30. september 2019

Oppsummering september 19

Påbyrja i august, fullført i september:
Are Kalvø - Hyttebok frå helvete - Humor/satire/dokumentar - Papirbok fått i gåve
Jørgen Brekke - Menneskehunger - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib

Lest i september: 
Frank Aarebrot og Kjetil Evjen - Reformasjonen - den store historien - Historisk dokumentar - Lånt lydbok eBokBib
Anne Mette Hancock - Likblomsten - Dansk krim - Lånt papirbok privat
Christoffer Carlsson - Den fallende detektiven - Svensk krim - Lydbok Storytel
Øystein Wiik - Tredje gang du dør - Norsk krim - Kjøpt lydfil

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Lars Mytting - Søsterklokkene - Norsk historisk roman - Lånt papirbok privat
Jan-Erik Fjell - Gjemsel - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib


2 papir, 3 lyd, 1 ebok
3 lånt, 1 abonnement, 1 kjøpt, 1 fått
4 krim, 1 dokumentar, 1 humor
4 norske, 1 svensk, 1 dansk
5 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Evjen, Hancock

Lesemånaden september vart så som så; kun seks fullførte bøker. Både Kalvø si bok og alle krimbøkene var bra, men ikkje superbra. Mest underhaldande var utan tvil Øystein Wiik si bok; eg lo høgt fleire gonger medan eg las, dvs. lytta. Herregud for ein fantasi den mannen har! (Terningkastet avspeglar at eg har visse innvendingar óg. Dette skal eg grunngi nærare i ein samleomtale som kjem om ikkje så brått..)

Overraskande nok, også for meg sjølv, var det Aarebrot si bok om reformasjonen som vart høgdepunktet denne månaden. For ei formidlingsevne den mannen hadde!

Eg slit skikkeleg med Søsterklokkene; etter 2 veker lesing er eg kommen omlag halvveges. Eg kjem nok til å fullføra, men boka fengar ikkje noko særleg. Deler av innhaldet er greit nok, men det er så tregt og seigt. Ikkje er eg spesielt interessert i stavkyrkjer heller..
Omtalar kjem, både av Reformasjonen og av Mytting si bok.

7 kommentarer:

  1. Hm..ang Søsterklokkene. Har den selv på vent, men ikke kommet i gang enda.
    Hancock og Brekke har jeg lest og likt.
    Ser frem til Wiik sin nye også. Bøkene hans er ville, men fornøyelige.:) Skal du lese Teige sin nye?
    Ønsker deg en fin oktober Berit.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dei fleste likar Søsterklokkene, har eg inntrykk av, så det er vel meg det er noko galt med? Vel - eg likte ikkje 'Svøm med dem som drukner' noko særleg heller, så eg burde vel ikkje ha starta på denne.

      Wiik er fullstendig vill og gal - og morosam. Som vanleg. Ny "helt" denne gongen.
      Teige sin nye skal lesast. Har likt dei fleste bøkene hennar.

      Takk det same, Anita.

      Slett
    2. Nei, det er absolutt ikke noe galt med deg selv om du ikke liker det samme som "alle" gjør. Btw vet jeg flere som ikke likte "Svøm med dem som drukner".. Jeg synes den var ok, men synes også det var alt for mye svulstig metaforbruk,

      Slett
  2. Det har gått på det jevne i september ser jeg, gleder meg til din omtale av Reformasjonen, den har jeg lyst å lese. Fungerer ebokbib nå? hørte rykter om at den ikke var oppe å gå en periode, også lyd-versjon, det har jeg ikke prøvd. Er det på app på mobilen, eller bruker i iPad?

    SvarSlett
    Svar
    1. Omtalen av Reformasjonen er snart klar og blir publisert i løpet av dagen/kvelden.
      EBokBib fungerer no, om ikkje heilt perfekt. Det er utruleg lang ventetid på både lyd- og ebøker. Eg brukar den tilhøyrande app'en på både mobil og iPad. Praktisk å kunna variera, tykkjer eg.

      Slett
    2. Må visst kjøpe meg nettbrett/lesebrett, få ut fingeren, slik at jeg kan benytte meg mer av eBokBIb. Tungt å lese på mobil, synes jeg. Dikt og noveller går, men romaner er slitsomt. Har prøvd det et par ganger..

      Slett
    3. Eg likar å lesa på nettbrettet; det er som å lesa ei vanleg bok. Det einaste negative er lesing i sollys; då er nok reine lesebrett som Kindle å foretrekka.
      Lesing av ebøker på mobilen er avhengig av skjermstorleik. På min nye Samsung A70 som har STOR skjerm går det heilt fint.

      Slett