17. august 2020

Sommarlesing del 1. Fersk skandinavisk krim

Tre kvinnelege krimforfattarar. Tre veldig gode bøker. Tre velskrivne og gode historiar. Tre x terningkast 5.

Bakom synger døden av Karin Fossum
Cappelen Damm 2020
380 sider
Papirbok lånt privat

Bok nummer 15 om Konrad Sejer er mellom dei beste i bokserien. Det trur eg alle anmeldarar og bokbloggarar er enige om - og eg sluttar meg fullt og heilt til deira vurderingar. Boka byr på psykologisk innsikt og gode og presise personskildringar. Historia er trist utan å vera sentimental og spennande utan å vera heseblesande.

Forfattaren får sagt mykje med få ord. Fossum (og Konrad Sejer) er meir opptatt av kvifor enn av kven og korleis når det gjeld drapsaker. Motiv kan vera så mangt, og ein skal vera ein god menneskekjennar for å finna ut kva som ligg til grunn for eit mord.

Dersom dette er den siste boka i serien er Bakom synger døden eit verdig punktum, men eg håpar sjølvsagt på fleire.

Ødemark av Stina Jackson
Gyldendal 2020
380 sider
Papirbok fått i gåve

Pussig nok har denne same sidetal som boka over. Og samanlikninga treng ikkje stoppa der; unge Jackson skriv like imponerande velformulert og minst like stemningsfullt som veteranen Fossum.

Eg likte veldig godt den forrige (debutboka Sølvveien) og er nøgd med at oppfølgjaren innfrir dei forventningane eg hadde. Ødemark er ei sjølvstendig bok, men politietterforskaren (som kun er ein biperson) er den same som i forrige bok.

Boka er langsam og stillfarande, men likevel stig intensiteten og spenninga undervegs. Også denne gongen fekk eg Kerstin Ekman-assosiasjonar medan eg las; det er eit kvalitetsstempel. Skildringane av naturen og landskapet i Nord-Sverige er levande, og det er lett å sjå for seg dei forlatte husa, dei grisgrendte stadene og menneska som bur der.


Blindtunnel av Tove Alsterdal
Kagge 2020
323 sider
Papirbok lånt privat

Heilt annan stil og heilt anna innhald enn dei to over, men dette vart også ei god leseoppleving for meg. Sjølve krimgåta er kanskje lite truverdig, men det historiske bakteppet er interessant, fengande og opprørande.

Handlar om eit svensk middelaldrande ektepar som kjøper eit hus - eit oppussingsprosjekt - i Tsjekkia. I samband med oppussinga finn dei levningane av eit menneske - eit barn som forsvann for mange år sidan. Byen der handlinga finn stad var tidlegare ein del av Sudetenland - eit område der det fann stad tragiske hendingar og etnisk rensing både før, under og etter andre verdenskrig.

Forfattaren flettar dei historiske hendingane inn i notidsforeljinga på ein overbevisande måte. Blindtunnel er både lærerik, velkomponert og velskriven.

3. august 2020

Oppsummering juli 20

Påbyrja i juni, fullført i juli:
Bernard Minier - En sang for druknede sjeler - Fransk krim - Lånt papirbok privat
Levi og Leah Henriksen - Vinter på savannen - Norsk ungdomsroman - Lyd Storytel

Lest i juli:
Ken Follett - Der frihet rår - Britisk historisk roman - Lyd Storytel
Tove Alsterdal - Blindtunnel -Svensk krim - Lånt papirbok privat
John Harvey - Til jord skal du bli - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Odd-Magnus Williamson - What is love - Norsk - Personleg beretning/sjølvhjelp - Lyd Storytel
David Baldacci - Tidens spill - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Michel Bussi - Tiden er en morder - Fransk krim - Lyd Storytel
Stina Jackson - Ødemark - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Karin Fossum - Bakom synger døden - Norsk krim - Lånt papirbok privat

Påbyrja i juii, fullførast i august:
Gard Sveen - Drømmenes gud - Norsk krim - Lyd Storytel
John Harvey - I mørket - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Alf R. Jacobsen - Djevelens kobber - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket



5 lyd, 4 papir, 1 ebok
5 lånt, 5 abonnement
7 krim, 1 historisk roman, 1 ungdomsroman, 1 personleg beretning
3 norske, 2 svenske, 2 britiske, 2 franske, 1 amerikansk
6 menn, 3 kvinner, 1 begge kjønn
"Nye" forfattarar: Williamson, Leah Henriksen

Juli månad - og ferien - kom og gjekk. Utan eitt einaste blogginnlegg eller bokomtale, men brukbart med lesing. Best av alle: Den nyaste til Fossum. Eg følgjer "straumen" og alle som hyllar denne forfattaren og denne boka. Eg har av og til meint at Fossum har vore "for psykologisk" og at Sejer har vore treig og kjedeleg, men i Bakom synger døden er forfattaren tilbake på det som etter min meining er rett spor.

Den største nedturen kom med Ken Follett, trass i - eller kanskje nettopp på grunn av - at han er ein av mine favorittar. Der frihet rår er så full av klisjéar at det er reint ubehageleg. Då hjelper det ikkje så mykje at det historiske bakteppet er interessant. 

2. juli 2020

Oppsummering juni, samt statistikk og topp 10 for fyrste halvår 2020

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Bjørn Andreas Bull-Hansen - Jomsviking - Norsk historisk roman - Lånt ebok BookBites
Cilla og Rolf Börjlind - Den tredje stemmen - Svensk krim - Kjøpt papirbok og lyd Storytel

Lest i juni:
Camilla Grebe - Skyggejegeren - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Div. forfattarar - Beste sommerkrim - Norske krimnoveller - Kjøpt pocket
Dag Christensen - Med livet som innsats - Norsk krigsdokumentar - Lyd Storytel
Terje Bjøranger - Barcode - Norsk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Bernard Minier - En sang for druknede sjeler - Lånt papirbok privat
Levi og Leah Henriksen - Vinter på savannen - Lyd Storytel


2 ebøker, 2 lyd, 1 papir og 1 kombinert papir/lyd.
3 lånt, 2 abonnement, 1 kjøpt
3 krimromanar, 1 krimnoveller, 1 historisk roman, 1 krigsdokumentar
4 norske, 2 svenske
3 menn, 1 kvinne, 2 begge kjønn
"Nye" forfattarar: Bull-Hansen, Christensen, Bjøranger

Ikkje så mange titlar i juni; berre halvparten så mange som i mai. Dette må jomsvikingane ta mesteparten skulda for. Eg meiner; det tek si tid å komma gjennom ein historisk roman med ei så omfattande handling og av eit slikt format - og som dessutan fører til googling og søking.. Eg er i alle fall djupt imponert over kunnskapen og formidlingsevna til Bjørn Andreas Bull-Hansen - og kjem heilt sikkert til å lesa dei to påfølgjande bøkene om Torstein Knarresmed. Vikingtida fascinerer mange av oss, noko som kjem til uttrykk på ulike vis, m.a. gjennom litteratur, film og TV.

Eg er ein smule nerdete når det gjeld statistikk og oversikt, og slenger difor med nokre tørre tal frå fyrste halvår 2020.

Halvårsstatistikk


Lest hittil i år
51 bøker, fordelt slik på sjanger:
 - 35 krim-, thriller- og spenningsromanar
 - 4 andre romanar
 - 10 sakprosa
 - 2 novellesamlingar

16 papirbøker, 12 ebøker, 23 lydbøker

22 lånt, 20 Storytel-abonnement, 8 kjøpt, 1 fått

19 Terningkast 5, 25 Terningkast 4, 7 Terningkast 3

Forfattarar
39 menn, 15 kvinner
(tre av bøkene har forfattarar av begge kjønn)
23 norske, 11 svenske, 9 britiske, 3 irske, 2 danske, 1 amerikansk, 1 islandsk, 1 fransk

Lesemål 2020
  1. 51/100 bøker totalt
  2. 7/10 mursteinar (over 500 sider)
  3. 4/10 biografiar
  4. 6/10 annan sakprosa
  5. 6/30 bokomtalar
  6. 12/30 nye forfattarar
Eg ligg godt an i høve mål om 100 leste, samt måla som gjeld mursteinar, bio'ar og sakprosa. Vidare syner statistikken at eg ligg brukbart an i høve nye forfattarar og at eg er veldig bakpå i høve omtalar. Eit par samleinnlegg med raske/korte omtalar i det siste er eit forsøk på å "retta opp" litt. 32 av bøkene mine har fått korte omtalar i samleinnlegg.

Viktigare enn tal leste bøker er sjølvsagt kvaliteten på det som vert lest; leseforventingar og sjølve leseopplevinga. Eg har ikkje gitt eit einaste terningkast 6 til no i år, for toppkarakteren er kun for dei aller aller aller beste. Men som du kan sjå over har eg gitt 19 bøker nest høgaste karakter, og gledeleg (og overraskande?) er mange av dei innan sakprosa-sjangeren.

Så - la meg presentera mi personlege og subjektive topp 10-liste for fyrste halvår. På "pallplass" står dei som etter mi meining er dei beste sakprosa-forfattarane me har her i landet; Tor Bomann-Larsen, Erika Fatland og Alf R. Jacobsen.


Topp 10 januar - juni 2020

  1. Roald Amundsen av Tor Bomann-Larsen (utgitt fyrste gong på Cappelen 1995)
    25 år sidan fyrsteutgåva altså, men gode bøker går ikkje ut på dato. Utruleg bra biografi, som i tillegg er polarhistorie, kulturhistorie og politisk historie. Grundig og balansert, med overblikk og skråblikk. 
  2. Sovjetistan av Erika Fatland (Kagge 2014)
    Dokumentar/reiseskildring, godt fortalt, fantastisk lærerikt og interessant.
    Heller ikkje heilt fersk bok, men det meste er stadig like aktuelt.
  3. Farlig farvann av Alf R. Jacobsen (Vega forlag 2019)
    Krigsdokumentar, tema er hurgtigrutene (og deira passasjerar) sin lagnad under krigen.
    Oversikt, historikk, konsekvensar, enkeltskjebnar. Inkludert biografiske opplysningar og bilete av dei fleste ofra; sivile menn, kvinner, barn. Sterk lesing. 
  4. Opprør av C.J. Sansom (Press 2020)
    Ny av året, avsnitt nummer sju i Shardlake-serien. Serien er britisk historisk krim på sitt beste. Tenk "Ulvetid" (Wolf Hall/Hilary Mantel) + finurlege kriminalmysterium.
  5. X måter å dø på av Stefan Ahnhem (Aschehoug 2019)
    Svensk seriemorderkrim på sitt beste. Forfattaren spelar på alle dei spenningstrengene som finst og gir lesaren jamnlege overraskingar og pustebesvær.
  6. Folket av Tor Bomann-Larsen (Cappelen Damm 2017, fyrste gong utgitt 2004)
    Bind 3 (av 8) i det svære biografiske verket om Haakon og Maud. Stødig, skikkeleg og med snert.
  7. Halvmorderen av Håkan Nesser (Gyldendal 2020)
    Svensk krim/roman frå ein gammal favoritt. Sorgmuntert om eit liv som vart annleis enn det kunne ha blitt.
  8. 1794 av Niklas Natt och Dag (Cappelen Damm 2020)
    Historisk krim, Bellman noir, Stockholm noir. Nattsvart, bestialsk og vakkert.
  9. Jomsviking av Bjørn Andreas Bull-Hansen (Gyldendal 2018)
    Historisk roman. Imponerande fagkunnskap, godt fortalt. 
  10. Mamma er trygda av Mimir Kristjanson (Kagge 2019)
    Ein forfattar som byr på seg sjølv (og si eiga mor). Lærerikt, underhaldande og til ettertanke.

23. juni 2020

Kort om: Beste sommerkrim 2020

Goliat 2020
220 sider
Kjøpt sjølv

Likar du å lesa krimnoveller? Då kan eg anbefala denne boka.

Dette er ei bok som held akkurat det ho lovar, nemleg ei "perfekt bok til deg som vil ha korte og intense krimfortellinger, om du soler deg ute i hagen, er på stranda og bader, eller sitter i sofaen." Dei ti novellene er korte, velskrivne og byr på den uventa avslutninga som ein gjerne forventar av ei krimnovelle.

Eg har erfart at mange krimantologiar gjerne inneheld fleire veldig gode noveller, og så kanskje ei eller to dårlege, dumme og/eller uskjønelege. I denne samlinga er absolutt alle novellene gode.
Bidragsytarane til samlinga er Unni Lindell, Torkil Damhaug, Jørgen Brekke, Agnes Matre, Geir Tangen, Knut Nærum, Roar Ræstad, Frode Eie Larsen, Jorun Thørring og Heine Bakkeid. Alle velkjende namn for dei fleste krimlesarar, vil eg tru.

Forordet er ved Geir Tangen, som presenterer novellesamlinga på sedvanleg overbegeistra vis. To av novellene hadde eg lest tidlegare; dei frå Unni Lindell og Torkil Damhaug. Begge to er imidlertid så bra at det ikkje gjorde noko å lesa dei på nytt, tvert imot. Om eg skal velja meg eit par favorittar frå samlinga må eg ta fram bidraga til nettopp Damhaug, samt Bakkeid si novelle. Den mest morosame novella er den frå Knut Nærum og den med det mest overraskande sluttpoenget kjem frå Agnes Matre.

Samlinga kunne godt vore større og inneheldt fleire noveller, men boka egnar seg godt til å ta med i tursekken/handveska/badebagen slik ho no er. Ver obs på at dei omlag 20 siste sidene i boka er reklame for (tekstutdrag frå) ei anna bok frå Goliat forlag; Fuglekikkeren.

Eg les ofte og gjerne krimnoveller, men ei novellesamling kan aldri gi meg like mykje som ein krimroman. Boka får likevel eit stort og blankt terningkast 4.

22. juni 2020

Kriminell vårlesing

Nytt samleinnlegg med stikkordomtalar.
Eg byrar med eit par ferske frittståande svenske krimromanar.

Skyggejegeren av Camilla Grebe
Gyldendal 2020
413 sider
Lånt ebok BookBites

- Overraskande bra, den beste eg har lest av Grebe.
- Vart tildelt Glassnøkkelen.
- Frittståande altså, men mot slutten møter me nokre karakterar kjent frå tidlegare bøker.
- Fire tidsperiodar; 1944, 1971, 1985 og 2019.
- Kvinneperspektiv; ein blir kjent med politikvinner frå dei ulike periodane.
- Kvinnelege offer, utsette for uhyggelege og utspekulerte ugjerningar.
- Syner haldningane/utfordringane kvinner møter, privat og på jobb.
- Gode tidsbilete og miljøskildringar.
- Nokre overraskingar undervegs, men ikkje heilt uventa løysing.
- Terningkast 5-.

Våroffer av Anders de la Motte
Aschehoug 2020
518 sider
Lånt ebok BookBites

- Ikkje dårleg, men veldig oppskrytt og hypa.
- Den svakaste av dei fire bøkene i årstidskvartetten.
- Passa godt at eg las denne ferdig den 30 april.
- Velkomponert og stemningsfullt, særleg tilbakeblikka.
- Personar som tek feil/merkelege/ulogiske val.
- I utgangspunktet gode, men etter kvart påklistra og jålete naturskildringar.
- Treg skrivestil. Meir stemning enn spenning.
- Serien kan lesast ukronologisk, det er positivt.
- Terningkast 4-.


Eg held fram med ei bok som har stått ulest i hylla i nokre år.
Det handlar stadig om svensk krim.


Den tredje stemmen av Cilla og Rolf Börjlind
Gyldendal 2015
455 sider
Kjøpt pocket (OTS) + svensk lydbok (Storytel)

- Del to i serien om Tom Stilton og Olivia Rönning.
- Mange trådar og karakterar.
- Til tider rotete og vanskeleg å halda oversikt.
- Lite truverdig handling, mykje tilfeldig.
- Gode personskildringar, desse menneska virkar ekte.
- Interessante og samfunnsaktuelle problemstillingar.
- For lang, burde vore redigert betre.
- Pocketboka har for lita skrift (i alle fall for oss halvgamle lesarar).
- Terningkast 4.

Så over til norsk krim.

Den stille uke av Sven Petter Næss
Aschehoug 2019
427 sider
Lånt papirbok biblioteket

- Las denne i påsken, perfekt tima.
- Oversiktleg, gjenkjenneleg miljø.
- Enkelt plott og lettlest.
- Men det enkle er av og til det beste.
- Velskrive, elegante overgangar.
- Kvardagsdrama, truverdig handling.
- Av og til noko overtydeleg.
- Sympatisk hovudperson.
- Terningkast 4.

Britisk krim er noko eg har sans for, både tradisjonell puslespelkrim, politikrim og psykologiske thrillerar.
I følgjande bok får ein litt av alt dette.


Fuglekikkeren av William Shaw
Goliat 2018
303 sider
Lånt ebok BookBites

- Ikkje så bra som førehandsomtalane tilsa, men slett ikkje dårleg heller.
- Ny forfattar for meg og fyrste bok i trilogi.
- Treg start, som så ofte når eit nytt miljø og nye karakterar skal introduserast.
- Den mest sentrale forteljarstemma held noko skjult for omverda - og for lesaren.
- Spenninga ligg i kva dette inneheld og kva konsekvensar det kan få for vedkommande.
- To parallelle historiar, ei i notid og ei i fortid.
- Interessant og lettlest.
- Ei grei fyrste bok, og eg skal lesa resten av trilogien etter kvart.
- Terningkast 4+.


Så - endeleg - ei bok (og ein serie) ein får både gåsehud og åndenød av. Eg likar dei barnslege titlane i denne serien; ein sterk kontrast til innhaldet. Handlinga er lagt til Southampton, og det dreiar seg om skikkeleg skummel og utspekulert seriemordarkrim .


Dukkehuset av M.J. Arlidge
Vigmostad Bjørke 2016
406 sider
Lånt ebok BookBites

- Del 3 i Helen Grace-serien.
- Fascinerande hovudperson/"helt".
- Samt mange interessante karakterar i etterforskarteamet.
- Kidnapping, overgrep, brutale drap.
- Kamp mot klokka.
- Ein intelligent, ressurssterk og splitter pine gal mordar.
- Korte kapittel og raske perspektivskift.
- Høgt tempo, spennande frå start til slutt.
- Overraskande vendingar og stigande intensitet.
- Terningkast 5.

Er du med på leken av M.J. Arlidge
Vigmostad Bjørke 2017
432 sider
Kjøpt ebok 

- Del 4 i Helen Grace-serien.
- Ein pyroman/drapsmann/terrorist tenner på bustadhus og andre bygningar ulike stader i byen - samtidig.
- Stort press frå overordna og media for Helen og teamet hennar.
- Tidspresset er også denne gongen ein spenningsfaktor.
- Litt for lang; spenninga vart avløyst av ei kjensle av utålmodigheit.
- Stødig og sjølvsikker språkføring.
- Forfattaren har lagt lista høgt og mine forventningar er tilsvarande høge. Difor eit lite hakk ned denne gongen, til
- Terningkast 4+.

Kronologi Helen Grace-serien:
3. Dukkehuset
4. Er du med på leken
5. Nei nei gutt
6. Den som ikke har gjemt seg nå
7. Elsker elsker ikke

11. juni 2020

Bokomtale: 1794 av Niklas Natt och Dag

Cappelen Damm 2020
444 sider
Lånt papirbok biblioteket

Den forrige boka 1793 bergtok - og sjokkerte! - mange krimlesarar. Oppfølgjaren 1794 sjokkerer ikkje i same grad, men det er mykje bestialitetar, skitt og elendigheit i denne óg. Dei hjerteskjerande og rystande skildringane av levekåra til dei som befann seg på botnen av det svenske samfunnet anno 1794 gir verkeleg inntrykk. Det er i det heile ei dyster, overbevisande og spennande forteljing.

Hovudperson er som i forrige bok, palten (seperasjonsvakten) Mickel Cardell, og elles møter me igjen enkelte av karakterane derifrå - og fleire nye. På nytt handlar det om eit mysterium og eit uhyggeleg grovt - fruktansvärt - brotsverk; denne gongen om drapet på unge og vakre Linnea.

Erik Tre Rosor er, som namnet viser, av høg og adeleg byrd. Som barn møter han Linnea og deira nære forhold veks til gryande og sterk kjærleik. Men Linnea tilhøyrer ein lågare samfunnsklasse, så eit ekteskap er uaktuelt. Meiner Erik sin far. Guten får i staden eit "tilbod" om eit opphald på den dåverande svenske kolonien Saint-Barthélemy. Erik sine opplevingar på den karibiske øya er rystande lesing.
Etter ei tid døyr Erik sin far, og han vender tilbake til Sverige og Linnea. Bryllaup vert planlagt og feira på storslagent vis, men bryllaupsnatta endar på ein tragisk måte. Unge Linnea vert funnen død og maltraktert og Erik vert sendt til galehuset. Kva har skjedd? Mickel Cardell får i oppdrag å finna ut av saka.

For å ha utbytte av denne boka bør du ha ein viss fascinasjon for det mørke og makabre. Natt og Dag byr nemleg på detaljerte skildringar av sadistisk-pervers vald og andre onde gjerningar. Enkelte meiner at han dreg det vel langt til tider, og det kan eg tildels vera enig i. Samstundes veit ein at enkelte av dei hendingane det vert fortalt om kunne ha hendt i verkelegheita. Eg tenkjer her spesielt på det som vert fortalt frå slaveøya og frå sinnsjukehuset. Og deler av Stockholm var nok prega av fattigdom, sjukdom og stank på 1790-talet - akkurat slik som forfattaren skildrar det.

Språket i boka er vakkert, tykkjer eg. Litt snirklete og gammaldags og passar såleis til den tida det vert fortalt om. Dei skiftande perspektiva og ulike forteljarstemmene gjer at lesaren heile tida får nye moment og teoriar å forhalda seg til. Dette gjer det veldig spennande, men óg foruroligande og skremmande. Det er nemleg ikkje grenser for kva Natt och Dag utset karakterane sine for. Skildringane er levande og ofte ubehageleg detaljerte. Stemninga i boka er som sagt dyster og mørk - mørkare enn i 1793, der ein kunne ana eit lite lysskjær og eit glimt av håp.
Eg ser uansett fram til tredje og siste del i denne Bellman Noir-serien. Neste bok har naturlegvis tittelen 1795 og kjem til neste år.

2. juni 2020

Oppsummering mai 20

Påbyrja i april, fullført i mai:
Zeshan Shakar - Tante Ulrikkes vei - Norsk roman - Papirbok fått i gåve
M.J. Arlidge - Dukkehuset - Britisk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i mai:
David Baldacci - Et eneste sekund - Amerikansk krim - Lyd Storytel
M.J. Arlidge - Er du med på leken - Britisk krim - Kjøpt ebok
Alf R. Jacobsen - Farlig farvann - Krigsdokumentar - Lånt ebok BookBites
Stefan Ahnhem - Motiv X - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Stefan Ahnhem - X måter å dø på - Svensk krim - Lånt lydbok biblioteket
William Shaw - Fuglekikkeren - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Ninni Schulmann - Svar meg hvis du hører meg - Svensk krim - Lånt papirbok privat / Lyd Storytel
Gard Sveen - Bjørnen - Norsk krim - Lyd Storytel
Aksel Lund Svindal og Torbjørn Ekelund - Større enn meg - Sjølvbiografi - Lyd Storytel
Sigbjørn Mostue - Himmelen skal gråte blod - Norsk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Bjørn Andreas Bull-Hansen - Jomsviking - Norsk historisk roman - Lånt ebok BookBites
Cilla og Rolj Börjlind - Den tredje stemmen - Svensk krim - Kjøpt papirbok og lyd Storytel


6 lyd, 4 ebøker, 1 papir, 1 kombinert papir og lyd
5 lånt, 4 abonnement, 2 kjøpt, 1 fått
9 krim/spenning, 1 roman, 1 biografi, 1 dokumentar
5 norske, 3 svenske, 3 britiske, 1 amerikansk
11 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Shakar, Shaw, Mostue, Svindal/Ekelund

Mai vart ein veldig bra lesemånad: Heile tolv bøker og heile fem terningkast 5. Både Fabian Risk-serien (Ahnhem) og Helen Grace-serien (Arlidge) anbefalast for dei krimkresne. Største positive overrasking vart likevel den Riverton-nominerte Himmelen skal gråte blod. Trass i enkelte lettvinte løysingar og nokre lite sannsynlege hendingar baud boka på nervepirrande spenning, mykje action og glimrande underhaldning.

Er du interessert i krigshistorie bør du lesa Farlig farvann. Alf R. Jacobsen er rett og slett ein mester innan denne sjangeren. Og er du bittelitt sportsinteressert vil eg anbefala sjølvbiografien til Aksel Lund Svindal. For ein idrettsmann han var og for eit forbilde han er.

Fuglekikkeren var heilt grei, men nådde ikkje heilt opp til dei forventnigane eg hadde. Og Tante Ulrikkes vei? Sorry, den fann eg ikkje heilt ut av. Det vart ei ny stadfesting på at norske samtidsromanar ikkje passar for meg. Dessutan las eg egentleg berre Mo si historie, for eg skjønte ikkje språket til Jamal. Eg er truleg for gammal og bur på feil kant av landet. 

30. mai 2020

Kriminell vårlytting

Sidan eg er så på etterskot når det gjeld bokomtalar bestemte eg meg for å laga eit skikkeleg skippertaksinnlegg; denne gong i form av "mikroomtalar" i stikkordform. Eg håpar å få fram det mest essensielle i kvar enkelt bok når eg gjer det på denne måten. Det har vore varierande leseopplevingar; få innertiarar, nokre skuffelsar og enkelte "heilt greie".

Alle lydbøkene nedanfor er innan krim-/spenningsjangeren og inngår i ulike seriar. Eg har hatt som mål å bruka/utnytta Storytel-abonnementet mitt så mykje som muleg, så dei fleste har eg funne der.

Flokkdyr av Tana French 
Cappelen Damm 2016
Speletid 16:24
Lydbok Storytel

- Femte bok i den ukronologiske Dublin Murder Squad-serien
- Handling frå ungdoms-/kostskulemiljø
- Langsam, mykje prat og mykje fram og tilbake
- Intenst og tett
- Skildringar prega av innleving og psykologisk innsikt
- Spesielt interessant å følgja korleis samarbeidet mellom etterforskarane utviklar seg
- Litt for lang, men ei god leseoppleving
- Veldig godt opplest av Ivar Nergaard
- Terningkast 5-.

Fluktruten av Arnaldur Indridason
Cappelen Damm 2018
Speletid 9:16
Lydbok Storytel
- Tredje bok i serien om Flovent og Thorson
- Interessant og originalt med handling frå Island under 2. verdenskrig
- Gode tidsbilete
- Men frykteleg tregt, så denne lesar mista etter kvart både konsentrasjon og oversikt
- Opplesar Lasse Lindtner "beherskar" fleire stemmer og dialektar, men det blir i overkant teatralsk
- Terningkast 3.

Blodmåne av Katrine Engberg 
Capitana 2019
Speletid 10:16
Lydbok BookBites
- Andre bok om Jeppe Kørner og Anette Werner
- Burde nok ha lest den fyrste fyrst
- Dansk etterforskarkrim
- Lettlest og oversiktleg
- Snert, sjarm og brukbart driv
- men litt for mykje om trivialitetar og "dameting"
- God opplest av Kristin Grue
- Terningkast 3+.

Operasjon Snøhvit av Eirik Wekre
Cappelen Damm 2018
Speletid 10:56
Lydbok Storytel
- Fyrste bok i serien om Hege Tønnesen
- Ikkje spesielt bra fyrsteinntrykk
- Rotete, overambisiøst
- Liksomdramatisk, lite truverdig
- Klisjékarakterar
- Opplesar Ane Rygh les tydeleg, men altfor sakte
- Terningkast 3-.


Blod i dans av Gard Sveen
Cappelen Damm 2016
Speletid 6:14
Lydbok Storytel
- Tredje bok i Tommy Bergmann-serien
- Burde definitivt ha lest denne rett etter andre bok, for dei heng tett saman
- Med avstand i tid vart begge bøkene "sånn passe"
- Masse action, mange handlingstrådar
- Veldig bra lest av Helge Winther-Larsen
- Terningkast 3.

Bjørnen av Gard Sveen
Cappelen Damm 2018
Speletid 10:53
Lydbok Storytel

- Fjerde bok i Tommy Bergmann-serien
- Totalt annan stil - og betre - enn den føregåande
- Heller ikkje hovudpersonen er gjenkjenneleg, men så har det gått 10 år handlingsmessig
- Kald krig, spionasje, kontraspionasje
- Mykje av handlinga bygger på Treholt-saka
- Terningkast 4.

Flaggermusmannen av Jo Nesbø
Lydbokforlaget 2018
Speletid 11:29
Lydbok Storytel
- Fyrste bok i Harry Hole-serien, fyrste gong utgitt 1997, nyinnspeling
- Starten på eit forfattarskap som har betydd mykje for mange
- Gjenlesing etter 23 år for meg
- Var banebrytande i si tid
- Godt plott, overraskande vendingar
- Merkar at både min lesesmak og Nesbø som forfattar har utvikla seg
- Meir nostalgikjensle enn spenningskjensle
- Dennis Storhøi er ein god opplesar og stemma hans er perfekt som Harry Hole
- Terningkast 4+.

Svar hvis du hører meg av Ninni Schulman 
Cappelen Damm 2015 
Speletid 10:50
Lydbok Storytel (+ lånt papir)
- Tredje bok i serien om Magdalena Hansson
- Svensk bygdekrim
- Handling frå jegermiljø er originalt og interessant
- Noko stilleståande til tider
- Men jamnt stigande spenning trass i enkelte forutsigbare hendingar
- For mykje mas om småbarnsliv og tidsklemma
- Elles grei nok
- OK opplesing av Ingrid Vollan
- Terningkast 3+.

Et eneste sekund av David Baldacci
Cappelen Damm 2004
Speletid 10:00
Lydbok Storytel
- Fyrste bok i serien om Sean King og Michelle Maxwell
- Grei introduksjon til hovudpersonane og bakgrunnen deira
- Veldig amerikansk på alle måtar
- Secret Service, FBI, hemmelege tenester
- Action, overraskingar
- og litt romantikk
- Heilt grei underhaldning
- Ivar Nergaard les i passe tempo og med engasjement og innleving
- Terningkast 4+.

---------------------

Mykje middelmådig i denne samleomtalen, tykkjer du kanskje?
Ja, det vart visst det. Så eg avsluttar med heile to rosiner i pølsa.

---------------------

Motiv X av Stefan Ahnhem 
Lydbokforlaget 2018 
Speletid 12:03
Kjøpt lydfil
- Fjerde bok i Fabian Risk-serien
- Ein serie der kvar bok blir betre og betre 
- Adrenalinspennande, nervepirrande
- Mange synsvinklar
- Utallige handlingstrådar, både korte og lange
- Avansert, men ikkje altfor komplisert
- Terningkast 5.

X måter å dø på av Stefan Ahnhem 
Lydbokforlaget 2019
Speletid 11:53
Lånt lydbok biblioteket
- Femte bok om Fabian Risk
- Handlinga startar umiddelbart etter Motiv X, så desse bør helst lesast rett etter kvarandre
- Ikkje berre ein, men to, splitter gale seriemordarar
- Fabian vert utsett for umenneskelege påkjenningar
- Grusomme og fantasifulle drapsmetodar
- Innvikla og godt samanskrudd plott
- Usannsynlege motiv og urealstisk handling
- Men likevel ein fantastisk pageturner, umuleg å leggja frå seg
- Terningkast 5+.

Ivar Nergaard er (som alltid) ein fantastisk opplesar av både Motiv X og X måter å dø på. Det er tydeleg at han likar det han les. På den måten tilfører han historia om Fabian Risk ein ekstra dimensjon og gjer bøkene til ekstra gode leseopplevingar.

27. mai 2020

Bokomtale: Opprør av C.J. Sansom

Press 2020
789 sider
Lånt papirbok privat
Originaltittel: Tombland

For oss som har sans for finurlege kriminalgåter OG forteljingar frå Tudortida, er serien om Matthew Shardlake midt i blinken. Opprør er bok nummer sju og me er komne fram til året 1549. I England er det urolege tider; Henrik VIII er død og den 11 år gamle sonen hans, Edvard VI, sit på trona. Den egentlege makta ligg hos regentrådet, leia av Protektor Somerset - onkel til den mindreårige kongen.

England er i krise og kaos på mange måtar; religiøs reformasjon, politiske konfliktar, økonomisk krise, høge skattar, dårlege avlingar og stor fattigdom. Skilnaden mellom fattig og rik er ekstrem og grotesk stor; det er duka for uro, protestar og opprør. Sakførar Shardlake befinn seg innleiingsvis i utkanten av opprøret, men han skal snart bli dregen inn i dei hendingane som finn stad.

I slutten av forrige bok, Klagesang, fekk Shardlake ein ny oppdragsgjevar, nemleg lady Elizabeth, kongen si syster (og framtidig dronning Elizabeth I). Ein fjern slektning av henne er arrestert og sikta for drap på kona si. Shardlake vert engasjert for å finna ut av saka, og ferda går nordover; frå London til Norfolk og Norwich. Saka viser seg å vera uhyre komplisert, og mange kan ha motiv. Ikkje overraskande heng løysinga saman med det pågåande og omfattande opprøret. Før det kjem så langt har Shardlake opplevd mykje dramatikk.

På denne tida var Norwich nest største by i England, etter London. Sommaren 1549 okkuperte opprørarar byen, i ei hending som i ettertid vart kalla Kett's rebellion. Ein heil del av det som det vert fortalt om i boka er altså basert på verkelege historiske hendingar og verkelege historiske personar. Avslutningsvis i boka har Sansom skrive eit essay der han går grundig og lettforståeleg gjennom bakgrunn for hendingane og elles historiske fakta.

Sansom skriv medrivande og interessant om denne tida og om Shardlake si etterforsking og medhjelparane hans som me har møtt i tidlegare bøker. Framfor alt er det interessant å lesa om korleis samfunnet fungerte og korleis enkeltmenneske hadde det under slike turbulente forhold. Eg vart stadig sitjande å googla personar og stader som vart nemnt, så det tok si tid å komma gjennom heile boka.

Eg er imponert over sakkunnskapen til forfattaren og det research-arbeidet han må ha hatt for å skriva denne romanen.

Shardlake-serien består av tjukke, omfangsrike og handlingsrike mursteinar, men berre unntaksvis føler eg at det går litt på tomgang.
Opprør er lærerik, spennande og underhaldande lesing; rett og slett kvalitet heile vegen.


2. mai 2020

Kort om: Halvmorderen av Håkan Nesser

Lydbokforlaget 2020
Speletid 6:58
Kjøpt lydfil

Håkan Nesser er ein av favorittane mine, og på førehand var eg ganske sikker på at eg ville lika boka. Eg er veldig glad for at eg fekk det eg hadde forventa; ei skikkeleg kosebok.

I Halvmorderen får ein, kort oppsummert:
 - ei uoppklart kriminalgåte
 - ei sorgmunter oppvekstskildring
 - møta underlege, men interessante karakterar
 - lesa om pussige situasjonar og merkelege hendingar.

Boka har undertittel "en beretning om Adalbert Hanzon i nåtid og fortid, forfattet av ham selv" og som førehandsomtalen seier; ingrediensane er mord, skam, skuld og kjærleik.

Adalbert Hanzon er 73 år, overvektig, einsam og lett dement. Ein dag får han auga på ei kvinne som han ikkje har sett på mange år. Men han er ikkje sikker på om det er HENNE; ho som var hans store kjærleik då han var ung. Adalbert treng difor hjelp av dei to (einaste) personane han har kontakt med; svirebroren Henry og halvkusina Ingvor. Kanskje dei kan finna ut litt meir?

Sjølv er han dårleg til beins og ikkje hugsar han så godt lenger heller. For å friska på hukommelsen bestemmer han seg for å skriva sin eigen sjølvbiografi. "Jeg har to leieboere i hodet. De har bodd der lenge, de betaler ikke leie, og de flytter aldri ut. Navnene deres er Skyld og Skam, de må nevnes, og nå er det gjort", innleiar han så erindringane sine med. For Adalbert har ei fortid; han har sona 14 år i fengsel for mord.

Slik får lesaren bli kjent med Adalbert Hanzon, som egentleg heiter Bert Hansson. Litt etter litt, hulter til bulter, i fortid og notid. Det handlar om eit liv som aldri vart slik det skulle bli, om ei kjærleik som forsvann og eit tilvære som vart stilleståande. Men Adalbert er ikkje bitter. Berre nysgjerrig på kva som egentleg hende den gongen, for så lenge sidan. Etter kvart får me ei forklaring på kva begrepet "halvmorder" betyr.

Språket er "nessersk"; snirklete og pratsamt. Det flyt liksom avgarde i eit makeleg tempo som passar til både handlinga og hovudpersonen.
Halvmorderen er ein slags feelgood-krim, med funderingar og betraktningar og enkelte små overraskingar undervegs. Det er verken kjempespennande eller skummelt, men ei tvers gjennom god leseoppleving.

 Andre bloggmeiningar: