Lydbokforlaget 2014
Speletid: 12:36
Opplesar: Espen Sandvik
Kjelde: Lytteeksemplar
Eg vart veldig imponert over den forrige boka til
Aslak Nore, spionthrilleren
En norsk spion, og var difor veldig spent på denne.
I
Oslo Noir møter me att den same hovudpersonen, Peter Wessel, - men i ei anna tid og i heilt andre omgjevnader.
Historia går føre seg i Oslo på 1990-talet og handlar om ulike ungdoms- og oppvekstmiljø. Lesaren får bli kjend med den unge og "uferdige" Peter og familien, venene og oppveksten hans.
Eit superkort handlingsreferat:
Sommaren 1997, ein ungdomsfest på beste vestkant, eit par drap kamuflerte som overdosedødsfall og ein pose ecstasy på avvege. Alt dette involverer mange personar og fører til fleire actionfylte jakt- og fluktscener - og til slutt; eit endeleg oppgjer.
Oslo Noir har, i motsetnad til før nemnde
En norsk spion, mange ulike forteljarstemmer. Det vert skildra kor tilfeldig det kan vera at ein havnar på
feil eller
rett side av lova. Ungdommar som er i ferd med å skli ut vert ikkje "sett" av sine eigne samstundes som politi og hjelpeapparat vert ståande makteslause. Andre kan vera i ferd med å rota seg inn i vanskar og kriminalitet - men har nettverk og ressursar nok til å komma seg ut av det kriminelle og destruktive tilværet.
Tittelen på boka er sikkert inspirert av
Stockholm Noir-trilogien til
Jens Lapidus, som handlar om fleire ulike kriminelle frå ulike miljø og nasjonalitetar. Lapidus er meir elegant, meir original og mykje råare enn Nore, men kan hende er Stockholm ein råare by enn Oslo?
Oslo Noir fortel om ein by som har forandra seg, i dag ser me ein annan form for kvardagsrasisme og framandfrykt enn på 90-talet. Etter det eg kan forstå er eitt av poenga til forfattaren at Oslo på mange måtar var ein meir uskuldig by i 1997, både i narko-samanheng og når det gjeld ekstremisme. Politikarane og styresmaktene var heller naive og forsto nok heller ikkje dei mørke sidene og kreftene i dei gjengbaserte narkokriminelle miljøa.
For meg personleg er miljøet som vert skildra i denne boka (nesten) like fjernt som macho-/militær-/agent-miljøet i
En norsk spion. Ein del av språket i boka er også fjernt og nesten uskjøneleg for meg. Alle miljø har jo sine "faguttrykk" og sitt eige "stammespråk", - for eksempel det spesielle ungdomsspråket eller sosiolekta/etnolekta som ein finn i Oslo. Altså ungdom av ulik bakgrunn som brukar sjargongane sine og slanguttrykka sine og skaper eit slags nytt språk eller dialekt. Slik markerer dei seg og viser kva slags identitet og sosial tilhøyrigheit dei har.
I denne boka finst eksempel på både kebab- og salsa-norsk, raddisspråk og vestkant-sosiolekt. Aslak Nore er nok ein forfattar som er veldig bevisst på dette med språk; han får fortalt mykje gjennom korleis karakterane snakkar; dialogane framstår som "ekte". Miljøskildringane elles virkar "riktige" og typisk nittitals.
Oslo Noir er ein velskriven spenningsroman, men i store deler av boka manglar
ein svært vesentleg ting - nemleg
spenning. Mykje av handlinga vert liksom så forutsigbart, alt frå starten av skjønnar ein at enkelte av karakterane kjem til å hamna i skikkeleg trøbbel. Når Peter Wessel spring for livet gjennom Oslo-gatene, veit me jo at det "går bra" sidan han i høgste grad er frisk og levande i
En norsk spion. Den detaljerte lokalgeografien og dei uendeleg mange gatenamna er sikkert interessant om ein bur eller er godt kjend i Oslo, - for oss andre er desse detaljane småirriterande.
Eg ser på
Oslo Noir er ein grei gjennomgang av hovudpersonen sin bakgrunn, - ein slags forklaring på korleis han er blitt som han er blitt. Eg håpar neste bok frå Aslak Nore handlar om ein Peter Wessel meir lik han me møtte fyrste gong; ein vaksen, reflektert og tøff actionhelt.
Espen Sandvik gjer ein finfin jobb som opplesar av lydboka. Han har ei
ung stemme og får godt fram dei forskjellige dialektane/sosiolektane som dei ulike karakterane har.
Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar!