3. august 2014

Samleinnlegg: Lest og høyrt i ferien

Bloggen har hatt sommarferie og for å kommma ajour kjem her nokre 
mikro-omtalar i kulepunktformat


Saras nøkkel av Tatiana de Rosnay

  • Ei opplesarstemme eg ikkje vart "fortruleg med"
  • Utgangspunktet for boka er jødeforfølgingane under 2. verdenskrig, - dette er sterk lesing; både spennande og gripande 
  • Undervegs vert historia likevel platt, kjedeleg og lite engasjerande
  • Parallellhistoria frå notida er dameroman-aktig og "påtatt" dramatisk
  • Lite truverdige hovudpersonar
  • Irriterande klisjefyllt språk
  • Patetisk slutt
  • For meg vart dette ei dårleg leseoppleving; Terningkast 2

Kunsten å høre hjerteslag av Jan-Philipp Sendker

  • Lydbok, godt opplest av Håkon Strøm og Charlotte Grundt
  • Internasjonalt: Tysk forfattar og handling frå Burma og New York
  • Romantisk, til tider svært klissete
  • Oppskrytt og skuffande
  • Langtekkeleg og lite truverdig
  • Oppfølgingsboka fristar ikkje
  • Falt ikkje i smak hos meg, men vrien på slutten var litt overraskande og berga eit Terningkast 3

 Da duene forsvant av Sofi Oksanen

  • Lydbok; Anders Ribu les godt, men litt for "pompøst" for denne type bok
  • Historisk frå Estland; eit land og eit folk under tysk og sovjetisk herredømme
  • Om storpolitikk sett frå nokre "små" enkeltpersonar sitt perspektiv
  • Krigsdrama og familiedrama
  • Storslått, utfordrande, detaljert, imponerande research-arbeid
  • Alle detaljane, dei mange forteljarstemmer og hopp fram og tilbake i tid gjer boka kaotisk og handlinga uoversiktleg
  • Interessant, men ikkje sååå veldig fengande. Terningkast 4


Vann til elefantene av Sara Gruen

  • Glimrande lest av Finn Schau
  • Underhaldande og sorgmuntert om ein gammal mann som tenkjer tilbake på ungdomstida si på eit omreisande sirkus i USA på 30-talet 
  • Dramatisk og romantisk
  • Ein hovudperson å bli glad i
  • Grei, men forutsigbar avslutning
  • Terningkast 4

Sherlock Holmes: Skandale i Bøhmen og andre eventyr av Arthur Conan Doyle

  • Seks klassiske krimnoveller skrivne på 1890-talet
  • - Skandale i Bøhmen
  • - De rødhåredes forbund
    - Et identitetsproblem
    - Mysteriet i Boscombe Valley
    - De fem appelsinstenene
    - Mannen med den vrengte leppen
  • Nils Nordberg si stemme er perfekt for denne type forteljingar
  • Novelleformen er perfekt for forteljingane om Sherlock Holmes og Dr. Watson
  • Underhaldande og elegant, men litt langsamt; ei leseoppleving til Terningkast 4

Hendelser ved vann av Kerstin Ekman

  • Tildelt Nordisk Råds litteraturpris (-94) og Glassnøkkelen (-93)
  • Psykologisk thriller
  • Mangfaldig, samansett og originalt persongalleri
  • Stemningsfulle naturskildringar
  • Mørk, dyster og tidvis erotisk stemning
  • Stigande og grøssande spenning
  • Boka er som ein løk; ein skreller av mange lag undervegs
  • Stillferdig, ikkje så drivande handling som forventa
  • Litt tunglest, brukte lang tid 
  • Men boka er så velskriven og spesiell at eg gir Terningkast 5

Dukkene av Mo Hayder

  • Bok nr. 6 om politietterforskar Jack Cafferey (Walking Man-serien)
  • Bok nr. 4 om Cafferey og politidykkar Flea Marley - og ein anar omsider ei utvikling i forholdet mellom dei to
  • Framhald av Borte og ei bok eg har venta lenge på 
  • Bissart, brutalt, spennande, fengande, uhyggeleg
  • Ypparleg komponert med korte kapittel og stadig skiftande perspektiv
  • Forfattaren syner "vrangsida" av samfunnet og menneskesinnet
  • Både hovudpersonar og bipersonar framstår som "ekte" sjølv om dei er oppdikta
  • Ikkje så intenst spennande som dei føregåande bøkene i serien, men likevel ei leseoppleving til terningkast 5

Redlight Setesdal av Sigmund Falch

  • Som dei andre bøkene til Falch: Gamle bilete kopla saman med meir eller mindre passande tekstar
  • Resultatet er overraskande og hysterisk morosamt
  • Ei bok "utan meining"; kun for underhaldning og ingenting anna
  • Ein god latter forlengar livet og styrkar magemusklane
  • For meg er dette heilt topp; terningkast 5


          Mørketall av Arne Dahl

          • Bok nr. 8 i serien om A-gruppen
          • Handlingsrikt og perspektivrikt 
          • Dei ulike medlemene i A-gruppen jobbar med ulike saker som til slutt syner seg å henga saman. Ikkje så truverdig, men det vert i alle fall ein actionfylt avslutning
          • Gode personskildringar og karakteristikkar
          • Aktuellt om den vanskelege jakta på folk som står bak all barnepornoen på internett
          • Interessante filosofiske betraktningar
          • Svært velskriven - som alltid frå Dahl si side. Terningkast 5

          Før snøen kommer av Britt Karin Larsen

          • For det fyrste: Heilt "feil" omslag på denne utgåva. Biletet er altfor romantisert. Dessutan er eg litt allergisk mot blurbs. Dette omslaget er betre.
          • Dernest: Eit etterlengta gjensyn med Lina, Taneli, Hilda, Jussi og dei andre skogfinnane me har blitt kjent med i dei tre føregåande bøkene i serien. I tillegg vert me kjende med ein ny generasjon og ei ny tid.
          • Særeigen forteljarstil; spørjande og undrande
          • Nydeleg poetisk språk
          • Samstundes hjerteskjerande realistisk
          • Må lesast sakte
          • Ei bok og ein romanserie som anbefalast varmt. Terningkast 5
          - - - - - - - -

          Ferielesinga vart som ein kan sjå ganske variert - og leseopplevingane vart også varierande. Ei av bøkene eg starta på vart ikkje fullført; En amerikaner i Italia av John Grisham. Ikkje ein gong Ivar Nergaard si opplesingsstemme klarte å "berga" denne. Amerikansk fotball er fullstendig uinteressant for meg. Eg vel å tru at dette er ei utypisk Grisham-bok og kjem nok til å prøva meg på andre bøker av forfattaren ved seinare høve.

          "Rosina i ferielesingspølsa" vart Jonas Gardell sin trilogi Tørk aldri tårer uten hansker. Eg las alle tre; 1. Kjærligheten, 2. Sykdommen og 3. Døden medan eg hadde sommarferie. Desse bøkene gjorde djupt inntrykk på meg (terningkast 6 er sjelden kost på denne bokbloggen) og får ein eigen omtale.

          1. august 2014

          Oppsummering juli

          Påbyrja i juni, fullført i juli:
          Roy Jacobsen - De usynlige - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
          Tove Jansson - Sommerboken - Svensk/finsk roman - Papirbok lånt på biblioteket
          Kerstin Ekman - Hendelser ved vann - Svensk krim - Papirbok lånt av mor

          Lest i juli:
          Jan-Philipp Sendker - Kunsten å høre hjerteslag - Tysk roman - Kjøpt lydbok
          Sofi Oksanen - Da duene forsvant - Finsk/estisk roman - Lydbok lånt på biblioteket
          Jonas Gardell - Tørk aldri tårer uten hansker, 1. Kjærligheten - Svensk roman - Papirbok lånt på biblioteket
          Tatiana de Rosnay - Saras nøkkel - Roman - Lydbok lånt på biblioteket
          Mo Hayder - Dukkene - Britisk krim - Papirbok lånt på biblioteket
          (John Grisham - En amerikaner i Italia - Amerikansk spenning - Lydbok lånt på biblioteket) - Ikkje fullført
          Jonas Gardell - Tørk aldri tårer uten hansker, 2. Sykdommen - Svensk roman - Papirbok lånt på biblioteket
          Arne Dahl - Mørketall - Svensk krim - Papirbok lånt av mor
          Sara Gruen - Vann til elefantene - Roman - Lydbok lånt på biblioteket
          Jonas Gardell - Tørk aldri tårer uten hansker, 3. Døden - Svensk roman - Papirbok lånt på biblioteket
          Sigmund Falch - Redlight Setesdal - Humor - Ebok lånt på biblioteket
          Arthur Conan Doyle - Skandale i Bøhmen - Klassisk britisk krim, noveller - Lydbok lånt på biblioteket

          Påbyrja i juli, fullførast i august:
          Britt Karin Larsen - Før snøen kommer - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
          Jan Mehlum - Lengsel etter penger - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
          Jørgen Brekke - Doktor Fredrikis kabinett - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket


          Mange og varierte lese- og lyttestunder i juli altså - og takk og lov for bibliotektenesta!

          Eg tykkjer det har vore veldig godt og riktig med bloggepause ein periode - men no har det byrja å kribla skikkeleg i fingrane etter å ta tastaturet fatt igjen. Eg kjem til å publisera ein samlebloggpost med lest og høyrt i ferien om ein dag eller to.

          9. juli 2014

          Sommarhelsing med Sommerboken

          Her på Vestlandet er det varmt for tida - og me har hatt sommar "uendeleg" lenge allereie. Me har vore heldige og hatt ein forsommar mot normalt. Og no er det berre eit par dagar igjen på jobb før det blir (ein velfortent!) ferie.
          Denne bloggen kjem til å ta ein pause nokre veker. Er plutseleg tilbake i august.

          God sommar til alle blogglesarar! Ha ein fortsatt strålande lesesommar!

          - - - - - - - - -


          Som vanleg les eg fleire bøker parallellt - og mellom dei eg les akkurat no er Sommerboken av Tove Jansson. Eg "sparar" på boka og les eitt kort kapittel kvar dag. Boka er lånt på biblioteket.

          Sommerboken kom ut for fyrste gong i 1972, for 42 år sidan - men dette er ei bok som ikkje går ut på dato. Ho kan lesast gong på gong, sommar etter sommar.

          Den finlandssvenske forfattaren og kunstnaren Tove Jansson ville ha fylt 100 år i år. For dei fleste er ho mest kjent for forteljingane frå Mummidalen. I Sommerboken finst verken Mummitrollet, Snorkfrøken, Lille My eller Snusmumrikken, - men ein kan kjenna att stilen, humoren og filosofien hennar. I denne boka er det seks år gamle Sophia og farmora hennar som har hovudrollene - begge er skildra på ein inderleg, varm og klok måte.

          Dei to bur og lever saman på ei lita øy om somrane. I bakgrunnen skimtar me far til Sophia, men han er for det meste fråverande. Mora til Sophia er død, - dette får lesaren vita heilt i starten av boka - og gjer stemninga i boka vemodig og melankolsk - men ikkje sorgfull. Samspelet mellom den unge og den gamle er unikt; Sophia og farmor kan snakka saman om alt, men kranglar innimellom.

          Sophia er som andre seksåringar: nysgjerrig, ærleg og filosofisk. Farmor er litt sliten og litt gammal, men har behalde mykje av det barnslege i seg og er ganske "beint fram". Sophia og farmor forstår kvarandre godt og er svært nære og gode vener.

          Sommerboken er ei vaksenbok, men kan absolutt lesast av (eller for) barn. Boka er stemningsfull og koseleg - ei lita perle som anbefalast på det varmaste.

          4. juli 2014

          Bokomtale: De usynlige av Roy Jacobsen

          Cappelen Damm 2013
          Opplesar: Nils Johnson
          Speletid: 6 t 29 min
          Kjelde: Lydbok lånt på biblioteket

          Handlinga i De usynlige går føre seg i ei ikkje så altfor fjern fortid (1910/20-talet) og er om ein familie busette på ei øy på Helgelandskysten. Det er Ingrid, det einaste barnet til Hans og Maria Barrøy som er hovudperson i boka - og store deler vert fortalt frå hennar perspektiv.

          Fiskarbondefamilien på Barrøy består elles av Hans si syster Barbro - som truleg er lettare psykisk utviklingshemma, og faren Martin - som er gammal og utslitt. Dei lever eit strevsamt liv i pakt med og i kamp mot naturen. Ungane har plikter frå dei er heilt små. Skal ein ha mat på bordet og klede på kroppen må det jobbast. Dyra må ha stell og fôr, hus og redskap må vedlikehaldast, ærfugldun skal rensast, kaia må reparerast etter storm, fisk skal tørkast og graset skal slåast med ljå. Hans er i periodar på lofotfiske for å spe på økonomien, og alle veit at når mannfolka er ute på fiske, er det ikkje sikkert dei kjem heim att. Så kvinnene har mykje ansvar, og tek ansvar.
          Både Ingrid og mora Maria er sterke kvinner. Dei "står han av" som det heiter. Barbro vert gravid med ein svensk gjestearbeidar og det vert enno ein munn å mette på øya, men vesle Lars veks opp og vert ein dyktig arbeidskar og til stor hjelp for dei andre i familien.

          Personane i boka er fåmælte - kjensler vert ikkje snakka om og dei tenkjer mest praktisk når dramatiske og tragiske ting oppstår. Dei dveler ikkje med fortida og planlegg ikkje langt fram i tid. Dei lever på ein måte frå dag til dag og frå hand til munn. Når mora får samanbrot og vert lagt inn på asyl vert det vanskeleg for Ingrid - men ho gjer det ho kan; bit tennene saman, organiserer og handlar. Skilnaden på folk var ekstremt stor i den tida - men når tragedien råkar "overklassen" på fastlandet, er det igjen unge Ingrid som tek ansvar.

          Etter mi meining er De usynlige ein god og realistisk historisk roman. Det kunne fort blitt ei sentimental, grå og trist leseoppleving sidan temaet er "kvardagsleg slit frå gamle dagar", men Jacobsen fortel det heile på ein så fin og enkel måte; lågmælt og med varme og sjarme. Han syner oss korleis det verkeleg kunne vera å veksa opp i slike fattige og strevsame kår - og dagens raske overflodssamfunn framstår som noko nesten grotesk.

          Forfattaren skildrar naturkreftene, strevet og bekymringane til øybuarane i eit ujålete og direkte språk. Det enkle språket står såleis i stil med personane det vert fortalt om. Mykje kan lesast "mellom linjene". Dialogane er på dialekt - og eg hadde ikkje så store problem med å skjønna det som vart sagt her. Men enkelte lokale ord og uttrykk var fullstendig framande for meg som er oppvaksen i ein heilt annan kant av landet og i eit heilt anna miljø. Eg kunne ha tenkt meg ei ordliste/ordforklaring i starten av lydboka. Eg kunne ha googla dei orda eg ikkje skjønte - men interessant var det likevel ikkje - for forståinga av og samanhengen i sjølve historia er klar og tydeleg.

          Roy Jacobsen har med denne boka gjort den usynlege kystbefolkningen og deira strev synleg for oss. Eg tykkjer ikkje at De usynlige er så utruleg superfantastisk god som enkelte vil ha det til, men det er ei stillfarande forteljing til ettertanke som eg gjerne kan anbefala.

          Lydboka er godt opplest av Nils Johnson. Det nordnorske tonefallet og den litt langsame måten å lesa på passar fint til akkurat denne boka.

          - - - - - - - - - - - - -

          No i juli månad driv bokbloggarar "samlesing" av De usynlige. Dette er den fyrste og einaste boka eg har lest (fullført) som er på kortlistene til Bokbloggerprisen 2013. Eg gjorde eit forsøk på å lesa Fugletribunalet, men den likte eg rett og slett ikkje. Dei fire andre har eg bevisst valt vekk - dei er (for) langt utanfor mi komfortsone, mitt interessefelt og mi bokverd.

          30. juni 2014

          Oppsummering juni

          Påbyrja i mai, fullført i juni:
          Yrsa Sigurdardóttir - De uønskede - Islandsk krim - Lydbok lånt på biblioteket
          Ottar Grepstad - Historia om Ivar Aasen - Biografi - Ebok lånt på biblioteket

          Lest i juni:
          Tom Egeland - Den 13. disippel - Norsk krim/spenningsroman - Papirbok lånt av mor
          Torbjørn Færøvik - Midtens rike - Dokumentar/historisk - Lydbok lånt på biblioteket
          Gard Sveen - Den siste pilegrimen - Norsk krim - Kjøpt pocket
          Mark Billingham - Reddhare - Amerikansk krim - Lydbok lånt på biblioteket
          Arnfinn Kolerud - Når ein fyrst skal skyte nokon - Humor - Ebok lånt på biblioteket
          Sonja Holterman - Frostgraven - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
          Ragnar Enger - Krypet - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
          Arne Dahl - En midtsommernattsdrøm - Svensk krim - Papirbok lånt av mor

          Påbyrja i juni, fullførast i juli:
          Roy Jacobsen - De usynlige - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
          Kerstin Ekman - Hendelser ved vann - Svensk krim - Papirbok lånt av mor
          Tove Jansson - Sommerboken - Finlandssvensk roman - Papirbok lånt på biblioteket


          Høgdepunkt denne månaden: 
          • Torbjørn Færøvik si eminente vandring i Kinas historie, Midtens rike.
          • Repriselesinga av bok nummer 6 i Arne Dahl sin eminente serie om A-gruppen; En midtsommernattsdrøm
          • Gjensynet med Bjørn Beltø i Den 13. disippel 
          Halve året har gått og statistikken syner at eg har lest 70 bøker hittil i år. Målsetjinga var 100 i løpet av året, så eg ligg langt føre skjema. 

          Fortsatt god lesesommar til alle!

          27. juni 2014

          Lettlest sommarkrim

          Har du sans for lettleste og fortleste norske krimbøker, likar du kanskje desse to aktuelle bøkene. Eg las Frostgraven av Sonja Holterman og Krypet av Ragnar Enger i løpet av fire dagar. Desse dagane var eg på jobb og dreiv med ymse andre aktivitetar i tillegg. Dette er altså krim utan dei heilt store utfordringane og kvalitetane, - men også slike bøker har ein verdi - som avkobling og underhaldning. Eg lånte begge bøkene på biblioteket.

          Frostgraven av Sonja Holterman

          Juritzen Forlag 2014
          328 sider

          Lettlest og lettvint om journalisten Ira Torgrimsson - som kunne vore ei slags kusine av Annika Bengtzon eller Erika Falck. Forfattaren virkar med andre ord å vera inspirert av Liza Marklund og Camilla Läckberg sine bøker, men klarar ikkje å nå opp til desse to når det gjeld spenning og nerve.
          Boka har to parallelle historiar og to tidsplan - og er slett ikkje dårleg. Forfattaren skildrar godt den stakkars "tyskerungen" Peder sitt liv.
          Likevel - etter min smak er dette for enkelt. Eg vil gjerne ha litt "å bryna meg på" -  noko som krev litt meir tankeverksemd. Her er alt så altfor tydeleg, så irriterande overforklarande - lesaren får servert plottet i bittesmå teskeier.
          Eg las Den siste pilegrimen - som også har handling frå andre verdskrig - like før denne boka, og samanlikninga var ikkje til å unngå. Og her fell Frostgraven gjennom, dessverre.
          Ei typisk terningkast tre-bok. Bra, men ikkje noko meir.


          Krypet av Ragnar Enger

          Cappelen Damm 2014
          267 sider

          Fortlest og fortgløymt politikrim.

          Thrilleraktig og "greit" - men lite spennande. Det vert berre liksomdramatisk. Boka har brukbart driv og er akkurat passe lang. Ho handlar om seriedrap, psykiatri og psykologi - og ein har liksom lest det same fleire gonger før.

          Men - eg merkar meg namnet på forfattaren og ønskjer han lukke til i neste bok. Det er tendensar til noko bra her.

          23. juni 2014

          Bokomtale: Den siste pilegrimen av Gard Sveen

          Vigmostad & Bjørke 2013
          520 sider
          Kjelde: Kjøpt sjølv


          Forfatteren Gard Sveen vart tidlegare i år tildelt Rivertonprisen for denne boka. I dag vart det offentleggjort at boka er tildelt enno ein gjev pris, nemleg Glassnøkkelen for beste skandinaviske krimroman.
          Imponerande og overraskande!
          Gratulerer!

          Gard Sveen sin roman er inspirert av og bygger på verkelege historiske hendingar. Romanfiguren Kaj Holt har mykje, også namnet, til felles med den verkelege motstandsmannen Kai Holst. Holst var ein mann med sentral posisjon i Milorg under 2. verdskrig som vart funnen død under mystiske omstendigheiter i Stockholm rett etter at krigen var over. Den offisielle forklaringa var at Holst var deprimert og tok livet av seg, men mange - mellom dei forfattaren - er overtydde om at Holst vart drept. Nokon gjerningsperson er aldri blitt funnen.

          Den siste pilegrimen er eit kriminalmysterium, ein spenningsroman og eit krigsdrama. Handlinga i boka vekslar mellom to ulike tidsplan - og alle historiane og forteljarstemmene vert fletta saman - på eit vis - til slutt. I notid (dvs. 2003) prøver politietterforskning Tommy Bergmann å finna ut av eit mysterium om nokre gamle beinrestar som nyleg er oppdaga inne i Nordmarka. Det syner seg at dette er levningane etter tre personar som vart melde sakna i 1942. Samstundes må ei anna sak oppklarast: Det bestialske drapet på ein gammal motstandsmann - som ser ut til å ha noko med funnet i marka å gjera. I fortid - både før, under og rett etter andre verdskrig - får lesaren følgja mellom anna den før nemnde Kaj Holt, dobbeltagenten Agnes Gerner, den gåtefulle gestapomannen Peter Waldhorst samt Agnes sin oppdragsgjevar og store kjærleik med dekknamnet Pilegrimen.

          Sjølv likte eg historia frå 2. verdskrig best. I boka får ein møta nazistar, gestapistar, medlemer av motstandsrørsla, angivarar, agentar og dobbeltagentar, - og etterkomarar av desse. Boka er svært innhaldsrik og spennande og handlar om så mangt - t.d. ubehagelege ting som likvideringar, utført av motstandsrørsla. Forfattaren teiknar eit godt bilete av Agnes sitt liv og hennar vanskelege og farlege situasjon som dobbeltagent. Eg saknar ein meir grundig innføring i bakgrunnen hennar; korleis kunne ho lata seg bruka på ein slik måte, - som prostituert og leigemordar?

          Politietterforskar Tommy Bergmann - protagonisten - er ein spesiell type som eg ikkje på nokon måte "falt for".  Sveen har her skapt ein figur som lesaren i beste fall blir nysgjerrig på - og i verste fall får avsmak på. Forfattaren har sikkert òg ei meining med å fortelja bihistoria som handlar om Tommy sitt problematiske forhold til kvinner, men etter mi meining kunne akkurat desse sekvensane vore utelatt. Boka er meir enn lang nok.

          Språket i boka flyt fint, men er skjemd av ein del klisjear, gjentakingar og enkelte skriveleifar. Forlaget burde absolutt spandert ein grundigare språkvask før boka gjekk i trykken. Eg reagerte på at forfattaren konsekvent nyttar heile namnet på dei to hovudpersonane gjennom heile boka. At han nyttar både førenamn og etternamn på bipersonane me møter er greit, men han brukar altså stadig vekk "Agnes Gerner" og "Tommy Bergmann". Etter mi meining hadde det vore mest naturleg å kun nytta førenamna - sidan lesaren blir så godt kjende med og kjem så tett innpå desse to.

          Eg sleit litt med å komma inn i handlinga; i fyrste del strevde eg med å sjå samanhengen mellom dei ulike historiane i dei to ulike tidsepokane. Etter kvart vart biletet klårare og spenningsnivået stigande. Siste halvdel av boka var så spennande at eg las ho nesten i eitt strekk - likevel vart enkelte av trådane hengande "i lause lufta" då eg hadde lest ut boka. At lesaren ikkje får oppklart alt han/ho har lurt på i løpet av lesinga, er eit moment som trekker ned i vurderinga. Eg har vakla mellom ein 4'ar og ein 5'ar her, - men "landar" på - sidan eg tykkjer hovudhistoria er så sterk og gripande - med å gi boka karakteren 5 minus - og ser fram til neste bok frå Gard Sveen.

          15. juni 2014

          Bokomtale: Den 13. disippel av Tom Egeland

          Aschehoug 2014
          486 sider
          Kjelde: Lånt privat


          Tom Egeland si femte bok om arkeologen og albinoen Bjørn Beltø har som forventa fått god mottaking av lesarar og gode kritikkar frå anmeldarar. Denne boka har mykje mindre actionpreg og er på alle måtar meir stillfarande enn Paktens voktere, Lucifers evangelium og Nostradamus' testamente - men er slett ikkje utan driv og nerve. Den 13. disippel har same tematikk og mykje av den same forteljarstilen som den fyrste boka i serien; Sirkelens ende. 

          I opningsscenen sit Bjørn Beltø på dødsleiet til ein kollega, Victoria. Ho prøver å formidla noko til han - og etter kvart forstår han at det handlar om ein arkeologisk utgraving som fann stad i Israel i 1978. I samband med utgravinga fann ein kjend israelsk arkeolog, Moshe Mendelssohn, eit gravkammer - og kort tid etter forsvann han.

          Kvar vart han av? Kva var det han fann? Korleis var forholdet mellom Mendelssohn og Victoria? Kvifor overtok det israelske militæret utgravingsområdet?

          I det som ser ut som eit innbrot vert ektemannen til Victoria drept og sonen hardt skada. Beltø trur dette har samanheng med det som skjedde i Israel i 1978. Saman med Rebecca, Mendelssohn si dotter, prøver Bjørn Beltø å nøsta i mange ulike trådar - og dette fører dei både til Kapernaum, Jerusalem, Firenze og London - og med israelsk, britisk og amerikansk etterretning i hælane.

          Eg har stor sans for krimhelten Bjørn Beltø. Han er eit friskt pust innan norsk kriminallitteratur - med sine sære nerdeinteresser, med sine skeive blikk på omgivelsane og med sine sarkasmar og nevrosar. I denne boka forelskar han seg - som vanleg - men denne gongen forstår ein at det er djupare og meir inderleg enn før.

          Egeland skriv lett og ledig og er ein dyktig historieforteljar. Han utfordrar lesaren med intrikate plott, gammal mystikk, historiske fakta og innfløkte teologiske teoriar. Etter mi meining gjer han dette på ein framifrå måte. Den 13. disippel er velskriven, godt komponert og svært interessant.

          7. juni 2014

          Bokomtale: Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? av Johan Harstad

          Hytteveranda-lesing og -kaffidrikking.
          Det er kos, det.
          Gyldendal 2005
          632 sider
          Kjelde: Kjøpt sjølv

          Det fyrste mennesket som sette sin fot på månen ("That's one small step for a man, one giant leap for mankind"var som dei fleste veit den amerikanske astronauten Neil Armstrong. Men kven var nummer to? Vel - det er kanskje eit vanskeleg spørsmål. Svaret er: Edwin Eugene «Buzz» Aldrin Jr. Han var ein viktig person når det gjalt romekspedisjonen Apollo 11, men nesten ingen hugsar han i ettertid.

          Hovudpersonen i denne utruleg fine boka er Mattias, som vart fødd same natt som månelandinga fann stad den 21. juli 1969. Han prøver alt han kan å vera nummer to; eit usynleg, men viktig menneske. Buzz Aldrin, den evige toer, har vore det store førebiletet hans alt frå barndommen. Mattias har sangstemme som ein gud, men nektar å syngja offentleg. Han er nemleg nøgd med å leva i bakgrunnen, med ein jobb som gartnar og med ein sambuar som han egentleg er glad i, men som han likevel er blitt ganske likegyldig til.
          "Ikke alle vil lede en bedrift. Ikke alle vil være blant landets dyktigste idrettsutøvere, være medlem av de forskjellige styrene, ikke alle vil ha de beste advokatene på laget sitt, ikke alle vil våkne opp om morgenen til jubel eller katastrofer i overskriftene. Noen vil være sekretæren som blir sittende igjen ute når møtedørene lukkes, noen vil kjøre bossbilen, også i påsken, noen vil obdusere den femtenårige gutten som tar livet av seg en morgen i januar og som blir funnet i vannet etter en uke. Noen vil ikke være på teve, være på radio, være i avisen. Noen vil se film, ikke spille dem inn. Noen vil være publikum. Noen vil være tannhjul. Ikke fordi noen må, men fordi noen vil. Enkel matematikk. Så der satt jeg. Her. Her, i hagen, og jeg ville ikke være noe annet sted i verden."
          Ut frå andre sin synsvinkel virkar det som om han ikkje er i stand til å leva fullt ut, - at han har problem med "å ta tak i" livet sitt. Han vil vera anonym. Han likar ikkje merksemd rundt seg sjølv og stenger seg inne.
          Så - sommaren 1999 skjer det. Sambuaren til Mattias orkar ikkje meir og gjer slutt på forholdet. Samstundes går gartnerbedrifta han er tilsett i konkurs. Medan Mattias er på veg saman med ein kompisgjeng til Færøyane får han eit mentalt samanbrot. Mattias "virkar ikkje" lenger - og den psykiske krisa skal komma til å bli langvarig. Men hjelpa finst, der på Færøyane - gjennom psykiataren Havstein og den utradisjonelle etterverns-institusjonen hans i Gjogv.
          "Men jeg får ikke sove, ligger på ryggen, øynene lukket, håper at noen skal komme, at noen plutselig skal åpne døren, mamma, at noen skal komme inn døren med kakao, med varme hender, at noen skal ta det rotete hodet mitt i hendene, ruske det forsiktig, riste puten min, sette seg på sengekanten og si kloke, erfaringsbaserte ord som gjør at du tror at ingenting noen gang vil komme til å gjøre seg vanskelig for deg, at det bare er å løpe ut i det, at det hele vil ordne seg av seg selv."
          Skildringa forfattaren gir av dei tidlegare psykiatriske pasientane og samspelet mellom dei er gripande og fortalt på ein stødig og forståeleg måte. Mattias har det vanskeleg; han har eit behov for å bli sett, men ønskjer likvel å vera usynleg. Eg oppfattar boka som dvelande og lågmælt, men samstundes fengande og drivande. Det er sjelden eg blir såpass oppslukt av ei bok som ikkje er innan krim-sjangeren. Ho er fascinerande og underhaldande på ein måte eg ikkje heilt klarar å forklara. Dei mange lange setningane og avsnitta - som det finst rikeleg av i boka - er ikkje slitsame å lesa, fordi det er så lett å følgja forfattaren og Mattias sine tankar og kjensler.
          "Det forandrer seg fra dag til dag. Noen ganger mer enn andre. Ikke mye, selvsagt, men om du ser nøye etter, hvis du trener, konsentrerer deg, vil du bli i stand til å se de bitte små endringene i huden, rynken over pannen som har forandret seg iløpet av natten, kan hende bare en halv millimeter. Men du ser det. Om du øver. Konturene av deg som blir tynnere, silhuetten svakere. Men du er ikke helt borte ennå. Det tar tid. Årevis. Men du forsvinner. Du forsvinner for deg selv, blir en annen, hver eneste dag. Du er ikke den du en gang var. De mikroskopiske cellene som utgjør ansiktet ditt på fotografiet dine foreldre har hengende i stuen, er borte, byttet ut med nye. Du er ikke lenger den du er. Men jeg er fortsatt her, atomene bytter plass, ingen kan kontrollere kvarkenes krumspring. Også slik med dem du elsker. At de med nesten stillestående hastighet smuldrer bort mellom armene dine, og du skulle ønske du kunne klamre deg fast til noe bestandig i dem, i skjelettet, ta tak i tennene, hjernecellene, men du kan ikke det, for nesten alt er vann og nytteløst å holde fast i. Så alle spor forsvinner, litt etter litt. Og senere forsvinner sporene de satte igjen bak seg, huset de bodde i, tegningene de lagde til deg, ordene de skrev på lapper som forsvant. Minnene du sitter igjen med som også til slutt slipper taket, som gammel tapet, og med tiden denne kloden i utkanten av den helt perifere galaksen, hvor det en dag vil være umulig å svare på spørsmålet, levde det noen her? Har noen bodd her? På jorden? Slik tenker jeg nå."
          Eg likte boka svært godt og gir ho toppkarakter.
          Eg likte den geniale tittelen. Eg likte å lesa boka sakte. Eg likte Mattias, som er ein person som undrar seg over så mangt. Eg likte den stillfarande dramatikken i handlinga. Eg likte skildringane av det karrige landskapet og dei skiftande årstidene på Færøyane. Eg likte skildringane av venskapet som oppstår mellom Havstein, Anna, Palli, Ennen, Carl og Mattias. Eg likte at ein liksom vert sugd inn i stemninga. Eg likte empatien og musikkreferansane. Eg likte språket og formuleringane. Eg likte å lesa om verdensrommet, måneferder og Buzz Aldrin. 

          4. juni 2014

          Sommarlesing

          I gårsdagens Boken på vent-spalte hos Beathes bokhylle vart ein invitert til blogghopp og om å fortelja om årets planlagde sommarlektyre. Sjølv likar eg ikkje å ha altfor fastspikra planar verken for lesing eller andre ting, men her er ein liten presentasjon av nokre av bøkene eg har på vent pr. i dag. For dei som kjenner meg og bloggen min er det ikkje noko bombe at ventebunken inneheld mest krim og spenning, og ikkje noko særleg av romantikk, sentimentalitet og føleri.

          Dei varme forsommardagane me har no (her på Vestlandet) egnar seg ikkje for tung litteratur, men eg vil heller ikkje ha det altfor tanketomt og "lettbeint" når eg sit meg ned med ei bok. Eg les for tida m.a. den siste Bjørn Beltø-boka - Den 13. disippel - og storkosar meg med den.

          Ut frå omslaget og tittelen på boka skulle ein nesten tru at Gard Sveen befinn seg litt i den same litterære gata som Tom Egeland. Eg har i alle fall tenkt å lesa Sveen si Rivertonpris-bok Den siste pilegrimen i nær framtid. Det er imponerande og spennande at ein debutant stikk av med den gjeve prisen Den gyldne revolver.

          Historisk krim er ein sjanger eg likar svært godt, sidan eg ved å lesa desse bøkene kan få kombinert interessa mi for historie og samfunnsutvikling med spenning, grøss og gru. Difor ser eg fram til å få stifta bekjentskap med forfattaren C. J. Sansom. Han har fått fleire prisar og gode kritikkar for dei historiske romanane sine. Boka eg har på vent er Oppløsning (frå 2003, på norsk i 2008) Handlinga er lagt til England på 1500-talet og hovudpersonen er, bissart nok, ein pukkelrygga advokat.

          Hendelser ved vann av Kerstin Ekman (frå 1993, på norsk 1994) er ei anna krimbok som ligg og ventar. Det er nesten flaut at eg ikkje har fått lest denne enno, så kriminallitteratur-fiksert som eg er.. Boka er sett på som ei av dei beste bøkene frå 1990-talet, og forfattaren mottok m.a. Nordisk råds litteraturpris for nettopp denne boka.

          Andre forfattarar eg har tenkt å tilbringa ein del tid i lag med til sommaren er Eirik Husby Sæther, Jorun Thørring, Arne Dahl, Mo Hayder, Roy Jakobsen, Harlan Coben, Jan Mehlum, Anna Gavalda, Haruki Murakami og Jens Bjørneboe. Kanskje også Jørgen Brekke, Jamie Ford og Jeffrey Deaver. Og muligens Ingvar Ambjørnsen og Khaled Hosseini.

          Hugs på at lesing fint kan kombinerast med fysisk aktivitet. Eg oppfordrar difor alle bokblogglesarar, lesehestar og bokormar til å lasta ned ei lydbok eller tre på telefonen sin! Ha ein fin lesesommar!