23. desember 2023

Dikt og slikt: Kyrkjegard, julekveld, igjen og igjen

Med dette stemningsfulle julediktet av Ruth Lillegraven vil eg ynskja alle blogglesarar ei riktig god jul.

Det er henta frå Juleroser 2015 (Samlaget, red. Herborg Kråkevik)

Kyrkjegard, julekveld, igjen og igjen

alt
skal minne
alt skal likne

alt skal lukte 
av granbar og
grønsåpe og 
gamle dagar

klokka fem
skal klokkene
ringe

og så skal det 
vere stille

heilt stille
skal det vere

ikkje ein bil
på vegen

ikkje eit fly 
på himmelen

berre vatnet 
og fjella og
snøen

snøen
som skal
falle og falle
i tunge filler
til fonner
og fokk

snøen som
skal falle
og falle

til me
nesten ikkje
kan sjå steinane
dei ligg under

nesten ikkje kan
sjå gravene
dei ligg i

alle fedrane 
og mødrene

alle brødrene
og søstrene

alle sønene 
og døtrene

alle dei
som ein gong
har levd her
på denne staden

alle dei
som no ligg
under mold
under stein
under snø

men
andleta deira
kan me sjå

andleta deira
som liknar
kvarandre

slik steinane
liknar

slik namna
liknar

slik
julekveldane
og åra liknar

slik lindetrea
kring kyrkjegarden
liknar seg sjølve og på
same tid alltid skiftar
blir grøne og gule 
og så kvite att

heile tida
står trea der

står der og
står der og
står der

vaktar steinane
og gravene og
alle som ligg
i dei

i kveld skal dei
også vakte lysa

slik skal det vere
slik skal det alltid
vere

til det ein dag
ikkje er meir

ja, snøen skal falle

alle lysa skal blafre
og beve

og alt skal minne
alt skal likne

Forfattaren les diktet

Redaktøren les diktet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar