Speletid 6:32
Opplesar Tore Renberg
Kjelde: Kjøpt lydfil
Eg har nettopp hatt ei svært sterk og god leseoppleving. Tore Renberg sin nyaste roman gjorde verkeleg noko med meg og rørte ved heile kjensleregisteret mitt. Det er likevel vanskeleg å skriva noko om kvifor Du er så lys gjorde eit uvanleg sterkt inntrykk på meg - fordi det er så djupt personleg - og fordi det er fare for å avsløra mykje av handlinga i boka.
I utgangspunktet er eg Tore Renberg-fan og ser fram til kvar einaste utgjeving frå denne forfattaren med store forventningar. Jarle Klepp-serien er eg veldig begeistra for - særleg Kompani Orheim, ei bok som også greip tak i meg på ein slik godvond måte. I ettertid har Renberg "avslørt" at enkelte karakterar og hendingar i boka byggjer på eigen familie og eigne opplevingar.
Det virkar som om Du er så lys også byggjer på eigne opplevingar og ekte personar og hendingar. Forteljinga er nærgåande og intens og Renberg er dessutan ein forfattar med god innlevingsevne og sterk empati med romanfigurane sine, noko han får formidla på ein god og sjarmerande måte for lesarane sine. Han skriv enkelt om vanskelege tema. Stilen er kvardagsrealistisk og slentrande på typisk Renberg-vis, men boka er mykje meir ettertenksam og stillfarande enn dei bøkene eg har lest av han tidlegare. "Det er en roman skrevet av rein nødvendighet", har Renberg uttalt - og så kan ein jo velja å spekulera i kva det betyr - eller ikkje.
Kor mykje - eller lite - veit me egentleg om naboane våre? I boka møter me Jørgen og Vibeke som får nye naboar. Dei to familiane vert gode vener, men noko skurrar med faren i nabohuset meiner Jørgen, som er forteljarstemma i boka. Naboen Steinar er så sprudlande, så overveldande; han er som eit lys i og for omgjevnadene sine - men det er også noko slitsamt, merkeleg og urovekkande med han. Kva er det med kona hans; kvifor trekk ho seg vekk frå det sosiale livet i nabolaget? Og kvifor er sonen deira så stille? Den velmeinande Jørgen skjønnar ikkje kva som gjer han så uroleg.
For lesaren byggjer det seg opp ei forventning om at noko vondt og vanskeleg skal skje. Og det gjer det, - men i ein annan retning enn det eg undervegs såg føre meg - og det skuldast sikkert at eg les mykje krim. Meir vil eg ikkje røpa av handlinga i boka. Det handlar om vanlege menneske som må takla meir eller mindre uvanlege utfordringar. Det handlar om at det ikkje er så lett å forstå det som er i ferd med å skje - ikkje eingong om det føregår rett framfor augene våre.
Du er så lys er Tore Renberg sin trettande roman - og handlar om noko heilt anna enn dei to føregåande bøkene hans, dei om den elleville Teksas-gjengen i Hillevåg.
Boka kom ut i dag, men lydboka har alt vore tilgjengeleg nokre dagar. Ho er skriven på nynorsk, men det at forfattaren har endra skriftspråk er knapt merkbart når ein lyttar til bøkene. Renberg les bøkene sine sjølv, på ein storarta måte og på si eiga dialekt - ei dialekt som ligg nærare opp til nynorsken enn bokmålet. Så valet av nynorsk burde vera heilt naturleg. Renberg sjølv seier til bok365.no at det har vore befriande å skriva nynorsk. Ei slik melding gledar ein nynorskbrukar.
Boka kom ut i dag, men lydboka har alt vore tilgjengeleg nokre dagar. Ho er skriven på nynorsk, men det at forfattaren har endra skriftspråk er knapt merkbart når ein lyttar til bøkene. Renberg les bøkene sine sjølv, på ein storarta måte og på si eiga dialekt - ei dialekt som ligg nærare opp til nynorsken enn bokmålet. Så valet av nynorsk burde vera heilt naturleg. Renberg sjølv seier til bok365.no at det har vore befriande å skriva nynorsk. Ei slik melding gledar ein nynorskbrukar.
Du er så lys kjem heilt sikkert til å bli nominert av meg i samband med Bokbloggerprisen 2016. Eg er ikkje enig med Brynjulf Jung Tjønn i VG som meiner at boka er ujamn. Etter mi meining er avslutninga "riktig" og logisk - og ikkje minst; til ettertanke.
Her kan du bla litt i boka:


















