9. januar 2014

Bokbloggerprisen 2013 - mine nominerte

Eg har lest i alt 26 bøker som kunne vera aktuelle for nominasjon til Bokbloggerprisen 2013, 21 i klassen for skjønnlitteratur - 19 av desse innan krimsjangeren - og 5 i såkalla open klasse.

Etter å ha diskutert litt att og fram med meg sjølv, kom eg fram til dei bøkene som skulle nominerast. Eg hadde i utgangspunktet 7 klare favorittar innan skjønnlitteratur, men så har eg no - heilt på tampen - lest ei knakande god krimbok (Det henger en engel alene i skogen) som eg sterkt vurderte å nominera - men då måtte ei av dei andre bøkene veljast vekk, og nettopp det vart (for) vanskeleg. Eg valde til slutt å halda på "mine sju", sidan eg berre så vidt vart ferdig med den nemnde boka før fristen gjekk ut.

Eg har nominert berre 3 stk. i open klasse. Dei andre eg har lest held ikkje mål i denne samanhengen.

Dei nominerte er.
(Alfabetisk rekkefølge, samt ei kort grunngjeving)

Skjønnlitteratur - Årets norske roman inkl. krim
  • Brekke, Jørgen: Menneskets natur (Gyldendal)
    Ein annleis komponert og utfordrande kriminalroman; ukronologisk og med ulike forteljarstemmer.
  • Flatland, Helga: Det finnes ingen helhet (Aschehoug)
    Om sorg og forsoning. Avslutninga av trilogien er god og held like høg kvalitet som forventa.
  • Nesbø, Jo: Politi (Aschehoug)
    Har fått (meir enn) nok PR tidlegare, men eg er Harry Hole-fan og boka er god!
  • Nygårdshaug, Gert: Pergamentet (Cappelen Damm)
    Kodekrim på høgt nivå og eit gledeleg gjensyn med Fredric Drum.
  • Renberg, Tore: Vi ses i morgen (Oktober)
    Eit sjarmerande og heidundrande møte med heil-, halv- og u-kriminelle stavangerfolk.
  • Sørensen, Roar: Smertens aveny (Commentum)
    Forfattaren er betre kjend som nettdebattant og -kverulant, men har altså skrive ein kriminalroman som er mykje, mykje meir enn ei krimbok. Sterkt, samfunnskritisk og med eit godt språk.
  • Wiik, Øystein: Casanovasyndromet (Aschehoug)
    Ellevill og fantastisk underhaldande operakrim.

Open klasse - sakprosa, lyrikk, barne- og ungdomslitteratur m.m.
  • Færseth, John - KonspiraNorge (Humanist forlag)
    Underhaldande, klokt og skremmande om ymse konspirasjonsteoriar og framveksten av desse.
  • Kalvø, Are: Ny grunnlov (Samlaget)
    Basert på TV-serien "Riksforsamlinga". Ironisk, friskt og med bra humrefaktor.
  • Tjomlid, Gunnar: Placebodefekten (Humanist)
    Morosamt og opplysande om kvifor tullemedisin virkar som den virkar - eller ikkje virkar.

Eg er veldig spent på kva bøker som kjem på lang- og kortlistene. Ein kan jo håpa på ein del krimbøker som eg enno ikkje har lest ;-) - men eg veit at mange av mine medbokbloggarar er heller skeptiske/negative til denne sjangeren. På same måte som eg er skeptisk/negativ til fantasylitteratur og slikt. Uansett - prosessen fram til at dei endelege prisvinnarane vert klare, kjem til å bli spennande og interessant å følgja med på, og eg skal muligens bruka litt tid til å lesa bøker som ligg utanfor komfortsona mi.

Les også:
Førebuingar til Bokbloggerprisen 2013

8 kommentarer:

  1. Det var ei solid og godt begrunne liste Berit.
    Har kun lest Renberg av de du nevner, men er nysgjerrig på både Brekke og Sørensen, Smertens Aveny blir forhåpentligvis lest i løpet av 2014, må bare få tak i førsteboka først, kronologi, kronologi - og mest fordi jeg er lurer sånn på om Sørensen skriver like potent som han bjeffer. Leste mi første Nygårdshaugbok i desember - og er nå på nr.3 - drum2. Yep, kronologi. kronologi.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg lovar deg - du kjem til å bli imponert og overraska over Sørensen.
      Når det gjeld kronologi: Nygårdshaug har sagt at serien om Drum ikkje er ein serie, men ein sirkel; den siste boka, Rødsonen, går på ein måte for seg i tida FØR Honningkrukken. Og reint kronologisk går handlinga i den aller nyaste, Pergamentet, føre seg mellom bok nr 9 Alle orkaners mor og bok nr 10 Rødsonen. Så altså: Det er ikkje alltid kronologi betyr det same som system.

      Slett
  2. Artig liste, jeg regnet med at det ville bli mye krim hos deg siden du leser så mye av det. Du har flere av mine krimfavoritter på lista di, som Casanovasyndromet, Menneskets natur, Smertens aveny, Pergamentet, samt den du vurderte; Det henger en engel.. Tro meg de sto på lista mi mens jeg vurderte de syv.;) Samt en krim til, Hevneren. Hvilke av disse jeg valgte har jeg valgt å holde hemmelig, da jeg offentligjorde kun fire av mine syv, de fire som var mine absolutte favoritter i tetskiktet. Enig med deg at det var vanskelig, goldt på som deg, la til, trakk fra, vinglet på sisteplassen--

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ikkje så enkelt å bestemma seg når ein har såpass mange å velja mellom..
      Sjølv held meg til det eg kan, altså krim ;-)

      Slett
  3. Jeg har lest 5 av dine bøker, og nominert både Helga Flatland sin, og Smertens aveny. Ses i morgen ville jeg gjerne unnvært, meg jeg har lest mange gode omtaler av den, så jeg skjønner at det bare er meg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Trur sikkert Flatland si bok "kjem vidare" - ho bør i alle fall det. Kanskje Sørensen si også; boka har gjort inntrykk på oss som faktisk har lest denne.
      Dette blir artig og spennande - håpar eg :-)

      Slett
    2. Flatlands bok har jeg liggende på vent. En av de ikke rakk å lese.. har ikke elst de to andre i trilogien hennes heller.

      Slett
    3. Då har du nokre fine leseopplevingar å sjå fram til :-)

      Slett