4. november 2019

Bokomtale: Offer 2117 av Jussi Adler-Olsen

Lydbokforlaget 2019
Speletid 16:40
Kjøpt lydfil

I bok 8 i serien om Avdeling Q er Jussi Adler-Olsen attende på sporet, etter dei (til Adler-Olsen å vera) noko svakare Den grenseløse og Selfies. Offer 2117 er like hjerteskjerande som Kvinnen i buret, like spennande som Flaskepost fra P, like engasjerande som Journal 64 og like mykje til ettertanke som Marco-effekten. Så har du ikkje lest boka enno, har du verkeleg ei - på alle måtar - stor leseoppleving framføre deg.

Offer 2117 er svært omfangsrik, inneheld fleire handlingstrådar og mange karakterar med ulike sterke skjebnar. Papirutgåva har 509 sider og lydboka varer i over 16 timar. Men eg kjeda meg ikkje eitt einaste sekund medan eg lytta til boka! Det skuldast fyrst og fremst at historia er svært fengslande, men også at opplesar Helge Winther-Larsen gjer ein så god jobb.

Utgangspunkt for handlinga i boka er svært aktuell - og veldig trist. Tittelen Offer 2117 viser til eit minnesmerke plassert på ei strand ved Barcelona i Spania; eit minnesmerke med ein digital teljar over alle båtflyktningar som har drukna i Middelhavet inneverande år. På minnesmerket står det "No es solo un numero" ("det er ikkje berre eit tal"), og det skal visa seg at offer nummer 2117 i denne forteljinga har betydd mykje for mange og slett ikkje berre er eit tal. Offeret er ei eldre kvinne som vert henta opp av havet på Kypros og ho har ikkje drukna, men er blitt drept av ein annan og heilt spesiell båtflyktning.

Ei sentral forteljarstemme i boka er den spanske journalisten Joan som byrjar å granska bakgrunnen for denne flyktningen sin tragiske død. Saka får stor merksemd og artiklane og bileta hans vert spreidde internasjonalt. Når vår gamle kjenning Assad ser dette heime i Danmark viser det seg at han ikkje berre kjende den omkomne, men også ein del av personane i bakgrunnen på bileta. På bileta kan ein sjå Assad sine aller næraste; familien som han grunna truslar og frykt ikkje har hatt kontakt med på årevis.

Omsider får me så Assad si historie. Gjennom dei sju foregåande bøkene har lesaren skjønt at det er noko uklart med identiteten og noko hemmeleg med opphavet hans - og kollegaene i Avdeling Q får etter kvart høyra sanninga. Og det er sanneleg ei dramatisk og traumatisk historie som vert rulla opp for Carl, Rose, Gordon og oss lesarar.

Ein person i Assad si fortid har no konkrete terrorplanar mot ein sentral by i Europa. Han er dessutan ute etter hevn mot Assad personleg og held familien hans som gislar. Etter kvart må Assad og Carl bistå internasjonal etterretning i freistnaden om å avverga terroråtaket. Samstundes er Rose og Gordon opptatt med ei anna alvorleg sak som handlar om Alexander. Han er ein sinnsforvirra ungdom som har planar om fyrst å drepa foreldra sine - og deretter så mange som muleg - med samuraisverd. Begge sakene heng lausleg saman med kvarandre.

Eg har lagt merke til at enkelte anmeldarar meiner at Jussi Adler-Olsen "smører tjukt på". Og ja, han gjer det - men det er eingong eit kjenneteikn på stilen og forteljarmåten hans. Eg likar den friske og frekke stilen.
Det er også blitt hevda at sidehistoria om Alexander ikkje passar inn i resten av innhaldet i boka. Der er eg tildels enig; motivet til "stakkars" Alexander er noko søkt og oppkonstruert. Truleg har det vore forfattaren si meining å setja fokus på ulike former for terror. Som me alle veit kan det gå riktig galt om desse galningane som sit åleine og spelar dataspel får leva ut fantasiane sine.

Kamelvitsane og den godmodige ertinga mellom Carl og Assad er ikkje like mykje til stades i Offer 2117 som i dei tidlegare bøkene. Naturleg nok; med såpass dramatisk og personleg involvering. Men samhaldet og venskapet mellom Avdeling Q-medlemene er sterkare og djupare enn nokon gong.

Offer 2117 er eit etterlengta gjensyn med den gjengen me er blitt så glad i - og er dessutan ei gjennomtenkt og nervepirrande historie med eit komplisert plott. Fokuset skiftar stadig mellom dei ulike hovudpersonane, noko som gjer at spenninga vert halden vedlike gjennom heile boka.

Min konklusjon når det gjeld Offer 2117 er at dette er ein særs underhaldande og spennande krimthriller.

Her fortel forfattaren om boka:


31. oktober 2019

Oppsummering oktober 19

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Lars Mytting - Søsterklokkene - Norsk historisk roman - Lånt papirbok privat
Jan-Erik Fjell - Gjemsel - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib

Lest i oktober:
Kari Hesthamar - So long, Marianne - Norsk biografi/erindring - Lyd Storytel
Frank Aarebrot - USA på 200 sider - Norsk fakta/dokumentar - Kjøpt papirbok
Levi Henriksen - Så langt hjemmefra, så nær der jeg bor - Norsk novellesamling - Lånt ebok eBokBib
Ørjan N. Karlsson - Kongens råd - Norsk krim - Lyd Storytel
Gert Nygårdshaug - Regnmakeren - Norsk roman - Lånt papirbok biblioteket
Christoffer Carlsson - Mester, vokter, løgner, venn - Lyd Storytel
Trude Teige - Aldri tilgi - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Jussi Adler-Olsen - Offer 2117 - Dansk krim - Kjøpt lydfil

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Roar Sørensen - Djevelens øyne - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
S.J. Bolton - Fortapt - Britisk krim - Lyd Storytel



4 papir, 4 lyd, 2 ebøker
5 lånt, 3 abonnement, 2 kjøpt
5 krim, 2 romanar, 1 novellesamling, 1 sak/fakta, 1 bio/memo
8 norske, 1 svensk, 1 dansk
8 menn, 2 kvinner
"Nye" forfattarar: Hesthamar, Karlsson

Haustmørket har senka seg og dermed vert det meir lesetid. 10 bøker lest i oktober altså, forholdsvis bra variert og stort sett greie leseopplevingar, med to unnatak; Søsterklokkene, som eg alt har skrive om - og dessutan So long Marianne, ei erindringsbok av det slaget ein gløymer med det same ho er utlest/ferdiglytta.

Best likt i oktober:
 * Jussi Adler-Olsen og åttande avsnitt om Avdeling Q: Offer 2117 
 * Levi Henriksen si fine novellesamling Så langt hjemmefra, så nær der jeg bor

Med 80 bøker lest hittil er det muleg at eg kjem til å klara lesemålet om 100 leste bøker i år. Eg har i alle fall mykje interessant på leseplanen: Anne Holt, A.J. Kazinski, Fred Vargas, Peter May, Jan Mehlum, Robert Dugoni, Torkil Damhaug, Jan Guillou, Chris Tvedt, Pierre Lemaitre, Heine Bakkeid, Emelie Schepp... for å nemna nokre av dei eg ser fram til å lesa i ganske nær framtid.

16. oktober 2019

Bokomtale: Så langt hjemmefra, så nær der jeg bor av Levi Henriksen

Gyldendal 2019
186 sider
Lånt ebok eBokBib

Då eg oppdaga at Levi Henriksen var klar med ei ny novellesamling varte det ikkje lenge før eg kasta meg over boka. Eg har nemleg vore veldig begeistra for alle novellesamlingane hans.

Det handlar om livet på bygda, om dei nære ting og om nære relasjonar. Om dagane som kom og dagane som gjekk. Om fødsel og død. Om kjærleik og lengsel. Om familie, barn og foreldre. Om korleis forhold mellom familiemedlemmer endrar seg over tid og spesielt om korleis mannsrolla har endra seg. Henriksen gir lesaren varme og fine oppvekstskildringar, men også møter med djup fortviling, sår sorg og store tap.
"Og så var hun ikke mer, annet enn i bildene bak øynene mine hver gang jeg la meg for å sove, i lyden av telefonen som ikke ringte og i det vage avtrykket i madrassen på hennes side av dobbeltsenga."
Ramma for fleire av novellene er ganske like: Ein middelaldrande mann som tenkjer tilbake på barndoms- og ungdomstida, ofte utløyst av ei spesiell endring i livssituasjonen, som samlivsbrot, at eit nytt liv er på veg, at vaksne barn flyttar ut eller at aldrande foreldre går bort, på ein eller annan måte.
"Mamma er blitt en gammel villa, et skipperhus kanskje, der vindu etter vindu spikres igjen for å klare å bevare det som er av glød. Det lille av lys som innimellom gjør at hun makter å kjenne seg igjen og i noen sekunder fornemme hvor hun er, og noen ganger også hvem hun er."
Eg likar den litt undrande stilen og det ujålete språket som Levi Henriksen nyttar.
"De eneste barna som bodde alene med fedrene sine på Skogli da jeg var gutt, var de som hadde mistet mødrene sine. Mistet som i døde. Som barn lurte jeg ofte på hvorfor vi brukte et slikt uttrykk, det fikk det hele til å virke så tilforlatelig, som om disse personene bare var blitt forlagt som et nøkkelknippe eller en genser, noe man kunne finne igjen bare man tok seg tid til å lete. Jeg mistet virkelig mora mi, men jeg lette aldri etter henne."
Landskapet er gjenkjenneleg frå tidlegare bøker frå Henriksen; den fiktive bygda Skogli i Kongsvingertraktene. Historiane er allmenngyldige og lesaren kan lett kjenna att både personar, kjensler og hendingar. Det sorgmuntre er som alltid til stades og det er (som vanleg frå denne forfattaren) hyppige referansar til rockemusikken og til pinsebevegelsen. Som regel har novellene ein spesiell tvist eller ei overraskande avslutning.

Så langt hjemmefra, så nær der jeg bor er ei kjempefin novellesamling som anbefalast på det varmaste.


11. oktober 2019

Kort om: Søsterklokkene av Lars Mytting

Gyldendal 2018
442 sider
Lånt papirbok privat

Eg var skeptisk til denne boka. Det har to årsaker: For det fyrste har ho fått så mykje ros og merksemd - og sidan eg ofte har ein annan boksmak enn andre er ikkje det noko godt utgangspunkt. For det andre likte eg ikkje (den oppskrytte) Svøm med dem som drukner av same forfattar noko særleg.

Sjølv om eg er interessert i historie og ofte likar bøker innan historisk roman-sjangeren tok Søsterklokkene aldri tak i meg - og det vart aldri noko god leseoppleving. Eg tykte handlinga var treg og langsam og vart irritert på det overnaturlege i forteljinga. Det er vanskeleg for meg å sjå dei kvalitetane som andre meiner at boka har; som "fabelaktig", "uvanleg god" og "smart og spennande".

Eg pleier å avbryta bøker som ikkje fengar meg, så noko må då ha vore leseverdig, sidan eg las heile boka? Joda. Hovudpersonen Astrid er ein interessant og spesiell karakter. Ikkje berre er ho ung, sterk, klok og vakker. Ho har også vilje og pågangsmot: Mot og vilje til å arbeida for ei sak ho trur på.

Eg likte også å lesa dei små glimta av kvardagsliv, kvinneliv og slit og strev frå 1800-talets bygde-Noreg. Men elles? Nei. Eg tykkjer stilen og stemninga er kunstig, eg likar ikkje det svulstige språket, eg meiner alle gjentakingane er slitsame og eg likar som sagt ikkje det "magiske", det overnaturlege og overjordiske. For når kyrkjeklokkene etter kvart liksom lever sitt eige liv trur eg ikkje lenger på historia. Eg er heller ikkje særleg opptatt av korleis stavkyrkjer og andre kyrkjebygg er konstruerte. Alle detaljane som gjeld rive- og byggeprosessen er for mange og har ein altfor stor plass i boka.

Handlinga? Vel - kort sagt: I ein sidedal til Gudbrandsdalen skal ei gammal stavkyrkje rivast og flyttast. Det fører til uro i bygda fordi segner og overtru er knytta til kyrkjeklokkene. Legg så til eit trekantdrama mellom den nemnde kloke og vakre jenta, ein ung prest med undertrykte kjensler og ein besøkande tysk arkitektstudent. Eg følte meg "snytt" då eg kom til avslutninga av forteljinga; ikkje berre er den djupt tragisk; den er fullstendig open og består av lause trådar og manglande forklaringar.

Eg har hatt Søsterklokkene liggjande på nattbordet i mange veker, og det må seiast; dette er glimrande litteratur om du har søvnproblem. Eit par sider av denne og du sloknar - for det er så kjedeleg. Fyrst mot slutten er det endeleg noko som skjer, men då er det for seint.

No har eg kasta vekk nok tid på Lars Mytting sitt forfattarskap. Eg er "snill" når eg gir Søsterklokkene terningkast 3.

Andre bloggmeiningar, for balansen si skuld:
Tine sin blogg
Kleppanrova
Reading Randi
Ellikkens bokhylle
Den andre Berit

7. oktober 2019

Norsk krim 2019 del 2


Haust og krimlesing passar godt i hop, tykkjer eg. Her er tre ferske norske krimbøker som du kan kosa deg med i haustmørke kveldar.

Menneskehunger av Jørgen Brekke

Gyldendal 2019
347 sider
Lånt ebok eBokBib

Eit nytt møte med politiførstebetjenten, småbarnspappaen og nestenpensjonisten Odd Singsaker. Dette er bok nummer 7 i serien. Bøkene har gitt meg ganske forskjellige leseopplevingar, så eg var difor spent på denne nye.

Forfattaren gir her eit spark til både gourmetkokkar og matanmeldarar, noko eg tykkjer er fornøyeleg. Menneskehunger er i det heile ei underhaldande bok. Her kan ein lesa om gamle lik, nye lik, kroppsdelar som forsvinn og kroppsdelar som vert attfunne på uventa stader. Samt ei gammal oppskrift som muleg kan ha noko med kannibalisme å gjera. Litt grotesk innhald altså, men det heile er såpass usannsynleg at det er "spiseleg" for dei fleste, vil eg tru.

Brekke har ein god penn; han skriv lett og krydrar godt. Undervegs smaka eg på ein 5'ar, men eg har lagt meg på ei litt streng linje og landar på eit terningkast 4+.


Tredje gang du dør av Øystein Wiik

Lydbokforlaget 2019
Speletid 15:43
Kjøpt lydfil

Wiik presenterer ein ny "helt" denne gongen. Helt i hermeteikn, for det er litt vanskeleg å finna sympatiske trekk ved Hauk Alving. Utgangspunktet for denne ville historia er at Alving, som er avdanka skodespelar, har pressa den grotesk rike elskerinna si for ein formue. Men i staden for overlevering av pengar oppstår det eit basketak som fører til at Alving drep ein person i sjølvforsvar. For å sleppe unna konsekvensane av denne handlinga skjuler Alving liket samstundes som han tek den døde sin identitet. Dette får naturlegvis følgjer, for det finst også vitner til hendinga.

Og så ballar det på seg, i det uendelege, med den eine groteske hendinga etter den andre. Tenk deg ein blanding av den gamle krimfarsen "Skulle det dukke opp flere lik er det bare å ringe" og filmparodien "Kill Buljo", samt ein dæsj av den aktuelle NRK-serien "Exit". Historia er fullstendig sprø og vill, men Øystein Wiik får det heile likevel til å henga saman.

Eg meiner at boka er for lang. Ho burde absolutt vore stramma opp ein del; eit par av handlingstrådane virkar å vera noko påklistra. Tredje gang du dør er ein rein underhaldningskrim blotta for realisme og truverdigheit, men har du sans for spektakulære handlingar, brutale skildringar og barsk humor er dette eit funn.

Øystein Wiik er som alltid ein fabelaktig opplesar av lydboka. Terningkast 4.


Gjemsel av Jan-Erik Fjell

Capitana 2019
447 sider
Lånt ebok eBokBib

Den sjette boka i Anton Brekke-serien er veldig bra. Det er tydeleg at Gjemsel er grundig gjennomarbeida og at forfattaren har brukt tida godt sidan Lykkejegeren kom ut i 2016. Oppbygging og skrivestil er elles gjenkjenneleg frå dei tidlegare bøkene i serien, men forfattaren vert stadig meir stødig og sjølvsikker. Det er noko eg kan lika.

Ein annan ting eg likar er det internasjonale i handlinga. Dei ulike handlingstrådane hoppar i tid og rom og er litt forvirrande i starten, men ein skjønnar jo at alt heng saman med alt. Mykje av spenninga i boka dreiar seg om kva denne samanhengen er og korleis dette kan løysast. Ikkje alt er like truverdig, men alle lause trådar vert nøsta opp i.

Hovudpersonen Anton Brekke trakkar ikkje rundt i salaten i same grad som tidlegare; han har nemleg fått "understell"-problem og viser seg frå ei meir sårbar side. Dermed har kollega Magnus Torp fått ei meir synleg rolle i denne boka. Samspelet mellom dei to er noko av det som gjer serien leseverdig.

Jan-Erik Fjell er ein dyktig plottmakar med frodig fantasi. Gjemsel er ei velskriven bok som byr på overraskingar og stigande spenning. Her fleskar eg til med eit terningkast 5-.

3. oktober 2019

Bokomtale: Reformasjonen - den store historien av Frank Aarebrot og Kjetil Evjen

Vigmostad Bjørke 2018
Speletid: 7:52

Lånt lydbok eBokBib

Statsvitaren, forfattaren, kommentatoren, professoren og foredragsholdaren Frank Aarebrot gjekk bort i 2017. Det er heilt sikkert mange som saknar han, for han var ei kjent og kjær stemme/ansikt for dei fleste.

Den etterspurde boka 200 år på 200 sider og det populære foredraget 200 år på 200 minutter er eksempel på at professoren nådde ut til eit breidt publikum. Han kunne fortelja om kompliserte ting og samfunnsaktuelle saker på ein måte som folk flest kunne forstå, utan å vera overforklarande.

Reformasjonen - den store historien vart Frank Aarebrot si siste bok: Manus vart levert forlaget berre nokre dagar før han døydde. Medforfattar Kjetil Evjen er statsvitar og universitetslektor og var kollega med Aarebrot.

Det er 500 år sidan Martin Luther sende ut dei 95 tesene i Wittenberg; denne hendinga vert sett på som starten på reformasjonen. Aarebrot/Evjen gjer i boka greie for bakgrunnen og dei teologiske, politiske og historiske kreftene i dåtidas Europa. Vidare set dei søkelys på korleis reformasjonen bidro til samfunnsutviklinga i åra som følgde. Den lutherske reformasjonen var ein slags revolusjon som førte til store politiske, religiøse, kulturelle, militære og økonomiske endringar i mange land.

Forfattarane ser på reformasjonen og følgjene av den med statsvitenskaplege briller - og det er det som er interessant. Eg er ikkje religiøs og har lite interesse av religion, men når ein får ei slik hending som reformasjonen sett i samanheng - då skjønnar ein at det var viktig; for nasjonar, for samfunnsutvikling, for språk og kultur.

Boka er krydra med anekdotar og digresjonar i akkurat passe porsjonar. Det gjer boka underhaldande og lett å lesa sjølv om det til tider er litt tungt stoff.
Då nettstaden bok365 skulle kåra årets bok i 2018 var det denne som vann.

Lydbokversjonen er OK. Per Andreas Tønder les lydboka nøytralt og utan særleg innleving. Det er heilt greit sidan det er sakprosa, men innimellom sakna eg det "aarebrotske" temperamentet og engasjementet.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Frank Aarebrot var humoristisk, karismatisk og hadde gode pedagogiske evner. For nokre år sidan hadde eg gleda av å sjå og høyra Aarebrot live. Det var stort -  for det var heilt spesielt å oppleva den unike formidlingsevna han hadde. Han var roleg og utan for mange fakter - og utan manus - men med sterk stemme, tydeleg diksjon, glimt i auga og merkbar utstråling. Tema for foredraget var 'Regionsreforma på Vestlandet'; i utgangspunktet eit heller tørt tema - men me som var publikum sat der trollbundne og sugde til oss kunnskap og ny innsikt.

Frank Aarebrot ga også ut bøkene USA på 200 sider og Krigen på 200 sider. Heilt sikkert lærerike bøker som eg ikkje har lest enno, men som eg har skaffa meg. Biografien om Frank Aarebrot kunne eg òg tenkja meg å lesa ein gong.

30. september 2019

Oppsummering september 19

Påbyrja i august, fullført i september:
Are Kalvø - Hyttebok frå helvete - Humor/satire/dokumentar - Papirbok fått i gåve
Jørgen Brekke - Menneskehunger - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib

Lest i september: 
Frank Aarebrot og Kjetil Evjen - Reformasjonen - den store historien - Historisk dokumentar - Lånt lydbok eBokBib
Anne Mette Hancock - Likblomsten - Dansk krim - Lånt papirbok privat
Christoffer Carlsson - Den fallende detektiven - Svensk krim - Lydbok Storytel
Øystein Wiik - Tredje gang du dør - Norsk krim - Kjøpt lydfil

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Lars Mytting - Søsterklokkene - Norsk historisk roman - Lånt papirbok privat
Jan-Erik Fjell - Gjemsel - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib


2 papir, 3 lyd, 1 ebok
3 lånt, 1 abonnement, 1 kjøpt, 1 fått
4 krim, 1 dokumentar, 1 humor
4 norske, 1 svensk, 1 dansk
5 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Evjen, Hancock

Lesemånaden september vart så som så; kun seks fullførte bøker. Både Kalvø si bok og alle krimbøkene var bra, men ikkje superbra. Mest underhaldande var utan tvil Øystein Wiik si bok; eg lo høgt fleire gonger medan eg las, dvs. lytta. Herregud for ein fantasi den mannen har! (Terningkastet avspeglar at eg har visse innvendingar óg. Dette skal eg grunngi nærare i ein samleomtale som kjem om ikkje så brått..)

Overraskande nok, også for meg sjølv, var det Aarebrot si bok om reformasjonen som vart høgdepunktet denne månaden. For ei formidlingsevne den mannen hadde!

Eg slit skikkeleg med Søsterklokkene; etter 2 veker lesing er eg kommen omlag halvveges. Eg kjem nok til å fullføra, men boka fengar ikkje noko særleg. Deler av innhaldet er greit nok, men det er så tregt og seigt. Ikkje er eg spesielt interessert i stavkyrkjer heller..
Omtalar kjem, både av Reformasjonen og av Mytting si bok.

23. september 2019

Kort om: Koke bjørn av Mikael Niemi

Oktober 2019
445 sider
Papirbok lånt privat

Mikael Niemi stadfestar med denne boka at han er ein dyktig forteljar. Han brukar språk og bilete på ein original måte samstundes som han syner kunnskap om og innsikt i så mangt. Den mest sentrale forteljarstemma i Koke bjørn tilhøyrer Jussi, ein samegut som Lars Levi Læstadius tok til seg, inspirert av bibelforteljinga om Den barmhjertige samaritan. Jussi er ein oppdikta person, men forfattaren byggjer óg på mange verkelege historiske personar og hendingar i denne boka. Hovudperson er vekkelsepredikanten, presten og naturforskaren Lars Levi Læstadius.

På førehand hadde eg eit bilete av Læstadius som ein streng og fundamentalistisk svovelpredikant. Niemi framstiller han på ein heilt annan måte; som ein mild, intelligent og forståingsfull person. Vel var han ein fundamentalist på enkelte område; særleg i synet på alkohol, men han hadde utvilsamt også gode eigenskapar. Det kan vera verdt å merka seg at han forsto samane, både språket og kulturen, sidan han sjølv hadde samisk bakgrunn.

Handlinga i boka er lagt til året 1852 i Pajala i Nord-Sverige. Ei ung tenestejente forsvinn og vert etter ei tid funnen død i ei myr. Den som i fyrste omgang får skulda er bjørnen. Det er ei forklaring som både lensmann og befolkning kan slå seg til ro med. Men Læstadius - ein mann med sans for naturvitenskap og forsking - trur ikkje på denne teorien. Saman med fostersonen Jussi freistar han å finna ut av mysteriet på sakleg vis og naturvitenskapleg grunnlag. Dei to er eit slags Sherlock Holmes og Dr. Watson etterforskarpar, og boka kan såleis lesast som ein klassisk kriminalroman.

Men boka er så mykje meir: Det er ei hjerteskjerande forteljing om utanforskap og einsemd, om kulturkonfliktar, klasseskilnad og undertrykking, samt eit lærerikt og interessant portrett av ein karismatisk religiøs leiar. Det må også nemnast at miljø- og landskapsskildringane er truverdige og at tidsbileta er skarpe og levande.

Koke bjørn er ei velskriven og fascinerande forteljing som verkeleg anbefalast.

13. september 2019

Sommarlesing del 3: Internasjonal krim

Heilt kort om nokre krimbøker eg har lest denne sommaren.

Den fjerde ape av J.D. Barker

Goliat 2019
378 sider
Kjøpt ebok


Her møter me ein seriemordar av det mest spinnville og utspekulerte slaget og ein politietterforskar med både kløkt, forstand, integritet - og ei fortid. Den fjerde ape er fyrste bok i serie, og den ga verkeleg meirsmak.

Plottet er genialt, tempoet høgt og spenninga formidabel - nesten heile tida. Boka er difor ein pageturner av dei sjeldne. Skildringane er svært blodige og til tider noko voldsomme.

"Se7en møter Nattsvermeren" heiter det på omslaget - og det stemmer, i alle fall til ein viss grad. Eg er ikkje noko filmmenneske, men både 'Se7en' og 'Nattsvermeren' er blant mine få filmfavorittar.

Den fjerde ape får terningkast 5.


Bristepunktet av Belinda Bauer

Cappelen Damm 2019
351 sider
Lånt papirbok biblioteket


Bauer konstruerer finurlege plott og byr alltid på overraskingar. Bristepunktet er meir ein thriller enn ein kriminalroman. I og med at boka er frittståande får ein eit ekstra spenningsmoment i og med at det ikkje er nokon "krimhelt" som skal følgjast vidare. Dermed kan alt muleg skje.

Forteljarstemmene er både unike og ulike, og ein får fleire perspektiv og forskjellige handlingstrådar som nærmar seg kvarandre utover i boka.

Eg likte denne godt, men Bauer kan faktisk enno betre. Terningkast 5-.


Krittmannen av C.J. Tudor

Cappelen Damm 2018
Speletid 9:51
Lydbok Storytel


Dette er ein fantasifull og underhaldande krimthriller. Oppbygginga er gjenkjenneleg frå utallige andre krimbøker: Dramatiske hendingar i fortida som aldri har fått ei forklaring, noko som fører til uventa hendingar i notid og til sist; ein endeleg konfrontasjon.

Boka byr på gode tidsbilete, truverdige karakterar og uventa tvistar. Eg forventa likevel meir sidan boka har fått så stor merksemd. Krittmannen var ei heilt grei leseoppleving, men eg er ikkje superimponert. Konkluderer med eit terningkast 4+. 


Vuggesang av Leïla Slimani

Cappelen Damm 2019
202 sider
Lånt papirbok biblioteket


Slett ikkje så verst denne heller, men eg vil hevda at boka er veldig oppskrytt. Forfattaren spelar på uhyggestemning og på ei muleg upåliteleg forteljarstemme.

Alt på fyrste side får vita at det handlar om eit lite barn som er blitt drept. Kva kan ha ført til ei slik uhyrleg handling? Boka skildrar korleis eit ektepar vert avhengig av ein dagmamma/hushjelp til å få familie-, arbeids- og dagleglivet til å gå i hop. Gradvis får lesaren vita at alt ikkje er som det skal vera med denne personen.

Det er positivt at boka er såpass kort. Terningkast 4.


3. september 2019

Gobi-serien av Tor Åge Bringsværd

Forfattaren Tor Åge Bringsværd har ein stor og variert produksjon bak seg; han debuterte i 1967 og er framleis aktiv: Nyleg vart boka Mens jeg har dere her lansert - ei bok om å bli gammal. Elles er forfattaren kanskje mest kjend for barnebøkene om Karsten og Petra og sjøormen Ruffen og for science fiction-prosjekta i samarbeid med Jon Bing.

Serien Gobi består av fem bøker som kom ut i perioden 1985 til 1997. Bokserien er tilgjengeleg på Storytel og eg har høyrt alle bøkene i sommar. Opplesar Jan Grønli les godt og med stor innleving, men svært sakte og lågt. For meg vart løysinga å skru opp volumet samt å stilla inn hastigheiten på 1,25. Då vart det akkurat passe tempo.

Dei fem bøkene i serien er sjølvstendige romanar og kan godt lesast enkeltvis, men eg tykkjer det er mest naturleg og "rettast" å lesa dei i rekkefølge.

Kronologien er slik:
1. Barndommens måne
2. Djengis Khan
3. Djevelens skinn og ben
4. Min prins
5. Baghdad

Det er litt vanskeleg å sjangerfesta bøkene; Bringsværd er ein forfattar som ofte har utfordra og leika seg med ulike sjangrar. "Fabelprosa" er eit uttrykk som av og til vert brukt i samband med bøkene hans. Gobiserien er fyrst og fremst historiske romanar, men dei har også dokumentariske og filosofiske element, samt trekk frå fantasysjangeren.

Dersom ein skal prøva å samanlikna med andre forfattarar og bokseriar tykkjer eg det er naturleg å nemna Bestialitetens historie av Jens Bjørneboe. Her er fleire likskapar når det gjeld innhald, stil og språk. Dei har også det felles at dei består av mange lag, med anekdotar og historiar inni historiane. Historiane det vert fortalt om i Gobiserien er dels eventyr og mytologi, dels draumar og filosofiske betraktningar, samt store deler historiske fakta.


Handlinga er lagt til Gobi-ørkenen på 1200-talet. Forteljarstemme i bok 1, 2 og 4 er Wolfgang frå Godesberg og når me møter han fyrste gong lever i skjul frå nokon - eller noko - som er etter han. Han fortel historiar: Om sin eigen tidlege barndom der han vaks opp som son av ein bøddel, om då han deltok i det mytiske (og groteske) barnekorstoget, om ei ungdomstid som slave og om eit omflakkande liv som gjøglar og skodespelar i fleire land. Historiane er mange, innhaldsrike og fascinerande. Det vert samstundes fletta inn segner, myter, legender og eventyr fortalt av folk han har møtt i ulike land gjennom mange år. I bok nummer 2 handlar mange av forteljingane (som ein forstår av tittelen) om Djengis Khan; hans bakgrunn, barndom, familie og karriere. Noko av det er nok historisk korrekt, men naturleg nok har fantasifulle myter blitt danna gjennom tidene.

Eg "slukte" dei to fyrste bøkene, men den tredje sleit eg litt med. I Djevelens skinn og ben er det ein annan forteljar, stemninga er mørkare og dystrare og innhaldet er litt tungt. I Min prins er Wolfgang tilbake som forteljar, men han er her tydeleg sliten og muligens i ferd med å bli gal. I Baghdad er det Rodrigos, ei ny forteljarstemme, som fortel, men me møter på nytt Wolfgang; denne gong som ein gammal og stum gjøglar. I byen Baghdad er situasjonen desperat; mongolane står like utanfor bymurane og befolkninga kan venta seg store øydeleggingar og fryktar overgrep og massedrap. Det gir inntrykk å lesa om korleis Rodriges og Wolfgang prøver å hjelpa ein stor barneflokk. Sjølv når alt ser som håplaust ut finst det håp. Eller?

Eg fekk denne bokserien avbefalt for mange år sidan, men fyrste forsøk var lite vellukka. Eg byrja då på Barndommens måne, men kom aldri inn i handlinga og fullførte ikkje. Det har noko med timing og livssituasjonen å gjera; den gongen var det "feil" tid, no var det "rett" tid. Eg er så glad for at eg fann boka (og resten av serien) på nytt. Dette er nemleg den type litteratur som vert verande i kroppen og hjernen lenge etter avslutta lesing. Dei fem Gobi-bøkene er rett og slett store leseopplevingar.