26. juni 2013

Bokomtale: Den siste gode mann av A. J. Kazinski

Lydbokforlaget 2011
Originaltittel: Den sidste gode mand
Oversetjar: Elisabeth Bjørnson
Opplesar: Håkon Strøm
Speletid: 15 t 20 min

Den siste gode mann er ei forteljing som inneheld mystikk og metafysikk, religion og filosofi, gåter og kodar, matematikk og historie, liv og død. Ja, boka handlar på ein måte om meininga med livet og døden. For meg vart dette ei veldig god, men spesiell leseoppleving. For undervegs i lyttinga - boka varer lenge - var eg både forundra, forvirra og frustrert. Eg hadde nemleg forventningar om ein heilt vanleg kriminalroman - og det var det slett ikkje. Etter kvart fekk eg "justert" meg sjølv og forventningane mine litt - og dermed kunne eg "skru på" fantasien og verkeleg ta inn over meg historia som vert fortalt.

Dette er ei spenningsbok med ein overjordisk vri. Når det gjeld det liksomvitenskaplege og mystiske, kan ein godt samanlikna Den siste gode mann med Dan Brown og Tom Egeland sine bøker. Utgangspunkt for handlinga i boka er ein eldgammal jødisk myte som handlar om dei 36 rettferdige og gode menneska som Gud har plassert på jorda for å verna oss alle. For kvar generasjon skal det finnast 36 gode utan at dei sjølv veit at dei er mellom dei utvalde.

Det er desember 2009, den danske hovudstaden er i sentrum for all merksemd - klimatoppmøtet COP-15 er i gang. Mektige leiarar frå alle land er samla i København for å finna ut korleis verda kan reddast frå klimatrusselen. Ein mann som òg vil redde verda er politimannen Tommaso di Barbara frå Venezia - han sender ein åtvaring til politiet i København. Gode menneske over heile verda - heile 34 personar, viser det seg etter kvart - er drepne. Felles for alle ofra er eit stort merke på ryggen; merket inneheld ein mystisk talkombinasjon. Mykje tyder på at neste drap vil skje i København.

Politimannen og forhandlaren Niels Bentzon får i oppdrag å finna, og åtvara, gode menneske i Danmark. For kva vil skje om alle dei 36 gode vert myrda? Går verda under? Mellom dei potensielle gode menneska møter Niels astrofysikaren Hannah Lund, og saman lagar desse to ein plan og eit system i all informasjonen dei får inn frå Venezia via Tommaso og andre stader på kloden. Niels Bentzon sine kollegaer er alle travelt opptekne av sikkerheita til deltakarane på klimakonferansen - så ingen tek det Niels og Hannah finn ut på alvor.

A.J. Kazinski er pseudonym for
Anders Rønnow Klarlund og Jacob Weinreich. 
Foto: Gyldendal Norsk Forlag
Store deler av boka vekslar mellom hendingar som finn stad i København og i Venezia, på begge stadene vert det leita desperat etter "dei gode". - Men så skjer eit nytt drap. Kun ein god mann er att av dei 36. Kven?

Den siste gode mann er ei fengande, tankevekkjande og underhaldande bok, der forfattarane snur fullstendig opp/ned på kriminalsjangeren ved at det vert jakta på det gode i staden for det onde. Fyrste del av boka var forvirrande med veldig, veldig! mange lause trådar. Dernest vert det meir oppklarande og actionfylt, og mot slutten skifter boka stil og vert meir langsam – men spenningen er tilstades heilt til siste scene. 

Haakon Strøm er innlesar av lydboka, og han utfører jobben svært bra. Gjennom heile boka finst det gullkorn og underfundig humor, men det vert også fortalt om angst, smerte og sorg. Strøm klarar å formidla alle desse ulike kjenslene på ein glimrande måte.

Takk til Lydbokforlaget for gratis lydfil.

5 kommentarer:

  1. Forvirrende og løse tråder, er som du vet ikke min sterke side :) Har lest noe av forfatterne før og likt det, så kanskje...

    SvarSlett
  2. Hehe. Vel - det var mi oppfatning av boka at det var forvirrande. Andre opplever det kanskje på andre måtar.

    SvarSlett
  3. Dette virker som en bok gir meg. Takk for god omtale :)

    SvarSlett
  4. Er dette en parodi på en krimbok? Etter en utrolig mengde mystikk og merkelige teorier på høyt plan skrus forventningene på topp. Og resultatet? Ingen ting! Ikke noe oppklares, ingen svar gis. Etter min mening er det totalt meningsløst.

    SvarSlett
    Svar
    1. Har ein forventningar om ein tradisjonell kriminalroman blir ein nok skuffa over boka. Dette handlar meir om mystikk og filosofi.

      Slett