4. januar 2014

Bokomtale: Barfotdronningen av Ildefonso Falcones

Lydbokforlaget 2013
Originaltittel: Las reina descalzo
 
Oversetjarar: Kari og Kjell Risvik
Opplesar: Anders Ribu
Speletid: 26 t 49 min


Den einaste fullførte lydboka i desember vart Barfotdronningen, ein ny historisk roman frå den spanske forfattaren Ildefonso Falcones. Historia som vert fortald er fargerik, gripande og interessant, men eg føler at boka hadde vore enno betre om ho ikkje hadde vore så lang.
Forfattaren har lagt opp til eit episk og storslagent verk, men etter mi meining lukkast han berre delvis. Det skuldast alt det andre Falcones "stappar inn" i forteljinga; alle digresjonane, alle uvesentlege detaljar og unødvendige skildringar.

Eg hadde store forventningar til boka; i fjor vår las eg Havets katedral - ein svært lesverdig mursteinsroman med handling frå Barcelona på 1300-talet - og som eg likte. I Barfotdronningen er me i Sør-Spania midt på 1700-talet og det handlar om dei spanske sigøynarane, gitano-befolkningen, om livet og kulturen deira og om all urett som denne folkegruppa vart utsett for.

Den svarte slavejenta Caridad frå Cuba vert fri når herren hennar døyr under overfarten til Spania. Caridad vart røva frå sin eigen familie i Afrika då ho var barn og har bakgrunn frå tobakkplantasjane på Cuba, så å bli "sett fri" i eit nytt land og eit framandt miljø vert vanskeleg. Ho vert på ny ein slave; tatt til fange og utsett for brutalitet og overgrep. Den som reddar henne er den gamle galeislaven og gitanoen Melchor, han føler umiddelbart ei sterk samkjensle og forståing for situasjonen hennar. Caridad får dermed ein ny opphaldsstad saman med gitanofamilien hans. Det vert etter kvart også knytt sterke og nære band mellom Caridad og Milagros, Melchor sitt barnebarn.

Desse tre - Caridad, Milagros og Melchor - er hovudpersonane i romanen, og me føl dei og gitanomiljøet gjennom ei skiftande og uroleg tid. Livet som gitano er ikkje lett, men gjennom sangen, dansen og musikken freistar dei å leva ut draumar og kjensler. Hos gitanofamilane er ære eit sterkt begrep - og dermed grunnlaget for konfliktar; blodhevn og æresdrap. For ei kvinne finst det strenge reglar for kva ho kan gjera - og ikkje kan; kvinnene tilhøyrer mennene. Å handla i strid med gitanolovene og familiens overhovud straffar seg. Men det er dei herskande og styrande; politiet, hæren og kyrkja, som gjer det spesielt vanskeleg å vera ein gitano. Det er rystande og opprørande å lesa om all undertrykkinga og alle overgrepa som fann stad. (Samstundes må ein senda ein tanke til dagens handsaming og undertrykking av sigøynarane/romfolket - i vårt eige "opplyste" og demokratiske samfunn!)

Barfotdronningen skildrar korleis medlemer av gitanofolket, trass naud og svolt, tragediar, arrestasjonar og brutale styresmakter, likevel er i stand til å verkeleg leva - og overleva. Det er mykje lidenskap, smerte og kjærleik - nesten for mykje. Boka skildrar også - på ein god måte - at fridom kan vera vanskeleg å forholda seg til. Når ein har vore fange heile eller deler av livet, er det vanskeleg å elska. Korleis setja nok pris på fridomen, kjærleiken og livet?

Eg likte boka på ein måte, men ho er altså altfor lang. Eg tykkjer at forteljinga har dårleg framdrift og at enkelte deler er kjedelege. Karakterane framstår heller ikkje som ekte og kjenslene dei har for kvarandre virkar rare og kunstige. Språkleg sett er boka klisjèaktig og inneheld for mange språkblomstrar og uvesentlege hendingar. Det som "bergar" boka og som fører til at eg gir ho terningkast 4, er alle dei interessante historiske hendingane og dei gripande historiane om enkeltmenneska.

Anders Ribu gjer ein formidabel jobb som opplesar av lydbokversjonen av Barfotdronningen. Han les med innleving og brukar heile sitt stemmeregister og med skiftande tempo og stemmeleie. Lydboka gjorde dette til ei fin leseoppleving, trass i at eg fann innhaldet og språket irriterande til tider.

Meiningane er svært delte blant bokbloggarar når det gjeld denne boka - og det er interessant at folk har så ulike oppfatningar. Tine elska boka, medan Solgunn rett og slett tykte ho var dårleg. Sjølv plasserer eg meg vel midt mellom desse to meiningane.

Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar!

1 kommentar:

  1. Kjempeflott omtale! Jeg leste boken i noen rolige late sommerferiedager, og syntes for en gangs skyld at det ikke gjorde noe at den var lang. Er allikevel enig med deg, at noe kunne vært utelatt for å sikre litt mer "fart". Takk for linking! Nå leser jeg nynorsk for harde livet, og blir mer og mer komfortabel med det :)

    SvarSlett