21. juli 2013

Striskjorta havrelefsa

Det nærmar seg slutten på årets sommarferie. Tre veker har gått der eg ikkje har ofra jobben min ein tanke - før no for litt sidan. Eg tok meg nemleg "ein tur innom" jobb-eposten min. 87 uleste epostar. Eg logga meg fort ut att, og innser at morgondagen neppe vert kjedeleg. Litt seigt å ta til att på jobb når verprognosane for Vestlandet er strålande for den kommande veka, - men det er jo trivelegare å jobba i godvêr enn i drittvêr. Eg kan ikkje påstå at eg gler meg til å stå opp klokka 06:15 i morgon tidleg heller.

Søndag kveld altså, og tid for å dela ein smakebit frå boka eg les via bloggen Flukten fra virkeligheten.

Eg les Brobyggerne av Jan Guillou, ein murstein på 560 sider, - og likar den veldig godt så langt. Guillou er vel best kjend som mannen bak action/agent/macho-serien om Carl Hamilton og den historiske trilogien om korsfararen Arn Magnusson. Brobyggerne er starten på ein heilt annan type serie.

Historia startar på Osterøy på 1880-talet. Tre små brødre vert farlause - eit forlis tok livet av både far og onkel - og gutane vert sende til Bergen for å arbeida. Når det syner seg at gutane er usedvanleg teknisk begava, tek selskapet Den gode hensikt ansvar for brødrene si utdanning. Målet er ingeniørstudiar i Dresden, Tyskland - og etter fullførte studiar skal dei etter planen arbeida som jernbaneingeniørar på Bergensbanen. I 1901 vert brødrene Lauritz, Oscar og Sverre Lauritzen uteksaminerte som diplomingeniørar frå universitetet i Dresden med toppkarakterar:
 "Det hadde vært en lang reise, men nå var de fremme ved målet. For alle de tre brødrene burde det vært den lykkeligste dagen i deres liv, og ingenting de så ved hverandre tydet på noe annet.
 Men det var noe Lauritz ikke hadde fortalt brødrene sine.
 Det var også noe Oscar ikke hadde fortalt brødrene sine.
 Og det var noe Sverre definitivt ikke hadde fortalt brødrene sine."
Berre eldstemann Lauritz vender attende til Noreg og Hardangervidda. Oscar flyktar langt vekk; til Tysk Øst-Afrika og Sverre reiser til London med den mannlege kjæresten sin...

2 kommentarer:

  1. Den här är jag sugen på, men väntar på att tredje delen ska publiceras så att jag inte behöver vänta så länge om jag tycker om den.

    SvarSlett
  2. Jag har funderat på att läsa denna serie. Böckerna om Arn gillade jag, men har ännu inte kommit mig för att läsa denna serien. Tack för smakbiten!

    SvarSlett