25. juli 2013

Bokomtale: Bake kake søte av Jan Mehlum

Lydbokforlaget 2010
Opplesar Ove Christian Owe
Speletid 11:35


Historisk sett var Svend Foyn skipsredar og grunnleggjar av den norske kvalfangsten. Den litterære namnebroren er advokat i Tønsberg, ein litt lurvete, men sjarmerande og nysgjerrig mann som er hovudperson i heile 13 kriminalromanar av Jan Mehlum. Bake kake søte er bok nummer 11 i serien. Bøkene er sjølvstendige og treng ikkje lesast kronologisk.

Ein liten jentebaby vert kidnappa midt i Tønsberg sentrum ein sommardag. Det myldrar av folk, men ingen har egentleg sett noko. Svend Foyn er tilfeldigvis òg til stades og vert trekt inn i saka frå starten av. Politiet lukkast ikkje i å finna barnet og Foyn får i oppdrag å vera juridisk rådgjevar for den velståande familien som har mista barnet sitt. Etter nokre dagar mottek mora eit brev:
“Hvis du vil se datteren din igjen i live, må du skaffe 6 millioner i umerkede, små sedler, likt fordelt mellom norske kroner, euro og amerikanske dollar”.
Det er altså ei dramatisk og til ei viss grad gripande historie som vert fortalt. Likevel har eg kjeda meg litt når eg har lytta til lydboka. Eg tykkjer handlinga er for treg: Lesaren får presentert for mange uvesentlege hendingar og personar som ikkje har så mykje med hovudhistoria å gjera. Det gjorde at eg mista tråden og konsentrasjonen. Eg syns også at foreldreparet, som opplever det aller verste nokon kan oppleva; nemleg at barnet deira forsvinn, oppfører seg på ein lite truverdig måte. Plottet er innvikla, men får ei tilfredsstillande løysing og forklaring til slutt.


Dette er ei bok som hadde vore betre om eg hadde lest ho sjølv i papirformat. Eg vart ikkje heilt fortruleg med innlesarstemma denne gongen. Om det er min "feil" eller opplesaren si skuld er eg usikker på.

Det som "bergar" ein firar på terningen denne gongen er skildringa av hovudpersonen sjølv, advokat Foyn. Eg er i ferd med å bli ein stor fan av den godmodige, ironiske, flørtete og Jaguarkøyrande Svend Foyn. Og eg elskar Hulda, Sankt Bernhard-hunden hans :-)

Så sjølv om forventningane mine ikkje vart heilt innfridde med Bake kake søte, kjem eg heilt sikkert til å lesa fleire Mehlum-bøker i framtida.

Les også: Ein stor smakebit

6 kommentarer:

  1. Ja, alle bøker kan ikke være like gode, og så vet vi at Mehlum skriver godt, så andre bøker kan være bedre. Opplersern har veldig mye å si når det gjedler lydbok, ja.. Winther-Larsen eller Oftebro hadde passet bra til disse bøkene tenker jeg..

    SvarSlett
    Svar
    1. Boka er heilt grei, men for meg hadde lydboka ei forteljarstemme som ikkje passar til teksten..
      To gode forslag du har der!

      Slett
  2. Det er vel naturlig at vi ikke alltid finner tonen med innleseren :) Har lest noe av forfatteren, men ikke denne. Takk for fin omtale!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, og folk er ulike, - og smak og behag... osv.
      Ei ellers middelmådig bok kan bli super med ein dyktig innlesar. Og omvendt :-p

      Slett
  3. Ove Christian Owe les den første boka om Svend Foyn, Gylne tider, og det fekk meg nesten til å gi opp heile Mehlum-prosjektet. Hans andrebok, Kalde hender, var derimot ein høydare! Mehlum kan skrive, men enkelte gonger klaffer det ikkje med opplesaren.

    SvarSlett
    Svar
    1. Av og til er det best å lesa sjølv. Ser fram til Kalde hender.

      Slett