5. juni 2013

Planar for sommaren

Dette er eit blogghopp-innlegg om Sommarlektyre som Anitas blogg har teke initiativ til.
Sjå lenkefunksjonen nederst i denne bloggposten. Bli med du og då vel!

Plutseleg er me inne i den lysaste og trivelegaste tida i året. Kvar vart det av våren? Som dei fleste andre er eg reint svimmel av at tida går så fort. For korleis skal ein få tid til å lesa alt det ein ønskjer å lesa? Kva skal lesast sommaren 2013? Den tre veker lange sommarferien skal brukast til så mangt, ein kan ikkje sitja på terrassen og lesa heile tida heller...


Eg les sjelden/aldri verkeleg tung litteratur; det er ikkje meg. Verda er full av andre bøker eg heller vil lesa. Om sommaren vert det gjerne enno lettare lesestoff enn elles i året. Eg har ikkje noko fastlagd leseliste for sommaren, for litt av hyggen med å lesa er nettopp å ta ting på sparket.

Ein må dessutan prøva å variera litt; etter at ein har lese ein fartsfylt actionkrim, må ein kanskje roa ned med noko som må lesast sakte. Når eg les både lydbok og papirbok, må eg også passa på den rette miksen. Det går fint å lesa to bøker samstundes dersom dei er ulike nok. Er dei for like i stil og innhald, vert det rot i hovudet mitt og eg byrjar å blanda saman handlingar og personar. Sommarleseplanen for meg er ein kombinasjon av spontanitet og planlegging.


Desse bøkene skal heilt sikkert lesast i løpet av sommaren:


Jo Nesbø
- Politi
Som så mange andre, er eg stor fan av Harry Hole-serien. Bøkene vert lest umiddelbart etter at dei kjem ut. Boka skal lånast av mi snille mor som bur i nærleiken og som er trufast Bokklubb-medlem. Og sjølv om eg gler meg som ein liten unge til Politi: Den aggressive marknadsføringa og dei ørtogførti epostane med tilbod om å førehandstinga boka  i r r i t e r a r  meg!!

Dan Brown - Inferno
Ein annan opphausa bestseljar som eg skal låna av mor. Boka har fått altfor mykje merksemd etter mi meining, men eg må innrømma at eg er litt svak for både Dan Brown og Robert Langdon.

Gillian Flynn - Åpne sår
Debutboka til Flynn står i bokhylla og ventar. Likte veldig godt Mørke rom, medan Flink pike var litt nedtur.

Lars Mæhle - Den mørke porten
Nynorsk krim! Berre det er eit godt argument til å lesa denne boka. Meldareksemplar fått frå Samlaget. Bør lesast snart.

Tom Kristensen - Korsbæreren
Lydbok lest av innlesarfavoritten min, Ivar Nergaard. Heldige meg har motteke gratis lydfil frå Lydbokforlaget. Har ikkje lese noko av Kristensen før, byrjar like godt med den siste. Forventar ei fartsfylt og spennande leseoppleving.

A. J. Kazinski - Den siste gode mann
Enno ei lydbok motteke frå Lydbokforlaget, ein kritikarrost dansk krimroman. Spent på denne, sidan eg ikkje har lest noko av forfattaren før. Likar vanlegvis godt dansk krim.

Arne Dahl - Dødsmesse
Eg kosar meg med serien om A-gruppen, og har det siste halvåret lese dei fyrste fem bøkene i serien. Bok nummer 6, En midtsommernattsdrøm, las eg i 2010, så eg må nett skumma gjennom den for å få med meg utviklingstrekka og samanhengen i serien. Dødsmesse er sjuande bok (av 10)  i serien.

Så over på noko som ikkje er krim:


Cecilia Samartin - Drømmehjerte
Lånte denne av mor mi i fjor sommar, men er enno ikkje lest. Samartin har ein noko svulstig og klisjèfylt språkbruk, men historiane hennar er gode. Så denne skulle passa bra som sommarlektyre.

Jan Guillou - Brobyggerne
Kjøpte denne for mange månader sidan, bør lesast snart. Likar godt Guillou sine bøker, både Arn-serien og Carl Hamilton-serien. Dette er bok nummer ein i ein ganske ny serie.

Johan Harstad - Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet
Nok ei bok som har stått ulest i hylla lenge.

Gert Nygårdshaug - Mengele Zoo
Har vore på leseplanen lenge, har lånt lydbokversjonen på biblioteket. Opplesar Helge Winther-Larsen.

Kanskje vert det tid til noko repriselesing i ferien?


Eg har lenge hatt lyst til å lesa Vera Henriksen sin mellomalderserie og Sigrid-trilogien på nytt. Desse bøkene gjorde eit djupt inntrykk på meg då eg las dei fyrste gong, for over 30 år sidan.

Sølvhammeren, Jærtegn og Helgenkongen - Sigrid-trilogien - har handling frå Steinkjærtraktene på 1000-talet; ei tid prega m.a. av gammal norrøn gudetru og brutal tvangskristning. Eg hugsar bøkene som lærerike, levande og med glimrande skildringar av menneske og den tida dei levde i.

Mellomalderserien; Trollsteinen, Pilgrimsferd, Blåbreen, Staupet og Skjærsild, handlar om ein annan historisk epoke med store omveltningar. Hovudperson er Bent Jonsson frå Smiugjelsøygarden i Lom, og handlingane er lagde til tida etter reformasjonen.

Eg trur det hadde vore interessant å lesa alle desse bøkene på nytt no, i meir vaksen alder. Vera Henriksen er ein svært kunnskapsrik forfattar, og utruleg dyktig på å formidla denne kunnskapen. Bøkene hennar gjer lesaren klokare, både når det gjeld norsk historie og når det gjeld menneskesinnet.

Då står det att å ønskja alle ein retteleg fin lesesommar!


12 kommentarer:

  1. Det er så HERLIG å oppdage andre ikke-kronologislaver! :) Du har gjort et helt rett valg om du vil lese den beste boka til Tom Kristensen. Korsbæreren er utrolig bra, og jeg som deg syns Ivar Nergaard er SUPER som innleser av krim. Det er også min desiderte innleserfavoritt! Hører akkurat nå Dødsriket av Kristensen (min siste Kristensen-bok i ikke-kronologisk rekkefølge, som fungerer helt bra siden man ikke følger én person i en serie). Dødsriket er imidlertid innlest av Per Frisch. Han har en stemme som jeg syns passer best til barnebøker og (sannsynligvis) lyrikk (uten at jeg noen gang har hatt en lyrikk-lydbok..). Kos deg med Korsbæreren!
    Ellers har du mange gode bøker i loopen for sommeren! Vi får krysse fingrene for at vi får masse sol og varme.

    SvarSlett
  2. Ivar Nergaard er berre heilt fantastisk! Per Frisch har eg kun høyrt i ei lydbok; Kongens hjerte av Gaute Heivoll. Den likte eg ikkje noko særleg, men det er ikkje Frisch sin feil...
    For nokre bokseriar er det kjempeviktig at rekkefølga er "rett". Men dersom det ikkje er absolutt nødvendig for å forstå samanhengar og framdrift, ser eg ingen grunn til å følgja kronologien.
    Håpar og trur at det vert mange fine lesestunder i sommar for oss alle!

    SvarSlett
  3. Masse fine bøker her. Av disse har jeg tenkt å lese Inferno og Mengele Zoo.:) Ha en fin helg.:)

    SvarSlett
  4. Du kan glede deg til Buzz Aldrin... av Johan Harstad (tihi!)! Johan Harstad skriv generelt godt, både Hässelby og Darlah (som var så skummel at eg fekk eit fysisk sug i magen av redsle då eg las ho) er og veldig gode bøker. Den siste gode mann har eg lese ein del av, men eg orka ikkje lese ho ferdig (men nå er eg veldig kresen, når det kjem til spenningsbøker). Det ser ut som om du har ein god lesesommar framføre deg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Johan Harstad, Johan Harstad, Johan Harstad. Skal prøva å hugsa rett namn heretter ;-)

      Slett
  5. Fint bilde på slutten, og en fin leseliste for sommeren! Sigrid-trilogien har jeg stående (eller snarere liggende) i hyllen, men den satser jeg på blir lest i løpet av høsten.

    SvarSlett
  6. Så mange flott bøker du skal lese i sommer, noen er på listen min allerede og noen må jeg notere meg ser jeg. Du har en fin lesesommer foran deg i hvertfall. Ha en fin søndag:)

    SvarSlett
  7. Så fin leseliste, og mange gode tips. Hyggelig at du ble med på blogghopp :-)

    SvarSlett
  8. De tre øverste er i alle fall knallbra. Tror jeg skal bestemme meg for å lese Den mørke porten etter ferien, sånn bare for å vise at jeg har blitt mye flinkere å lese nynorsk. Din blogg er i alle fall ikke noe problem å lese :) Takk for fine tips!

    SvarSlett
  9. Flott leseliste!! Gled deg til "Drømmehjerte", den er helt fantastisk :)

    SvarSlett
  10. Nydelige bilder og flotte boktips! Jeg er enig i at varme sommerdage ikke egner seg så godt til "tung" litteratur. Nesbøs siste er i alle fall en sikker vinner. Det virker som om "Politi" skal samleses av hele Norge i sommer :) Kos deg med bøkene!

    SvarSlett
  11. Eg òg byrjar å bli mektig lei av all reklamen for "Politi". Ja, eg skal lese boka, og Nesbø er dyktig, men det er fleire forfattar som gir ut bøker òg. Uansett, eg òg skal lese den, go "åpne sår" og "mørke rom" er det berre å glede seg til!! Du må ha ein heilt fantastisk somar!! :)

    SvarSlett