19. august 2013

Lesarprofilen min

Via Mellom linjene via Bokmerker etter ein idé frå Bokhora. Her er min lesarprofil.

1. Hvilken bok leste du sist?
Dødsriket av Tom Kristensen, vinnar av Rivertonprisen 2006. Ei OK spenningsbok, men som ikkje imponerte meg i særleg grad.

2. Hvilken bok skal du begynne på nå?
Eg har nettopp starta på mi fyrste e-bok; Arven av Katherine Webb. I tillegg har eg Smertens Aveny av Roar Sørensen liggjande på nattbordet, denne er i papirformat og lånt på biblioteket. Pluss at eg høyrer på Nils Nordberg som les Agatha Christie-noveller i lydbokformat innimellom. Eg likar variasjon. Neste vert ei bok av ein av favorittane mine; Og Piccadilly Cirkus ligger ikke i Kumla av Håkan Nesser.


3. Er det mest mannlige eller kvinnelige forfattere i bokhyllen din?

Her måtte eg sjekka. Eg trudde kjønna var omlag likt fordelt i hylla mi, men det er nok eit klart fleirtal av mannlege forfattarar.

4. Teller du alltid hvor mange sider du har igjen av en bok, eller tenker «nå har jeg kommet en fjerdedel/halvparten» eller lignende?
Det hender, spesielt om eg har mange bøker liggjande på vent. Og det har eg som regel..

5. Hvordan velger du hvilke bøker du vil lese? (For eksempel omslag, tips fra venner, anmeldelser, topplister, blogger osv)
Eg er lettpåverkeleg og plukkar opp tips frå mine medbokbloggarar, og oppdaterar meg jamnleg på nettsidene til ulike forlag, bokklubbar og bokhandlarkjeder, samt bokelskere.no. Når eg har tid går eg og tafsar på bøker i bokhandelen og på biblioteket - og oppdagar såleis ofte bøker som passar for meg. Omslaga har lite å sei, men eg orkar ikkje romantiske cover!


6. Når er en bok for lang?
Er boka verkeleg god, kan ho aldri bli for lang. Men det er ofte utfordrande å komma i gang med bøker på over 500-600 sider.

7. Leser du like gjerne på engelsk (hvis det er originalspråket) som på norsk?
Absolutt ikkje. Eg er elendig i engelsk og hadde neppe komme gjennom ei heil bok. (Faktisk så slit eg litt med skriftleg svensk og dansk også, eg ventar til den norske oversetjinga er tilgjengeleg)


8. Hvilken bok var den siste du bare måtte overtale ALLE vennene dine til å lese?
Eg anbefalar gjerne Barbarotti-serien (Håkan Nesser), Minnesota-trilogien (Vidar Sundstøl) og Jarle Klepp-serien (Tore Renberg), samt bøkene til Chelsea Cain og Mo Hayder - men berre til dei som er "tøffe" nok.

9. Kan du slutte å lese en bok hvis den er kjedelig? I så fall – når gir du opp?
Eg gir fort opp dersom ei bok kjedar meg, då giddar eg ikkje å bruka tid på å lesa ferdig boka. Verda er full av gode, uleste bøker.

10. Hvilken sjanger er overrepresentert i bokhyllen din – og hvilken finnes ikke?
Haha! Dette var eit enkelt spørsmål :-) Krim-, thriller- og spenningsbøkene tek sikkert opp 90 prosent av hylleplassen. Dei resterande 10 prosentane er fordelt på historiske romanar, diverse romanar, humor-/satirebøker og jakt- og viltbøkene til min "betre halvdel". Biografiar er det lite av i hylla og lyrikk finst ikkje, sjølv om eg er veldig glad i dikt. Fantasy og sci-fi finst heller ikkje.

3 kommentarer:

  1. Fint å bli litt mer kjent med deg. Jeg ser du leser flere bøker på en gang du og :-) Chelsea Cain og Mo Hayder anbefaler gjerne jeg og :-)

    SvarSlett
  2. kjempestas å lære bokbloggere bedre å kjenne :) har vurdert å lage sånn leseprofil selv også :)

    SvarSlett
  3. Kjempefin leseprofil!:) Takk for så mange fine anbefalinger! Helt enig om at Chelsea Cain er bra!Hører på det mens jeg syr for tiden og jeg glemmer å sy:) Liker at du leser flere bøker om gangen, gjør det selv også:) Ha en flott dag!

    SvarSlett