Viser innlegg med etiketten e-bok. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten e-bok. Vis alle innlegg

30. august 2014

Storytel - mi vurdering

Slik ser skjermbiletet ut. Praktisk og enkelt.
Eg har testa ut den nye lydboktenesta og appen Storytel. Dette er ei strømmeteneste som best kan forklarast som "Spotify for bøker." Så langt har eg lytta til to lydbøker, og det fungerte veldig fint; søke-, informasjons- og innsovingsfunksjonane er praktiske og nedlastinga vart gjort på sekundar. På den måten er Storytel mykje betre enn forgjengaren Ordflyt.

Eg er likevel usikker på om eg kjem til å fortsetja abonnementet utover gratisperioden. Lydbøker og ebøker som abonnementsteneste er eit moderne og framtidsretta produkt, og eg helsar tenesta velkommen. Men eg håpar at alle forlaga kan gå saman og samarbeida om ei slik teneste - slik som eigarskapen er no (kun Cappelen Damm og ein del småforlag) er det heile noko uferdig og ufullstendig. 

Prisen er 169 kroner pr. månad - og ein kan lytta "ubegrensa til tusenvis av bøker", heiter det i marknadsføringa. Eg er likevel ikkje nøgd med utvalet, og slett ikkje utvalet som gjeld favorittsjangeren min. Det er også for få nye bøker. Eitt av poenga med appen er at ein skal kunna kombinera lydbok og ebok, men for meg - som har android-telefon - er det kun lydbokvarianten som fungerer. Appen skal oppgraderast og tilpassast ebøker også for android i løpet av hausten, vert det sagt.

Så eg kjem mest truleg til å halda meg på sidelinja inntil vidare når det gjeld denne strømmetenesta. For meg og mitt lesebehov er det biblioteket som er best. Utan tvil. Bibliotektenesta er gratis, har hyggelege, serviceinnstilte og hjelpsame tilsette og eit stort og breidt utval i både papir- og lydbøker og eit stadig betre og større utval når det gjeld ebøker.

Storytel: Terningkast 3
Biblioteket: Terningkast 6


16. april 2014

Endeleg

får også me som bur i Sogn og Fjordane låna ebøker på biblioteket. Utvalet er førebels noko begrensa, men me er i gang! Ebok-lanseringa vart markert forrige veke på eit arrangement på Sogndal bibliotek.

Skjermdump: sognavis.no
Fylkesbiblioteksjefen seier til Sogn Avis at det er flott at alle får lik tilgang til heile e-boksamlinga uansett kvar ein bur i fylket og kor stor heimkommunen er. Det er eg veldig enig med ho i.


Dei to fyrste bøkene eg lånte "på ebok-måten" vart 
Gro + Anja = Mio av Anja og Gro Hammerseng-Edin 
og Mellom rødt og svart av Jan Guillou.

15. april 2014

Biografilesesirkel: Anja + Gro = Mio

Cappellen Damm 2014
173 sider
Lånt e-bok

Moshonista sin biolesesirkel har idrettsutøvarar som tema denne gongen. I utgangspunktet passar det fint for ein sportsidiot som meg, og via eBokBib-appen lånte eg Anja + Gro = Mio - Kunsten å få barn. Boka er lettlest og fortlest - og overraskande bra.

Anja og Gro Hammerseng-Edin er to flotte, respekterte og profilerte idrettsutøvarar, og er vel omtrent dei einaste "offentleg homofile" i idretts-Noreg. Via TV-skjermen har ein kunna få med seg at dei er reflekterte og har kloke tankar, men eg vart som sagt overraska over kor gode dei var til å skriva; til å formulera tankane og opplevingane sine.

Anja Hammerseng-Edin er handballspelar for Larvik håndballklubb, - tidlegare har ho spelt for m.a. Gjerpen og Storhamar. Ho har spelt 59 kampar og scora 143 mål for landslaget, men har no ein pause i landslagsspel. Ved sidan av handballen driv ho prosjektet Fearless.
Gro Hammerseng-Edin spelar også for Larvik HK. Ho har hatt ein lang og suksessrik karriere i mange ulike klubbar i Noreg og Danmark. I fleire år var ho sentral på landslaget (167 kampar, 631 mål), ho var landslagskaptein og kåra til Verdens beste håndballspelar. Då Harald Bredeli i 2005 kunngjorde at Gro var "den flotteste lesba på Toten" vart ho nærast "kasta ut av skapet".

Boka handlar lite om handballkarrierane til forfattarane. Anja og Gro vart eit par i 2010 og foreldre til vesle Mio i 2012. Som tittelen syner, handlar denne boka mest om akkurat dette; om å bli foreldre - om å bli mor og medmor. Då dei bestemte seg for å prøva å få barn, sakna dei informasjon om dei ulike muligheitene og utfordringane som par av same kjønn støyter på i ein slik prosess. I forordet - som dei har skrive i lag - forklarar forfattarane nærare om kvifor dei valde å gi ut bok:
"Med denne boka kan vi kanskje bidra til at andre som er interessert i temaet, kan få vite mer om det å få barn med en av samme kjønn – informasjon krydret med tanker og synspunkter fra vårt ståsted.
Historier om helsepersonell som ber Anja om å sette seg i pappastolen på første ultralyd, tanker rundt lærere, foreldre og politikere, som kanskje kan påvirke systemet slik at medmødre som Anja i framtiden slipper å signere under «far» på sykehuspapirene."
Forfattarane byr på seg sjølve og er opne og personlege i det dei fortel. Dei har skrive kvart sitt kapittel, enkelte tema skriv begge om, frå kvar sin synsvinkel. Dei fortel korleis ein familie vart til; om to jenter som fekk barn saman. Dei måtte jo gjera det litt annleis enn på den tradisjonelle måten, og det er akkurat dette dei fortel om i boka. Om byråkratiske utfordringar og fordommar. Om vanskelege tankar og om praktiske tips til andre i same situasjon.
Eg frykta at  Anja + Gro = Mio skulle verta "klissete" og prega av babykos og småbarnsforeldreliv slik me kjenner det frå dei rosa mammabloggane. Men nei, denne boka er fyrst og fremst ei forteljing om fellesskap og kjærleik. Ei fin bok som alle kan ha nytte av å lesa.

26. januar 2014

Bokomtale: Stemmen av Jørgen Jæger

Juritzen forlag 2012
511 sider
Gratis ebok (Norli)

Bok nummer seks om lensmann Ole Vik i Fjellberghavn startar forrykande og høgdramatisk. Ei biljakt fører til at lensmannen vert hardt skada og forsvinn inn i koma - og der blir han verande gjennom stort sett heile boka. Kollegaen hans, Cecilie Hopen, vert kidnappa ved det same høvet og funnen att medvitslaus i Drammen; i lasterommet på ein bil saman med to lik - dei to mennene som bortførte henne.
Hovudrolla i Stemmen vert dermed overlate til Cecilie, og ho spelar også ei vesentleg rolle når det gjeld oppklaringa av mysteriet.

Eg har lest alle bøkene i Ole Vik-serien og ser på dei meir som kosekrim enn som politikrim. Dramatikken og spenningen er der til ein viss grad, - samstundes handlar det mykje om kvardagane og privatlivet til dei enkelte karakterane - for mykje etter min smak. Personskildringane er ganske vage og flate - og dei stereotype personane finn ein også i Stemmen. Me møter att den valdelege og tvers gjennom usympatiske politimannen Kristian Kvamme og får bli kjend med den overhyggelege og overkjekke etterforskaren ved Drammen politikammer, Bernhard Ro og sjefen hans, den dobbeltarbeidande og trippelbekymra Marte Mellingen.

Det er skurken - drapsmannen - som vert kalla Stemmen - fordi Cecilie faktisk har høyrt den karakteristiske stemma hans. Etter kvart vert det også klart at vedkommande haltar og at han har ein spesiell oppdragsgjevar. Drammen vert med eitt ein uhyggeleg by og det vert skikkeleg skummelt for hovudvitnet Cecilie som gradvis hugsar meir av kidnappinga og drapa.

Eg har brukt lang tid på boka. Ho er med andre ord ikkje spennande nok. Dei øvrige hendingane i boka står ikkje i stil med den actionfylte opninga.

Eg likar at Jæger har flytta mesteparten av handlinga til ein verkeleg by - Drammen - frå dei oppdikta plassane Fjellberghavn og Borg - det gir det heile eit meir autentisk preg. Eg tykkjer bøkene i serien vert stadig betre, men er fortsatt ikkje superimponert. Her er for mange klisjear, for mange uvesentlege detaljar og ting som eg har lest før, på ein måte, - men språket er effektivt og har bra flyt.


Konklusjon: Stemmen er grei. Lettlest, uproblematisk og grei krim. Karakter 4 minus.

16. desember 2013

Biografilesesirkel: Little Steven - fra New Jersey til Lilyhammer av Hans-Olav Thyvold

Kagge forlag 2013
170 sider
Kjøpt ebok


Dette er mitt bidrag til Ingalill - Moshonista - sin biosirkel, som i runde 4 har "Silverscreens/Dirty Stages" som tema. Eg valde meg til slutt (og tilfeldigvis) Hans-Olav Thyvold si nye bok om Steven Van Zandt.

Van Zandt - Little Steven - er ikkje fyrst og fremst kjend som skodespelar, - han er meir kjend som musikar, låtskrivar, artist, gitarist, produsent, politisk aktivist og radio-DJ. For det store og breie publikum (som det heiter) er han nok best kjend som venen til The Boss og medlem av The E Street band og - i seinare tid - i rolla som Silvio Dante i Sopranos. For mange nordmenn er han i løpet av det siste året også blitt ein kjær og kjend figur i Lilyhammer, som Frank Tagliano/Giovanni Henriksen.

Forfattar Hans-Olav Thyvold kom ut med bok om kompisen til Van Zandt i fjor; Bruce Springsteen - Den siste amerikaner. Årets bok, Little Steven - fra New Jersey til Lilyhammer, er ei portrettbok basert på intervju forfattaren har hatt med Van Zandt frå 1984 til i år, samt opplysningar frå andre kjelder.

Ein vert ikkje noko særleg mykje meir "kjend med" Steven Van Zandt etter å ha lese denne minibiografien (ein kan finna mykje meir stoff om mannen ved å gjera eit google-søk), men eg har funne enkelte småinteressante ting å hygga meg med i denne tynne boka. Thyvold skriv om venskapet og turnélivet med Springsteen, brotet med The E street band, om den heller mislykka solokarrieren, om den politiske oppvakninga og engasjementet på 80-talet, og om kor absurd han fann det då han debuterte som skodespelar i Sopranos i ein alder av 47. Faktisk vart Van Zandt tildelt rollen som Tony Soprano himself, men han enda altså opp med rolla som høgrehanda Silvio Dante.

Det er få avsløringar om den private biten av Van Zandt i boka, og berre litt om oppveksten i New Jersey på 50- og 60-talet. Og berre litt sex, drugs and rock'n'roll:
"Alt jeg hadde brydd meg om, var rock and roll, med sex på en annenplass et godt stykke bak. Jeg testet ut dop, men det ble en svært kortvarig affære for min del...Damer elsker kokain, men det gjør ikke peniser."
Thyvold vekslar mellom sitt eige og Van Zandt sitt perspektiv. Dette har vorte kritisert av ymse anmeldarar har eg sett, men sjølv tykkjer eg at det fungerer greitt. Det er ikkje så komplisert å halde styr på kven som fortel. Forfattaren legg tydeleg vekt på "ein hyggeleg tone", og det er forsåvidt også blitt ei hyggeleg bok. Men det er ei bok for oss som er spesielt interesserte, for oss som har eit forhold til The River og Born in the USA, til anti-apartheid og Sun City, og til Sopranos og Lilyhammer.

Men sjølv for folk som i utgangspunktet er positive til ei bok om Little Steven, vert det for lite og for tynt. "Biografien" Little Steven - fra New Jersey til Lilyhammer er akkurat det; ein biografi i hermeteikn, - ein liksombiografi. Det vert lite for pengane, rett og slett.

Gutta boys. Bruce Springsteen og Steven Van Zandt på jobb.

18. oktober 2013

Bokomtale: Før jeg brenner ned av Gaute Heivoll

Tiden 2010
302 sider

Kjelde: Kjøpt e-bok

Gaute Heivoll byggjer boka si på verkelege hendingar og har også skrive seg sjølv inn i romanen. Ein pyroman herja i heimbygda til forfattaren i 1978, det året han vart fødd - og gjennom heile oppveksten har han høyrt forteljingar om brannane og om pyromanen. I vaksen alder fortel så Heivoll om desse hendingane frå 1978 og parallellt fortel han om sitt eige liv og om korleis han vart forfattar.

Før jeg brenner ned er ei forteljing om to unge menn som strevar med å finna "meininga med livet". Pyromanen og forteljaren sine historiar kryssar kvarandre på fleire plan. Begge er som barn snille, ordentlege og flinke. Kva er det som gjer at den eine av dei "tippar over"? Er det berre tilfeldig? Kva skjedde egentleg med pyromanen medan han var i militæret? Kvifor fekk han ikkje hjelp?

Forfattaren har sett seg inn i tankane til brannstiftaren, han har snakka med gamle sambygdingar som hugsar pyromanen og ofra hans, samstundes som han tenkjer tilbake på sin eigen oppvekst og om korleis han er blitt den han er blitt.

Eg skulle gjerne ha likt denne boka. Eg skjønnar at Heivoll er ein dyktig forfattar, at språket hans er presist, og at historia kan vera interessant, - men ho passa ikkje for meg. Eg fann ho verken rystande eller gripande, berre irriterande trist. Faktisk kjende eg ingenting, - berre eit visst medynk med foreldra til pyromanen.

Eg var mest letta då boka endeleg var utlest. Før jeg brenner ned sette meg i dårleg stemning. Boka liknar på ein thriller, men finst ikkje spennande. Så - det er vel meg det er noko "feil" med? Forfattaren vart då tildelt Bragepris og greier...

- eller er Roar Sørensen inne på noko i sitt krasse og etter kvart berømte debattinnlegg "So you think you can write?" der han - for å sei det pent - slaktar heile boka?

23. september 2013

Bokomtale: Arven av Katherine Webb

Gyldendal forlag 2011
Oversetjar: Jan Chr. Næss

487 sider

Arven er ein lettlest underhaldningsroman som hadde vore betre dersom den hadde vore halvparten så lang. Eg tykte spesielt den fyrste halvdelen vart for usamanhengande og langdryg. Likevel fenga historia meg såpass at eg ikkje avbraut, men det tok uvanleg lang tid (5 veker! - men då har eg sjølvsagt lest ein del andre bøker i tillegg) før eg fullførte den fyrste e-boka mi.

Dei to systrene Erica og Beth skal rydda ut av den gamle herregarden dei har arva. Der finn Erica, som er forteljarstemma i boka, eit gammalt bilete av oldemora Caroline med ein liten baby på fanget - men det viser seg at årstalet på biletet ikkje stemmer med årstal for bryllaup og fødslar i familien. Eit anna mysterium i boka er kva som egentleg skjedde i Erica og Beth sin barndom, då den jamngamle fetteren deira forsvann på uforklarleg vis.

Det handlar altså om eit gammalt arva hus og om hemmelegheiter frå fortida som kastar skuggar over notida. Verken tema eller forteljarmåte er særleg original. Boka har gode miljøskildringar, men eg tykkjer at personane som det vert fortalt om er merkelege - og uverkelege. Det gjer at eg ikkje heilt klarar å tru på forfattaren og historia.
Det vert veksla mellom notid og fortid - og ganske tidleg forstår lesaren mykje av det "mystiske" som har hendt for lenge sidan. Når forfattaren omsider avslører det heile, etter uendeleg mange hint, har det gått for lang tid - lesaren skjønnar det meste - og spenninga er nesten borte.

Slutten var ganske patetisk og store deler av boka var langtekkeleg, omstendeleg og med for mange uvesentlege detaljar. Eg vart skuffa over Arven og tykkjer det er godt å endeleg vera ferdig med boka. Fordommane mine mot Dameromanar og Bøker med vakre omslag vart stadfesta og eg kjem neppe til å lesa meir av denne forfattaren.

18. august 2013

Mi fyrste e-bok

Eg har sjølvsagt både sett på og høyrt om e-bøker tidlegare, men har faktisk ikkje brydd meg om å prøva å lesa bøker i slikt format. Eg har hatt nok med papirbøker og lydbøker - og har venta litt på at bibliotektenestene også skal omfatta utlån av e-bøker. (E-bok-utlån er som kjent enno kun muleg på nokre få utvalde bibliotek) Ikkje er eg blant dei fyrste som skaffar meg nye tekniske duppedittar heller..

Eg vart frista til å prøva e-bok denne veka då ark.no hadde kampanje og tilbod på e-bøker frå kroner 29,- pr stk. Utvalet var høgst begrensa (eg hadde lese alle tilbodskrimbøkene tidlegare) og valet mitt fall på Arven av Katherine Webb. Ei bok og ein forfattar eg har høyrt mykje bra om, men som eg tidlegare ikkje har hatt spesielt lyst til å lesa. Eg er nemleg full av fordommar når det gjeld typiske dameromanar - som eg har inntrykk av at dette er. (Eg har aldri lest noko av Kate Morton og Lucinda Riley heller - men har prøvd meg på Samartin)

Etter fleire hardbarka og testosteronfulle machobøker på rad (Lee Child, Jens Lapidus, Tom Kristensen og no - Roar Sørensen) har eg behov for litt avveksling og håpar at eg kan roa meg ned med Arven og kanskje finna fram den meir feminine sida av meg sjølv?

Eg brukar mobilen som lesebrett. Det er uvant å lesa bok på den måten, men det funkar greitt. Førebels har eg ikkje lest meir enn omlag 30 sider, så eg veit ikkje kva eg meiner om boka enno.

Arven er ei bok med to parallelle historiar. Historia frå notida handlar om dei to søstrene Beth og Erica. I historia frå fortida, byrjinga av 1900-talet, møter me oldemora deira, Caroline. Til høgre kan du lesa starten av prologen.

Omslaget på papirboka er altfor idyllisk og søtt etter min smak. Håpar innhaldet ikkje står heilt i stil med coveret. 

Smakebit på søndag er ei bloggutfordring som går ut på å dela ein liten bit av boka du les akkurat no. 
Ta ein tur innom hos Mari og  flukten fra virkeligheten og smak!