2. juni 2019

Bokomtale: Eremittedderkoppen av Fred Vargas

Aschehoug 2019
456 sider

Lånt papirbok biblioteket

Fyrst: Eg har edderkoppskrekk. Såpass alvorleg at eg truleg har araknofobi. Ikkje noko anna levande vesen får meg til å mista fatningen. Løver og tigrar, ulv og isbjørn? Pytt-pytt. Eg er ikkje så glad i veps og ormar heller, men det er kun edderkoppar som kan gje meg panikk. Eg tykkjer til og med at det er ubehageleg med bilete av edderkoppar - så medan eg har lest denne boka har eg passa på at framsida vender nedover slik at eg slepp å sjå på det ekle dyret. Eg er fullstendig klar over at ei slik frykt er irrasjonell. I Noreg finst det ikkje farlege edderkoppar.

Eremittedderkoppen derimot - som held til i fjernare himmelstrøk - den er giftig! Men er den så giftig at han kan ta livet av folk? Neppe. Jean-Baptiste Adamsberg trur heller ikkje det. Så når tre gamle menneske ser ut til å ha døydd av edderkoppforgiftning, trur etterforskaren at det handlar om drap. Men for ein gongs skuld får Adamsberg problem med å overtyda medarbeidarane sine om at det er ei sak som bør etterforskast.

Handlinga i Eremittedderkoppen tek til omlag der den forrige Istider slutta - då me forlot Adamsberg på Island. I starten av denne boka vender han tilbake til Kriminalvakten i Paris, tilsynelatande endå meir åndsfråverande enn vanleg. Den fyrste saka han involverer seg i løyser seg ganske kjapt - men undervegs oppdagar han altså desse gamlingane som er døde av edderkoppbitt. Det er meir enn mystisk, for gifta frå eremittedderkoppen er då langt nær sterk nok til å ta livet av eit menneske? Trass i motstand, særleg frå adjutant Danglard, set Adamsberg i gang med ei heller uoffisiell gransking.

Fred Vargas har eit heilt spesielt elegant språk, skriv om heilt spesielle karakterar og konstruerar heilt spesielle plott. Bøkene hennar er då også heilt spesielle, prega av forteljarglede og frodig fantasi. Ho har ein miks av alvor og humor som er unik - og eg elskar karakterane hennar. Desse personane har sine sterke og svake sider og varierte opplevingar og utfordringar: Danglard, som er fembarnsfar, svak for kvitvin og med leksikonhjerne. Veyrenc, med raude striper i håret etter ei traumatisk ungdomsoppleving. Retancourt, som er kjempediger og stødig som eit fjell, både fysisk og mentalt. Froissy, som har matlager på kontoret og diskar opp med dei nydelegste rettar. Katten Nøstet, som bur på kopimaskina (utan løyve) og som må bærast på plass når han skal ha mat. Og Adamsberg sjølv, som har to ur på armen som ikkje virkar, som går rundt i "tåkehavet" med "gassbobler" av uferdige tankar, - men som av den grunn også ser vidare og klårare enn dei fleste.

Som alltid når det gjeld Fred Vargas sine bøker er miljøskildringane gode og personskildringane treffsikre. Dei uortodokse etterforskingsmetodane og dynamikken mellom etterforskarane er elles det eg set mest pris på når det gjeld denne serien. På grunn av fobien min var eg ein smule engsteleg for at Eremittedderkoppen kunne innehalda levande skildringar av kravlande edderkoppar, men det skjer heldigvis ikkje. Det som er ubehageleg å lesa om i denne boka er på eit heilt anna plan. For vel er handlinga urealistisk og til tider surrealistisk, men motivet for myrderia som finn stad i denne forteljinga er verkelege nok. Bakgrunnen for ugjerningane er hevn og gjengjeldig etter langvarig innesperring, overgrep og omsorgssvikt.

Eremittedderkoppen er ein velskriven, handlingsrik, elegant, snirklete og underhaldande kriminalroman. Anbefalast!

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg, Bjørnebok, Heartart, Bentebing

30. mai 2019

Oppsummering mai 19

Påbyrja i april, fullført i mai:
Robert Dugoni - Min søsters grav - Amerikansk krim - Lånt ebok eBokBib
Håkan Nesser - Intrigo - Svensk krimnovellesamling - Kjøpt lydfil

Lest i mai:
Fred Vargas - Den rasende horden - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket
Yrsa Sigurdardottir - Galgen - Islandsk krim - Lånt papirbok privat
Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden - Frosten og døden - Norsk krim - eBokBib
Anders de la Motte - Vinterild - Svensk krim - Lånt lydbok biblioteket
Tore Skeie - Hvitekrist - Norsk historisk dokumentar/bio - Lånt lydbok biblioteket
Fred Vargas - Eremittedderkoppen - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Petter Northug og Jonas Forsang - Northug. Min historie - Biografi - Lyd Storytel
Lina Bengtsdotter - Francesca - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket



3 papir, 3 lyd, 2 ebøker
7 lånt, 1 kjøpt
6 krim, 1 krimnovellesamling, 1 historisk dokumentar
2 norske, 2 svenske, 2 franske, 1 islandsk, 1 amerikansk
4 menn, 5 kvinner
"Nye" forfattarar: Dugoni, Skeie

Eg les vanlegvis fleire bøker av mannlege forfattarar enn av kvinnelege. Denne månaden er det for ein gong skuld motsett: Ei bok av Yrsa, to av Vargas (som trass i namnet er ei dame) og ei av forfattarparet Kroken & Kolden (som er to damer). Ut frå terningkasta ser det ut som at eg ikkje likte Frosten og døden noko særleg, men eg gjorde egentleg det. Poenget er at eg las Kroken/Kolden parallellt med de la Motte og Vargas - og kvalitetsskilnaden vart såleis ekstra tydeleg. Terningkasta avspeglar denne skilnaden.

Dei to bøkene av Fred Vargas vart altså høgdepunkt i mai, saman med Håkan Nesser si novelle-/kortromansamling Intrigo, samt Tore Skeie si imponerande forteljing/dokumenar om Olav den heilage og hans samtid - Hvitekrist. Når eg så kan legga til at Vinterild, Galgen og Min søsters grav óg var gode leseopplevingar, vert konklusjonen at mai vart ein svært bra lesemånad. Blogginga har det vore så som så med. Sidan førre månadsoppsummering har eg kun skrive ein omtale, og i tillegg laga to samleomtalar om tilsaman ni bøker. Så - alt i alt vart det ikkje så verst likevel. 

20. mai 2019

Vårlesing del 2: Heilt kriminelt

Det vert lite blogging for tida. Våren og forsommaren fører til at ein prioriterer andre aktivitetar og gjeremål. Men eg les då ein del - og for å komma litt meir ajour her på bloggen er det greit og praktisk med samleomtalar.

Det går som vanleg mest i krim sidan eg er interessert i det - og eg skammar meg slett ikkje over at eg les mest slik litteratur. Når ein les krim lærer ein mykje, både om samfunnet og om menneskesinnet. Og det gler meg verkeleg at det finst andre som brenn for god krimlitteratur:
I den nyoppstarta podkasten Helt kriminelt set Elin Brend Bjørhei og Ellen Gustavsen Simensen fokus på mangfaldet innan kriminallitteratur og snakkar om kva krim er. Dei tek for seg aktuelle trendar og bøker og inviterer også med seg kjende krimforfattarar. Den fyrste episoden handlar om undersjangeren psykologisk thriller og er ganske interessant. Eg skal følgja med på denne podkasten framover.

Alle bøkene nedanfor er heilt kriminelle, sjølvsagt - men svært så ulike med omsyn til skrivestil og innhald. Dei seks bøkene er då også frå fem ulike nasjonar.

Livredd av S.J. Bolton

Cappelen Damm 2014
Speletid 11:58
Lydbok Storytel


Bok nummer to i serien om Lacey Flint er nifs, velskriven og svært spennande. Her befinn me oss i grenselandet mellom psykologisk thriller og etterforskarkrim. Stil- og handlingsmessig kan Bolton minna om andre britiske krimforfattarar; eg tenkjer på Val MacDermid, litt på Belinda Bauer - og muligens litt Mo Hayder. I denne boka handlar det om ein gjerningsperson som ser ut til å hypnotisera unge kvinner til å ta livet av seg - på høgst uvanlege og dramatiske måtar. Lacey Flint går undercover for å finna ut av saka.
Pluss for tempo og spenning, men handlinga elles er såpass urealistisk at Livredd ikkje når heilt opp. Men eg skal absolutt lesa meir av denne serien. Terningkast 4+.


Høstdåd av Anders de la Motte

Aschehoug 2019
543 sider
Lånt papirbok privat


Svenske de la Motte er blitt mektig populær her i landet, og det er forståeleg. Han er dyktig; skriv godt og fortel stemningsfulle historiar. I Høstdåd handlar det om venskap, oppvekstvilkår og familieforhold, og om ei tragisk hending i fortida som har fått konsekvensar for eit heilt lokalsamfunn. Det vert skifta tydeleg og forståeleg mellom tidsplan og synsvinklar.

Boka er nummer to i de la Motte sin årstidskrimserie, men er ein sjølvstendig roman. Sensommer og Vinterild er dei to andre som alt er utkomne. Den fjerde, Våroffer, kjem i 2020. Her er vakre naturskildringar, mørk stemning og truverdige karakterar. Men eg tykkjer forteljarmåten er litt seig og at boka er for lang. Det tek utruleg lang tid før den endelege oppklaringa finn stad. Terningkast 4.



Kommer alltid tilbake av Christina Erikson

Goliat 2019
393 sider
Lånt ebok eBokBib


Det finst utruleg mange kvinnelege svenske krimforfattarar - og det dukkar stadig opp nye. Dette er ein brukbar og lovande krimdebut. Boka er lettlest og har både spenning og driv. Kommer alltid tilbake er den fyrste i ein planlagd serie.

Boka handlar kort sagt om psykopati og seriemord. Hovudperson er kriminaletterforskar Elias Svenson som får bistand av ein forfattar som er ekspert på - og har erfaring med - psykopatar. Boka byr på ei nær og ubehageleg skildring av korleis ein psykopat manipulerer omgjevnadene sine.

Alt i alt ei grei krimbok som etterlet seg ein del lause trådar. Eg forventar at desse vert teke tak i ved seinare høve. Terningkast 4-.


Galgen av Yrsa Sigurðardóttir

Kagge 2019
383 sider
Lånt papirbok privat


Over til Reykjavik og Island og populære Yrsa. Ho er vanlegvis dyktig når det gjeld å skapa uhyggestemning, men eg saknar det litt i denne boka - sjølv om innhaldet forsåvdt er skummelt nok.

Eg les serien om Huldar og Freja litt ukronologisk - og det er muleg at eg har gått glipp av (eller gløymt) forhistoria mellom dei to hovudpersonane. I alle fall er det noko irriterande uavklart i forholdet mellom dei to. Huldar er altså drapsetterforskar og Freja er barnevernstilsett - og som alltid når det er barn med i biletet i ei kriminalhistorie; det er hjerteskjerande og engasjerande. Vesle Siggi sine opplevingar er dessverre ikkje uvanlege.

Galgen er ei lettlest bok med brukbart driv, i alle fall mot slutten. Innleiinga er litt treg. Terningkast 4.


Min søsters grav av Robert Dugoni

Gursli Berg 2016
453 sider

Lånt ebok eBokBib

Så skal me til USA; til ein liten småby i delstaten Washington. Forfattaren er ny for meg, men boka ga meirsmak. Min søsters grav er fyrste bok i serien om politietterforskaren Tracy Crosswhite. I den saka det vert fortalt om her vert ho ekstremt personleg engasjert: Det vert funne levningar etter ein person i eit fjellområde. Personen som er funnen viser seg å vera Tracy si syster, som forsvann for over tjue år sidan.

Boka er ein etterforskarkrim, ein advokatkrim, ei oppvekstskildring og ein thriller. Det er både spennande og engasjerande lesing, men løysinga er ein smule søkt - samstundes som eg forventa ei liknande forklaring. Avslutninga er klissete dårleg og trekker ned heilskapsinntrykket. Terningkast 4.



Den rasende horden av Fred Vargas

Aschehoug 2012
347 sider

Lånt papirbok biblioteket

Så til slutt; rosina i pølsa i dette innlegget: Franske Fred Vargas og hennar heilt spesielle etterforskarteam. Eg les serien om Jean-Baptiste Adamsberg ukronologisk - men det har lite å bety for leseopplevingane.

Fred Vargas er ein forfattar som leikar seg med krimsjangeren, ho har ein frodig fantasi og befolkar bøkene sine med dei mest absurde karakterar. Ein kan humra seg gjennom skildringane og karakteristikkane, men det finst nok eit alvor her. No har eg ikkje god  kjennskap til dei franske samfunnsforholda, men eg anar at det ligg ein kritikk av både styresmakter og politiorganisering i bøkene hennar.

I denne forteljinga får Adamsberg og medarbeidarane hans eit oppdrag på landsbygda i Normandie. Ei ung kvinne har hatt eit "syn" og blitt varsla om kommande dødsfall på konkrete personar. Det viser seg å stemma. Korleis kan dette ha seg? Vargas tek utgangspunkt i myter og segn i denne forteljinga, men har ei rasjonell (men ikkje heilt sannsynleg) forklaring på hendingane.

Den rasende horden har ein langsam skrivestil, men er både spennande, morosam og uhyre velskriven. Terningkast 5.

9. mai 2019

Vårlesing: 3 x Terningkast 5

Eit nytt skippertakinnlegg - denne gongen heilt kort om nokre gode krimbøker eg har lest i det siste. Eg ga alle desse tre terningkast 5 og dei fortener muligens ein skikkeleg og meir begrunna omtale - men eg har ikkje kapasitet til å skriva så ofte og så grundig som eg egentleg ynskjer. Vil du lesa meir om bøkene; bruk Google og finn fleire omtalar.


Kastanjemannen av Søren Sveistrup

Gyldendal 2018
507 sider
Lånt papirbok privat


Eg var lenge skeptisk til denne boka sidan ho har vore hypa så mykje, - men det synte seg at all hypen var vel fortent. Dette var skikkeleg spennande!

Ein seriedrapsmann er på ferde i København. Ofra er lemlesta på grusomt vis - og ein liten kastanjemann er lagt på åstadane som eit slags visittkort. Etterforskarane Naia Thulin og Mark Hess har fått den krevjande oppgåva med å finna ut av saka - og dei vert begge, mot sin vilje, personleg involverte.

Eg har lest liknande kriminalhistoriar med liknande antagonistar før, men eg vart likevel både engasjert og fascinert av denne. Kastanjemannen er ein godt samansydd pageturner - og eg håpar på fleire bøker om Thulin og Hess i framtida.


Gutten som elsket rådyr av Samuel Bjørk

Vigmostad Bjørke 2018
443 sider
Lånt papirbok privat


Denne "slukeboka" likte eg godt. Nervepirrande heilt frå byrjinga, skummelt og rimeleg intenst. Historia er godt oppbygd med overraskingar undervegs, og det er såleis nesten umuleg å leggja frå seg boka.

Som i Kastanjemannen handlar det også her om ein seriemordar av det mest utspekulerte slaget - ein drapsperson som etterlet seg kryptiske spor og som heile tida er i forkant av etterforskinga. Ikkje heilt truverdig heile tida altså, men som underhaldningsroman fungerer det heilt glimrande.
Bok nummer tre i serien om Holger Munch og Mia Krüger er den beste til no. Eg er spent på neste bok!


Krigernes fred av Lasse Gallefoss

Aschehoug 2018
491 sider
Lånt papirbok biblioteket


Krigernes fred er ein historisk kriminalroman som er både underhaldande og lærerik. Boka er heilt annleis enn dei to over, men har andre kvalitetar som eg set pris på. Det gjeld både språk, stemning og innhald.

Handlinga er lagt til åra rett etter andre verdenskrig. Dei mange dramatiske og tragiske hendingane frå krigens dagar kastar framleis skugge over det som skjer. Det handlar m.a. om at "gode nordmenn" ikkje alltid var så gode. Enkelte motstandsfolk var ikkje heltar; dei snudde kappa etter vinden.

Persongalleriet verkar å vera svært truverdig, det same gjeld tidsbileta og miljøskildringane. Pluss også til det heilt spesielle og "tidsriktige" omslaget; det framstiller ei avis med notatar av enkelte av episodane i boka.

4. mai 2019

Bokomtale: Den evige ilden av Ken Follett

Cappelen Damm 2017
861 sider, speletid ca. 34 timar
Kjelder: Kjøpt papirbok og lydbok Storytel

Kongen av historiske mursteinsromanar, Ken Follett, er framleis svært så aktiv - og han leverer stadig varene, til glede for oss som likar slike bøker. I denne romanen skal me attende til Kingsbridge, katedralbyen me hugsar frå dei tidlegare romanane hans Stormenes tid og I all evighet. Dei tre omfangsrike romanane er sjølvstendige og har handling frå tre ulike hundreår: I Stormenes tid vert det fortalt om 1100-talet, I all evighet har handling frå 1300-talet og i Den evige ilden handlar det om 1500-talet.

Forteljarmåten er gjenkjenneleg frå Århundretrilogien; dvs. at fokus og perspektiv er lagt til menneske som jobbar og oppheld seg nær verkelege (og mektige) historiske personar. Dette er eit grep som er vellukka etter mi meining: Ein får på den måten eit nært syn på historiske hendingar og ser maktpersonane frå ein annan synsvinkel enn det ein gjer gjennom fakta- og historiebøker.

Eg kjøpte papirboka for ei tid tilbake og var egentleg mest innstilt på å "lesa sjølv", men kom aldri i gang sidan boka er så tjukk. Då ho så vart tilgjengeleg som lydbok på Storytel, valde eg å starta på boka som lydbok - og eg har lest størstedelen av boka på den måten. Nils Ole Oftebro er ein god opplesar av slike store verk.

Forteljinga tek til i året 1558, ei uroleg og omskifteleg tid i England og resten av Europa. England er katolsk (igjen) og på trona sit den nest siste av regentane innan Tudordynastiet, Maria I. (Ho skulle seinare få tilnamnet Bloody Mary - "den blodige" - fordi ho fekk henretta så mange av sine religiøse og politiske motstandarar.) Ektemaken hennar er Filip II av Spania (som tretti år seinare sender armadaen sin mot Elizabeth I). I Frankrike regjerer Henrik II, som førebur seg på bryllaup mellom sonen (dauphinen) Frans (14 år) og ei anna Maria; Maria Stuart (16 år). At kongelege og adelege barn vart brukte som brikker i maktpolitiske og utanrikspolitiske spel var heilt vanleg på denne tida. Arrangerte ekteskap vart sett på som både naturleg og fornuftig.

Maria Tudor døyr i 1558 og året etter døyr Henrik II av Frankrike. Tida rundt ein regent sitt dødsfall er kaotisk og potensielt farleg for ein nasjon fordi alliansane og maktforholda er i endring. I England er arverekkefølga uklar, men det er den unge prinsesse Elisabeth som vert peika ut som ny regent. Det er kontroversielt, for Elisabeth er som sin far, Henrik VIII, protestant - men ho er i prinsippet tilhengar av religionsfridom. Den katolske Maria Stuart er på eit tidspunkt dronning av både Frankrike og Skottland, men den unge og sjukelege kong Frans II døyr etter kort tid. Ho returnerer til Skottland med ambisjonar om å ta makta både der og i England. Mektige katolske krefter ser nemleg på Maria Stuart som rettmessig arving til den engelske trona. Både Elizabeth I og Maria Stuart hadde mektige vener - men også mektige og revansjelystne fiendar.

Den mest sentrale (fiktive) hovudpersonen er Ned Willard. Me møter han innleiingsvis som ein aldrande mann som tenkjer tilbake på eit hendingsrikt liv. Store deler av livet sitt er han etterretningsagent for dronning Elizabeth I. Ned høyrer til ein protestantisk familie medan hans store kjærleik, Margery Fitzgerald, tilhøyrer ein katolsk. Dei mest sentrale handlingstrådane i boka er striden og maktkampen mellom reformistar og katolikkar, rivaliseringa mellom og rundt dronning Elizabeth I og Maria Stuart, samt det vanskelege kjærleiksforholdet mellom Ned og Margery. Når det gjeld dette siste er Follett litt klissete og kjem med sine sedvanlege kleine erotiske skildringar, men på den andre sida er det greitt med visse avbrekk i all dramatikken og brutaliteten som det elles vert fortalt om.

Fremst i boka får ein ei fem siders personoversikt. Det er svært nyttig, for Follett har fylt forteljinga med eit utal personar, både fiktive og historiske. Takka vere oversikten er det likevel ganske greit å halda brikkene, familiane, personane og intrigane frå kvarandre. Follett fortel om ulike kjende historiske hendingar som fann stad i Frankrike og England, t.d. Bartolomeusnatten, massakren i Vassy, Den spanske armada og Guy Fawkes og kruttsamansvergelsen. Me får også glimt frå andre stader i verda, som Spania og "Den nye verden"; Amerika.

Romanar og dokumentarar, samt filmar og TV-seriar frå denne tidsperioden (1500-talet) er svært populære; eksempelvis bøkene til Philippa Gregory, C.J. Sansom og Hilary Mantel, biografiane til Richard Herrmann og TV-seriane Wolf Hall og The Tudors. I desse dagar går ein ny film; "Mary, Queen of Scots" på norske kinoar. Den handlar også om Maria Stuart og Elizabeth.

Til sist var det Elizabeth som "vann" maktkampen i og med at Maria Stuart mista hovudet sitt etter nitten år i fangenskap. I ettertid kan ein imidlertid sei at det var Maria som sigra - for den som overtok trona etter Elizabeth var Maria sin son; James I, den fyrste frå kongehuset Stuart.

Personskildringane er ikkje heilt vellukka heile tida. "Dei snille" er gjerne sterke, vakre og kloke, "dei slemme" er ondskapsfulle, sleipe og dumme. Men dei mest sentrale karakterane i denne forteljinga får ein sjå frå ulike sider. Follett skildrar ofte folk, særleg kvinner, ut frå korleis dei ser ut. Han er svært opptatt av yppige kvinnelege former - men eg vel å ikkje leggja særleg vekt på dette utslaget av mannssjåvinisme. Andre deler av boka veg opp.

Den evige ilden er nemleg ei velskriven, grundig, fargerik og interessant bok. Eg er imponert over den historiske detaljrikdommen som vert vist og av det researcharbeidet Follett må ha hatt i forkant av skrivinga. Han får tydeleg fram at alle saker har fleire sider og at religiøs fanatisme er farleg, uansett. Ein kan lett dra paralellar til dagens internasjonale situasjon, der folk flyktar frå forfølging pga. religion og tru. Sjølv i dag finst det menneske som slaktar og massakrerer andre menneske, med det ein kan kalla religiøs grunngjeving. Forfattaren er, som dronning Elizabeth I var - og som hovudperson Ned Willard i boka er - tilhengar av toleranse for andre meiningar og respekt for andre menneske. Djupast sett er dette med toleranse og respekt sjølve moralen i denne romanen.

30. april 2019

Oppsummering april 2019

Påbyrja i mars, fullført i april:
Peter May - Ualminnelige mennesker - Britisk krim - Lånt ebok eBokBib
Ken Follett - Den evige ilden - Britisk historisk roman - Kjøpt papirbok + lydbok Storytel

Lest i april:
Lasse Gallefoss - Krigernes fred - Norsk historisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Jørgen Jæger - Ikke et lik for mye - Norske krimnoveller - Lånt papirbok biblioteket
Christina Erikson - Kommer alltid tilbake - Svensk krim - Lånt ebok eBokBib
Samuel Bjørk - Mannen som elsket rådyr - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Odd Børretzen - Barndom - Norsk biografi/erindring - Lydbok Storytel
Søren Sveistrup - Kastanjemannen - Dansk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Robert Dugoni - Min søsters grav - Amerikansk krim - Lånt ebok eBokBib
Håkan Nesser - Intrigo - Novellesamling - Kjøpt lydfil


4 papir, 1 lyd, 1 papir + lyd, 2 ebøker
6 lånt, 2 abonnement, 1 kjøpt
6 krim, 1 historisk roman, 1 erindring/biografi
4 norske, 2 britiske, 1 svensk, 1 dansk
7 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Gallefoss, Erikson, Sveistrup

Eg er inne i ein særs god leseperiode! Åtte leste bøker er rekord for året - og av dei åtte er det faktisk fem femmarar. Spesielt nøgd med at to av dei "nye" (Gallefoss, Sveistrup) var så bra. Krimsamleomtale kjem seinare.

28. april 2019

Biolesesirkel: Odd Børretzen - Barndom

Cappelen Damm 2004
Speletid 4:42
Lydbok Storytel

Lydboka Barndom består av to små bøker; Min barndoms verden og Kristian Kvart og jeg, fyrste gong utgitt i hhv 1997 og 1998. Det var både hyggeleg og nostalgisk å høyra forfattaren sjølv lesa. Børretzen hadde ein heilt spesiell stil som kjem tydlegast fram når ein lyttar til stemma hans.

Dette blir ein svært kort omtale av to korte, men gode bøker. Det er ikkje så lett å få formidla kor fine dei er. Men altså - har du Storytel-abonnement - last ned Barndom og få ei humrande god leseoppleving!

Eg har høyrt boka i samband med Moshonista sin biolesesirkel, som denne månaden har tema Funny. Barndom er ikkje "funny" i tydinga latter og gapskratt, men det er absolutt ei underfundig og humoristisk bok, med skråblikk og naivt undrande betraktningar. Boka er heller ingen sjølvbiografi i tradisjonell forstand, men ei erindringsbok der ein får eit innblikk i ein avgrensa del av livet til forfattaren, samt nokre gode tidsbilete frå ei svunnen tid.

I Min barndoms verden fortel Børretzen om tidlege barndomsminner frå oppveksten på Grorud i Oslo. "Barndommens verden" er ikkje så stor for nokon av oss, og det var den heller ikkje for vesle Odd. Han var ein tenksam og litt engsteleg liten gut, full av fantasi og spørsmål. Børretzen var fødd i 1926, så han vaks opp i "dei harde tredveåra". Han og familien leid inga naud, men ein kan heller ikkje sei at han hadde noko priviligert oppvekst.

I Kristian Kvart og jeg fortel Odd Børretzen om ungdomstid og pubertet. Han fortel om krigen og om ein ny kvardag der alt var farleg, om knappheit på materielle ting, men der fantasien blomstra. Og aller mest opptatt var den unge Odd av damer. Han var (som dei fleste pubertetsgutar, vil eg tru) veldig opptatt av det andre kjønn, men var samstudes så sjenert og redd at han lenge måtte nøya seg med å sjå på og fantasera om damene.

Odd Børretzen hadde ein unik formidlingsevne, han kunne vera både treffande, reflekterande og herleg sjølvironisk.
Børretzen døydde i 2012, nær 86 år gammal. Han fekk eit langt og innhaldsrikt liv og heldt konsertar, ga ut bøker og spelte inn plater til nesten siste stund.

 Søndag er "smakebit-dag" på bloggen Flukten fra virkeligheten. Her er ein liten smakebit frå Min barndoms verden:


16. april 2019

Favorittforfattarar: U og V

Då var det på tide å halda fram med den alfabetiske gjennomgangen av favorittforfattarane mine. Når det gjeld U og V var det ikkje så mange å velja i - men eg har plukka ut to dyktige kvinnelege forfattarar - ei for kvar bokstav.


Foto: Aschehoug.no

Unni Lindell

Norsk forfattar og journalist f. 1957.

Svært produktiv og populær og mest kjent som kriminalforfattar. Lindell er dama bak krimheltane Cato Isaksen og Marian Dahle - og det sjarmerande vesle spøkelset Nifse Nella. Samt ein heil del andre interessante folk og dyr (som katten Knut). Barnesitatbøkene hennar er også svært populære.

Unni Lindell fekk Rivertonprisen i 1999 for Drømmefangeren og fekk prisen på nytt no i år for Dronen

Eg tykkjer krimromanane til Lindell er fascinerande lesing. Ho tek ofte utgangspunkt i vanlege menneske med vanlege liv som opplever noko ekstraordinært - og får det gjerne til å bli skikkeleg skummelt.

Foto: Aschehoug.no

Vera Henriksen

Norsk forfattar 1927 - 2016.

Produktiv og populær var også Vera Henriksen.
Forfattarskapet hennar har betydd mykje for meg personleg. Då eg var ung las eg mange av dei historiske romanane hennar, noko som førte til at eg vart skikkeleg interessert i den sjangeren. Då eg gjenlas Sigrid-trilogien og Bent Jonsson-serien for eit par-tre år sidan var det på nytt store leseopplevingar for meg.

Henriksen sine forteljingar er fengslande fyrst og fremst fordi dei er så historisk korrekte, men også fordi ho var så dyktig i formidlinga av det tidlause, det mellommenneskelege og det allmenngyldige.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Omsider nærmar eg meg slutten av den alfabetiske gjennomgangen - og det har sanneleg teke si tid. Slik er det når ein ikkje har ein tidsfrist å forhalda seg til. Bokstaven W hoppar eg over. Eg er klar over at det finst forfattarar på den bokstaven også, men ingen av dei passar inn for meg her i denne spalta. Og det finst vel knapt forfattarar (eller andre) med namn som byrjar på bokstavane X, Z og Æ, så dei kjem eg også til å droppa.
I neste avsnitt - det nest siste - kjem ein presentasjon av ein forfattar på Y og ein på Ø. I det siste innlegget kjem to forfattarar på Å samt ein oppsummering av dette "prosjektet".

9. april 2019

Kort om: Ualminnelige mennesker av Peter May

Goliat forlag 2019
361 sider
Lånt ebok eBokBib


Peter May og Goliat forlag har hatt stor suksess her i landet med Lewis-trilogien, og i kjølvatnet av det har forlaget no gitt ut den fyrste boka i serien Enzo-filene; Ualminnelige mennesker, - men det spørs om dette blir like suksessfylt. Eg tvilar på det. Denne boka er nemleg heilt, heilt! annleis enn Svarthuset, Lewismannen og Lewisbrikkene. Medan Lewis-trilogien var prega av det tankefulle og melankolske, er stilen i denne boka leiken, konspiratorisk og humoristisk. Dette forvirra og forundra meg i byrjinga, sidan eg forventa noko anna.

Peter May viser seg altså frå ei ny side denne gongen. Mesteparten av handlinga er, som ein kan sjå på omslaget, lagt til Paris. Det handlar om eit cold case-oppdrag som hovudpersonen, kriminalteknikar og biologiprofessor Enzo Macleod, freistar å finna ut av. Litt kodekrim-aktig, i stil med Dan Brown og Tom Egeland, men Enzo manglar Robert Langdon sin geniale hjerne og Bjørn Beltø sin sjarm.

Plottet er snedig og fiffig, men svært så oppkonstruert: For ti år sidan forsvann læraren Jacques Gaillard sporlaust. Den uoppklarte forsvinningssaka vert sett på som uhyre komplisert og Enzo inngår eit veddemål om at han skal klara å løysa saka. Enzo knyter til seg personar, deriblant ei mystisk og vakker kvinne, og dannar ei alternativ etterforskingsgruppe. Og faktisk; relativt raskt finn gruppa avgjerande spor - og faktisk; ein liten, men vesentleg del av Gaillard - nemleg hovudet hans. Hovudskallen ligg i ein kasse saman med ulike gjenstandar som så fører til neste funn - og neste kroppsdel. Og slik held det fram, med ulike absurde forviklingar og groteske funn. Ein kan hevda at det er noko pussig at det meste av etterforskinga vert gjort ved hjelp av Google og internett, og berre delvis ved hjelp av Enzo sin rettsmedisinske bakgrunn. Det endelege oppgjeret finn stad i dei skumle katakombene under Paris sine gater.

Kulissane i historia er elles stort sett dei parisiske gatene og meir eller mindre kjende parisiske bygningar, men ein får også nokre glimt frå vingardar og andre stader på den franske landsbygda. Forfattaren strør om seg med franske stadnamn og franske ord og uttrykk, noko som er litt slitsamt og irriterande å lesa for meg som ikkje kan det franske språket.

Konklusjonen min er at Ualminnelige mennesker er ein grei underhaldningsroman med ein litt rar blanding av humor og alvor. Dei kompliserte familieforholda og kjæresteforviklingane er noko karikerte - og eg må i tillegg advara mot ein pinleg dårleg sexscene. Den må berre skumlesast, eventuelt hoppast over.

Om eg kjem til å lesa neste bok i serien? Jo da, eg trur det. Sidan eg no er førebudd på stil og innhald skal det gå greit.

Andre bloggmeiningar: Bentebing, Leselukke
Boktrailer

5. april 2019

Gule bøker. Påskekrimtips 2019

Det nærmar seg påske og aviser/nettstader/bloggar fløymer nesten over av krimboktips. Det er flott, tykkjer eg, for det kjem ut vanvittig mykje bra krim (samt ein del som ikkje er så bra..) Hittil i år har eg omtrent ikkje lese noko anna enn krim og spenning - men eg har framleis massevis av nye krimbøker på vent.

Smaken er som kjent som baken, også blant krimelskarar: Nokre vil ha langsam psykologisk uhygge, andre vil ha action og full fart. Nokre vil lesa snill og enkel krim, andre vil ha utfordrande og raffinerte tekstar. Nokre likar skjærgårdskrim og andre likar urban noir. Nokre vil ha overnaturlege grøss, andre vil ha samfunnskritisk realisme. Men felles for oss alle (som les krim) er vel at me vil lesa noko som kan gi oss ei flukt frå røyndommen; noko som kan opplevast som spennande og underhaldande og som samstundes inneheld velkjende krimlitterære formlar og klisjéar.

Eg gjer ein liten vri med tipsa mine - og håpar dei kan passa for folk med ulik krimsmak. Bøkene eg har plukka ut i dette innlegget er gule, dvs. at omslaget inneheld (eller har eit lite skjær av) gulfarge. Her er bøker eg har lest og likt, men også bøker som eg har på vent og ser fram til å lesa. Alle er utgitt i 2018 og 2019, og dei fleste er norske og svenske. Rekkefølga er tilfeldig.


Dronen av Unni Lindell
Årets Rivertonvinnar - og det er fortent. Lindell er knallgod på stemningsskildingar og spenningsoppbygging. Dronen er ein velskriven og stillfaren pageturner, perfekt som påskelesing.

Korset av Ingar Johnsrud
Burde etter mi meining óg ha vore nominert til Rivertonprisen. Kjempebra avslutning av trilogien med skiftande tempo, uforutsigbare hendingar og ein heilt spesiell hovudperson.

Gutten som elsket rådyr av Samuel Bjørk
Denne var Riverton-nominert. Eg har boka liggjande på nattbordet mitt og reknar med å ta til på den ganske snart. Dei to fyrste i serien var bra og denne siste har fått usedvanleg gode kritikkar.

1793 av Niklas Natt och Dag
Særdeles velskriven og sterk bok frå mannen med det spesielle namnet. Ein brutal og fengslande historisk kriminalroman.


Paradisets hjerte av Roar Sørensen
Leiken og sprudlande med alvorlege undertonar, handling frå Filippinene. Den fjerde boka i Stingo-serien kan godt lesast åleine då den ikkje byggjer spesielt mykje på dei føregåande.

En grav for to av Anne Holt
Handling frå langrennsmiljø, den fyrste i ny serie og ein introduksjon til eit spennande etterforskarpar. Holt har lang røynsle i krimfaget og held stadig koken.

Tre timer av Anders Roslund
Det svenske forfattarparet er halvert av naturlege og triste årsaker, men Roslund leverer varene åleine. Intens spenning, truverdige karakterar og aktuell tematikk.

Bristepunktet av Belinda Bauer
Ikkje lest enno, men den står høgt på ynskjelista mi. Nominert til Bookerprisen, noko som bør bety kvalitet. Denne boka er både smart, stilig og skarp, vert det sagt.


De venstrehendtes forening av Håkan Nesser
Nesser har ikkje falma med åra. Det har heller ikkje krimheltane hans, Van Veeteren og Barbarotti, gjort. I denne boka møtest dei to når ei gammal drapssak skal oppklarast. Stor underhaldning og skrivekunst på høgt nivå.

Coffin Road av Peter May
Ikkje på langt nær så bra som Lewistrilogien, men slett ikkje dårleg. Fine natur- og miljøskildringar, og handlinga er då også lagt til fascinerande Hebridene.

Koke bjørn av Mikael Niemi
Ikkje lest, men ut frå omtalar har eg stooore forventningar. Historisk krim og sanselege skildringar høyrest forlokkande ut. Står på venteliste til lydbok.

Kastanjemannen av Søren Sveistrup
Heller ikkje lest, men den er nyleg henta på biblioteket. Har ikkje lest noko av denne danske forfattaren tidlegare. Boka har fått mykje merksemd og skal vera god. Mykje tyder på at dette vert påskelesing for meg.

Motiv X av Stefan Ahnhem
Den gulaste boka i dette innlegget har eg heller ikkje lest enno. Har fått mykje ros, og eg håpar å få tak i denne snart.

Falken av Tom Egeland
Aldeles blodfersk, utgjevinga kjem på eit strategisk bra tidspunkt med tanke på påsken. Det er ingen Bjørn Beltø-roman denne gongen, men Egeland har synt før (Ulvenatten) at han beherskar thrillersjangeren. Gler meg til denne.

En høyere rettferdighet av Hjorth og Rosenfeldt
Nettopp lest og eg anbefalar verkeleg Sebastian Bergman-serien. Her er det viktig med kronologi.

Krigernes fred av Lasse Gallefoss
Les denne no. Imponerande bra så langt. Handling frå krigen og etterkrigstida. Lærerikt, perspektivrikt og truverdig på fleire område.



Då ynskjer eg alle ei retteleg fin påske!


Andre bloggar med påskekrimtips:
Lukten av trykksverte
Bjørnebok