Vel. Eg måtte snu meg rundt og finna ei anna hattedame - og enda med repriselesing av boka Maria Stuart og hennes verden av Richard Herrmann. I fjor, då kongelege var tema i biosirkelen, (gjen)las eg Herrmann si bok om dronning Elizabeth I, noko som var svært vellukka. Så medan eg no "burde" ha vore travelt opptatt med rundvask, sølvpuss, stryking, innkjøp, baking og dilling - har eg i staden lege på sofaen og lest om Maria Stuart. Boka er omfattande, så det har teke si tid. Eg kunne ha skumma gjennom enkelte sider og avsnitt sidan eg har lest boka før, for mange år sidan - men eg fall ikkje for den freistinga, heller ikkje då fristen for lesesirkelrunden gjekk ut. Dette er nemleg svært underhaldande og interessant lesing.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Cappelen Damm 1988499 sider
Kjelde: bokhylla.no
På omslaget kan ein sjå at Maria Stuart har på seg noko som liknar på ein hatt; det er i alle fall eit hovudplagg. Mest sannsynleg var dette høgste mote i royale kretsar den gongen på 1500-talet.
"Mi" dame med hatt er altså Maria Stuart (1542 - 87), dronning Maria I av Skottland, på engelsk ofte kalla Mary, Queen of Scots, som vart dronning seks dagar gammal og som enda sitt liv på skafottet 45 år seinare. Då hadde ho vore dronning Elizabeth I sin fange gjennom storparten av sitt vaksne liv.
På eit tidspunkt - då ho var 16-17 år gammal - var ho dronning i to land; Skottland og Frankrike - og ho kravde også ei tredje krone; den engelske. Det skulle bli fatalt. Ho tapte all makt, alle tre kronene - og sitt eige hovud. Alt dette handla naturlegvis om makt, politikk og religion.
På denne tida hende det ikkje sjeldan at små ungar vart konge eller dronning. Dei kongelege borna, i alle fall dei med arverett, vart brikker i eit storpolitisk spel. Dei vart difor gjerne gifta bort alt i spebarns- eller småbarnsalder. For å skapa alliansar vart det arrangert fornuftsekteskap på tvers av landegrenser - av slike maktpolitiske årsaker. Ein skal også hugsa på at dette var ei tid med sterk religionstrid, reformasjon og motreformasjon. Dronning Elizabeth var, som sin far Henrik VIII, protestant - skotske Maria var katolikk.
Far til Maria var kong James V av Skottland, mora heitte Marie de Guise; ho var franskfødd og adeleg. Richard Herrmann fortel at faren døydde av "melankoli" - han var truleg djupt deprimert etter enno eit nederlag for engelskmennene - og i tillegg fekk han altså "berre" ei dotter - så han sovna inn før Maria var ei veke gammal. Mora vart regent på vegne av den særs unge dronninga - og ho sørga for at dottera vaks opp i Frankrike; i det franske hoffet, saman med den franske tronfølgaren. Desse to borna - den skotske barnedronninga og den franske kronprinsen (dauphinen) - vart gifte med kvarandre - og vart fransk kongepar då dei var tenåringar. Men den stakkars ynkelege kongen (Frans II) døydde ikkje lenge etter giftarmålet. Maria vart enkedronning før ho fylte 18 og deretter forvist i eksil av svigermora. Ho drog tilbake til Skottland - fann seg eit par nye ektefeller og fekk eit barn - og starta, saman med sine støttespelarar, kampen mot den engelske slektningen sin; dronning Elizabeth I.
Maria Stuart hadde nemleg Tudor-blod i årene og såg på seg sjølv som rettmessig arving til den engelske trona. Den katolske kyrkja meinte at Elizabeth var eit resultat av eit utanomekteskapeleg forhold - og at Maria hadde større rett. Slike tankar og meiningar vart det bråk av, for å sei det mildt. Mektige krefter ville Maria til livs og dei to dronningane var fiendar til siste slutt. Dei skreiv likevel overhøflege brev til kvarandre - visstnok på fransk, der dei kalla kvarandre "kjære syster" - men dei møtte aldri kvarandre, ansikt til ansikt. Sjølve maktkampen var det dronning Elizabeth som "vann" i og med at Maria vart sikta for forræderi, sat i fangenskap i nitten år - og til slutt dømt til døden.
Valgspråket til Maria Stuart var "In the End is my Beginning" - og dette stemte utruleg bra for hennar del. For det var etter at Maria var død at Stuart'ane fekk makta i England. Hennar einaste barn, frå hennar andre av tre ekteskap, vart kong James I av England (i tillegg til kong James VI av Skottland) etter at dronning Elizabeth I døydde ugift og barnlaus i 1603. Dette vart starten på den vel hundre år lange Stuart-perioden - ei tid då det engelske samfunnet utvikla seg veldig både kulturelt, industrielt og politisk - men òg ei uroleg tid med blodig borgarkrig.
Richard Herrmann fortel om alt dette - og mykje, mykje meir. Han skildrar Maria Stuart, hennar liv, hennar slekt og tida dei levde i på ein kunnskapsrik, levande og elegant måte.
Ein skulle ønska at det fantest fleire slike formidlarar av tidlegare tiders hendingar; då hadde historiefaget vorte ein favoritt hos mange fleire. Herrmann gjer historia tilgjengeleg for "folk flest". Her er finurlege forklaringar, pussige anekdotar og detaljerte skildringar - og i tillegg har forfattaren overblikk og viser lesaren dei store historiske linjene.
Har du ikkje lest Richard Herrmann sine historiske biografiar? Då har du gått glipp av mykje kunnskap og underhaldning!




















