12. september 2013

Bokomtale: Casanovasyndromet av Øystein Wiik

Lydbokforlaget 2013
Opplesar: Øystein Wiik
Speletid: 10:41
Lydfil fått frå Lydbokforlaget

Dette er rein underhaldningskrim - ei herleg forteljing av "den ville og gale" sorten - langt frå dei realistiske politikrimromanane som krimbok-marknaden er (over)fylt av for tida. Og obs! Øystein Wiik sine bøker bør høyrast - lydbøkene lest av forfattaren sjølv gir ei fantastisk leseoppleving - han framfører boka slik at det mest av alt liknar på eit radioteater.

Øystein Wiik er ein aktiv kar; operasangar, skodespelar, foredragsholdar, inspirator, dramatikar, librettist - og krimforfattar. Wiik har funne sin eigen stil og si eiga hylle i krimverda med serien om Tom Hartmann og Cathrine Price. Kronologien er slik:
  1. Dødelig applaus
  2. Slakteren
  3. Hvit panter
  4. Casanovasyndromet
Bøkene er frittståande, men som alltid når det gjeld bokseriar: ein går glipp av utviklingstrekka i serien om ein ikkje les bøkene frå byrjinga. Wiik sine bøker vert betre og betre, og eg kan nesten ikkje venta på neste bok. 

I Casanovasyndromet får lesaren servert bestialske drap og groteske torturmetodar, moderne og utspekulert teknologi, men òg rikeleg med humor, spenning og opplevingar. Wiik sprudlar nesten over av forteljarglede.

Språkleg er det til tider noko pompøst og kunstig, men mange av karakterane i bøkene hans er også pompøse, - så på den måten står språket i stil med personane. Elles tykkjer eg språket og dialogane flyt lett og fint, - og betre enn i dei foregåande bøkene i serien.

Plottet i boka er fantasifullt og såleis lite truverdig, men det "heng saman" og løysinga vert fornuftig likevel. Tom har denne gongen fått i oppdrag av eks-kona Cathrine å finna den nye mannen hennar, Peter Werring, som er sakna og sist sett i Venezia, Italia. Handlinga går stort sett føre seg i denne kunsthistoriske turistbyen. Tom vert etter kvart ført inn på ein mystisk, erotisk og farleg veg når han skal freista å spora opp Peter.

Boka byr på mykje nytelse, begjær og pasjon. Her er skikkelsar som verkeleg tek for seg; av mat og vin, av kunst og kultur og av kropp og sex. Wiik sine skildringar er gode, han klarar (akkurat) å unngå at det vert vulgært eller kleint.

Eg vil hevda at Casanovasyndromet er ei av dei mest underhaldande bøkene eg har lest - nokon gong. Anbefalast alle som har sans for spenning, komiske situasjonar og spekulative brotsverk. Femmaren på terningen er sterk, - eg vurderte faktisk å gje ein seksar, - men den kan vera grei å ha "til gode" til neste bok. Forventningane er store til bok nummer fem!

Tusen takk til Lydbokforlaget som eg fekk lydfila av.

4 kommentarer:

  1. Artig omtale , fikk lyst å høre disse nå :) gøy med litt eventyrkrim også ;)

    SvarSlett
  2. Her må jeg kjøpe bok ser jeg! Høres ut som ei flott bok å lese innimellom pensumlitteraturen min. Er på Oslo bokfestival akkurat nå og hørte faktisk Wiik snakke om boka si igår. Takk for tips!

    SvarSlett
  3. Endelig har jeg tatt konsekvensen av denne omtalen- og hørt den forrige boka, "Hvit panter". Forrykende og eventyrlig! Gleder meg til Å lese/ høre "Cassanovasyndromet" ;o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ah, så bra! :-) Og du kan verkeleg gleda deg!

      Slett