13. januar 2018

Bokomtale: Lewismannen av Peter May

Goliat 2017
310 sider

Lånt ebok, eBokBib

Andre del i Lewistriogien er minst like bra som den fyrste, Svarthuset. På nytt er me tilbake til det barske landskapet på Ytre Hebridene, der vinden piskar og regnet ausar ned på kvite strender, eldgamle kulturminne, steilbratte klippevegger og uendelege myrlandskap. På nytt møter me Fin McLeod, som no er skilt frå Mona, har sagt opp jobben som politietterforskar og flytta attende til barndomstraktene på Lewis.

Historia startar med at det vert funne eit lik av ein ung mann i ei myr. Lokale styresmakter trur fyrst at det dreier seg om eit ualminneleg godt bevart myrlik à la Tollundmannen, men når patologen finn ein Elvis Presley-tatovering på liket skjønnar ein at funnet er mykje yngre enn frå jernalderen. Det viser seg også at den unge mannen ikkje døydde av naturlege årsaker, at han vart begravd i myra på 1950-talet - samt at han var i slekt med Tormod Macdonald, Marsaili sin senile far. For Marsaili og mor hennar er dette eit sjokk og ei stor gåte sidan Tormod ikkje hadde søsken eller andre slektingar i passande alder.

Kven er mannen i myra? Og kven er Tormod - egentleg? Fin vert for ei tid etterforskar igjen og langsamt og møysommeleg finn han puslespelbrikker som kan gi svar på kvar Tormod kom frå og kva som skjedde med han då han var barn. Heile puslespelet vert ikkje klart før i dei aller siste dramatiske sidene av boka. Spora fører både til naboøya Harris og vidare sørover til øya Eriskay, samt til Edinburgh og ein barneheim frå helvete.

Tormod kjem også til orde, og eg er imponert over måten May får formidla kva den gamle mannen føler og tenkjer. Me får innblikk både i dei forvirra "notidstankane" og i dei detaljrike barne- og ungdomssminna hans. Eg tykkjer det er verkeleg vondt å lesa om det Tormod opplevde etter at han vart foreldrelaus som ganske liten; fattigdommen, forakten, mobbinga, mishandlinga, overgrepa. Ein kan sjå at det også finst eit visst nostalgisk lys og romantisk skjær over historia, men det er egentleg ikkje særleg lystig - og lukka varer berre ei kort tid.

Eg har også vondt av Fin og Marsaili. Alt burde liggja til rette for at dei to ungdomskjærestane no kan finna tilbake til kvarandre, men så enkelt er det ikkje. Dei har kanskje begge, kvar til sin kant, opplevd (for) mykje. For Fin handlar det, slik eg tolkar det, om undertrykt lengsel og gjennomgripande sorg. For Marsaili handlar det om mange år med slit, plikter og undertrykking. Og dei er begge prega av tidlegare generasjonar sine haldningar og handlingar.

Skrivestilen er langsam og ettertenksam, men boka har likevel nerve og driv. Peter May skildrar eit samfunn som ikkje berre er herja av vind og uver, men også av sviktande næringsliv og mangelfull styring.
I Lewismannen finst det mange flotte natur- og miljøskildringar, samstundes som ein mellom linjene finn både samfunnskritikk og religionskritikk. May skildrar eit innbydande postkortmotiv på den eine sida - og nadgangstider, fråflytting og fattigdom på den andre sida. Desse motsetningane er interessante og til ettertanke. Når det gjeld religion og kristendom kan ein sei at det som for enkelte betyr truskap, nærleik og tryggleik kan for andre bety vanskar, kontroll og forbod.

Lewismannen er ein kriminalroman som passar også for dei som vanlegvis ikkje les krim. Det er ei gripande forteljing som blir verande i lesaren ei tid etter avslutta lesing. Den siste boka i trilogien, Lewisbrikkene, kjem ut i mars.

Andre bloggmeiningar:
Rose-Marie, Anita

2 kommentarer:

  1. Fin fin omtale Berit. Ja, dette er virkelig gode bøker, og jeg gleder meg til den siste i trilogien. Takk for link.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kvalitetskrim dette, absolutt. Så tusen takk for tipset!

      Slett