og turnélivet med Springsteen, brotet med The E street band, om den heller mislykka solokarrieren, om den politiske oppvakninga og engasjementet på 80-talet, og om kor absurd han fann det då han debuterte som skodespelar i
Sopranos i ein alder av 47. Faktisk vart Van Zandt tildelt rollen som Tony Soprano
himself, men han enda altså opp med rolla som
høgrehanda Silvio Dante.
Det er få avsløringar om
den private biten av Van Zandt i boka, og berre litt om oppveksten i New Jersey på 50- og 60-talet. Og berre
litt sex, drugs and rock'n'roll:
"Alt jeg hadde brydd meg om, var rock and roll, med sex på en annenplass et godt stykke bak. Jeg testet ut dop, men det ble en svært kortvarig affære for min del...Damer elsker kokain, men det gjør ikke peniser."
Thyvold vekslar mellom sitt eige og Van Zandt sitt perspektiv. Dette har vorte kritisert av ymse anmeldarar har eg sett, men sjølv tykkjer eg at det fungerer greitt. Det er ikkje
så komplisert å halde styr på kven som fortel. Forfattaren legg tydeleg vekt på "ein hyggeleg tone", og det er forsåvidt også blitt ei hyggeleg bok. Men det er ei bok for oss som er spesielt interesserte, for oss som har eit forhold til
The River og
Born in the USA, til
anti-apartheid og
Sun City, og til
Sopranos og
Lilyhammer.
Men sjølv for folk som i utgangspunktet er positive til ei bok om Little Steven, vert det for lite og for tynt. "Biografien"
Little Steven - fra New Jersey til Lilyhammer er akkurat det; ein biografi i hermeteikn, - ein liksombiografi. Det vert lite for pengane, rett og slett.
 |
| Gutta boys. Bruce Springsteen og Steven Van Zandt på jobb. |