5. august 2013

Til lukke med dagen!

Ivar Aasen fyller 200 år i dag. Bergens Tidende feirar ved å ha heile dagens papirutgåve på nynorsk. Det fører til varierande reaksjonar på avisa si facebookside: "Glimrande, i dag skal eg kjøpe avisa" og "I dag skal jeg ikke kjøpe avisen", "Hurra for BT" og "For noe tull". Bompengar, innvandring og nynorsk er dei emna som fører til lesarstorm i avisa, skriv sjefsredaktør Gard Steiro i kommentaren sin Lenge leve spynorsken:
"I dag feirer heile Noreg (i alle fall nokre av oss) at det er 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd. Vi skuldar han stor takk. Utan Aasen ville vi ha skrive halvdansk heile gjengen. Vi ville ikkje fått gleda av litterære godsaker som Frode Gryttens "Bikubesong" eller "Sveve over vatna" av Ragnar Hovland. Sjå for deg Jon Fosse på sobert riksmål. Det går ikkje."
Dagen blir elles feira på ymse vis rundt omkring. Nasjonalt Garborgsenter feirar med halv pris på Aasen-boksarar og Språkåret 2013 har laga denne musikkvideoen i høve dagen:



Eg set pris på ei slik lettbeint feiring av 200-årsdagen, sjølv om temaet nynorskbruk er seriøst nok. I samband med dagen vert det gitt ut ein biografi om Ivar Aasen som eg kan tenkja meg å lesa ein gong: Historia om Ivar Aasen av Ottar Grepstad. Boka har fått terningkast 6 i VG og god omtale i Dagbladet.

Sjølv er eg mest oppteken av at nynorsk skal kunna brukast i alle situasjonar, i kvardagen, i arbeidsliv og fritid. Eg ønskjer at dei store riksavisene skal tillata bruk av nynorsk. Eg ønskjer meg eit nynorsk bruksspråk, men også fleire skjønnlitterære bøker, gjerne krim!, på nynorsk.

Mykje interessant om Ivar Aasen og dagens nynorskpolitikk kan ein finna på nettsidene til Noregs mållag, framtida.no og Ivar Aasen-tunet.

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med dagen fra en som sa opp BT i sommer fordi der er alt for mye nynorsk. Men, Bikubesong har jeg fått med meg...

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, eg forventa ein kommentar frå din kant. Eg er i alle fall nøgd med at du les min nynorskblogg :-)

      Slett