Forfattaren Tor Åge Bringsværd har ein stor og variert produksjon bak seg; han debuterte i 1967 og er framleis aktiv: Nyleg vart boka Mens jeg har dere her lansert - ei bok om å bli gammal. Elles er forfattaren kanskje mest kjend for barnebøkene om Karsten og Petra og sjøormen Ruffen og for science fiction-prosjekta i samarbeid med Jon Bing.
Serien Gobi består av fem bøker som kom ut i perioden 1985 til 1997. Bokserien er tilgjengeleg på Storytel og eg har høyrt alle bøkene i sommar. Opplesar Jan Grønli les godt og med stor innleving, men svært sakte og lågt. For meg vart løysinga å skru opp volumet samt å stilla inn hastigheiten på 1,25. Då vart det akkurat passe tempo.
Dei fem bøkene i serien er sjølvstendige romanar og kan godt lesast enkeltvis, men eg tykkjer det er mest naturleg og "rettast" å lesa dei i rekkefølge.
Kronologien er slik:
Det er litt vanskeleg å sjangerfesta bøkene; Bringsværd er ein forfattar som ofte har utfordra og leika seg med ulike sjangrar. "Fabelprosa" er eit uttrykk som av og til vert brukt i samband med bøkene hans. Gobiserien er fyrst og fremst historiske romanar, men dei har også dokumentariske og filosofiske element, samt trekk frå fantasysjangeren.
Dersom ein skal prøva å samanlikna med andre forfattarar og bokseriar tykkjer eg det er naturleg å nemna Bestialitetens historie av Jens Bjørneboe. Her er fleire likskapar når det gjeld innhald, stil og språk. Dei har også det felles at dei består av mange lag, med anekdotar og historiar inni historiane. Historiane det vert fortalt om i Gobiserien er dels eventyr og mytologi, dels draumar og filosofiske betraktningar, samt store deler historiske fakta.
Handlinga er lagt til Gobi-ørkenen på 1200-talet. Forteljarstemme i bok 1, 2 og 4 er Wolfgang frå Godesberg og når me møter han fyrste gong lever i skjul frå nokon - eller noko - som er etter han. Han fortel historiar: Om sin eigen tidlege barndom der han vaks opp som son av ein bøddel, om då han deltok i det mytiske (og groteske) barnekorstoget, om ei ungdomstid som slave og om eit omflakkande liv som gjøglar og skodespelar i fleire land. Historiane er mange, innhaldsrike og fascinerande. Det vert samstundes fletta inn segner, myter, legender og eventyr fortalt av folk han har møtt i ulike land gjennom mange år. I bok nummer 2 handlar mange av forteljingane (som ein forstår av tittelen) om Djengis Khan; hans bakgrunn, barndom, familie og karriere. Noko av det er nok historisk korrekt, men naturleg nok har fantasifulle myter blitt danna gjennom tidene.
Eg "slukte" dei to fyrste bøkene, men den tredje sleit eg litt med. I Djevelens skinn og ben er det ein annan forteljar, stemninga er mørkare og dystrare og innhaldet er litt tungt. I Min prins er Wolfgang tilbake som forteljar, men han er her tydeleg sliten og muligens i ferd med å bli gal. I Baghdad er det Rodrigos, ei ny forteljarstemme, som fortel, men me møter på nytt Wolfgang; denne gong som ein gammal og stum gjøglar. I byen Baghdad er situasjonen desperat; mongolane står like utanfor bymurane og befolkninga kan venta seg store øydeleggingar og fryktar overgrep og massedrap. Det gir inntrykk å lesa om korleis Rodriges og Wolfgang prøver å hjelpa ein stor barneflokk. Sjølv når alt ser som håplaust ut finst det håp. Eller?
Eg fekk denne bokserien avbefalt for mange år sidan, men fyrste forsøk var lite vellukka. Eg byrja då på Barndommens måne, men kom aldri inn i handlinga og fullførte ikkje. Det har noko med timing og livssituasjonen å gjera; den gongen var det "feil" tid, no var det "rett" tid. Eg er så glad for at eg fann boka (og resten av serien) på nytt. Dette er nemleg den type litteratur som vert verande i kroppen og hjernen lenge etter avslutta lesing. Dei fem Gobi-bøkene er rett og slett store leseopplevingar.

1. Barndommens måne
2. Djengis Khan
3. Djevelens skinn og ben
4. Min prins
5. Baghdad

Jeg er svært glad i Bringsværd, men denne serien har jeg ikke forsøkt meg på. Muligens fordi det er hans fabelprosa jeg liker best, i tillegg til sci-fi'en sammen med Bing. Når det er sagt så likte jeg svært godt Bestialitetens Historie, så nå lurer jeg litt på å legge denne til Storytel-lista mi. Takk for fristende omtale!!
SvarSlettTakk for hyggeleg kommentar! Kjekt å kunna bidra med lesetips av desse bøkene som ikkje akkurat er blodferske.
SlettPrøv Barndommens måne, dersom den fell i smak vil du nok høyra/lesa resten av serien óg.
Hei. Jeg leste de to første bøkene for lenge siden da jeg var ung. Jeg vil lese alle nå igjen og synes du har skrevet veldig innsiktsfullt og forklarende om bokserien, noe jeg ikke forsto dengang. Men bøkene brant seg fast og fascinerte meg og jeg gleder meg til å lese de i voksen alder.
SvarSlett