6. desember 2023

Bokomtale: Den uvillige av John Hart

Cappelen Damm 2022
Speletid 13:02
Lyd Storytel

Boka innleiar med nokre ord til ettertanke frå ein ukjent soldat:

"Vi de uvillige, ledet av de ukvalifiserte til å drepe de uheldige, dør for de utakknemlige." 

Når ein skal ta til på ei bok av John Hart kan ein ikkje forventa ei lettlest og koseleg leseoppleving. Den uvillige stadfestar dette. Boka er mørk, dyster og valdeleg - men også svært velskriven. 

Handlinga er lagt til North Carolina, USA, i 1972. Omgjevnader og landskap er kjent frå tidlegare bøker av Hart, og det same gjeld deler av tematikken; vanskelege oppvekstvilkår, dysfunksjonelle familiar, lokalsamfunn prega av krise, vald og kriminalitet. Bakteppet i denne forteljinga er dessutan ein krig (Vietnamkrigen) som hadde store konsekvensar, både politisk og menneskeleg. 

Hovudpersonen er Gibson (Gibby) French, 18 år og yngstebarnet i familien. Dei to eldre brødrene hans, tvillingane Robert og Jason, har tenestegjort i Vietnam. Robert fall i krigen og Jason kom heim, men med sår og arr på kropp og sjel, og vart involvert i kriminelle aktivitetar. Når historia startar har Jason akkurat sona ferdig ei fengselsstraff - og han vil gjerne bli kjent med veslebroren på ny.
Men Gibby er i skvis. Foreldra vil ikkje ha noko med Jason å gjera og forbyr også Gibby å ha kontakt med han. Gibby, på si side, er nysgjerrig på broren og det livet han fører. Samstundes er han svært bevisst på at han sjølv er og har vore overbeskytta, spesielt av mor si. Faren er politimann og det gjer alt endå meir problematisk. 

Jason har planlagt ein perfekt dag saman med veslebroren; ein dag med bilkøyring, festing og damer. Men slik blir det ikkje. Ei av kvinnene blir i etterkant funnen drept på ein svært bestialsk måte, og Jason blir mistenkt for å ha teke livet av henne. Gibby blir brått og brutalt vaksen av denne hendinga, og det skal også få store konsekvensar for andre. 

I ein annan handlingstråd møter me X, ein mystisk dødsdømt fange som har stor makt og som rår over uendeleg med ressursar. Dette trass i at han snart skal henrettast. Det er kanskje vanskeleg å tru på denne delen av historia, men eg valde å "godta" dette premisset - noko som er vesentleg for resten av handlinga og for sjølve leseopplevinga. 

Den uvillige er ein rå thriller, skriven på ein måte som gjer lesaren så oppslukt at ein ikkje klarar å leggja boka frå seg. Det er spenning og skrekk, det er intensitet og desperasjon, det er overraskingar og vendingar. Dei fleste karakterane har noko dei slit med og mange er prega av verknadene av krigen. Kvar einaste karakter er "komplett" og "fleirdimensjonal", også bikarakterane, som Gibby sine vener Chanse og Becky. Me kjem veldig nær faren i familien, sidan han - naturleg nok - engasjerer seg så veldig. Han kjempar fleire kampar, både bokstaveleg og i overført tyding. Mora derimot, er fjern, både kjenslemessig og på andre måtar. Foreldra er øydelagde av bitterheit, sorg og sakn og det ser ikkje ut til at dei kan "reparerast". Korleis kan dei bli i stand til å takla det som er i ferd med å skje no? 

Mykje av spenninga i boka handlar om korleis Gibby handlar og reagerer. Er han i stand til å ta dei rette vala i den ekstreme situasjonen som har oppstått? Den karakteren som er mest samansett og som gir sterkast inntrykk er likevel Jason.
Om noko skal innvendast med boka, må det vera avslutninga. Den er mildt sagt overraskande, og det er muleg at forfattaren dreg det altfor langt her. 

John Hart er ein meisterleg historieforteljar og har alltid fleire "lag" i forteljingane sine. I denne boka er han innom fleire tema og kjensler: Familie, kjærleik, venskap, lojalitet, tap, sorg, sinne, skam, angst, smerte. I tillegg inneheld boka ein skarp kritikk av dåtidas (og kanskje notidas) politi- og påtalemakt og retts- og fengselsvesen.

I boka vert det sett søkelys på dei skadelege verknadene fengsel og krig gjer med enkeltmenneske, familiar og lokalsamfunn. Ein kan stilla spørsmål som: Kan kriminalitet bremsast og stoppast med harde straffer? Korleis ta vare på og følgja opp krigsveteranar?

Boka passar ikkje for alle, til det er handlinga for brutal og valdeleg. "Skrekkfilmskurkane" X og Reese vert framstilt som så ekstremt onde og kyniske at det nesten er uforståeleg at det går an å skapa noko slikt. Samstundes veit me at ondskap og kynisme er eit reellt problem innan visse miljø. Eg meiner det difor er innafor å visa ei slik "vrangside" av samfunnet. 

John Hart sine bøker er frittståande og ein treng ikkje ta omsyn til kronologi. Eg trur eg har lese alle bøkene hans - Løgnenes konge, Ved elven, Det siste barnet, Brødrene fra Iron House, Syndenes forlatelse og Mørkets testament. Med unnatak av sistnemnde var dei alle sterke og gode leseopplevingar.

Kyrre Haugen Sydnes (mest kjent som kaptein Sabeltann) er opplesar av lydboka. Eg tykte han hadde for dårleg diksjon i starten, men det gjekk seg til. Det er effektfullt (og godt gjort) at han les så lågmælt, og likevel med så stort engasjement.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar