27. mai 2013

Bokomtale: Blodtåke av Thomas Enger


Lydbokforlaget 2013
Opplesar: Christoffer Staib
Speletid: 9 t 50 min

Blodtåke er den tredje boka (av seks) i serien med den brannskadde journalisten Henning Juul i hovudrolla. I fyrste bok vart me kjende med den tragiske bakgrunnen hans; etter ein påsett brann der sonen Jonas omkom, er Henning skada både inni og utanpå. Men han har kjempa seg attende til eit tilnærma normalt arbeidsliv som krimreporter i ei nettavis.

Blodtåke I denne boka handlar det om
 - Trine Juul-Osmundsen, justisminister og Henning Juul si syster, som vert beskulda for seksuell trakassering mot ein ung mannleg partikollega. Hysteriet er eit faktum når heile medieverda går inn i blodtåka.
  - Ei eldre kvinne vert brutalt drept og skjenda på ein sjukeheim. Kort tid etter vert ei yngre kvinne funnen drepen i heimen sin. Etterforskarane mistenkjer ein samanheng og at den skuldige har vore ute etter hemn.
  - Henning Juul rapporterer om sakene og etterforskar på eiga hand. Samstundes føler han at han lyt engasjera seg i saka om systera Trine, sjølv om dei ikkje har hatt kontakt på årevis.

Blodtåke er utan dei store overraskingane og ikkje så intenst spennande. Eg opplevde det meste av handlinga som liksomdramatisk. Den fyrste boka i serien, Skinndød, vart eg veldig begeistra for, men oppfølgjaren Fantomsmerte var litt nedtur for meg. Dessverre ser nedturen til å fortsetja, - for eg ser på Blodtåke som den svakaste hittil. Likevel kjem eg truleg til å lesa dei neste bøkene i serien, fordi eg er spent på korleis forfattaren kjem til å nøsta opp i hovudplottet; Henning Juul si private tragedie.

Eg har lytta til lydboka, - Christoffer Staib gjer ein OK jobb som opplesar. Blodtåke er ei heilt grei krimbok, godt komponert med ei hovudhistorie og fleire parallelle historiar. Men historia er for lite spennande og løysinga for enkel. Konkluderer med ein svak firar på terningen.

1 kommentar:

  1. Med Thomas Enger ser det ut som jeg har gått glipp av begynnelsen. Jeg har bare lest Blodtåke. Skjønte jo ut i fra Henning Juuls historie at der var flere bøker før, men jeg likte den godt allikevel.

    SvarSlett