19. oktober 2015

Bokomtale: Et hardt slag av Jan Mehlum

Lydbokforlaget 2015
Speletid: 10:41
Opplesar Helge Winther-Larsen

Kjelde: Lytteeksemplar

Årets roman om advokat Svend Foyn er nummer 15 i rekka. Mehlum er ein svært produktiv forfattar; i tillegg til denne serien har han utgitt den frittståande thrilleren Lengsel etter penger og bidrege til fleire novellesamlingar. Alt dette etter debuten i 1996 (Gylne tider).

Sidan sist har Mehlum bytta forlag; han er attende i Gyldendal etter fleire utgjevingar på Publicom.

Svend Foyn er ein middelaldrande, rufsete, litt sliten, nysgjerrig, melankolsk og velmeinande advokat som stadig vekk vert blanda inn i meir eller mindre dramatiske hendingar.

I Et hardt slag får Foyn fyrst overraskande og urovekkande nyhende frå dottera Mari, og saman får dei så dramatikken bokstaveleg talt rett i fleisen: På sjølvaste nasjonaldagen slår terroren til i den elles så fredelege vestfoldbyen Tønsberg. Kvinna som skal halda talen for dagen vert brutalt skoten ned og drept - rett attmed der Foyn, ekskona hans og dotter deira befinn seg. Kven kan stå bak ei slik ugjerning? Politiet sine mistankar går fyrst til nokre høgreekstremistar, men saka får stadig nye vendingar. Mykje tyder på at det ikkje er terroristar som er på ferde likevel, men ein eller fleire enkeltpersonar som har sin eigen agenda. Kven har motiv? Var målet for skytinga ein annan person?
Foyn si jakt etter sanninga fører han rundt omkring i verda; til Tyskland, Spania og Argentina. Det skal syna seg at også Mari er involvert, men på ein meir indirekte måte. Sterke og onde krefter lurer, det vert farleg for både far og dotter. Foyn får bruk for sine evner når det gjeld intuisjon og alternative arbeidsmetodar, samt sine kontaktar på begge sider av lova.

Som alltid brukar Mehlum verkelege hendingar og reelle saker som inspirasjon. I denne boka har han henta idéar frå mellom anna Monica-saken og Cappelen-saken. Han rettar stikk til - og kritikk mot - politi, påtalemakt, Spesialenheten og media. Boka er i høgste grad realistisk, men lite truverdig etter mi meining. Då tenkjer eg fyrst og fremst på alt det "tilfeldige" og all flaksen som Foyn har. Kor sannsynleg er det å finna ein bestemt person i ein by med 3 millionar innbyggjarar etter to dagars leiting liksom?

I boka vert det lagt meir vekt på kvifor enn kven; dvs. fokuset er lagt meir på motivet bak brotsverket enn på kven gjerningspersonen er. Det er greitt, og den endelege avslutninga er både overraskande og oppklarande likevel.

Svend Foyn er ein triveleg kar som eg trivst i lag med. Eg likar den svarte humoren og sarkasmane hans, - og hunden hans, Hulda. Men; handlinga er noko treg i Et hardt slag. Tonen er liksom den same heile tida - og nokre av handlingstrådane og spora er uklare. Eg trur at dersom handlinga hadde vore "oppstramma" og boka vore strippa nokre titals sider ville leseopplevinga vorte enno betre. Lydbokversjonen er bra. Helge Winther-Larsen si opplesarstemme passar svært godt til Foyn si forteljarstemme.

15. oktober 2015

Biografilesesirkel: De fire store av Ragnar Kvam

Gyldendal 2007 (1. utgåve 2000)
235 sider
Lånt på biblioteket

Ny runde i biolesesirkelen. Tema eventyrarar. Enno ei bok av Ragnar Kvam, den fjerde i år.
Eg har verkeleg fått sans for biografen Kvam etter å ha lest om Hjalmar Johansen, Knud Bull og Thor Heyerdahl. Spesielt likte eg å lesa om Den tredje mann - så denne gongen har eg atter retta fokus mot dei arktiske og antarktiske strøk og dei barskaste av dei barske, nemleg dei gamle polarfararane.

De fire store med undertittel "og hvordan de ledet sine menn" handlar om polarpionerane Amundsen, Nansen, Scott og Shackleton, om deira personlegdomar og leiaregenskapar, og om deira sigrar og nederlag. Desse fire sette seg verkeleg store mål i livet. Dei hadde ambisjonar, eventyrlyst, mot og pågangsmot. Men var dei gode leiarar?
Ikkje så veldig, etter det ein kan lesa i denne boka. Dei hadde nok meir fokus på breddegrader, rekordar, heder og ære enn på mannskapet dei hadde med seg på ekspedisjonane sine.

Dette er ingen biografi i tradisjonell forstand, men meir ei samling biografiske og dokumentariske forteljingar.

Roald Amundsen, 1872 - 1928, norsk nasjonalhelt, polarfarar og oppdagar. Fann Nordvestpassasjen i 1903 og leia den fyrste ekspedisjonen som nådde Sydpolen i 1911. Amundsen hadde studert og lært av inuitane sitt levesett og nådde måla sine takka vere god og detaljert planlegging, riktig proviant og utstyr, bruk av hundar og ski - og ikkje minst; dyktig mannskap. Leiaregenskapane hans kan likevel i høgste grad diskuterast, jf det som hende med Hjalmar Johansen. Amundsen kravde absolutt lojalitet frå mennene sine. All opposisjon eller snev av kritikk vart sett på som illojalitet.

Fridtjof Nansen, 1861 - 1930, norsk nasjonalhelt, fredsprisvinnar, diplomat, polfarar og oppdagar. Gjekk på ski over Grønland i 1888 og leia Fram-ekspedisjonen 1893 - 96. Nansen var ein god planleggar, ein taktikar og hadde store visjonar - men Kvam set spørsmålstegn ved leiarskapet hans då han på Nordpol-ekspedisjonen berre tok med seg før nemnde Johansen og etterlot resten av mannskapet i polisen, fleire hundre kilometer frå land. Kvam nemner fleire hendingar som gjer at "glorien" over både Nansen og Amundsen bleiknar noko.

Robert F. Scott, 1868 - 1912, britisk polarforskar, var mannen som i ettertid er blitt kjend som den som tapte kappløpet til Sydpolen mot Roald Amundsen. I tillegg til kulde og dårleg ver, var det dårleg planlegging, dårleg organisering og dårleg leiarskap som gjorde at den siste ekspedisjonen hans fekk så tragisk utgang. Mannskapa i dei britiske polarekspedisjonane hadde tradisjon for å trekke sledane sjølve og ikkje overlata denne jobben til hundar. Dei avviste metodane og livsstilen til polarfolk og inuitar; "De betraktet seg som siviliserte mennesker, og det ville være under deres verdighet om de i tillegg til slit og savn også skulle leve som villmenn", fortel Kvam i boka. For Scott og mannskapet hans vart denne haldninga fatal.

Ernest Shackleton, 1874 - 1922, irsk polarforskar, deltakar i Robert Scotts fyrste ekspedisjon i Antarktis i 1901, men etter konflikt med Scott og dårleg helse vart han send heim. Seinare var han leiar for fleire ekspedisjonar i Antarktis. Kvam fortel at Shackleton var dristig og full av pågangsmot - og heller dårleg på planlegging. Men han hadde jamnt godt humør og handsama mannskapa sine rettferdig, respektfullt og med omsorg - samstundes som han var the Boss og tok ansvar. Trass i vanskar og nederlag ga han aldri opp. Etter at Roald Amundsen hadde "erobra" Sydpolen, vart det neste store målet i Antarktis å kryssa kontinentet. Dette var bakgrunnen for Shackletons Endurance-ekspedisjon. Sjølv om målet ikkje vart nådd, er historia om forliset og den påfølgjande vanvittige redningsaksjonen i Sørishavet heilt utruleg å lesa om.
Øvst til venstre Amundsen, til høgre Nansen
Nedst til venstre Shackleton, til høgre Scott

De fire store handlar om fire ulike og unike personar som reiste på ekstremt tøffe turar under heilt ekstreme tilhøve. Eg tykkjer det har vore interessant lesing på mange måtar - og det er klart; eg er vel sær som er så fascinert av polarhistorie. Men i denne boka handlar det også mykje om det psykologiske og det mellommenneskelege - og dette er forfattaren spesielt god på å skildra. Det er også gjort eit godt og grundig arbeid når det gjeld kjelder og research. Ragnar Kvam fortel om polarpionerane og om kjende og ukjende ekspedisjonar med innsikt og innleving.

Ingen av dei fire vart særleg gamle: Scott var 44 år då han omkom på returen frå Sydpolen. Shackleton var 47 då han døydde av hjerteinfarkt under eit opphald på Sør-Georgia. Amundsen vart 55, han omkom i samband med ein redningsaksjon i Barentshavet. Nansen vart politikar og diplomat etter at han la polarlivet bak seg og vart 68 år.
I tillegg til dei fire hovudpersonane, får ein kjennskap til andre interessante skikkelsar som hadde ei viktig rolle i polarhistoria; Scotts unge altmuligmann Henry "Birdie" Bowers - trufast til døden, Shackletons høgre hand Frank Wild, Nansens nestleiar og Fram-skipper Otto Sverdrup - og Hjalmar Johansen. For å nemna nokre få.

Eg skulle ønska at boka hadde hatt meir bilete og fleire kart, men har googla og lest litt på ulike nettsider, særleg frammuseum.no, jamescairdsociety.com og scottslastexpedition.org. Det finst også mykje materiale, filmar og bilete på Youtube.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Apropos eventyrarar:

Forfattaren har sjølv kjent på eventyrlyst og reisetrang - og har god kjennskap til dette med å vera i ukjende område og landskap, å kjenna på det usikre og å vera på reise over lang tid. Han kjenner til kor viktig det er å vera godt utrusta, også mentalt.
Etter å ha jobba som politisk reporter i Dagbladet på 1970- og 80-talet, selde han alt han eigde, kjøpte båt og la ut på havet. Eit alternativt lesestoff for denne biorunden kunne difor ha vore hans eigne reiseskildringar frå jordomseglingane. Også ektefellen hans, NRK-journalist Sissel Wold, må karakteriserast som litt av ein eventyrar. Ho har m.a. vore i ganske hardt ver som Midtausten-korrespondent. Ho traff Ragnar Kvam i sitt eige radioprogram: han inviterte henne med på segltur til Sør-Kina-havet etter programmet - og ho slo til på tilbodet. Undervegs på reisa vart dei eit par.
Reine eventyret, det også!

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Har du lyst til å lesa om fleire eventyrlege eventyrarar; ta ein tur innom Moshonista-bloggen!
Eg er så glad for at fleire av mine medbiolesarar no har "oppdaga" Ragnar Kvam (Anita), Hjalmar Johansen (Gro), Ernest Shackleton (Ingalill) og Thor Heyerdahl (Anita igjen).

12. oktober 2015

Bokomtale: Tellemarck av Morten Øen

Oktober 2015
262 sider
Lånt ebok (eBokBib)


Ei spesiell bok - som passar deg dersom du likar grov humor og sære karakterar - og har interesse for ville og fantasifulle tilstandar i bygde-Noreg. I tillegg bør du ha lest Morgan Kane og andre westernromanar i ungdommen - og viktigast av alt: ha ein velutvikla sans for sleivspark, skråblikk og satire.
For meg vart dette ei bok som kalla på både latter og ubehag. Ho er veldig rar, rett og slett. Forteljinga er absurd og ellevill - samstundes som det nok ligg eit alvor under. Mange kan sikkert òg oppfatta alt det politisk ukorrekte som provoserande.

Her får ein servert filosofiske betraktingar rundt litteratur, kunst og kultur - og mannssjåvinistiske sex- og valdsskildringar. Svært spesielt altså - og som du sikkert forstår; denne boka er ingen dameroman. Tellemarck er ei macho-cowboy-villmarks-bok med apokalyptiske trekk og med antiheltar i hovudrollene.

Hovudpersonen i boka deler namn og yrke med forfattaren - men det er lite truleg at det ligg så mykje sjølvbiografisk i historia. Øen er ein trasig, ulukkeleg poet busett i ei bygd i Telemark. Me forstår at han nettopp er blitt forlatt av dama og at han har mange mørke tankar rundt sin eigen situasjon. Alt han vil er å gå til grunne; han har pådrege seg diabetes 2, tannråte og impotens, i tillegg til det som må vera angst og depresjon. Han fyller dagane med alkohol, onanering, pornosurfing og søppel-TV. Det einaste selskapet hans er den stakkars tispa Blondi, men så ein dag får han besøk av kompisen Frank, ein fotokunstnar av det heller tvilsame slaget. Denne Frank har ein mansjett rundt høgre peike- og ringfinger og ei kvit stripe i det svarte håret sitt.. nett som Morgan Kane altså.

Etter nokre mystiske straumbrot og ymse trugsmål finn Øen og Frank ut at det er best å forlata bygda, men så blir dei vitne til at det lokale kraftverket vert sprengd i lufta. Dette fører i sin tur til mykje action: tsunami, skyting, sex og snøscooterjakt (for å nemna noko) - og hovudpersonane (og lesaren) havnar langt ute på (fjell)viddene. Det kan virka som om undergangen er nær, at samfunnet går mot eit samanbrot og ein "krisekatastrofe". Eller?

Tittelen på boka viser til eit eldgammalt kart over Sør-Noreg, der Telemark kun er ein stor kvit flekk og med teksten "Tellemarck". Lenge var desse traktene "uoppdaga" for omverda - og forfattaren har nok spunne vidare på tankane om kva som kan gå føre seg i eit slikt landskap, langt utanfor normalen og bortanfor folkeskikken.

Morten Øen skriv knakande godt om det som er latterleg, fråstøytande og ubehageleg. Eg likte best fyrste del av boka, der tilhøva er forholdsvis vanlege og truverdige - deretter vert historia litt for "vill" for meg. Eg "dett av lasset" når eg støyter borti framandord som eg ikkje skjønnar tydinga av og mistar dessutan litt matlyst av Frank sine mange kannibalhistoriar...
Boka er tragikomisk og til tider ganske spennande og underhaldande, men eg finn ein del av humoren og handlinga usmakeleg.

Likevel - eg meiner at me treng bøker og forfattarstemmer som ligg utanfor det som vanlegvis vert oppfatta som korrekt og normalt.

Boktrailer for Tellemarck:

6. oktober 2015

Takk, Henning Mankell

Den svenske forfattaren Henning Mankell er død. For ei tid tilbake vart det kjent at han var alvorleg kreftsjuk, og i går vart det meldt at forfattaren har somna stille inn, 67 år gammal. Eit formidabelt forfattarskap er sluttført og eit usedvanleg engasjert hjarte har slutta å slå.

For dei fleste er Henning Mankell best kjend for serien om Kurt Wallander i Ystad. Alle dei 11 bøkene (12 bøker om ein tek med Før frosten, der Linda Wallander er hovudperson) vart bestseljarar og det er blitt laga opptil fleire filmar og TV-seriar av dei.

I tillegg skreiv han mange andre skjønnlitterære verk, og fleire av desse har handling frå Afrika og/eller har tema frå og om det afrikanske kontinentet. Mankell var busett i Mosambik i mange år, og her engasjerte han seg sterkt i kampen mot fattigdom og analfabetisme. Mankell var ein forfattar med tanke for dei svake i samfunnet.

Foto: Gyldendal.no
Det er eit paradoks at når ein forfattar døyr, vert dei meir populære enn nokon gong før. Bøkene til Henning Mankell kjem sikkert også til å få eit oppsving. Og sjølv om det er trist at forfattaren er død, tykkjer eg at det er gledeleg at bøkene hans kjem til å bli oppdaga (og gjenoppdaga) i tida framover, for han var ein svært dyktig forfattar. Ei ny bok, med tittelen Kvikksand, er nyleg blitt oversatt og kjem ut på norsk til neste år. Etter det eg har forstått er boka delvis sjølvbiografisk og omhandlar m.a. tankar rundt eigen kreftsjukdom og døden.

Sjølv har eg romanen Daisy Sisters frå 1982 ståande ulest i hylla - og det har eg tenkt å gjera noko med snart. I tillegg har eg lyst til å lesa alle Wallander-bøkene på nytt, i rett rekkefølge.

Sist lest og den einaste eg har omtalt her på bloggen av Mankell sine bøker er Hånden frå 2013. Dei Mankellbøkene som har gjort sterkast inntrykk på meg er Den hvite løvinnen (Wallander #3) samt dei frittståande romanane Kineseren (2008) og Danselærerens tilbakekomst. Sistnemnde er frå 2001 og var den fyrste Mankell-boka eg las. Sidan den tid har eg lest rundt 25 av dei omlag 40 romanane som han skreiv. Eg har likt dei fleste svært godt.
Finnes det noe mer skremmende [..] enn mennesker som vet at de snart skal dø? Tiden er utmålt, det finnes ingen fluktveier, bare loddet som senker seg, døden som gjør seg parat.
          (Sitat frå Kineseren) 

Henning Mankell sine bøker er oversatt til over 40 språk og selde i over 40 millionar eksemplar. Det betyr at Mankell var ein av dei største og mest populære forfattarane i Norden. Han har også vore føredøme og inspirasjonskjelde for mange andre nordiske kriminalforfattarar.

Takk for alle gode lesestunder, Henning Mankell.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Red. 8.10.: 
Staalesen, Nesbø, Egeland og Lindell hyllar Henning Mankell (Fedrelandsvennen)
Det same gjer Lier Horst, Faldbakken, Fossum og Holt (Dagbladet)
Jon Michelet sine minneord (Aftenposten)
Aslak Nore sine favorittar (Aftenposten)
Håkan Nesser om Henning Mankell (Sveriges radio)
Jan Guillou sine minneord (Aftonbladet)

4. oktober 2015

Bokomtale: Det som ikke dreper oss av David Lagercrantz

Lydbokforlaget 2015
Speletid 16:37
Opplesar Anders Ribu
Lånt på biblioteket


Millennium-fans over heile verda har vore spente på dette fjerde avsnittet i serien om Mikael Blomkvist og Lisbeth Salander.
Den originale (og fenomenale) trilogien kom ut fyrst etter at forfattaren Stieg Larsson døydde i 2004. Det er veldig trist at forfattaren aldri fekk oppleva den enorme suksessen bøkene fekk. Enno tristare er det at dei etterlatte har krangla bittert og lenge om korleis forfattarskapet og arven etter Larsson skulle forvaltast. Sambuaren Eva Gabrielsson har vore sterkt imot utgjevinga av Millennium 4, medan faren og broren til Stieg Larsson har vore pådrivarar når det gjeld den nye oppfølgingsboka.
Eg har full forståing for dei sterke kjenslene til Larssons sambuar, men eg meiner at så lenge dei originale bøkene og karakterane vert behandla på ein respektfull måte, kan eg ikkje sjå at denne utgjevinga er moralsk forkasteleg eller opprørande på nokon måte.

Mannen som har fått i oppdrag å halda fram med forteljinga om Millennium er David Lagercrantz, kanskje mest kjend som mannen bak boksuksessen Jeg er Zlatan.

Det som ikke dreper oss er altså ein ny, frittståande roman inspirert av og basert på karakterane og miljøet me kjenner frå Menn som hater kvinner, Jenta som lekte med ilden og Luftslottet som sprengtes. Dei tre nemnde bøkene er blant mine absolutt favorittar - og Salander og Blomkvist er to figurar som eg føler at eg kjenner - ut og inn. No har det rett nok gått fleire år sidan eg las bøkene, men eg kan enno kjenna den gode kjensla av forventningar og lesefryd dei gav meg den gongen. Så eg skal ærleg innrømma at eg var ein smule skeptisk på førehand - men Det som ikke dreper oss viste seg å vera ei svært god og spennande bok.

Det vart eit gledeleg gjensyn med min "superhelt", Lisbeth Salander. Eg er fascinert av denne dysfunksjonelle datanerden utan vener og med manglefullt utvikla sosiale antenner - men med ein sterk rettferdigheitssans og med høg moral. Ho er så spesiell, så sterk - og likevel så sårbar.
I Det som ikke dreper oss møter me ein liten gut som liknar litt på Lisbeth. Han vert vitne til eit drap - men politi og hjelpeapparat støyter på eit problem: guten er autist, manglar språk og evne til å uttrykke seg på "vanleg" måte. Men så viser det seg at det barnet truleg er ein savant, ein autist med spesielle intelligente egenskapar og at han har sans for tal og avansert matematikk, i tillegg til at han har fantastiske kunstneriske evner. Interessant? Ja, absolutt. Truverdig? Neppe, men det er ikkje så nøye. Poenget er at det funkar i denne forteljinga.

I denne boka har David Lagercrantz klart å "gjenskape" Salander - og Blomkvist. Forfattaren har tilegna seg det "larssonske" i skrivestil og stemning - på ein overbevisande måte. Plottet og intrigen er, som i dei føregåande Millenniumbøkene, nokså komplisert. Boka er ordrik, detaljrik, handlingsrik og perspektivrik. Det tek forholdsvis lang tid å få oversikt over alle aktørar og forholdet mellom dei. Fleire handlingstrådar og ganske mange karakterar skal presenterast og setjast inn i ein samanheng - så det krev at lesaren er tolmodig og konsentrert.
Lydboka er glimrande lest av Anders Ribu; han les med tydeleg diksjon og på ein litt høgtideleg måte, noko som passar til det språket som er brukt i boka. Det har likevel vore nyttig å ha papirboka i tillegg, sidan det som sagt er så mykje å halda styr på.

Stort meir er ikkje å sei om Det som ikke dreper oss. Boka er omtalt, omdiskutert, presentert, anmeldt, anbefalt, hypa og reklamert for - i det uendelege og til det kjedsommelege, som det heiter.
Når ei bok får så skrekkeleg mykje merksemd sler det gjerne dårleg ut for mitt vedkommande. Det fører gjerne til at eg mistar leselysta. I dette tilfellet gjorde eg ikkje det - og det er eg glad for.
For som sagt; boka er kjempebra, nesten like bra som originalane.

30. september 2015

Oppsummering september

Påbyrja i august, fullført i september:
Kathryn Stocket - Barnepiken - Amerikansk roman - Lånt lydbok, biblioteket
Gert Nygårdshaug - Himmelblomsttreet - Norsk roman - Kjøpt pocket

Lest i september:
Ingebjørg Berg Holm - Stjerner over, mørke under - Norsk historisk krim - Lånt ebok, eBokBib
Gunhild Haugnes - Døtre av Norge - Norsk roman - Lånt lydbok, privat (avbraut)
Kjell Ola Dahl - Kureren - Norsk krim - Lånt ebok, eBokBib
Marte Wexelsen Goksøyr - Jeg vil leve - Debatt/fakta - Lånt papirbok, privat
Jørn Lier Horst - Blindgang - Norsk krim - Lånt lydbok, biblioteket
Viktoria Lindberg - Snart er dette lenge siden - Noveller - Lånt ebok (avbraut)
Dashiell Hammet - Malteserfalken - Amerikansk klassisk krim - Kjøpt pocket
Bjørn Westlie - Fars krig - Krigshistorisk/biografisk - Lånt lydbok

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
David Lagercrantz - Det som ikke dreper oss - Svensk krim - Lånt lydbok / lånt papirbok
Ann Cleves - Svart som ravnen - Britisk krim - Lånt papirbok, biblioteket
Morten Øen - Tellemarck - Norsk roman - Lånt ebok


Månadsoversikten syner ein salig blanding av nytt og gammalt lesestoff, av tynne og tjukke bøker, av lyd-, papir- og e-bøker, av skjønnlitteratur og sakprosa - og både debutantar og gamle travarar. Ingen kan vel sei at eg ikkje les variert..!
I likskap med august vart september ein litt annleis lesemånad. Lesetid og -tempo er skrudd ned eit par hakk i høve "normalen".

"Hovudbok" og høgdepunkt i september har vore Himmelblomsttreet. Eg brukte omlag 4 veker på lesinga. Ikkje fordi boka er spesielt tunglest, men fordi eg har lest fleire bøker parallellt - og fordi det er ei bok som fortener å bli lest sakte.
Av andre leste septemberbøker må eg spesielt trekka fram 1001-boka Malteserfalken. Dashiell Hammet sin berømte kriminalroman frå 1930 viste seg å vera omlag så genial og fantastisk som mange hevdar. Årets kriminalromanar Stjerner over, mørke under og Kureren, samt sakprosaboka Fars krig var også gode leseopplevingar. Og etter å ha lytta til (og bladd i) halve Det som ikke dreper oss, er den boka i ferd med å bli ei mektig leseoppleving. Den nye Millennium-boka til David Lagercrantz er skriven på ein måte som også Stieg Larsson ville vore nøgd med. Imponerande!
Blindgang av Jørn Lier Horst derimot - den var skuffande svak og uspennande.

To bøker som eg byrja på i september vart ikkje fullførte. Døtre av Norge kunne vore bra, men inneheld så mange klisjéar og så mykje elendigheit at eg ikkje orka å lesa meir enn halve boka.
Eg avbraut også den ferske novellesamlinga Snart er dette lenge siden. Då eg hadde lest to meiningslause og tåpelege noveller ga eg opp.

23. september 2015

Bokomtale: Himmelblomsttreet av Gert Nygårdshaug

Juritzen 2014
582 sider


Gert Nygårdshaug er ein av mine favorittforfattarar. Eg tykkjer han er han ein storarta underhaldar og ein glimrande forteljar. Eg set pris på at han er ein forfattar med særpreg og at han går sin eigen veg; han er i stand til å skriva poetisk og vakkert, brutalt og rått, morosamt og finurleg, fantasifullt og realistisk.
I Himmelblomsttreet brukar han heile dette registeret sitt.
Romanen kom ut fyrste gong i 1995 (som 'Himmelblomsttreets muligheter' på Cappelen Damm) og i likskap med dei andre bøkene i Mino-trilogien, Mengele Zoo og Afrodites basseng, kjem det stadig ut nye opplag. Tematikken med miljø, klima og ei bærekraftig utvikling kontra eit meir og meir brutalt kapitalistisk samfunnssystem er (minst) like aktuelt no i 2015 som for 20 år sidan.

Det ligg altså eit sterkt politisk engasjement og eit djupt alvor bak denne delen av forfattarskapet til Nygårdshaug - men han gir også lesaren mykje anna: Filosofi, vitenskap, mystikk, historie, religion.. og mykje svart humor.

Boka er delt inn i fem hovudkapittel - og dei har alle sin eigen stil. Det fyrste og det siste er skrive i eg-form, dei andre i tredjeperson - men det er "vår mann" Jens Oder Flirum som har forteljarstemma heile vegen. Når me møter hovudpersonen i starten av boka er omgjevnadene eit dystopisk/apokalyptisk samfunn, ein plass i Sør-Europa, ein gong i framtida. Europa er øydelagt av borgarkrigar og rovdrift på naturen. Jens Oder er i knipe - me forstår at han har vendt tilbake til vår verdensdel etter lang tid i Sør-Amerika, med ambisjonar om å få gjennomført Den Store Planen og med ein slags strategi for å redde verda. Eit møte med ein Stephen Hawking-liknande skikkelse og ei kvinne frå fortida fører så til eit tilbakeblikk på Jens Oders liv. Korleis og kvifor har Jens Oder havna i ein så vanskeleg situasjon? Kva har skjedd med det europeiske samfunnet?

I nærast omvendt kronologisk rekkefølge får me vita meir om bakgrunnen til hovudpersonen. Historia vert gradvis rulla opp slik at lesaren forstår meir av det som vert fortalt i byrjinga av boka. I kapittel to har Jens Oder (eller Senhor Yenso, som han vert kalla her) havna hos ei indianerstamme i Amazonas. Denne delen av boka minner om fyrste del av Mengele Zoo - og faktisk så dukkar då også sjølvaste Mino opp! Ein får skildringar av jungelen, naturen, regnskogen, artsmangfaldet - og kjærleiken. Og om dei kreftene som truar alt dette. Miljø- og personskildringar er detaljerte og mangfaldige - nesten pinleg blomstrande, slik som berre Nygårdshaug (og Murakami) kan det. Naturen er såå fantastisk og menneska er såå levande - men heile tida skjønnar ein at det går mot ein gedigen katastrofe..
I neste kapittel er stilen og språkbruken heilt annleis. Forteljarmåten er heseblesande og handlinga føregår i Noreg og er lagt til ungdomstida til Jens Oder. Sytten år gammal vert han dømt og fengsla for eit drap han ikkje har begått - og tida i fengselet vert nytta til å tilegna seg kunnskap om språk, natur, filosofi og litteratur. Gradvis forstår lesaren kva som er Jens Oder sitt motiv for opphaldet i Amazonas.

Tidsperspektivet og tildels manglande kronologi er interessant, - Jens Oder er ungdom på 1980-talet, opphaldet i Sør-Amerika må då finna stad tidleg på 2000-talet, dvs. i nær framtid då boka vart skriven, men i nær fortid for oss no i dag. Når handlinga bevegar seg "forbi notida" og framover i ei ukjend framtid, får ein ei merkeleg kjensle.
Merkeleg og uvant, men også spennande, er innfallsvinklane denne boka gir til dei problema og utfordringane som pregar Europa - og resten av verda - i dag. Himmelblomsttreet er (saman med resten av trilogien) eit engasjert og naudsynt varsel når det gjeld framtidas økologi, økonomi og politikk.

I kapittel fire er me attende i Brasil, der me m.a. møter att Jens Oder og Mino - og i det femte og siste kapittelet føregår handlinga igjen i 'framtids-Europa' og dei to venene er klare for Den Store Planen. Den Europeiske Union er handlingslamma, samfunnet er prega av kaos og mangel på ressursar. Nasjonalistiske grupperingar krigar mot kvarandre - og andre grupper kjempar mot 'det multikulturelle' og innvandring frå Afrika og Asia. Eit møte med ein person som kunne ha stått modell for Anders Behring Breivik på slutten av boka gav meg rett og slett frysningar på ryggen. (Boka er altså skremmande aktuell på mange måtar..)

Eg likte boka veldig godt. Ho er ikkje særleg lettlest, - eg har brukt unormalt lang tid på lesinga og har bladd mykje fram og tilbake. Men - har du kjennskap til Nygårdshaug sin forteljarstil, har sans for eventyr, fantasi og vitenskap, og er bittelitt interessert i framtida for ungane og barnebarna våre, - er Himmelblomsttreet absolutt boka for deg.

Dette er ei bok til ettertanke. Ho er "tidlaus", har ein spennande forteljarmåte, er uforutsigbar, har ein bodskap og ein agenda, - og er svært underhaldande og spennande. Avslutninga er også spesiell - men denne forteljinga kunne knapt ha enda på ein annan måte.
Himmelblomsttreet får difor toppkarakter frå meg.

- - - - - - - - -

[Reg.kode Blogglisten]
0DE0DBDA-40FC-4D05-973E63527AE3B222-5922316D-7501-4950-B6786AE1461A2548

17. september 2015

Bokomtale: Kureren av Kjell Ola Dahl

Gyldendal 2015
386 sider
Kjelde: Lånt ebok (eBokBib)


Eg likar Kjell Ola Dahl sin stødige penn. Anten han skriv om Frølich og Gunnarstranda eller Lindeman og Sachs - eller som i dette tilfellet; kureren Ester: Skildringar av personar og miljø er gode, presise og utan jåleri.

For ei tid tilbake uttalte forfattaren at han skulle legga opp som krimforfattar, men heldigvis har han endra meining. Denne bokhausten bidreg nemleg Dahl med krimthrilleren Kureren - der lesaren vert presentert for eit heilt nytt "univers". Dette er ei spenningsfylt forteljing om kjærleik, svik, hevn og skuggar frå fortida. Både som krimroman og som roman er dette ei god leseoppleving.

Handlinga er lagt til tre ulike tidsplan; 1942-43, 1967 og 2015. Hoppa fram og tilbake i tid er logiske og spenningsskapande. Tidsbileta er teikna opp på ein enkel og lettfatteleg måte, noko som gjer det heile truverdig og gjenkjenneleg.

Hovudperson er den jødiske kureren Ester som i 1942 vert svikta av einkvan medan ho er i gang med illegalt arbeid. Men snarrådig som ho er, bergar ho seg og flyktar til Stockholm. Samstundes med at dette skjer, vert ei venninne av henne funnen drept. Politiet og nazistane mistenker ektemannen for å stå bak ugjerninga, men saka vert ikkje oppklart.
I 1967 dukkar det opp ein person som "alle" trudde var død for lenge sidan. Denne mannen sin agenda er uklar: Er han opptatt av å løyse ei gammal drapsgåte? Er han ute etter hevn? Eller har han eit heilt anna motiv? Spenninga og tempoet stig utover i boka når gamle hendingar gradvis vert avdekka. Kva skjedde - egentleg - den gongen, under krigen? Og kva skjedde i 1967, under den kalde krigen? I 2015, over 70 år etter dei fyrste hendingane, finn det endelege oppgjeret stad.

Kjell Ola Dahl er - fordi han skriv så godt og fordi han er ein god forteljar - ein av favorittane mine innan norsk krim. Kureren har fått ei velfortent god mottaking av lesarar og kritikarar, med høge terningkast og gode anmeldelsar i m.a. AftenpostenDagens Næringsliv og Dagsavisen.

Eg kan berre sei meg enig i dei postive omtalane:
Kureren er ein av årets aller beste norske krimbøker. 

10. september 2015

Kort om: Stjerner over, mørke under av Ingebjørg B. Holm

Schibsted 2015
233 sider

Kjelde: Lånt ebok (eBokBib)

Mange har rosa Ingebjørg Berg Holm si debutbok opp i skyene og uttalt at dette er ein heilt spesiell kriminalroman. Det gjorde meg veldig nysgjerrig og ganske skeptisk-spent.
Etter å ha fullført lesinga må eg sei meg enig i dei mange positive orda. For dette er ikkje ein vanleg krimroman, men heller ein roman som mellom anna handlar om eit drap. I tillegg får forfattaren fortalt mykje om eit samfunn i endring og om mellommenneskelege forhold.

Men sjølv om denne boka er noko annleis i stilen enn dei fleste andre norske kriminalromanane som vert utgitt no for tida, er det også noko "klassisk" og gjenkjenneleg ved oppbygginga og i måten ting gradvis vert avslørt/oppklart for lesaren. Forfattaren har nok henta inspirasjon frå klassikarar innan krimsjangeren.
Boka er stillferdig og langsam - men eg oppfattar ho likevel ikkje som treg.

Dei mange fine naturskildringane gjer boka stemningsfull. Eg tykkjer også at tittelen er veldig fin - og at boka er akkurat passe lang.

Handlinga er lagt til ein avsidesliggjande gard på Hurumlandet i 1875. Denne tida vert ofte kalla "Det store hamskiftet" - landet vårt endra seg då drastisk, frå bondesamfunn til eit meir industrialisert samfunn. Samstundes var tida prega av ei meir rasjonell og vitenskapeleg tenking - og vekk frå overtru og mystikk. Boka speglar desse overgangane og motsetnadene på ein god måte.

Stjerner over, mørke under var ei overraskande god leseoppleving. Ingebjørg Berg Holm har med denne boka utfordra, fornya og forfriska norsk kriminallitteratur.

4. september 2015

Sommarlesing - del 4: Ferielesing og oppsamlingsheat

Piken på toget av Paula Hawkins
Bazar 2015
332 sider 
(lånt ebok)

Eit enkelt og treffande cover og ein norsk tittel som er litt merkeleg. Det heiter vel jenta på bokmål òg - ikkje piken?? Dessutan er det heller ikkje ei jente det handlar om - men ei vaksen kvinne.

Boka har fått mykje merksemd - og eg er usikker på om det er fortent. Piken på toget er fiffig konstruert, med tre ulike forteljarstemmer og med hopp fram og tilbake i tid. Dermed tek det ei tid før lesaren får tak i samanhengen og det store bildet i denne historia.
Ut frå førehandsomtalar og hype vart eg ein smule skuffa over boka. Eg hadde forventa meir hjertebank og spenning enn det eg fekk. Eg likte boka, men ho er slett ikkje så fantastisk som enkelte hevdar. Avslutninga er grei, men forfattaren trekker det veldig langt ut.. Terningkast 4.


VIP-rommet av Jens Lapidus 
Cappelen Damm 2014
479 sider 
(lånt ebok)

Knallbra start på ny serie! Velskrive, elegant, overraskande og rått frå mannen bak Stockholm noir-trilogien. Denne er litt annleis i stilen enn dei nemnde tre bøkene, men er vel så god. Stadige scene- og perspektivskift og fram og tilbake i tid gjer lesinga ein smule krevjande, men det skjer noko heile tida - så boka er likevel grei å lesa. Lapidus er spesielt dyktig når det gjeld å byggja opp truverdige karakterar og miljø. Språket er prega av gode og kjappe dialogar.

VIP-rommet handlar om ei kidnappingssak i notid, ei barnepornosak i fortid og eit fengselsopphald i fortid. Korleis desse sakene heng saman er uklart lenge - men så byrjar det å demra for lesaren - og ein må tenkja over det ein har lest tidlegare på nytt, på ein måte. Mot slutten, når ein trur ein har full oversikt, tek handlinga enno ein ny tvist. Herleg!
Eit sterkt terningkast 5.


Høyt henger de av Lene Lauritsen Kjølner 
Schibsted 2014
287 sider 
(papirbok fått av forfattaren)

Eg var stor i kjeften i eit kommentarfelt for ei tid tilbake då eg skreiv at eg var "allergisk mot kosekrim". Forfattar Kjølner fanga opp denne uttalelsen og sende meg debutboka si. Det var hyggeleg gjort.

Vel - eg kosa meg ikkje så veldig og er ikkje særleg imponert, men det skal bemerkast at eg las denne parallellt med VIP-rommet, boka over - og då datt Høyt henger de sjølvsagt fullstendig igjennom.
Eg kan oppsummera boka med lite spenning, forutsigbar handling og ein uinteressant hovudperson. Plottet er svakt og humoren er tam.
På den positive sida kan nemnast at boka inneheld enkelte fine miljøskildringar og at ho er uhyre lettlest og fortlest.
Eg er snill når eg gir boka terningkast 3.


Din eneste venn av Jan Mehlum
Publicom 2012
345 sider 
(kjøpt papirbok)

I likskap med Kjølner si bok over, samt den meir kjende Jørn Lier Horst sine bøker om William Wisting, er det Vestfold-kysten som er bakgrunnskulissa for Mehlum sin serie om Svend Foyn. Elles har gjennomgangsfiguren hans mykje til felles med Gunnar Staalesens Varg Veum, tykkjer eg.

Som alltid stødig frå Mehlum, men eg vart av ein eller annan grunn ikkje så engasjert i handlinga som eg pleier å bli av bøkene hans. Eg føler at han vil for mykje når det gjeld Din eneste venn. Ein annan ting som trekker ned leseopplevinga er skriftstorleiken i den hefta utgåva som eg har; den er for liten.

Svend Foyn er ute i hardt ver og får verkeleg køyrt seg i denne boka som m.a. handlar om gamle synder og justismord. Her er gode personskildringar og eit språk som er effektivt og med snert. Terningkast 4.


Ikke ville se av Jan Guillou 
Vigmostad & Bjørke 2014
397 sider 
(lånt ebok)

Enno ein Jan, denne gongen Jan Guillou og hans 4. avsnitt i prosjektet Det store århundret der han fortel historia om den norsk-svensk-tyske storfamilien Lauritzen. Samstundes er dette historieundervisning frå ei ganske nær fortid.

I Ikke ville se er me komne fram til krigsåra 1940-45. Trass i at Sverige liksom var "nøytrale", og trass i at dei velståande brødrene Lauritz, Oscar og Sverre er busette i landet, får den pågåande verdskrigen store konsekvensar for heile familien. Størstedelen av formuen til den opphaveleg norske familien er knytta til eigedommar i Dresden i Tyskland - og me kjenner vel alle til kva som skjedde med og i den byen..
Spesielt for eldstemann Lauritz vert krigsåra dramatiske på mange måtar - og det er han som "ikkje vil sjå". Han får oppleva store gleder, men også store sorger.
Eg likte boka godt, men ho er litt treg. Terningkast 4.


Lindemans tivoli av Kjell Ola Dahl
Lydbokforlaget 2008
Speletid 14:41 
(lånt lydbok)

Frittståande oppfølgjar til Lindeman & Sachs. Me møter att det same miljøet og nokre av dei same personane frå forrige bok. Om oppturar og nedturar i finansmiljø og næringsliv, om vellukka og feilslåtte val, maktspel og intrigar - og den evige jakta etter pengar. Samt om å "mista seg sjølv" i alt dette jaget.
Ikkje fullt så engasjerande som den fyrste boka, men ganske underhaldande og treffande.
Ei midt-på-treet leseoppleving til terningkast 4 minus.


Barnepiken av Kathryn Stockett
Cappelen Damm 2010
Speletid 17:42 
(lånt lydbok)

Ei ganske fin forteljing om eit viktig tema og ein spesiell periode i amerikansk historie. Årstalet er 1963, segregeringslovene står framleis sterkt i delstaten Mississippi og menneskeretts-forkjemparane har starta kampen sin.
Tema er hushjelper og fruer, svarte barnepiker og kvite barn, raseskille, klasseskille og fordommar. Boka er grei og forholdsvis underhaldande, men eg tykkjer ho er noko langtekkeleg. Det "dameroman-aktige" i historia har eg heller ikkje så mykje til overs for. Eit svakt terningkast 4.

- - - - - - - - - - - - - - -

Fleire samleinnlegg med sommarlesing: