3. august 2014

Samleinnlegg: Lest og høyrt i ferien

Bloggen har hatt sommarferie og for å kommma ajour kjem her nokre 
mikro-omtalar i kulepunktformat


Saras nøkkel av Tatiana de Rosnay

  • Ei opplesarstemme eg ikkje vart "fortruleg med"
  • Utgangspunktet for boka er jødeforfølgingane under 2. verdenskrig, - dette er sterk lesing; både spennande og gripande 
  • Undervegs vert historia likevel platt, kjedeleg og lite engasjerande
  • Parallellhistoria frå notida er dameroman-aktig og "påtatt" dramatisk
  • Lite truverdige hovudpersonar
  • Irriterande klisjefyllt språk
  • Patetisk slutt
  • For meg vart dette ei dårleg leseoppleving; Terningkast 2

Kunsten å høre hjerteslag av Jan-Philipp Sendker

  • Lydbok, godt opplest av Håkon Strøm og Charlotte Grundt
  • Internasjonalt: Tysk forfattar og handling frå Burma og New York
  • Romantisk, til tider svært klissete
  • Oppskrytt og skuffande
  • Langtekkeleg og lite truverdig
  • Oppfølgingsboka fristar ikkje
  • Falt ikkje i smak hos meg, men vrien på slutten var litt overraskande og berga eit Terningkast 3

 Da duene forsvant av Sofi Oksanen

  • Lydbok; Anders Ribu les godt, men litt for "pompøst" for denne type bok
  • Historisk frå Estland; eit land og eit folk under tysk og sovjetisk herredømme
  • Om storpolitikk sett frå nokre "små" enkeltpersonar sitt perspektiv
  • Krigsdrama og familiedrama
  • Storslått, utfordrande, detaljert, imponerande research-arbeid
  • Alle detaljane, dei mange forteljarstemmer og hopp fram og tilbake i tid gjer boka kaotisk og handlinga uoversiktleg
  • Interessant, men ikkje sååå veldig fengande. Terningkast 4


Vann til elefantene av Sara Gruen

  • Glimrande lest av Finn Schau
  • Underhaldande og sorgmuntert om ein gammal mann som tenkjer tilbake på ungdomstida si på eit omreisande sirkus i USA på 30-talet 
  • Dramatisk og romantisk
  • Ein hovudperson å bli glad i
  • Grei, men forutsigbar avslutning
  • Terningkast 4

Sherlock Holmes: Skandale i Bøhmen og andre eventyr av Arthur Conan Doyle

  • Seks klassiske krimnoveller skrivne på 1890-talet
  • - Skandale i Bøhmen
  • - De rødhåredes forbund
    - Et identitetsproblem
    - Mysteriet i Boscombe Valley
    - De fem appelsinstenene
    - Mannen med den vrengte leppen
  • Nils Nordberg si stemme er perfekt for denne type forteljingar
  • Novelleformen er perfekt for forteljingane om Sherlock Holmes og Dr. Watson
  • Underhaldande og elegant, men litt langsamt; ei leseoppleving til Terningkast 4

Hendelser ved vann av Kerstin Ekman

  • Tildelt Nordisk Råds litteraturpris (-94) og Glassnøkkelen (-93)
  • Psykologisk thriller
  • Mangfaldig, samansett og originalt persongalleri
  • Stemningsfulle naturskildringar
  • Mørk, dyster og tidvis erotisk stemning
  • Stigande og grøssande spenning
  • Boka er som ein løk; ein skreller av mange lag undervegs
  • Stillferdig, ikkje så drivande handling som forventa
  • Litt tunglest, brukte lang tid 
  • Men boka er så velskriven og spesiell at eg gir Terningkast 5

Dukkene av Mo Hayder

  • Bok nr. 6 om politietterforskar Jack Cafferey (Walking Man-serien)
  • Bok nr. 4 om Cafferey og politidykkar Flea Marley - og ein anar omsider ei utvikling i forholdet mellom dei to
  • Framhald av Borte og ei bok eg har venta lenge på 
  • Bissart, brutalt, spennande, fengande, uhyggeleg
  • Ypparleg komponert med korte kapittel og stadig skiftande perspektiv
  • Forfattaren syner "vrangsida" av samfunnet og menneskesinnet
  • Både hovudpersonar og bipersonar framstår som "ekte" sjølv om dei er oppdikta
  • Ikkje så intenst spennande som dei føregåande bøkene i serien, men likevel ei leseoppleving til terningkast 5

Redlight Setesdal av Sigmund Falch

  • Som dei andre bøkene til Falch: Gamle bilete kopla saman med meir eller mindre passande tekstar
  • Resultatet er overraskande og hysterisk morosamt
  • Ei bok "utan meining"; kun for underhaldning og ingenting anna
  • Ein god latter forlengar livet og styrkar magemusklane
  • For meg er dette heilt topp; terningkast 5


          Mørketall av Arne Dahl

          • Bok nr. 8 i serien om A-gruppen
          • Handlingsrikt og perspektivrikt 
          • Dei ulike medlemene i A-gruppen jobbar med ulike saker som til slutt syner seg å henga saman. Ikkje så truverdig, men det vert i alle fall ein actionfylt avslutning
          • Gode personskildringar og karakteristikkar
          • Aktuellt om den vanskelege jakta på folk som står bak all barnepornoen på internett
          • Interessante filosofiske betraktningar
          • Svært velskriven - som alltid frå Dahl si side. Terningkast 5

          Før snøen kommer av Britt Karin Larsen

          • For det fyrste: Heilt "feil" omslag på denne utgåva. Biletet er altfor romantisert. Dessutan er eg litt allergisk mot blurbs. Dette omslaget er betre.
          • Dernest: Eit etterlengta gjensyn med Lina, Taneli, Hilda, Jussi og dei andre skogfinnane me har blitt kjent med i dei tre føregåande bøkene i serien. I tillegg vert me kjende med ein ny generasjon og ei ny tid.
          • Særeigen forteljarstil; spørjande og undrande
          • Nydeleg poetisk språk
          • Samstundes hjerteskjerande realistisk
          • Må lesast sakte
          • Ei bok og ein romanserie som anbefalast varmt. Terningkast 5
          - - - - - - - -

          Ferielesinga vart som ein kan sjå ganske variert - og leseopplevingane vart også varierande. Ei av bøkene eg starta på vart ikkje fullført; En amerikaner i Italia av John Grisham. Ikkje ein gong Ivar Nergaard si opplesingsstemme klarte å "berga" denne. Amerikansk fotball er fullstendig uinteressant for meg. Eg vel å tru at dette er ei utypisk Grisham-bok og kjem nok til å prøva meg på andre bøker av forfattaren ved seinare høve.

          "Rosina i ferielesingspølsa" vart Jonas Gardell sin trilogi Tørk aldri tårer uten hansker. Eg las alle tre; 1. Kjærligheten, 2. Sykdommen og 3. Døden medan eg hadde sommarferie. Desse bøkene gjorde djupt inntrykk på meg (terningkast 6 er sjelden kost på denne bokbloggen) og får ein eigen omtale.

          9 kommentarer:

          1. Fint samleinnlegg dette :)
            Kerstin Ekman liker jeg godt, men "Hendelser ved vann" har jeg ikke lest.

            SvarSlett
            Svar
            1. Forfattaren gav meirsmak, og eg har plukka fram ein bunke bøker av Ekman frå mor mi si bokhylle - men så er det alle dei andre bøkene som ventar...

              Slett
            2. Hehe, ja det er en lang liste :)

              Slett
          2. Flott måte å oppsummere sommerlesning på! Du har virkelig lest/hørt variert! Jeg må få somlet meg til å lese Britt Karin Larsens bøker snart. De har jo ikke fått annet enn gode kritikker :)

            SvarSlett
            Svar
            1. Variasjon er bra og viktig!
              Og ja, du bør absolutt få lest bøkene til Britt Karin Larsen.

              Slett
          3. Det var stilig å lese en punktliste for hver bok! Jeg holder også å med samleinnlegg men skriver hva jeg tenker. Nå ble jeg veldig fristet til å gjøre som deg :-) Jeg har lest fem av bøkene på listen og syntes kanskje Vann til elefantene var høydepunktet av dem. Da duene forsvant står på leselisten min og Britt Karin Larsens bøker har jeg sagt jeg skal lese så lenge at det begynner å bli flaut :-) Ha en riktig fin dag!

            SvarSlett
            Svar
            1. Punktliste passa fint for meg akkurat no - og du må gjerne gjera det på same måte, om du ønskjer det:) Eg orka ikkje å skriva så omfattande, men prøvde å notera ned nokre av inntrykka som bøkene gav meg.

              Eg tippar at når du har fått lest bøkene til BK Larsen, kjem du ikkje til å begripa at du ikkje har lest dei før!

              Slett
          4. Du verden, så mange bøker du har kommet deg igjennom! Humret meg igjennom kritikken av Saras nøkkel, er så enig, så enig. Hendelser ved vann har jeg ulest hjemme, mon tro om den blir neste bok ut?

            - Og jeg grugleder meg stort til dine omtaler av Gardell-serien. Bøkene gikk så inn på meg, at sårene stadig rives opp.

            SvarSlett
            Svar
            1. Me har visst same lesesmak når det gjeld dei bøkene du nemner. I motsetnad til mange andre vart eg ikkje (be)rørt av Saras nøkkel i det heile - berre irritert. Eg kan ikkje fatta at så mange tykkjer den boka er god.
              Når det gjeld Tørk aldri tårer derimot..! Det var ekte saker som gjorde meg litt utlada då eg var ferdig. 
              Hendelser ved vann kan vera verd å lesa. Spesiell, stemningsfull og fin, men litt langsam i stilen.

              Slett