26. desember 2017

Bokomtale: Liv andre har levd av Edvard Hoem

Lydbokforlaget 2017
Speletid: 13:01
Opplesar: Edvard Hoem
Kjelde: Kjøpt lydfil


Dette vert truleg årets siste bokomtale på denne bloggen - og det er hyggeleg då å kunna avslutta bokomtaleåret med det som for meg vart årets beste norske roman.

Liv andre har levd må også seiast å vera ei verdig avslutning av bokserien som starta med Slåttekar frå himmelen og heldt fram med Bror din på prærien og Land ingen har sett.
Samstundes har forfattaren fullført det han starta på med Heimlandet. Barndom som handla om hans eiga oppvekst og Mors og fars historie som omhandla forfattaren sine foreldre. Eg har også lyst til å nemna den vesle boka Jordmor på jorda som på ein måte er ein prolog til "Slåttekar-kvartetten". Den handlar om Knut Nesje (slåttekaren/oldefaren) si mor og dermed forfattaren si tippoldemor.

I desse "Hvem tror du at du er-tider" er det mange som har fatta interesse for slektsgransking og familiehistorie. Hoem-slekta er så heldig at dei har ein dyktig forfattar mellom seg - ein som kan gi liv og sjel til forfedrane og formødrene - og ikkje berre tørre dokument, namn og årstal. Dei fleste av oss nordmenn har vel ein del fjerne slektningar i Amerika. Slik er det også med meg, men eg har ærleg talt ikkje noko interesse i å ha/ta kontakt med dei. Men takka vere Edvard Hoem sine skildringar av Eilert sitt liv over there har eg tenkt mykje på dei i slekta mi som utvandra den gongen for mange år sidan. Var det like strevsamt og vanskeleg for dei? Vart dei jamnleg råka av tungsinn og melankoli? Ga dei etter kvart slepp på det norske og tilpassa seg det nye samfunnet dei var blitt ein del av? Eg trur ein kan svara ja på dei spørsmåla.

Forteljinga om Knut Nesje og etterkommarane hans er såleis ein familiekrønike som er allmenngyldig og gjenkjenneleg. Her ligg noko av styrken i desse bøkene: Hoem fortel om sin eigen familie samstundes som han fortel om "alle andre". Alle finn noko dei kjenner att eller har høyrt om i det han skriv. Og som forlaget formulerer det i sin presentasjon av boka: "Kor mykje bestemmer eit menneske si livsreise med eigen innsats, og kor mykje blir avgjort av krefter som vi ikkje kan gjera noko med?" Dette er tankar me alle kan reflektera over.

Hovudpersonane er framleis brørne Eilert og Anton Edvard, to av sønene til slåttekaren. Anton Edvard er han som mot sin vilje måtte flytta heimefrå 7 år gammal og som var forfattaren sin bestefar. Liv andre har levd startar med at Eilert vitjar gamlelandet. Han er blitt enkemann og er tynga av sorg og sakn. Årstalet er 1927 og det har gått 34 år sidan han utvandra. Foreldra, slåttekaren Knut og kona Serianna, har også gått bort, og gjensynet med søsken og andre slektningar fyller Eilert med blanda kjensler. Nevøen Lars Hoem, Anton Edvard sin 16 år gamle son, vert med Eilert tilbake til Canada. Ein forstår at alt ikkje er som det skal vera med Lars, han er både uroleg og tungsindig. Foreldra håpar at reisa skal gjera han godt, men slik skal det ikkje gå. Lars sin lagnad er noko av det som gjer sterkast inntrykk i denne boka.

Livet på Albertaprærien er på ingen måte nokon dans på roser. Det er økonomiske nedgangstider og Eilert har åleineansvar for åtte born, mellom dei ei dotter som har downs. Det er ein hard kamp for å overleva som farmar sidan han får vanskar med å betala inn gjelda si i tillegg til skattar og avgifter. Og enno verre skal det bli. Utover på 1930-talet vert regionen stadig utsett for øydeleggjande naturtilhøve og avlingssvikt. Det handlar om tørke, kulde, stormar og grashoppesvermar - og dermed lite utkomme. Men Eilert står oppreist. Han MÅ stå oppreist og livet MÅ gå vidare. Han skriv lange utgreiande brev til departementet og finn trøyst i Bibelen og kristent arbeid - og dessutan finn han kjærleiken på nytt.

Som i dei foregåande bøkene vekslar det fint mellom Eilert og familien sitt liv i Canada og det som Anton Edvard, Beret Anna og deira etterkommarar opplever. Hoem fortel om korleis konjunkturar, krig og storpolitikk rundt omkring i verda verkar inn på kvardagslivet til folka "våre". Etter kvart vert borna vaksne og fleire av dei stiftar eigne familiar - slik at det vert ganske folksamt i denne boka til slutt. Enkelte får me bli godt kjende med og andre vert nemnde ganske kort. Slik må det berre bli; forfattaren kan ikkje gå like djupt inn i alle hendingar og livshistoriar. Me får fleire glimt av Edvard Hoem sjølv som eit lite barn, og dermed er då ringen slutta; noko av handlinga her overlappar romanen Heimlandet. Barndom.

Boka er godt komponert og har eit flytande og enkelt språk. Det er lite utbroderingar, men vert av og til vel pompøst. For ein forfattar av Edvard Hoem sitt kaliber er det akseptabelt, tenkjer eg. Dei siste kapitla i denne boka er meir refererande og oppramsande, men det vert aldri likesælt eller lettvint. Liv andre har levd har dessutan tidvis meir dokumentarpreg enn dei par fyrste bøkene. Det er naturleg; me befinn oss nærare vår eiga tid og dermed lettare tilgang til dokumentasjon. For Slåttekar i himmelen var det annleis; Det fantest svært lite skriftlege kjelder som omhandla Knut Nesje, og oldebarnet måtte difor "dikta han fram", som han seier. Enkelte familehistoriar og -hendingar har sikkert blitt fortalt rundt kjøkkenbordet i barndomsheimen, men ikkje alt kunne snakkast om; det vart t.d. truleg aldri fortalt om onkelen Lars sin alvorlege psykiske sjukdom.

Forfattaren må ha lagt ned mykje arbeid med research før han tok fatt på skrivinga av denne serien. Han har reist, snakka med folk, studert kyrkjebøker og gravstader, dokument og brev. Han har sett seg inn i tidlegare tiders jordbruksreidskapar og arbeidsmetodar, matkultur, skikkar og andre tradisjonar, samt det som no i dag heiter kommunikasjonsmåtar og infrastruktur. Edvard Hoem er ein strålande forteljar og han har ei stødig hand over det omfattande persongalleriet. Viktigast av alt er at han handsamar absolutt alle med forståing og respekt.

Dette er røyndomslitteratur av beste slag og eg anbefalar desse bøkene så varmt eg kan. Ved å velja lydbok kan ein lytta til Edvard Hoem si behagelege stemme og høyra boka slik ho er meint å bli lesen.
Liv andre har levd er lærerik og stemningsfull, rørande kvardagsleg, men også dramatisk og høgtideleg. Eg tykkjer det blir vel mykje bibelsitat og salmesitat innimellom, men skjønnar også at det må vera slik. For denne familien har kristendommen vore særs viktig - og trua må ha vore sjølve bærebjelken i livet til både Eilert og Anton Edvard. At Eilert mot slutten av livet tok til å tvila på Gud må ha vore vondt for han. Men etter det eg kan forstå fann han til slutt fred med Vårherre.

Eilert vart ein gammal mann og var heime i Noreg på vitjing for siste gong på slutten av 1950-talet, då forfattaren var gutunge. Grandonkelen gjorde inntrykk på unge Hoem då han og søskena hans fekk kvar sin tikroneseddel, ei heilt ufatteleg gåve den gongen.

Andre bloggmeiningar: Førebels berre Kleppanrova og Rose-Marie det eg kan sjå, men eg vonar at riktig mange, både bokbloggarar og andre, set opp Liv andre har levd på leseplanen sin for det kommande året. Eg vil tru at boka har lege under mange juletre i år.

6 kommentarer:

  1. Så enig med deg! En fantastisk flott bok og takk for link.

    SvarSlett
    Svar
    1. Bare hyggeleg. Ja, det er ei flott bok (og ein svært bra bokserie) frå ein dyktig forfattar.

      Slett
  2. Veldig bra omtale av en flott bok! Jeg ser at du også nevner den nydelige boka «Jordmor på jorda», som handler om Nesje-karens mor! ❤️

    Takk for link!

    SvarSlett
    Svar
    1. Boka om Martha Kristine Nesje - Jordmor-Stina - gjorde djupt inntrykk. For eit kvinnfolk! For eit pågangsmot! Tenk: Ho gjekk frå Romsdalen til Christiania - og tilbake - då ho utdanna seg til jordmor. Ho praktiserte i over femti år, tok imot over tusen barn og fødde sjølv ti barn.

      Slett
  3. Kjempefin omtale. Jeg er midt i lyttingen nå og storkoser meg, som vanlig med bøkene til Edvard Hoem :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk. Kos deg vidare med boka og med romjula!

      Slett