31. august 2013

Bokomtale: En mann ved navn Ove av Fredrik Backman

Cappellen Damm 2013
Oversetjar: Nina M. Due
Opplesarar: Trond Brænne og Kim Haugen

Speletid: 10 t 27 min

Dette er ein feelgood-roman, ei fornøyeleg bok med ein litt trist undertone. Mange har samanlikna En mann ved navn Ove med Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant av Jonas Jonasson, men eg tykkjer ikkje dei har så veldig mykje til felles.

Boka om Hundreåringen er berre morosam og absurd. Boka om grinebitaren Ove er litt i same gate, men forfattar Fredrik Backman spelar meir på dei sentimentale strengene til lesaren.

Mannen som heiter Ove er 59 år, køyrer Saab og ser med mistru på alle som har andre biltypar - japanske, franske og tyske. Særleg Audi, sjølvsagt. Han har velfylt verktøykasse og er hysterisk oppteken av orden og rutinar. Han er sur og sær, - langsint, snarsint og furten - ein Narvestad-type som sjekkar alt alltid og passar på at alle reglar vert haldne. Han har mange naboar i burettslaget der han bur, men ingen vener. Ingen barn. Ikkje har han jobb lenger heller, han er "rasjonalisert vekk" - og kona Sonja er nyleg død, - så Ove tenkjer at det er like greitt å avslutta det heile.

Han har altså bestemt seg for at han skal ta livet av seg, men det viser seg at det er vanskeleg å få til - han vert stadig "forstyrra". Han får ikkje fred for dei nyinnflytta naboane; ein koloss av ein klossete mann som ikkje kan rygge med tilhengar og kona hans som er høggravid og utlending. Dessutan dukkar det opp ein skamfert katt, eit blondt mehe med ein hund liknar på ein beksømstøvel...og mange fleire. Alle saman legg dei beslag på Ove si tid og planane hans.

Det er sjølvsagt ein grunn til at Ove er blitt som han er blitt, og etter kvart som forfattaren avslører fortida hans, blir ein meir og meir glad i hovudpersonen. Under det harde, usympatiske og uforsonlege skalet sitt er Ove både sjarmerande og snill. Egentleg. En mann ved navn Ove er ei lett, tragikomisk og underhaldande kosebok. Det er ikkje noko overraskande at ein person som ser gretten og avvisande ut, viser seg å vera grei og hyggeleg når ein blir kjend med vedkommande, - så eg vil hevda at verken historia eller handlinga er spesielt original, men som sagt: Ei søt og vittig bok.

Å lytta til lydbokversjonen vart ei spesiell, men ekstra fin oppleving denne gongen. Dette var den siste boka skodespelar og innlesar Trond Brænne las før han døydde. I forståing og samråd med familien vart det bestemt at lydboka skulle gjevast ut sjølv om Brænne aldri fullførte opplesinga. Kim Haugen les innleiinga og dei siste kapitla.

Sjå også: Fredrik Backman sin blogg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar