15. februar 2016

Biolesesirkel: Marco - ildsjel og forbilde av Erik Fossen

Årets fyrste biografilesesirkel hos Moshonista har sport som tema. Sidan eg er sportsidiot/-interessert skulle ein då tru at det finst rikeleg med stoff/bøker å ta av. Men det er ikkje det altså..
Eg vil gjerne lesa om folk, inkludert idrettsutøvarar, som faktisk har ei historie og noko viktig å fortelja. Å lesa solskinnshistoriar om supervellukka idrettsheltar er uinteressant for meg - og dei verkeleg gode biografiane om dei fargerike fotballpersonlegdomane Myggen, Zlatan og Lundekvam har eg lest tidlegare. Så kva - og kven - skulle eg velja?

Svaret kom ein dag då eg sjekka utvalet på eBokBib, der biletet av ein smilande Marco Elsafadi liksom lyste mot meg. På mange måtar er dette også ei solskinnshistorie, men med sin bakgrunn som flyktning og si erfaring som ungdomsarbeidar er likevel Elsafadi ein mann som det kan vera verdt å bli "kjend med".

Basketballsporten er eg egentleg ikkje så veldig interessert i, men Elsafadi har altså vore basketballspelar på toppnivå i fleire ulike klubbar i mange år og dessutan vore fast på landslaget. I 2006 vart han tildelt prisen som Årets forbilde under Idretts-gallaen - for sitt engasjement på og utanfor basketballbana.

Marco Elsafadi la opp toppidrettskarriera si kort tid før deltakinga i NRK-programmet Mesternes mester i 2014. Han hadde då ei tid vore "litt kjendis", men vart fyrst kjend for det breie publikum via denne serien. Den joviale og gjennomtrente Marco vann like godt heile greia - og vart enno meir populær enn før.
I dag jobbar Elsafadi som foredragshaldar og med ulike TV-prosjekt.

Familien Elsafadi er palestinarar. Vesle Marco kom til verda i flyktningleiren Beddawi utanfor Tripoli i Libanon i 1976, som yngst av fire søsken. Foreldra til Marco valde tidleg å flykta til Europa. Marco var baby då familien kom til det som då heitte Vest-Berlin. Tilværet i ein bydel med ghettopreg og vanskar med integrering gjorde at ferda etter nokre år gjekk vidare; til Noreg og småbyen Kragerø.
Det kan nemnast at Beddawi-leiren eksisterer framleis – og at Marco har slektningar frå Syria og andre ulike palestinske område som bur der - enno.

Marco fortel at å vera flyktningbarn ikkje alltid var enkelt, men oppveksten hans var fylt av aktivitetar og prega av nære familerelasjonar. Sjølv om faren var streng - og faktisk også tydde til fysiske avstraffelsar innimellom - var Marco og søskena hans aldri i tvil om at kjærleiken og omsorga også var til stades.
Familien Elsafadi kom hit til landet i 1987 - og på den tida var det nok på mange måtar enklare å få innpass enn i dag. I tillegg var dei så heldige at dei vart busette på ein forholdsvis liten plass. Folk i nabolaget var nysgjerrige, hyggelege og inkluderande. Foreldra synte arbeidsvilje og -evne og fekk jobbar. Borna fekk nye vener og leikekameratar og lærte språket fort. Heile familien vart raskt integrerte i det norske samfunnet, men samstundes tok dei vare på kulturen dei kom frå. Marco fortel at han møtte lite rasisme og framandfrykt i oppveksten.

Det var storebrødrene til Marco som introduserte basketballidretten - og Marco synte tidleg stor treningsiver og eit stort talent for sporten. Han vaks seg stor og sterk og vart raskt god - og det takla han dårleg. Han kjefta gjerne på medspelarane og øydela noko av spelegleda i laget. Dei vaksne måtte ta affære: Trenaren og faren tok for seg den talentfulle spelaren for å læra han verdien av lagspel; at samspel, lagmoral og kollektive prestasjonar er viktigast. Som vaksen set han pris på at han vart sett på plass på denne måten.

Desse verdiane tok han også med seg vidare i det som skulle bli eit langvarig og omfattande prosjekt; førebyggjande ungdomsarbeid. I engasjementet for vanskelegstilte barn og unge fann Marco eit meiningsfullt arbeid - som kunne kombinerast med eiga idrettskarriere. Han var med og stifta organisasjonen New Page i 2002, der det vart jobba med barn og unge med rusproblem, fritidsproblem, familieproblem og valdsproblem. Organisasjonen vaks seg stor og var i fleire år ein viktig støttespelar for barnevernet i fleire større byar. Stikkord for verksemda til New Page var t.d. nærleik, sjølvtillit, bevisstgjering, deltaking, samspel, dialog og meistring. Fokuset var på positivitet og mulegheiter. Det er ikkje tvil om at Marco og medarbeidarane hans - gjennom sitt alternative og tverrfaglege arbeid - berga mange unge som var i ferd med å "skli ut". Organisasjonen er no lagt ned; dei siste åra har kommunane brukt anbudsordninga når det gjeld barneverntenester - og New Page kunne ikkje konkurrera med andre og "billegare" aktørar på denne marknaden.

Biografien om Marco Elsafadi er ført i pennen av BT-journalisten Erik Fossen og for dei fleste av oss er dette ei heilt grei og lettlest bok om ein grei og hyggeleg mann.
Men obs! alle lærarar, barneidrettstrenarar, ungdomsklubbleiarar, barneverns-pedagogar, sosialarbeidarar og andre som jobbar med barn og unge: Her finn ein mange gode og viktige synspunkt og idear! Også politikarar med ansvar for prioritering og styring av pengebruk vil kunna ha stor nytte av boka.
Løp og les!

Nedanfor kan du sjå og høyra foredraget til Marco Elsafadi under velFERDkonferansen 2010. Sjølv om innslaget ikkje er så ferskt, kan det vera interessant å høyra at han snakkar om noko av det som er tema i biografien.

11 kommentarer:

  1. Interessant omtale Berit. Boka er notert. Elsafadi holdt forøvrig foredrag på den årlige fosterhjemskonferansen i Trøndelag i høst. Jeg var ikke der, men hørte av kolleger og fosterforeldre at det var veldig bra.:)
    Høres ut som en bok jeg ville hatt mer utbytte av å lese enn Lundekvams..

    SvarSlett
    Svar
    1. Fin type, denne Elsafadi - og sikkert interessant å høyra på. Virkar som han er ein dyktig foredragshaldar. (Men det skal Lundekvam vera også, har eg høyrt)

      Slett
  2. Dette er en idrettsutøver jeg har stor respekt for. Mannen ble lam på grunn av en virussykdom også, og han har intellekt så mange fine verdier :) Fin omtale!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det!
      Det stemmer, han var lenka til rullestolen ei tid - og kjempa seg tilbake på føttene. Det vert fortalt om det i denne boka òg. Ein annan litt interessant ting om Elsafadi (og som eg ikkje tok med i omtalen), er at han er tidlegare sambuar med artisten Marthe Valle.

      Slett
    2. Oj, det visste jeg ikke :) Slike fun facts er alltid morsomt å få vite.

      Slett
  3. Ser ut som dette også var innertier. Upstanding man. Dramatisk bakgrunn. Beundringsverdig karriere. Og et liv etter idretten i godhetens/rettferdighetens navn - for å lenke den opp mot Pias kategori. Den burde også passe inn der.

    Har aldri hørt om han før. Så ikke Mesternes Mester det året han vant. Men følger med i år. Regner med Hushovd vinner - biosirkelteften slår aldr feil.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, han er nesten for god til å vera sann, denne mannen. Samt at han kan passa inn i denne andre kategorien, eg ser den.

      Hushovd har vinnarskalle, som det heiter, - så du har sikkert rett. Eg ser ikkje 'Mesternes mester' denne sesongen. Her i huset kosar me oss nesten forderva med 'Hver gang vi møtes' på laurdagskveldane :-P

      Slett
    2. Du vet man trenger ikke velge. Mesterne kan man se gratis på nrk.no. Just saying.

      Slett
    3. Ja, det er nettopp det eg har tenkt å gjera - men har ikkje fått somla meg til det. Eg prioriterer liksom jobb, familie, bøker, blogging og TV-titting - i den rekkefølga.

      Slett
  4. Han gjorde et solid inntrykk på meg i Mesternes mester. Må ærlig si at jeg ikke hadde hørt om han før programmet, og det jeg merket meg med var ikke at han vant konkurranser, men måten han var på. Så ja, forstår godt at du ville lese om han. Skal se om jeg ikke får lest denne. Flott presentasjon av boken.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det.
      Eg hadde aldri høyrt om fyren før den gongen han fekk prisen som årets forbilde. Basket har eg aldri brydd meg om, det er så framandt og "amerikansk" på ein måte.

      Slett