9. april 2019

Kort om: Ualminnelige mennesker av Peter May

Goliat forlag 2019
361 sider
Lånt ebok eBokBib


Peter May og Goliat forlag har hatt stor suksess her i landet med Lewis-trilogien, og i kjølvatnet av det har forlaget no gitt ut den fyrste boka i serien Enzo-filene; Ualminnelige mennesker, - men det spørs om dette blir like suksessfylt. Eg tvilar på det. Denne boka er nemleg heilt, heilt! annleis enn Svarthuset, Lewismannen og Lewisbrikkene. Medan Lewis-trilogien var prega av det tankefulle og melankolske, er stilen i denne boka leiken, konspiratorisk og humoristisk. Dette forvirra og forundra meg i byrjinga, sidan eg forventa noko anna.

Peter May viser seg altså frå ei ny side denne gongen. Mesteparten av handlinga er, som ein kan sjå på omslaget, lagt til Paris. Det handlar om eit cold case-oppdrag som hovudpersonen, kriminalteknikar og biologiprofessor Enzo Macleod, freistar å finna ut av. Litt kodekrim-aktig, i stil med Dan Brown og Tom Egeland, men Enzo manglar Robert Langdon sin geniale hjerne og Bjørn Beltø sin sjarm.

Plottet er snedig og fiffig, men svært så oppkonstruert: For ti år sidan forsvann læraren Jacques Gaillard sporlaust. Den uoppklarte forsvinningssaka vert sett på som uhyre komplisert og Enzo inngår eit veddemål om at han skal klara å løysa saka. Enzo knyter til seg personar, deriblant ei mystisk og vakker kvinne, og dannar ei alternativ etterforskingsgruppe. Og faktisk; relativt raskt finn gruppa avgjerande spor - og faktisk; ein liten, men vesentleg del av Gaillard - nemleg hovudet hans. Hovudskallen ligg i ein kasse saman med ulike gjenstandar som så fører til neste funn - og neste kroppsdel. Og slik held det fram, med ulike absurde forviklingar og groteske funn. Ein kan hevda at det er noko pussig at det meste av etterforskinga vert gjort ved hjelp av Google og internett, og berre delvis ved hjelp av Enzo sin rettsmedisinske bakgrunn. Det endelege oppgjeret finn stad i dei skumle katakombene under Paris sine gater.

Kulissane i historia er elles stort sett dei parisiske gatene og meir eller mindre kjende parisiske bygningar, men ein får også nokre glimt frå vingardar og andre stader på den franske landsbygda. Forfattaren strør om seg med franske stadnamn og franske ord og uttrykk, noko som er litt slitsamt og irriterande å lesa for meg som ikkje kan det franske språket.

Konklusjonen min er at Ualminnelige mennesker er ein grei underhaldningsroman med ein litt rar blanding av humor og alvor. Dei kompliserte familieforholda og kjæresteforviklingane er noko karikerte - og eg må i tillegg advara mot ein pinleg dårleg sexscene. Den må berre skumlesast, eventuelt hoppast over.

Om eg kjem til å lesa neste bok i serien? Jo da, eg trur det. Sidan eg no er førebudd på stil og innhald skal det gå greit.

Andre bloggmeiningar: Bentebing, Leselukke
Boktrailer

4 kommentarer:

  1. Fin omtale Berit! Jeg har denne i hyllen, men kom akkurat derfra og valgte den bort atter en gang. Han imponerte med Lewistrilogien, men ryktene sier at dette andre ikke er like bra. (Kom tilbake til pc`en uten bok, etter å ha stirret tomt inn i ulesthyllen min, hva skjer?)

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne er fyrst og fremst annleis, men er heller ikkje like bra. Spent på kva andre meiner.
      (Eg håpar du har komme til hektene igjen og har funne deg ei bok!)

      Slett
  2. Eg er einig i at den er annleis enn bøkene frå Hebridane, men eg tok meg i å kose meg med denne òg. Av og til undrar eg meg over menn og kor mykje sex styrer. Eg har no lese bok nr 2 og kjenner meg litt bada i vin og fermentering. Innrømmer at May faktisk har greidd å få meg litt hekta på den franske serien sin òg. Min blogg om Ualminnelege mennesker: https://leselukke.blogspot.com/2019/03/cahor-paris-katakomber-enzo-og-mord.html

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for kommentar og tilbakemelding, eg har redigert og lenka til omtalen din.

      Eg er ikkje uenig i dine vurderingar, men eg trur eg brukte litt meir tid på å bli fortruleg med at dette var så heilt annleis. Denne boka er såpass ulik Lewis-trilogien at ein nesten skulle tru det var ein annan forfattar. May har i alle fall vore i ein heilt annan stemning medan han skreiv denne. Her skriv han med snert og humor.

      Slett