Cappelen Damm 2023
637 sider
Lånt ebok BookBites
Ny bok med handling frå Kingsbridge!
Eg er veldig svak for Ken Follett sine historiske mursteinsromanar. Trass i stereotype karakterar og trass i kleine erotiske skildringar.
For å sei det enkelt er dei gode veldig gode (og kloke) og dei onde veldig onde (og dumme) i Follett sine bøker. Likevel blir personane på ein merkeleg måte "ekte" og "levande" for meg som lesar, etter kvart. Det skuldast truleg at me får følgja dei over lang tid og at dei vert plassert inn i viktige historiske hendingar.
For altså, Follett får fortalt mykje. Om dåtidas samfunn, om samfunnsutvikling, om korleis folk levde, kva dei jobba med, kva dei var opptekne av.
For altså, Follett får fortalt mykje. Om dåtidas samfunn, om samfunnsutvikling, om korleis folk levde, kva dei jobba med, kva dei var opptekne av.
I Lysets rustning er handlinga lagt til tida for den industrielle revolusjon - og det folk flest var opptekne av på denne tida var nye teknologiske oppfinningar. Som "Spinning Jenny".
Ny teknologi har "alltid" ført til utfordringar. På den eine sida økonomisk framgang for arbeidsgjevar og enklare løysingar for arbeidstakar - men på den andre sida; skepsis og motstand. Då dei fyrste spinnemaskinene erstatta tungt manuelt arbeid, var det på mange måtar framtidsretta og ein framgang med tanke på at arbeidet vart lettare og meir effektivt. Men mange var naturleg nok skeptiske til maskiner som skulle erstatta arbeidskraft; folk trengde arbeid for å kunna forsørga seg og sine. Sjølv om fabrikkarbeid var både slitsamt og tungt, fekk dei jo betalt (litt) for jobben dei gjorde.
Handlinga går føre seg i åra 1772 til 1814 - og det er ei rivande utvikling desse tiåra, både lokalt for innbyggarane i den fiktive byen Kingsbridge, nasjonalt i England - og resten av verda. Historia vert fortalt gjennom ulike karakterar, og på den måten får ein god innsikt i dei sosiale, økonomiske og politiske endringane som fann stad i perioden. Eit anna bakteppe for handlinga i boka er den franske revolusjonen, revolusjonskrigane og napoleonskrigane.
Det handlar elles om klassekamp, kvinnekamp, arbeidarkamp - kampen for fridom, rett og slett. Dei ulike karakterane må tåla og overvinna mykje. Nokre kjempar med ord, andre med nevar. Nokre blir straffa hardt, andre snik seg unna. For enkelte er tilværet prega av fattigdom og svolt, for andre av kjærleik og begjær, for atter andre av (det som i dag heiter) innovasjon og nyskaping.
Dei mest sentrale personane i boka er enka Sal Clitheroe og sonen hennar, Kit. Når me møter dei i starten av boka har Sal mista mannen sin på tragisk vis og seksåringen Kit vert sett til å jobba på det lokale godset. Sal vert etter kvart ein viktig talsperson for arbeidarane sine rettar og Kit vert ein dyktig maskinist. Av personar elles må nemnast den gode vevaren Spade, den snille tekstilhandlaren Amos, den kloke bispedottera Elsie, den onde og harde arbeidsgjevaren Hornbeam og den slemme godseigarsonen Will Riddick. I tillegg møter me eit utal personar og bipersonar. Dei mange menneskeskjebnane flettar seg inn i kvarandre på ulike måtar.
Eg er imponert over detaljkunnskapen Follett viser, både om spinnemaskiner og om militære strategiar. I boka vert m.a. slaget ved Waterloo skildra ganske inngåande. Litt for detaljert for oss som ikkje har militære erfaringar kanskje, men ganske interessant. Eg var til dømes ikkje klar over at slaget var så langvarig, så jamnt og så blodig.
Eg streva litt med å komma i gang med boka, men er usikker på om det er boka sin "feil" eller om det var meg som ikkje klarte å "kobla meg på" skikkeleg. Konklusjonen etter at eg vart ferdig med boka er i alle fall at Lysets rustning er ein velskriven og underhaldande historisk roman. Boka når rett nok ikkje opp til Stormenes tid og I all evighet, men eg kan likevel anbefala ho.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Er du i tvil om du vil gi deg i kast med ei såpass omfattande forteljing (637 sider), kan du kanskje bli frista av desse to videoane:
Ken Follett om nokre av karakterane i boka:
Forfattaren om bakgrunnen for handlinga:
Dette er bøkene i Kingsbridge-serien:
1. Stormenes tid - utgitt 1989, handling frå 1100-talet
2. I all evighet - utgitt 2007, handling frå 1300-talet
3. Den evige ilden - utgitt 2017, handling frå 1500-talet
4. Aftentid og morgengry - utgitt 2020, handling frå 900-talet
5. Lysets rustning - utgitt 2023, handling frå 17-1800-talet
Jeg digger at du fortsetter å lese denne serien selv om du finner karakterene stereotype. Ken Follet har mye bra å by på, så jeg skjønner deg godt, selv om jeg har falt av for lenge siden :)
SvarSlettEg diggar Ken Follett! Sjølv om eg altså har visse innvendingar.
SlettLas Nålen (debuten hans, var det vel) for mange mange år sidan, og har lurt på om eg skal lesa den boka på nytt. Eller kanskje det er best å la det vera? Kanskje det vil visa seg at det ikkje er ei så fantastisk leseoppleving? For det tykte eg den gongen...