6. september 2013

Ei krimbok som ikkje er ei krimbok

Flytande bjørn av Frode Grytten
Fono forlag 2007
Lydbok lånt på biblioteket
Opplesar: Anderz Eide
Speletid: 7 t 37 min


Frode Grytten vart tildelt Rivertonprisen for denne boka, pussig nok. Ikkje det - eg likte boka ganske godt, men hallo! - dette er vel inga krimroman?! Boka har rett nok visse innslag av "noko" thrilleraktig, men eg oppfattar boka meir som ei skildring av eit samfunn i forfall. 


Det er høgsommar og varmt når ein ung gut vert funnen død, flytande i den kalde Sørfjorden. Den søvnige industristaden og bygdebyen Odda vert overfløymd av etterforskarar, kamerafolk og krimreportarar. Folk i lokalsamfunnet skuldar ein gjeng utlendingar som held til på asylmottaket for å ha teke livet av guten, - og media hausar opp den negative stemningen i småbyen. 


Robert Bell er hovudperson, antihelt og forteljar i boka - han slit med personlege problem og eit destruktivt forhold til kona til bror sin, - og er ein heller mislykka journalist ved BT sin lokalredaksjon i Odda. Likevel er Robert den som anar uråd; han anar at ting ikkje heng slik saman som det ser ut som.. 

Boka handlar om ein død person, men handlar like mykje om eit døyande samfunn. Når hjørnesteinsverksemda ikkje lenger eksisterer har det mange negative verknader i ein slik småby. Romanen rettar eit sterkt kritisk blikk på media, er samfunnskritisk og tek opp tema som industrinedlegging og innvandrings- og integreringsproblem, - men er ikkje "påtrengande" politisk. Grytten peikar på problema ved å nytta ironi og sarkasme, samt at han nyttar barsk, mørk humor. Men det melankolske og det ettertenksame er heller ikkje langt vekke. Persongalleriet og miljøet i Odda kjenner me att frå andre Grytten-bøker.

Eg kan tilrå lydbokversjonen av Flytande bjørn. Anderz Eide si stemme er heilt perfekt til innhaldet og stemningen i boka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar