25. juni 2018

Biolesesirkel: Asbjørn Bakke om Erik Bye


Aschehoug forlag 2017
524 sider
Lånt ebok eBokBib

Tema for junirunden av Moshonista sin biolesesirkel er "Med ordet i sin makt" - og eg valde å lesa Asbjørn Bakke sin kritikarroste biografi om Erik Bye (1926-2004). Journalisten, visesangaren, programledaren, forfatteren, reportaren og samfunnsrefsaren lot etter seg ei mengd flotte tekstar som i dag er kjende og kjære for mange. Tenk berre på Anna Lovinda, Blå salme, Vårherres klinkekule og Vår beste dag.

Boka har fått knallgode anmeldelsar og eg forventa såleis ei god leseoppleving. Eg ser at det egentleg er ein velskriven, balansert og gjennomarbeida biografi og at deler av innhaldet er interessant. Men - forventningane mine vart ikkje innfridde. Etter mi meining er boka for omfattande - sjølv for ein mann av Erik Bye sitt format. Somme vil meina at boka er grundig og ordentleg, - eg meiner ho er omstendeleg, kjedeleg og aaaltfor detaljert.

Min barndoms laurdagskveldar rundt 1970 var prega av familiehygge og Lørdagskveld med Erik Bye og Krutrøyk. Eit av våre store "felles TV-høgdepunkt" var den gongen Ken Curtis, sjølvaste Festus, var gjest hos Erik Bye. Dette fann stad då Noreg var samla i eitt rike framfor TV-skjermen; me berre hadde ein TV-kanal. Erik Bye sitt laurdagsprogram var hyggeleg - og han var god når han snakka med folk, både store og små, kjende og ukjende. Men eg hugsar at eg ikkje likte når Erik Bye sjølv greip mikrofonen og skulle syngja: Eg oppfatta han som brautande og dominerande. I ettertid ser eg at Bye tok "stor plass" fordi han hadde karisma og i tillegg var svær reint fysisk.

Eg fullførte (denne oppskrytte) boka på eit vis, men eg las store deler av ho "på skrå". Asbjørn Bakke sin biografi om Erik Bye anbefalast dersom du er/var svært glad i Erik Bye. Dersom du er som meg, dvs. litt lunken: styr unna.

Andre biografiar om menneske med orda i si makt kan du finna lenker til på Moshonista sin blogg.

I august skal me lesa om polfararar og andre villmarksfararar i biosirkelen. Eg kryssar fingrane for at boka eg har plukka meg ut til den runden er meir lesbar enn denne. 

2 kommentarer:

  1. Jeg måtte tenke litt over hva jeg egentlig synes om Erik Bye og kom fra til at jeg ikke trenger å lese denne boka. Han var faktisk litt brautende når han sang, bredbeint og jeg er naturlig skeptisk til mennesker (menn) som føler de bare kan 'ta' plassen. (Innser at det hørtes svært jante ut.)

    Likevel overrasket da boka, som du sier, er kritikerrost og feiret.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser du har det same synet på mannen som eg har - og då vert 524 sider litt mykje..
      Kan her leggja til at boka avslører at Bye var hard på flaska, frynsete i nervene og klåfingra på damene - og at boka elles er ei uendeleg oppramsing av folk, stader og TV-prosjekt, som sikkert er interessant for dei som deltok.

      Slett