20. november 2013

Bokomtale: Hevneren av Jan-Erik Fjell

Juritzen forlag 2013
418 sider
Lånt på biblioteket


Den unge forfattaren Jan-Erik Fjell er denne hausten ute med den tredje boka si om den flåkjefta, brautande og spelegale politimannen Anton Brekke. Fjell mottok Bokhandlerprisen for krimdebuten Tysteren og følgde opp med Skyggerom ifjor. Bøkene er enkeltståande, men det er greitt å lesa dei i rekkefølgje, då det er ei utvikling og litt tilbakeblikk i dei. Fjell har gode plott og driv i handlinga i bøkene sine, og han nyttar eit lettlest språk. Det er slett ikkje rart han har skaffa seg mange lesarar.

Som tittelen og framsidebiletet viser; i boka Hevneren handlar det om hevn og hevnlyst. Boka har 88 korte kapittel, der me føl tre ulike parallelle historiar som etter kvart vert fletta ganske så elegant inn i kvarandre. Det er ein heil del som skjer i dei ulike tidsperiodane, men det er likevel lett å halda tråden.

- USA, 1961: 17 år gamle Danny Larsen vert dømd til livstid i fengsel for væpna ran og drapsforsøk på ein politimann. Han skal sona straffa på fangeøya Alcatraz.
- USA, 1994: Ein gjeng norske ungdommar vitjar San Francisco i samband med ein Metallica-konsert. To av dei, eit ungt par, vitjar det no nedlagde fengselet på øya. Her vert dei kjende med amerikanaren William Smith - ein tidlegare Alcatraz-fange, som fortel Danny si historie.
- Noreg i notid: Anton Brekke er "degradert" frå Kripos - men vert teken inn att i varmen når det syner seg at ein seriemordar er på ferde.

Forfattaren presenterer plottet sitt og dei ulike historiane på ein god måte. Spenninga stig betrakteleg etter kvart som ulike deler av hendingane vert avdekka. Boka er absolutt best i skildringane som gjeld Danny og kva som skjedde den gongen på Alcatraz. Denne historia er fengande og fengslande. Notids-historia med oppklaring og opprulling av seriemorda vart svært spennande mot slutten - men er ikkje like fengande heile vegen. Det eg likar minst med boka er personskildringane, særleg sjølve hovudpersonen, samt det irriterande og lite truverdige forholdet mellom Anton Brekke og kollega Magnus Torp. Brekke er ikkje den einaste i krimlitteraturen som er bråkjekk og ufordrageleg, - tenk berre på Harry Hole, - men han er jo så utruleg sjarmerande og sårbar i tillegg. Harry har personlegheit og dybde. Brekke er for enkel og har - for å sei det pent - begrensa sjarm.

Elles vart eg litt snurt over at eg ikkje vart overraska når forfattaren avslørte gjerningspersonen..

Språkleg sett er Fjell vorten betre enn i dei to føregåande bøkene, men historiane i Hevneren tek ikkje momentant "tak i" lesaren, slik som tilfellet er i Skyggerom, tykkjer eg. Hevneren er ei godt komponert og småspennande bok - og Jan-Erik Fjell er på veg til å hevda seg mellom dei beste kriminalforfattarane her i landet.

Sjå andre blogginnlegg om hevneren: Tine's blogg, Artemisias Verden, Min bok- og maleblogg, Ritaleser.

7 kommentarer:

  1. Denne har jeg stående også, men tenker jeg må lese de to første før denne. Fjell virker som en spennende forfatter, og godt å høre at han har utviklet seg i løpet av de tre krimromanene han har skrevet.
    Ha en fin onsdagskveld :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Du MÅ ikkje, men det er nok ein fordel å lesa desse bøkene i kronologisk rekkefølge.

      Slett
  2. Godt du likte denne, selv om du er kritisk til Brekke. Selv kjenner jeg ham ikke så veldig godt etter bare en bok, men jeg skal gi ham flere sjanser til å bli bedre kjent, så da får vi se . Jeg likte i alle fall Hevneren veldig godt, og synes den var kjempespennende.:) Takk for linking Berit.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er nesten litt forundra over at eg ikkje kjem heilt overeins med Brekke, for eg pleier å lika slike litt frekke fyrar (i bokverda, vel å merke). Han seier så mykje dumt og er liksom ikkje heilt ekte, på ein måte..? Litt vanskeleg å forklara, for det har med "kjemi" og kjensler og slike ting å gjera.
      Eg likte alle tre bøkene egentleg, - og meiner at 'Skyggerom' har den sterkaste historia. Kjem heilt sikkert til å lesa neste bok.

      Slett
  3. Det går godt an å pirke på ting i en bok, og allikevel ha hatt glede av boken. Jeg syntes denne var bra, men ser hva du mener når du sammenligner Brekke med Harry.
    Ha en strålende dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Nettopp. I ein omtale bør ein vel få med både positive og negative sider - og her har eg pirka borti det eg meiner er ei svakheit ved boka. Men av og til vert ein jo så overbegeistra at ein ikkje heilt ser noko anna enn dei positive sidene, - det er desse bøkene som får toppkarakter.

      Slett
  4. "Hevneren" har jeg i bokhyllen, men da jeg oppdaget at det var tredje bok i en serie fant jeg ut at det var best å starte med den første, selv om de er frittstående som du sier. Til tross for dine innvendinger som absolutt ikke er avskrekkende har jeg tenkt å lese serien i tråd med min utvidelse av krimlitteraturen. Spesielt siden du sier bøkene har gode plott og driv!

    SvarSlett