14. august 2013

Bokomtale: Søvnen og døden av A. J. Kazinski


Dansk krim 
Lydbokforlaget 2013
Oversetjar: Elisabeth Bjørnson
Opplesar: Håkon Strøm
Speletid: 15:05

Lydfil fått frå Lydbokforlaget

A.J. Kazinski er eit pseudonym for filminstruktøren og forfattaren Anders Rønnow Klarlund og forfattaren Jacob Weinreich. Samarbeidet mellom desse to har vore vellukka: Både Søvnen og døden og den fyrste boka, Den siste gode mannhar fått god mottaking og er utgivne i meir enn 20 land. Det er fortent, - forfattarduoen som kallar seg A. J. Kazinski står på mange måtar for ei fornying av krimsjangeren. 

I denne andre boka om gisselforhandlar Niels Bentzon handlar det også om mystikk, filosofi og vitenskap, - og ei heller spesiell krimhistorie. Boka er velskriven og godt komponert, med hurtige sceneskift og fleire perspektiv. Plottet er originalt og omhandlar m.a. nær døden-opplevingar, eksperimentering med "nesten-død" og kva som eventuelt kan finnast på "den andre sida". Forfattarane byr på mange tankar om livet, døden og sjelen.

I fyrste scene møter me ein ukjend person som held ei ung kvinne fanga. Denne personen druknar - og gjenopplivar - henne, fleire gonger. Deretter møter me Nils Bentzon igjen - han vert utkalla til ein sjølvmordskandidat på ei bru i København. Nils har aldri mislukkast i slike oppdrag tidlegare; han har heilt spesielle evner når det gjeld å snakka med og å overtala dei suicidale. Men denne gongen lukkast han ikkje.

Under obduksjonen finn rettsmedisinarane til si store overrasking ut at kvinna har drukna - men alle veit og har sett at ho kasta seg ut frå brua. Kva har egentleg skjedd? Nils tek sjølvmordet svært tungt, og har nok med seg sjølv. Han forstår ikkje at kona hans, Hannah Lund, også har tunge og vanskelege tankar å stri med. Han er heller ikkje klar over at Hannah er gravid, med tvillingar, og ønskjer å ta abort.

Som nemnt har romanen fleire ulike synsvinklar. Lesaren får følgja både Nils, Hannah og gjerningspersonen sine tankar og handlingar. Dessutan møter me ei jente som held til på lukka avdeling ved ein psykiatrisk institusjon. Denne jenta er sterkt traumatisert og har ikkje sagt eitt ord etter at ho som lita såg mora bli drept av den hemmelege elskaren sin.
Meir kan egentleg ikkje nemnast når det gjeld sjølve handlinga i boka - utan å røpa for mykje. Eg tykte boka var spennande, men at det (ny)religiøse, mytologiske, filosofiske og alle "tankane" tek for stor plass. Boka kunne gjerne vore kutta ned fleire ti-tals sider. Platon og Sokrates interesserar meg lite. Men eg har forståing for at andre, som er interesserte i filosofi, kan finna mykje spennande - også i dette stoffet. For meg vart det heile for oppkonstruert, kunstig og liksom-intellektuellt.

Hovudpersonane i Kazinski sine bøker, Nils og Hannah, er eit annleis etterforskarpar: Den filosofiske og tvilande Nils og den kunnskapsrike og intelligente vitenskapskvinna Hannah. Totalt forskjellige, og nettopp difor interessante, - men lite truverdige.

Eg likte veldig godt Den siste gode mann, og vart litt skuffa over Søvnen og døden. Slik vert det gjerne når debutboka er så lovande; ein forventar så mykje av oppfølgjaren. Boka inneheld, i tillegg til sjølve krimgåta, store tema; Kva er liv og kva er død? Kva skjer med sjelen når ein døyr? Kan abort kallast drap? Finst det liv etter døden? Slike store tankar kan vera spennande nok å lesa om, men eg tykte som sagt at det vart for mykje slike funderingar. Eg likar godt det elegante språket forfattarane brukar, og spesielt at dei krydrar det med underfundig humor og absurde tankar - og ser fram til fleire bøker frå Kazinski-duoen si side.

Haakon Strøm gjer på nytt ein finfin jobb som opplesar av lydboka. Han les svært tydeleg, i eit OK tempo og med passe innleving.
Takk til Lydbokforlaget for gratis lydfil.



---------------------------------------------

I det siste har det vore mange diskusjonar i facebook-gruppa "Norske bokbloggere" om kva ein god bokomtale skal innehalda og ikkje innehalda. Mellom anna har bruken av terningkast vore omdiskutert. Eg ser på det meste av dei diskusjonane og debattane som har føregått som flisepikkeri, og kjem til å halda fram på same måte som tidlegare. Eg tykkjer eg har funne min eigen stil som eg vil halda fast ved - og gir faktisk blaffen i om enkelte blogglesarar ikkje likar terningkastet oppe til høgre. Eg ønskjer å presisera at mine terningkast er basert på mi personlege leseoppleving. 

8 kommentarer:

  1. Er enig med deg, terningkast er en fin, men personlig måte å si noe om boken :) Denne her høres kjekk ut, må ha meg litt krim på øret snart.

    SvarSlett
    Svar
    1. Sidan eg veit at du er ein utålmodig lesar: Ver merksam på temposkifte i denne boka; handlinga stoppar nesten opp av og til.

      Slett
    2. Hei! Gikk inn på omtalen din igjen, for nå holder jeg på med denne boken. Ser at advarselen er på sin plass, irriterer meg litt over all "fyllmassen" som jeg kaller det. Spesielt når det er lydbok det er snakk om, er det vanskelig å skumme.

      Slett
  2. Høres ut som interessant bok dette Berit. Jeg ble nysjerrig. Jeg har merket meg forfatterduoen før , så en dag må jeg få tid til å lese noe av dem.:) Synes du har en fin og bra omtale, og treningkastet er jo bare krydder attåt her, slik jeg ser det.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bøkene til A.J. Kazinski anbefalast, absolutt!
      Fint at du set pris på den krydra omtalen min :)

      Slett
  3. Eg las ein tredjedel av Den siste gode mann og konkluderte vel - nok ein gong - med at krim er ein sjangar kor det skal mykje til før eg liker det. Men der er vi jo forskjellige.

    Når det gjeld terningkastdiskusjonen, synest eg det er veldig fint at du seier det du seier. Vi er jo så mange bloggarar, at det er klart vi gjer ting på ulike måtar og tenker ulikt om ting. Og eg ler godt av folk som argumenterer med at "alle bokbloggarar burde bli einige om...". Sjølv bruker eg ikkje terningkast og eg synest det er fint å kunne diskutere slike ting, tenke gjennom korfor ein gjer ting på den eine eller den andre måten og reflektere litt rundt kva ein driv med. For meg er argumenta mot terningkast (i mi blogging) sterke, men det betyr ikkje at eg meiner at alle andre bare burde tenke som meg. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk og lov for at me er forskjellige. Verda hadde vore kjedeleg om me var like alle saman.

      Eg har funne min "stil" for bokomtalar som eg trivst med og som eg gjerne vil halda fast ved. Andre gjer det på andre måtar. Nettopp difor er det så interessant å lesa andre bokbloggar.

      Slett
  4. Synes den var veldig spennende jeg, ble positivt overrasket! Tema var også ganske interessant :)

    SvarSlett