5. januar 2018

Vinterlesing: Norsk 2017-krim

Guden av Jørgen Jæger
Juritzen 2017
493 sider, kjøpt (signert!) papirbok

Eg var så heldig å få sjå og høyra Jørgen Jæger prata om denne boka og resten av forfattarskapet sitt i eit arrangement tidlegare i haust. Det var veldig kjekt å møta forfattaren, - faktisk så kjekt at eg kjøpte boka trass i at eg egentleg var lei av Ole Vik-serien.

Vel - det er kan hende ikkje så dumt med ein pause - for dette var ei grei krimbok, tykte eg. Eg var ikkje oppdatert på alt som hadde skjedd Ole og Cecilie sidan sist (dvs. for eit par-tre bøker sidan), men det har ingenting å sei for leseopplevinga.

Det er antagonisten i denne forteljinga som vert kalla Guden. Denne personen, som står bak nokre dramatiske hendingar i Fjellberghavn, får ein ikkje vita identiteten til før heilt på slutten. Avsløringa var ganske overraskande - men sett i ettertid skjønnar eg ikkje at eg ikkje skjønte det..

Jæger er god på plott, driv, komposisjon og skildring av realistisk etterforskingsarbeid. Han er ikkje like dyktig når det gjeld personskildringar, mellommennskelege forhold og dialogar. Det kan virka avskrekkande at boka har nesten 500 sider, men det er stor skrift, korte kapittel og mykje "luft", så lesinga går raskt unna. Guden vart ei leseoppleving til terningkast 4.



Vannmannen av Merete Junker
Gyldendal 2017
365 sider, lånt papirbok biblioteket

I sin femte kriminalroman presenterer Junker nye karakterar, men handlinga er som før lagt til Grenlandsområdet.

Dette er også ei bok i kategorien "grei krim". Ser ein vekk frå det boka inneheld av unødvendige trivialitetar og banalitetar - og den tamme avslutninga - er ikkje Vannmannen så aller verst.

Junker skildrar ein fantasifull og grotesk drapsmetode - (kvar tek ho det frå?) - og byr på eit særdeles truverdig møte med ein ung rusmisbrukar og uteliggjar som er eit sentralt vitne i ei drapssak.

Boka består av to parallelle historiar som ikkje heng saman, men som lesar forstår ein at det er ein samanheng likevel. Spenninga avslutningsvis handlar då mest om korleis sakene/historiane vert fletta saman.
Terningkast 3+.


Hvite løgner av Asbjørn Jaklin
Vigmostad Bjørke 2017
319 sider, lånt ebok eBokBib

I utgangspunktet er dette ein kriminalroman heilt etter min smak: Ei notids drapssak som har forgreiningar bakover til andre verdenskrig og den påfølgjande kalde krigen. Hvite løgner er bok nummer tre i serie.

Her er spionasje, kontraspionasje, dobbeltagentar, hemmelege oppdrag, avhopparar, etterretning og overvaking. Samt ein sympatisk journalist som protagonist; ein krimhelt med relevant bakgrunn, skarp hjerne og eit vidt kontaktnett.

Hvite løgner har eit høgst interessant og aktuelt bakteppe, men eg tykkjer det heile blir vel konspiratorisk og difor lite truverdig. Undervegs er boka ganske spennande, men mot slutten, når alle trådar frå fortida og notida skal samlast saman, dett også historia litt saman.
Boka er slett ikkje dårleg, men for meg kjennest avslutninga noko amputert. Terningkast 4.

10 kommentarer:

  1. Se der ja, to av mine favoritter i fjor, også bare 3 og 4? Jaklin sin serie leste jeg bare første boken av, det ble for "maskulint" eller noe... for min smak :) Riktig god helg Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ingen av desse vart inner-tiarar for meg. Men har no lest ut Ulven - og den var midt i blinken, for å sei det slik.
      Fortsatt god helg!

      Slett
  2. Njaa... Det er vel ikke treere og firere vi jakter på når vi leser krim? Da bør det være adrenalin og overraskelser nok til at vi henter fram femmerne i det minste!
    Jeg venter til du kommer med noen mer overbevisende omtaler ;o)
    God helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Er ganske lei middelmådig norsk krim no, så gledeleg nok har eg starta året med to fantastiske britiske krimromanar, av Mo Hayder og Peter May. Omtalar kjem!
      Fortsatt god helg, Berit. Helsing Berit.

      Slett
  3. Jeg har lest de to øverste, og ser at vi falt ned på samme "dom".
    Godt nyttår :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Me konkluderer ofte med same terningkast, har eg lagt merke til. Men ikkje alltid.

      Slett
  4. Av disse har jeg bare lest Guden selv om Vannmannen står på leselisten. Jeg har lest Jørgen Jæger sine bøker litt i hytt og vær (kronologisk), men det har ikke gjort noe som helst. Andre bøker har jeg vært med streng med, ett og slett fordi man må med for å få alt med seg. Men Jæger skriver befriende "u-kronologisk" :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig i det siste der. Eg har også lest Jæger sine hulter til bulter. Bøkene er såpass enkle at ein kjem kjapt inn i handling og bakgrunn.

      Slett
  5. Jeg likte jo Hvite løgner bedre enn Guden (jeg liker serien, men denne ble det for mye prat i, for omstendelig rett og slett), men det vet du jo. Så nå fikk jeg dine begrunnelser.:)
    Gleder meg til nytt krimår, selv om jeg har en del gammelt å lese ferdig i hyllene. Først det som gjenstår fra 2017 som Tom Egeland, Jørn Lier Horst, Tana French og et par indiebøker, deretter noe av Hart og noe annet.. Skal prøve å holde igjen på nybøkene, selv om det er noen fristelser i sikte varslet både på Cappelen , Juritzen og Gyldendal. Og så har jeg jo fått Krittmannen, den skal visst være bra ifølge både anmeldelser og Tine.

    SvarSlett
    Svar
    1. Mitt krimår har starta bra, og eg skal prøva å bli flinkare til å plukka ut dei bøkene som passar for meg. Men det er ikkje alltid så lett å vita på førehand.

      Slett