11. januar 2023

Dikt og slikt: Mor og far i snødrivene

Vekas dikt er skrive av ein av favorittforfattarane mine.
Då Edvard Hoem debuterte i 1969 var det med ei diktsamling, Som grønne musikantar. Men som dei fleste veit inneheld forfattarskapet hans fleire ulike sjangrar: Hoem er både romanforfattar, dramatikar, salmediktar, gjendiktar, oversetjar, biograf og altså lyrikar.


Diktet nedanfor treng ingen forklaring. Alle som har barn og alle som har vore barn forstår kva det handlar om. 

Mor og far i snødrivene

Når eg vaknar midt på natta
og tenker på kvar barna mine er,
ser eg, som i eit glimt
mor og far i snødrivene
på ein gardsveg i Romsdal
for lenge sidan.
Mor trakkar i snø til midt på leggen.
Vegen har blåse til,
og far går som alltid etter henne,
med hatten på skrå og hardt trykt ned,
så ikkje vind og fokk skal reise med han.

Eg minnest berre ansikta og snøen
som kom på tvers, 
og vinden
la snødriver over vegen. 
Dei fekk utført
sine ærend 
i Molde og kom heim, det vart jul.
Alt det der er borte.

Men etter mange år og midt på natta
vaknar eg og tenker på kvar barna mine er.
No er eg sjølv ein mann i frakk
ein mann i snødrivene, ein mann i skumring,
som berre så vidt blir lyst opp
ein vinterkveld i eit nytt tusenår.
Men om natta blir eg ei trollkjerring
som undrast på kvar barna mine er
og syng ein lågmælt voggesong
dei ikkje kan høyre.
For eg drog bort frå mor og far,
og dei stod att i snødrivene.
Mine barn er reist til sine vinternetter,
slik eg ein gong drog ut.

Eg skal ikkje ut i verda
for å finne meg eit solrikt paradis.
Eg lengtar ikkje etter barndomsåra
og ikkje til eit jordisk himmelrike.
Eg ønsker berre at det skal falle snø
slik at barna våre ser oss da,
dei kjære ser oss da,
som i eit glimt, medan vi går mot mørkret
i fokk og vind, i fokk og vind.

                                            Frå samlinga Ute, langt der ute (Oktober 2021)

Eg legg diktet inn som eit bidrag til Anita sin diktlesesirkel i kategorien "norske favoritter".

I fjor haust var Ine Hoem rundt omkring på turne saman med far sin. Då delte ho denne videoen på Facebooksida si:

12 kommentarer:

  1. Hei, så fint:) Kom på at jeg ikke rakk å kommentere på ditt forrige dikt-innlegg før det gikk i glemmeboka.
    Blir du med i diktsirkelen? Dette av Hoem passer jo fint inn i Norske favoritter.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg hadde ikkje sett oppsettet med årets kategorier, men det er klart: dette diktet er blant mine norske favorittliste. Eg oppdaterer innlegget og lagar lenke.

      Slett
    2. *favorittdikt* skulle det vera, ikkje favorittliste. Telefon og autokorrektur, du veit..

      Slett
    3. Så bra Berit:) Legger det inn i fanen for 2023.

      Slett
  2. Så fint et dikt, lest av forfatteren selv. Det likte jeg ❤️

    SvarSlett
  3. Jeg leste diktet halvhøyt for meg selv, det ble ganske fint :) Flott favorittdikter, jeg har lest romanene til Hoem, men ikke tenkt over at han skriver dikt også.
    Gøy at du er med i diktlesesirkelen, du greier vel å tilpasse Dikt og slikt til de seks kategoriene :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så fint at du likte det! Og det bør lesast høgt eller halvhøgt. Då oppdagar ein at sjølv om det ikkje går på rim er det veldig rytmisk. Godt gjort, tenker eg.

      Slett
  4. Veldig flott dikt! Jeg har lest alle bøkene hans, men ikke diktbøkene. Men har sett og hørt han live lese dikt, han har så flott stemme. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg skulle gjerne ha opplevd Edvard (og Ine) Hoem live. Flinke folk!

      Slett
  5. Utrolig fint dikt. Husker ennå den første boka jeg lest av han, Mors og fars historie. Den gjorde et stort inntrykk på meg. Jeg låner mye bøker, men alle bøkene jeg har lest av han har jeg kjøpt. Da er de lett tilgjengelig om jeg vil lese de om igjen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig enig. Eg og likte godt Mors og fars historie - og alle dei andre bøkene hans.

      Slett