21. september 2014

Smakebit på søndag: En uskyldig mann

John Grisham er ein svært populær forfattar. Bøkene hans er utgitt i mange land og til mangfoldige språk. Han har spesialisert seg på juridiske thrillerar, noko som er naturleg sidan han har jus-utdanning og advokat-bakgrunn. Fleire av bøkene hans er filmatiserte; dei mest kjende er kanskje Pelikanrapporten og Klienten.

En uskyldig mann er ingen roman, men ei sakprosabok om dødsstraff og justismord. Grisham fekk ideen til boka då han las ein nekrolog i New York Times i 2004. Nekrologen var over Ron Williamson, baseballtalentet som i 1987 vart arrestert og tiltalt for valdtekt og overlagt drap på ei ung kvinne. Trass i ufullstendig etterforsking, manglande bevis og sprikande vitneprov vart Williamson kjend skuldig og dømd til døden. Etter tolv år i dødscelle vart han sett fri etter ny DNA-analyse. I 2004 døydde han av kreft.

En uskyldig mann er skremmande, sjokkerande og opprørande lesing. Boka byggjer på intervju med mange av dei involverte i saka samt skriftleg materiale i form av legejournalar, brev, avhøyr og utskrift frå rettssakene. Er ein ikkje motstandar av dødsstraff tidlegare, kjem ein garantert til å bli det etter å ha lest denne boka.

Trass i at handlinga ikkje er oppdikta og ein veit "korleis det går", er det spennande lesing. Ingenting er så dramatisk og utruleg som det som skjer i det verkelege.
Ivar Nergaard gjer (som alltid) ein veldig god jobb som opplesar av lydboka.

Smakebit på søndag er boktema hos Mari og Flukten fra virkeligheten. Her kan ein sjå kva andre bokbloggarar byr på av smakebitar frå bøkene dei les.
Nedanfor er dagens smakebit frå meg. Den varer i eit halvt minutt.

17. september 2014

Bokomtale: Mørketid av Jorun Thørring

Aschehoug 2014
352 sider

Kjelde: Fått i gåve (- Takk, mamma)

Mørketid er den femte kriminalromanen til Jorun Thørring. Det er den tredje boka hennar i serien om den samiske etterforskaren Aslak Eira i Tromsø - dei to fyrste er Glassdukkene og Ildens øye. I tillegg har ho skrive to bøker der spesialetterforskar Orla Os i Paris er hovudperson; Skyggemannen og Tarantellen. Eg har lest alle saman, og den sistnemnde - Tarantellen - er favoritten min.

Men i Mørketid handlar det altså om Aslak Eira igjen. Handlinga er knytt til ein gammal nedlagd internatskule. Nokre ungdommar på oppdagingsferd oppdagar eit lik i bygget, og etterforskinga viser at det er levningane etter ein mann som var lærar ved skulen ein gong. Likfunnet fører i sin tur til fleire andre drap, samt at enkelte uoppklarte hendingar frå fortida vert sett under ny gransking.

Glimtvis og gradvis får lesaren vita om tidlegare alvorlege overgrep ved denne skulen. Det er ikkje tvil om at fleire personar vil halda ting frå fortida skjult og gøymt. Andre er ute etter hevn..

Eg tykte boka var bra og at det, i alle fall på slutten, vart veldig spennande. Forfattaren introduserer lesaren for fleire mulege løysingar og gjerningspersonar. Den mystiske mordaren har også ei forteljarstemme, der vedkommande fortel om hendingar og forklarar handlingane sine, i fortid og notid. Det er ingen "vanleg" seriemordar som er på ferde, men ein mordar som ser seg nøydd til å "gripa inn". Plottet i forteljinga er akkurat passe intrikat og overraskande.

Thørring har alltid gode miljøskildringar. Eg les ikkje krim for å lesa vakre skildringar av storslått natur akkurat, men eg tykkjer at forfattaren har lagt den nordnorske naturen som eit effektfullt bakteppe for historia i denne boka. Det er heller ikkje vanskeleg å sjå føre seg den gamle, slitte, uhyggelege internatbygningen.
Personskildringane hennar er eg ikkje like begeistra for. Her er rett og slett for mange stereotypar - mange av personane er "kunstige" og klisjéaktige og difor heilt utan truverdigheit. Aslak Eira sjølv er eit unnatak, i denne tredje boka byrjar ein å bli kjend med mannen; om korleis han tenkjer og om den særeigne bakgrunnen hans. Elles er karakterane eindimensjonale - "dei slemme er så ufatteleg slemme og dei snille er så veldig snille" liksom.

Språket i boka flyt fint og handlinga har bra driv. Dersom ein klarar å sjå vekk frå ein del litt irriterande usannsynlege tilfeldigheiter i starten (og tildels undervegs) i boka, er Mørketid ein grei og lettlest krimroman.

Eg er spent på neste bok frå Jorun Thørring. Etter planen skal det komma ei ny Orla Os-bok i løpet av neste år.

11. september 2014

Bokomtale: Klokkemakeren av Gert Nygårdshaug

Cappelen Damm 2009
Opplesar: Anders Hatlo
Speletid: 6 t 11 min


Dette er ei svært spesiell bok som eg likte godt. Her får ein filosofi og vitenskap, mystikk og fantasi, samt religionskritikk og miljøproblematikk - alt i velkjend Nygårdshaug-stil.

Klokkemakeren er ei bok som må "opplevast" - for det går nesten ikkje an å sei kva ho handlar om. Det er forresten nettopp utgitt ei oppfølgingsbok (eller parallellroman) som det skal bli spennande å ta ein nærare titt på, nemleg Nøkkelmakeren.

Hovudperson er femte generasjons urmakar Melkior Mussenden, kalla Melk. Han lever eit roleg og regelmessig liv der han bur i ein fredeleg og anonym liten landsby i eit namnlaust land ein stad i Europa, saman med kona Mathilde, kalla Matte. Ein morgon er landsbykyrkja plutseleg borte - i staden er der eit digert hol i bakken. Dette vert starten på ei underleg Ny Tid for innbyggjarane i landsbyen. Dei enkelte si Tid oppfører seg ulikt - alle vert "isolerte" i sine eigne tidsbobler; alle har - over natta - fått si eiga individuelle tidsrytme.
"Tiden er ikke rund eller firkantet, ingen strek eller linje, har ingen begynnelse eller slutt, men er bare luften du puster inn og ut."
Den Tida omverda forheld seg til er heilt annleis; den store avgrunnen i bakken der kyrkja sto har forstyrra klokkene, døgnet, kalendaren - men berre i denne vesle landsbyen. For Mussenden vert det heile fortvilande og forvirrande. Tidlegare har dei 49 veggura hans ringt kvar heile time i ei viss rekkefølgje - men no ringjer dei til alle døgnets tider. Klokkene held ikkje lenger styr på Tida! Kona Mathilde lever i ei anna tidsboble og til ein annan døgnrytme - Melkior er lys vaken når Mathilde søv. Vertshuset i landsbyen serverer frokost/lunsj/middag - døgnet rundt - fordi gjestene har sine individuelle behov for søvn og mat.

Herr Mussenden mottek også fleire mystiske brev med uforståeleg innhald. I tillegg handlar boka m.a. om landbrukspolitikk, kornsirklar, dvergar, mayakalenderen, døgnfluesyndromet, elektriske gjerder, matematikk, genever og rugbrød med fleskepølse. Og om Tiden - med stor og liten T.
Forvirrande? Javisst! - og fascinerande! - og morosamt!

Forfattarskapet til Gert Nygårdshaug er omfattande og originalt. Han har som nemnd sin eigen stil og går sin eigen veg - til lesaren si overrasking/begeistring/fortviling, alt etter som.

Klokkemakeren er merkeleg og forunderleg, ulikt det meste eg har lest tidlegare. Slutten er også rar, men noko anna var vel heller ikkje å venta. Eg klarar ikkje heilt å følgja forfattaren i alle dei filosofiske/magiske/absurde krumspringa hans, og mistar litt av tråden og konsentrasjonen innimellom - men likevel -
den Tida eg har brukt på denne boka var slett ikkje bortkasta Tid!

Opplesar Anders Hatlo derimot - han burde kanskje teke seg litt meir tid til førebuing til opplesinga av denne boka. Tidvis er det nemleg ganske nølande og hakkete opplesing, men Hatlo tek seg inn att på skodespelartalentet sitt. Det skal òg nemnast at Nygårdshaug sitt språk, med alle dei laaange setningane, nok er ein utfordring for opplesaren.

9. september 2014

Fem haustbøker

Ny vri når det gjeld Boken på vent denne tysdagen. I dag inviterer Beathe til blogghopp og utfordar sine medbokbloggarar til å plukka ut fem bøker som skal lesast i løpet av hausten.
Klikk deg inn i Beathesbokhylle - sjå ventebøker og bli med og hopp!

I desse bokhaust-tider er det så utruleg stort fokus på dei nyaste og kommande bøkene. Og det er fint - eg likar å lesa ferske bøker - men! - bøker er ikkje ferskvare!
Difor har eg tenkt "alternativt" og plukka fram fem bøker av litt eldre dato. Fem romanar som eg forventar har høg kvalitet. Fem leseopplevingar som eg håpar passar i haustmørket. Fem bøker som ikkje kjem rett frå trykkeriet. Og - faktisk - fem bøker som ikkje er krim!

Stormenes tid av Ken Follett

Eg har ikkje lest noko av Follett sidan eg las Nålen for omlag 30 år sidan. Bind 1 av Stormenes tid har undertittelen Sverdet og korset og er ein 705 siders historisk roman med handling frå England på 1100-talet. Boka kom fyrste gong ut i 1989 og skal vera fantastisk god. Boka fann eg i mor si bokhylle - og eg gler meg til å synka ned i godstolen med denne!

Kruttårnet av Jens Bjørneboe

Andre bok i trilogien Bestialitetens historie kom ut fyrste gong i 1969. Den fyrste boka, Frihetens øyeblikk gjorde inntrykk på meg, både innhalds- og språkmessig. Bjørneboe var ein ordkunstnar og ein forfattar med mykje mørk humor. No er eg snart klar for ei stund med Bjørneboe igjen. Eg har lånt lydbokversjonen på biblioteket. Nils Ole Oftebro si stemme er som skapt for opplesing av dette bokverket.

Guds barmhjertighet av Kerstin Ekman

frå 1999. Fyrste bok i trilogien Vargskinnet. Handling frå Jämtland i byrjinga av 1900-talet. Eg las Hendelser ved vann i sommar, og fekk omsider augene opp for denne prisbelønte forfattaren.

Pinnsvinets eleganse av Muriel Barbery

Ikkje så "skrekkeleg" gammal akkurat, boka kom ut i 2006, - på norsk i 2008. Ei bok eg har lest mykje positivt om på ulike nettstader og ymse bokbloggar. Det har gjort meg nysgjerrig - og eg er spent på om eg kjem til å lika denne.

Skråninga av Carl Frode Tiller

Tiller sin sensasjonelle og prisbelønte debutroman frå 2001 sto òg i mor si bokhylle. Forfattaren er svært aktuell denne hausten med Innsirkling 3; mange lesarar har vore spent på avslutninga av denne trilogien. Eg skal så klart lesa 3'aren ein gong - sidan eg har lest dei to fyrste, men det hastar ikkje. Fyrst skal eg ta ein titt på Skråninga.





6. september 2014

Bokomtale: Angrep fra alle kanter av Tore Renberg

Lydbokforlaget 2014
Opplesar: Tore Renberg

Speletid: 14 t 27 min
Lytte-eksemplar frå Lydbokforlaget

Tore Renberg er ein av favorittforfattarane mine, og det var med forventningar om ei fin og intens leseoppleving eg lasta ned lydfila for nokre dagar sidan.
Så - denne lydboka er grunnen til at eg har vore litt fjern for enkelte familiemedlemmer i det siste: Ein del av meg (hjernen) har vore ein heilt annan plass; nemleg i Stavanger og Sandnes, saman med Hillevågsgjengen. Boka er altså umuleg/vanskeleg å leggja frå seg.

Angrep fra alle kanter er ei direkte oppfølgingsbok av fjorårssuksessen Vi ses i morgen. Handlinga utspelar seg berre nokre veker etter den dramatiske slutten på forrige bok. Me møter att Rudi, Jan Inge og Cecilie - som har lege lågt sidan sist. Flyttebyrået deira driv nesten berre med slike ting som flyttebyrå skal driva med (dvs. lite innbrot og torpedo-verksemd). Ting har roa seg ned, den tidlegare kompisen Tong har fått ein kvilestad, Cecilie er gravid og Jan Inge har fått seg dame. Dei drøymer om noko dei aldri har hatt; eit normalt liv i ein forholdsvis normal heim. Men for å få det til, krevst det pengar, meiner Jan Inge. Store pengar. Så han er i ferd med å planlegga eit siste brekk før gjengen kan avslutta det kriminelle livet og bli lovlydige borgarar. For å få til det siste og avgjerande stuntet - eit spektakulært ran - må det rekrutterast nye medlemer i Hillevågsgjengen. Og det skal syna seg å bli litt av ein utfordring.

Me vert kjend med fleire nye karakterar, dei mest sentrale er brødrene Ben og Rikki. Ben er den bråkjekke og uredde veslebroren og Rikki er den engstelege storebroren. I opningsscenen i boka møter me dei to, sniffande på bensin medan dei ser utover heimbyen Sandnes. Skildringa av desse to gutane i 15-16 års-alderen og tilværet deira er hjerteskjerande og opprørande. Eit liv med "ein satan til far og ein zombie til mor" er eit elendig liv og gutane får nok av den valdelege faren og den psykisk sjuke mora - og rømmer heimefrå. Dei dreg frå heimen i Sandnes - og søkjer "naudhamn" - hos onkel Rudi i Hillevåg.

Eg opplever Vi ses i morgen og Angrep fra alle kanter som underhaldande og med ei heller absurd/grotesk handling, men bøkene inneheld ein del sterke tema som er til ettertanke. Det handlar i vid forstand om oppvekst og oppvekstvilkår, om barn og unge sine behov for grenser, tryggleik og kjærleik - og om kva som kan skje dersom desse grensene og denne tryggleiken ikkje er til stades. Mange av desse unge havnar utanfor det "normale" samfunns- og arbeidslivet; dei kjem på "feil spor" med rus, kriminalitet og arbeidsløyse. Men - enkelte greier seg - dei kjem seg gjennom ei barne- og ungdomstid prega av mishandling og omsorgssvikt og blir likevel normale og lovlydige borgarar.

Tore Renberg har rikeleg med forteljarglede og ein frodig fantasi. Han fortel historia si med stor innleving og på ein energisk og sprudlande måte. Alle karakterane hans vert skildra med omsorg og kjærleik, same kor skakkøyrde og lite sympatiske dei framstår. Her har alle personane fleire "dimensjonar" - med gode og dårlege sider. Ta for eksempel hovudpersonen Rudi - som jo er både omsynsfull, morosam og snill, men som i andre situasjonar er valdeleg, vulgær og rå. Renberg er ein forfattar som går svært tett inn på karakterane sine og relasjonane mellom dei - så tett at det av og til blir ubehageleg intimt, for lesaren.

Ved å visa fram vrangsida av "verdens rikaste by" får Renberg fram dei store skilnadene på folk. Han rettar eit kritisk søkjelys på overflodssamfunnet vårt og oljerikdommen vår. Den stadige jakta og jaget etter status og pengar har gjort at enkelte har mista noko undervegs. "Boka kallar på latterbrøl og medkjensle" vart det sagt om Vi ses i morgen, - og det gjeld også for Angrep fra alle kanter, meiner eg. Ein får kjenna på mange ulike kjensler medan ein les eller lyttar. Boka har mange ulike og truverdige forteljarstemmer, og er komponert slik at forteljinga vert veldig spennande.

Eg gir boka karakteren 5 + og anbefalar lydboka på det varmaste.
Tore Renberg er verdens beste forfattaropplesar!

Stor takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar.

1. september 2014

Oppsummering august

Påbyrja i juli, fullført i august:
Britt Karin Larsen - Før snøen kommer - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
Jan Mehlum - Lengsel etter penger - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Jørgen Brekke - Doktor Fredrikis kabinett - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket

Lest i august:
Robert Galbraith - Når gjøken galer - Britisk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Britt Karin Larsen - Det synger i lauvet - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
Torkil Damhaug - Sikre tegn på din død - Norsk krim - Lydfil Storytel
Frank Rossavik - Stikk i strid. Ein biografi om Einar Førde - Biografi - Papirbok lånt av mor
Jan Mehlum - Ren samvittighet - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Gert Nygårdshaug - Fortellernes marked - Norsk roman - Lydfil Storytel

Påbyrja i august, fullførast i september:
Elizabeth George - En løgn å tro på - Britisk krim - Papirbok lånt av mor

I tillegg har eg tatt fram igjen ei bok eg starta på i mars og som eg avbraut/utsette den gongen. Ho vert muligens ferdiglest i løpet av neste månad:
Jón Kalman Stefánsson - Himmelrike og helvete - Islandsk roman - Kjøpt ebok


Høgdepunkt denne månaden: Bok nummer 4 og 5 i Britt Karin Larsen sin stemningsfulle og lærerike serie om skogfinnane.

#augustkveld #verandalesing #sommarlektyre #lesetips

31. august 2014

Smakebit frå Lake District

På omslaget på den utgåva eg har av En løgn å tro på står det at dette er den niande boka i serien om Lynley og Havers. Det stemmer ikkje. Dette er faktisk bok nummer 17.

Denne gongen vert Lynley utkommandert på hemmeleg oppdrag. Handlinga er lagt til Cumbria, Lake District, i det nordlege England.
"Landskapet minnet om et lappeteppe med sine innhegninger og beitemarker, som var grønne av kløver og bølget oppover mot høylandsåsene i det fjerne. 
Det hadde begynt å regne, men når regnet det ikke i denne delen av verden? Denne delen av verden var kjent for regnet sitt, og det var også grunnen til den kraftige mosen som vokste på steinmurene, bregnene som skjøt opp fra fjellsprekkene og all laven som vokste under trærne og klatret oppover trestammene."
          (side 31) 

Etter å ha lest halve En løgn å tro på slit eg med motstridande kjensler. På den eine sida er "gjensynet" med Scotland Yard-etterforskarane Lynley og Havers som å møta att gamle kjære vener. På den andre sida finn eg så mange irritasjonsmoment i boka. Eg kosar meg med Elizabeth George sine glimrande miljøskildringar samtidig som eg irriterer meg over skriveleifar, dårleg oversetjing og manglande korrektur. Eg likar det mangfaldige persongalleriet i boka, men tykkjer handlinga (så langt) er lite spennande, treg og stilleståande. Boka er heldigvis ikkje så omfattande som den føregåande Denne dødens kropp (804 sider!) men ei bok på over 600 sider vera god om lesaren skal halda konsentrasjonen og interessen oppe.

Eg har følgd denne bokserien i 25 år og har lest alle, i kronologisk rekkefølge. Bok nummer 18 er førebels ikkje oversett til norsk medan den nittande boka er planlagt å komma ut i 2015. Eg kjem nok til å lesa desse to også, med tid og stunder. Slik er det med slike gamle "venskap" - ein kan ikkje berre kutta ut.

Er du ute etter inspirasjon og lesetips kan du sikkert finna noko i Smakebit på søndag - denne gongen i bloggen Betraktninger.

30. august 2014

Storytel - mi vurdering

Slik ser skjermbiletet ut. Praktisk og enkelt.
Eg har testa ut den nye lydboktenesta og appen Storytel. Dette er ei strømmeteneste som best kan forklarast som "Spotify for bøker." Så langt har eg lytta til to lydbøker, og det fungerte veldig fint; søke-, informasjons- og innsovingsfunksjonane er praktiske og nedlastinga vart gjort på sekundar. På den måten er Storytel mykje betre enn forgjengaren Ordflyt.

Eg er likevel usikker på om eg kjem til å fortsetja abonnementet utover gratisperioden. Lydbøker og ebøker som abonnementsteneste er eit moderne og framtidsretta produkt, og eg helsar tenesta velkommen. Men eg håpar at alle forlaga kan gå saman og samarbeida om ei slik teneste - slik som eigarskapen er no (kun Cappelen Damm og ein del småforlag) er det heile noko uferdig og ufullstendig. 

Prisen er 169 kroner pr. månad - og ein kan lytta "ubegrensa til tusenvis av bøker", heiter det i marknadsføringa. Eg er likevel ikkje nøgd med utvalet, og slett ikkje utvalet som gjeld favorittsjangeren min. Det er også for få nye bøker. Eitt av poenga med appen er at ein skal kunna kombinera lydbok og ebok, men for meg - som har android-telefon - er det kun lydbokvarianten som fungerer. Appen skal oppgraderast og tilpassast ebøker også for android i løpet av hausten, vert det sagt.

Så eg kjem mest truleg til å halda meg på sidelinja inntil vidare når det gjeld denne strømmetenesta. For meg og mitt lesebehov er det biblioteket som er best. Utan tvil. Bibliotektenesta er gratis, har hyggelege, serviceinnstilte og hjelpsame tilsette og eit stort og breidt utval i både papir- og lydbøker og eit stadig betre og større utval når det gjeld ebøker.

Storytel: Terningkast 3
Biblioteket: Terningkast 6


29. august 2014

Bokomtale: Sikre tegn på din død av Torkil Damhaug

Cappelen Damm 2013
Speletid: 13 t 18 min
Opplesar: Haakon Strøm

Kjelde: Lydfil via Storytel

Dette er ei bok som burde fått meir merksemd enn det ho har fått. Forfattaren Torkil Damhaug er heller ikkje så kjend som han burde ha vore (men han vart rett nok tildelt Rivertonprisen for Ildmannen). Her har me nemleg ein forfattar med ein annan stil og som utfordrar krimsjangeren meir enn "vanleg". Han er litt annleis enn andre skandinaviske kriminalforfattarar. I Damhaug sine bøker ligg spenninga på eit anna plan enn det reint etterforskingsmessige. Spenninga dreiar seg meir om korleis og kvifor - og om kva som rører seg inne i hovudet på forbrytar, offer og pårørande.

Utgangspunktet for hendingane i denne boka er ein pasient som plutseleg forsvinn frå mottakinga på sjukehuset. Han vert funnen att litt seinare, brutalt drept og gøymt unna i kjellaren. Rettsmedisinar Jennifer Plåterud vert tilkalla - og ho skal bli sterkt involvert i drapet og etterforskinga, på fleire måtar.

I Sikre tegn på din død er det mykje psykologi. Boka er handlingsrik, forteljinga er uforutsigbar og stemninga litt mørk - nesten ubehageleg. To unge menn er sentrale i handlinga; den framgangsrike, men umodne Sigurd og den iranske flyktningen Arash. Bindeleddet mellom desse to er Jennifer Plåterud; ho er mor til Sigurd og ein slags kollega av Arash, sidan han jobbar som portør på sjukehuset der Jennifer og legekjæresten hennar også arbeider. Ein del av handlinga er lagt til Akershus sentralsykehus - Ahus - men boka er på ingen måte ein "legeroman".

Boka skifter stadig forteljarstemme og perspektiv og fører lesaren på fleire "reiser", både til gjengkriminelle i Malmø og krigsskadde flyktningar frå Bosnia. Fleire personar, både dei sentrale og bipersonar, tek feil val når det skjer uforutsette ting. Boka fortel om konsekvensane av slike feil og mistolkingar - og forfattaren skildrar godt kor slitsamt og marerittaktig dette kan verta. Sjølve hovudplottet er godt gøymt i handlinga - ein vert ført hit og dit og att og fram, frå det eine temaet til det andre - men det heile er utført på ein elegant og lesevenleg måte. Denne lesaren vart ganske overraska over avslutninga, - og det tykkjer eg er bra.

Eg anbefalar Torkil Damhaug sine bøker dersom du har sans for psykologisk thriller-sjangeren. Med Sikre tegn på din død har han levert ei ny god bok, men eg vil hevda ho er hakket svakare enn både Ildmannen, Se meg Medusa og Døden ved vann. Eg føler, i alle fall no i ettertid, at dei nemnde bøkene hadde enno meir nerve og snert. Det er ikkje nødvendig å lesa desse bøkene i kronologisk rekkefølge. Dei er frittståande, men enkelte av karakterane "går igjen".

26. august 2014

Haustbøker på vent

Boken på vent er fast tysdagstema hos Beathes bokhylle, og her kan ein ofte finna gode og varierte lesetips. Som oftast har deltakarane fokus på nye/kommande bøker. Midt i startgropa til bokhausten er det kanskje ikkje så lett å halda oversikt over alle dei nye bøkene ein ønskjer å få lest snart? Og forresten; alle kan ikkje lesa alt, - kvar enkelt må finna si eiga "hylle" å konsentrera seg om.

Nøkkelmakeren er den aldeles "blodferske" romanen til Gert Nygårdshaug. Boka vart lansert på Engebret der det vart servert genever og rugbrød med fleskepølse, skriv forfattaren på facebook-sida si. Eg likar godt Nygårdshaug sin humor og særeigne skrivestil og kjem til å lesa boka - men ikkje med det fyrste. For etter det eg har fortstått, er Nøkkelmakeren eit slags framhald av Klokkemakeren - og den har eg heller ikkje lest. Men før Klokkemakeren skal eg lesa ferdig Fortellernes marked, som er eit slags framhald av Prost Gotvins geometri, og den har eg lest - og likt. Eg er litt usikker på om kronologi er viktig her - men slik er i alle fall planane min framover når det gjeld akkurat desse bøkene.

Innimellom skal eg lesa (og høyra på) andre bøker, nokre av dei er ferske og norske. Eg gledar meg spesielt til lydbokutgåva av Tore Renberg sin nye roman om Rudi og dei andre figurane me vart kjende med i Vi ses i morgen, Angrep fra alle kanter. Sjølv om eg ikkje pleier å ta imot gratisbøker/leseeksemplar, har eg gjort eit unnatak med denne; eg har bedt om å få tilsendt lydfil/lytte-eksemplar frå Lydbokforlaget.
Av andre kommande bøker eg ser fram til, kan nemnast Gunnar Staalesen si nye Varg Veum-bok Ingen er så trygg i fare og avslutninga av Carl Frode Tiller sitt Innsirklingsprosjekt.

Alt tyder på at det vert ein travel og triveleg lesehaust.