11. februar 2015

Bokomtale: Den stumme jenta av Michael Hjorth og Hans Rosenfeldt

Lydbokforlaget 2015
Speletid: 12.00
Opplesar: Ivar Nergaard
Lytteeksemplar fått frå forlaget


Sebastian Bergman er ein av dei mest usympatiske skikkelsane eg veit om innan krimlitteraturen. Han er ein ubehageleg sexmisbrukande kriminalpsykolog som lyg, er nedlatande, kynisk og som trampar rundt utan omsyn til omgivnadene sine.

Og han er ein av favorittfigurane mine.

I det verkelege livet hadde eg avskydd og unngått ein slik person, men i krimserien til Hjorth og Rosenfeldt er han ein spennande og fascinerande karakter. I Den stumme jenta viser han faktisk også enkelte glimt av menneskeleg varme.

Den stumme jenta er bok nummer 4 i serien og forfattarane har på nytt produsert ei bok med psykologisk innsikt og høg spenning. Hjorth og Rosenfeldt har funne ein "vinnarformel" som dei held fast på og som fungerer. Formelen består av kjappe sceneskift, varierte perspektivskift og eit spennande etterforskarteam. Stilen får meg stadig til å tenkja på den amerikanske krimserien Criminal Minds.

I likskap med FBI-etterforskarane i Criminal Minds er etterforskarane i Rikskrim stadig på reise. Denne gongen skal dei til tettstaden Torsby i Värmland som er råka av ein ufatteleg tragedie. Ein heil familie; mor, far og to små born er skotne og drepte. Det kjem raskt fram at det var nok ein person til stades i huset til denne familien då ugjerninga fann stad: Ei lita jente på 10 år var vitne til drapa og har flykta - ho har gøymt seg i skogen. Kva verknader kan ei slik traumatisk oppleving føra til for eit lite barn? Kven finn ho fyrst - drapsmannen eller politietterforskarane?

Boka er ein thriller der kampen mot tida og klokka er viktig - og dette er neglebitande spennande. Ein lesar/lyttar vekslar gjerne mellom å halda pusten og å hyperventilera. Ivar Nergaard les boka i eit akkurat passe tempo og med innleving og intensitet, utan å overdriva. Eg set pris på at historia får ei heilt ny og uventa vending mot slutten. Avslutninga med konfrontasjonen mellom to av dei sentrale karakterane i bokserien er også overraskande - og ein spennande opptakt til ei framtidig bok.

Ikkje alt er like verkeleg eller sannsynleg når det gjeld enkelte viktige deler av handlinga, men eg velgjer i dette tilfellet å oversjå det. Plottet og motivet er ganske søkt, men for meg tel samanhengen, utføringa og "stilkarakteren" meir i ei slik forteljing. Då treng ikkje alt vera så sabla truverdig.
Eg gir Den stumme jenta karakteren 5 minus, for eg tykkjer denne siste boka i serien er litt svakare enn dei foregåande. Om dette er ein "glipp" frå forfattarane si side eller om det er ein fallande trend, får me ikkje vita før neste bok kjem ut.

Les også: Omtale av Fjellgraven

7 kommentarer:

  1. Å hyperventilere pga en krim, høres ganske voldsomt ut, men jeg tror jeg skjønner hva du mener..hehe.
    Denne usympatiske drittsekken må jeg bli kjent med, og det er nok best vi har ham presset inn i bokform og ikke nær oss i RL.. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe - eg håpar alle skjønnar at eg overdriv litt her.
      Sebastian er ein spennande type - og i TV-versjonen av den fyrste boka er det fabelaktige Rolf Lassgård som spelar Sebastian.

      Slett
    2. Aner ikke om du ovedriver… Tine skrev jo minst like ille om Sebastian.

      Slett
  2. Fem minus er jo bra! Jeg likte også boken og serien veldig godt :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja visst er det bra - og eg likar serien! Men eg tykkjer likevel at denne fjerde boka ikkje er fullt så neglebitande spennande som dei fyrste tre.

      Slett
  3. Jeg har lest den første boken i denne serien og fikk Den stumme jenta i posten. Så jeg tenkte jeg måtte låne nr 2 og nr 3 på biblioteket før jeg kunne lese den siste. Men så vant jeg dem alle fire på Aschehoug sin Facebookside. Det er så lenge siden jeg leste den første at jeg sikkert har nytte av å lese den også om igjen.
    Jeg blir allikevel litt skeptisk etter denne omtalen. Kanskje den første ikke var så god som hukommelsen min tror den er. Siden du skriver "ein av dei mest usympatiske skikkelsane eg veit om innan krimlitteraturen" :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Heldiggris som vann alle fire!
      For all del - bøkene er gode. Desse karane er verkeleg dyktige når det gjeld spenningsoppbygging og finurlege plott.
      Sebastian er usympatisk - ja - men det er jo ein grunn for at han er slik - og det blir gradvis avslørt ut gjennom bokserien. Denne sidehistoria er også verdt å få med seg.

      Slett