Juritzen forlag 2014255 sider
Kjøpt ebok - frå forfattaren si nettside for kr 99,-
http://gertnyg.com/ebok/
Ny bok frå Nygårdshaug - igjen! Dette er ein særs produktiv og forteljarglad forfattar, til glede for oss som har sans for underhaldande, originale og forunderlege forteljingar.
Nøkkelmakeren er ein slags fabel og me møter att det same persongalleriet og det same miljøet som i Klokkemakeren - og det handlar framleis om Tiden med liten og stor T. Om "for-Tiden, frem-Tiden og nå-Tiden". Om Tiden som er ute av rytme fordi naturen er ute av rytme.
Rundt landsbyen der Melchior Mussenden og kona Mathilde bur finst det store kornåkrar. Herr Mussenden går gjerne til vertshuset Det Gylne Aks for å nyta god mat og drikke og for å treffa dei andre medlemmene av Dueskytterforeningen. Dei filosoferer over så mangt og diskuterer smått og stort.
Ein dag kjem ein mystisk mann som kallar seg Nøkkelmakeren og slår seg ned i landsbyen. Han har med seg digre koffertar og er i stand til å låsa opp både fysiske låsar og andre stengsler. Via svære antenner er han i stand til å hacke seg inn i ulike system. Dette fører til ulike tiltak frå deira Mektige Allierte si side - og urmakar Mussenden og dei andre innbyggjarane i landsbyen vert utsette for mange underlege hendingar.
Nøkkelmakeren er ei underhaldande bok som i tillegg gir lesaren kunnskap og utfordrande tankar.
Her får ein kvardagspludring, absurde hendingar og innfløkt filosofi - alt på ein gong. Det er ikkje nødvendig å lesa Klokkemakeren fyrst. Forfattaren seier at desse to bøkene er parallell-romanar og at boka er
"Tilegnet de som ikke er slaver av Tidens ubegripelighet og derved kronologiens nødvendighet."For meg var Nøkkelmakeren ei god leseoppleving. Både denne og Klokkemakeren anbefalast varmt, - og det er altså hipp som happ om du les den eine eller den andre fyrst eller sist.
Forfattaren nyttar eit noko snirklete, gammaldags språk og er sparsam med teiknsetjing, - særleg med punktum. Dersom du ikkje har lest noko særleg av Nygårdshaug tidlegare, vert det gjerne litt spesielt. Men tru meg - du kjem kjapt inn i den nygårdhaugske måten å skriva på.
Les også:
Haustbøker på vent
Omtale av Klokkemakeren
Omtale av Mengele Zoo - som feirar 25-års jubileum i dag!
Sommerfugleffekten - Intervju med GN - D2.no










