29. mai 2013

Dobbel kjappomtale

av to "kjappe" bøker. Eg har lese Straff og Paradis tapt av Birger Baug. Tidlegare har eg lese Død sjel, som er tredje bok i politikrimserien med førstebetjent Halvor Heming som hovudperson. Alle tre bøkene er lettleste og ganske spennande.

Baug debuterte i 2008 med krimromanen Straff. Her presenterer forfattaren oss for Halvor Heming, ein mann litt annleis enn sine kollegaer i krimlitteraturverda; han har verken rusproblem, brysam eks-kone eller psykopatisk sjef. Det er høgst uvanleg (men kanskje litt kjedeleg?) med ein mannleg krimhelt som ikkje har stort andre utfordringar i privatlivet sitt enn den tidsklemma som alle småbarnsforeldre har.

Straff handlar om, som tittelen antydar, skuld, hevn og straff. Om kva ekstrem mobbing i barndommen kan føra til av skade, ikkje berre for offeret, men òg for andre involverte. Boka er på omlag 250 sider og veldig fortlest, samstundes som ho er engasjerande og med høg sidevendarfaktor. Til debutbok å vera, er ho svært bra. Det er tydeleg at Baug skriv med samfunnsengasjement. Han har evne til empati og innleving, særleg når han skildrar det stakkars einsame mobbeofferet. Oppklaringa og sjølve plottet vert noko oppkonstruert og oppfattast kunstig, men boka anbefalast, - ho passar perfekt som "sommarkrimlektyre".
Terningkast 4.

I bok nummer to, Paradis tapt (2009), er det fleire parallelle historiar. Ei av dei foregår på Helgelandskysten og ei anna i det hardbarka narkotikamiljøet i hovudstaden vår. Dessutan får me gjennom ei dagbok høyra om ein far som er villig til å gjera absolutt alt for at den narkomane sonen hans skal komma seg ut av narkohelvetet. Det skjer uvanleg mange overdosedødsfall i Oslo, og etterforskingsleiar Halvor Heming og teamet hans ser at dette umuleg kan vera tilfeldig.

Forfattaren viser også i denne boka empati, engasjement og kunnskap, her spesielt om narkotikaproblematikken. Dei ulike historiane vert fletta saman på ein OK måte til slutt. Denne andreboka "heng litt betre saman" enn den fyrste boka, og er ein smule meir utfordrande for lesaren, - men er likevel svært lettlest og "kjapplest".
Terningkast 4 pluss.

Tidlegare har eg skrive ein litt fyldigare omtale av bok nummer tre, Død sjel (utgjeven 2012). Den kan lesast her.

Dei tre bøkene i serien er sjølvstendige og treng ikkje lesast i rekkefølge, men som alltid er det ein fordel å starta med starten :-)

Ei heilt grei terrassebok

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar