16. september 2018

Kort om: Chimera av Gert Nygårdshaug

Cappelen Damm 2011
414 sider
eBokBib

Med den nye boka Zoo Europa samlar Gert Nygårdshaug trådar og hovudpersonar frå Mino-trilogien (Mengele ZooHimmelblomsttreet og Afrodites basseng) samt øko-thrilleren Chimera. Sidan eg las sistnemnde bok i "førbloggtid" hugsa eg nesten ingenting av handlinga og eg valde difor å lesa Chimera på nytt før eg tek til på Zoo Europa.

Eg las Chimera som lydbok forrige gong, - no vart det ebok. Sidan sist har boka fått nytt omslag med vakkert coverfoto, dekorert med høge terningkast.

Handlinga i boka er lagt til nokre tiår inn i framtida. Kloden vår er i krise og økonomisk og politisk kaos rår. Hovudperson er nordmannen Karl Iver Lyngvin; handplukka deltakar på ein forskingsstasjon i ein regnskog i Afrika. Her prøver ei gruppe vitenskapsmenn og -kvinner innan zoologi, biologi, biokjemi, botanikk, entomologi og ornitologi å kartleggja korleis klimaendringane som har funne stad påvirkar flora og fauna i regnskogen.

Gruppa får etter kvart ei ny utfordring i og med at eit nytt og dødeleg virus vert oppdaga. Dette er mykje farlegare enn både ebola- og hiv-viruset, men folk med ein bestemt blodtype ser ut til å overleva sjukdommen. Enn så lenge har mannskapet på forskingsstasjonen kontroll på det livsfarlege viruset, men kva om det kjem i hende på feil personar?

Det som fyrst og fremst slår meg når eg no har lest Chimera på nytt er at Nygårdshaug var "forut for si tid" og at handlinga er skremmande aktuell og realistisk. Sjølv om han set ting på spissen og har sine eigne vriar og teoriar, er det ikkje til å komma frå at øydelegging av regnskogane og forureining av verdenshava er høgst reelle globale problem. Knappheit på naturressursar, minkande artsmangfald, aukande skilnad på fattig/rik, rask befolkningsvekst og endringar i klima er andre utfordringar me alle står ovanfor.
Boka er elles på sedvanleg Nygårdhaugsk nivå når det gjeld forteljarglede, detaljrikdom og språklege krumspring.

Chimera er ei underhaldande og svært spennande bok - med alvorlege undertonar. Ho vert kalla ein øko-thriller, og det er då også ein roman med mange krim- og thriller-element. Det er effektfullt at stemninga tidvis er munter og håpefull, trass i at tematikken egentleg er djupt tragisk. Sjølve avslutninga er sjokkerande, tankevekkjande - og uklar. For kva er det tredje alternativet Karl Iver Lyngvin står ovanfor? Eg er spent på om me får svar på det spørsmålet i Zoo Europa.

10. september 2018

Norsk krim 2018 del 3

Norsk krim byr på mykje forskjellig når det gjeld stil og tema. Her kjem tre eksempel på det.

Rød desember av Fritz de Bourg

Vigmostad Bjørke 2018
314 sider

Ein kriminalroman med nostalgisk skjær. Handlinga er lagt til Drammen i 1957, og for oss som har eit forhold til denne byen betyr det "litt ekstra".

Hovudperson og forteljarstemme er som i Dødens elv; journalisten Nickolay Wolff. Saman med av-og-på-kjæresten som jobbar i politiet prøver han å nøsta opp i ei komplisert sak. Det som i utgangspunktet såg ut som ei trafikkulykke viser seg å ha forgreiningar til ei mystisk og lukka religiøs sekt og til dei hemmelege tenestene.

De Bourg skriv flytande og med snert og sjarm. Med Den kalde krigen som bakteppe har deBourg skrive ei underhaldande og fantasifull historie.
Terningkast 4.


Codex av Tom Egeland

Capitana 2018
478 sider


Underhaldande og fantasifull er óg den åttande boka i Bjørn Beltø-serien. Eg likar denne serien, men ser at Egeland byr på lite nytt denne gongen. Han nyttar den same oppskrifta som tidlegare;  oppsiktsvekkjande arkeologiske funn, underlege og kompliserte kodar, hemmelege organisasjonar og mystiske konspirasjonar. Samt vakre kvinner og ein skarp, men naiv hovudperson. Denne gongen er Bjørn Beltø observatør ved ei utgraving der det vert funne både levningar av ein gammal pave, ein tekstsamling og - ei tornekrone! Umiddelbart etter funnet er dramatikken i gang.

Codex har tydelege scene- og perspektivskift, korte kapittel og mykje "luft". Det gjer boka drivande og meir fortlest enn ein skulle tru med tanke på sidetalet. Likevel - denne boka manglar noko av den nerven som var så tydeleg i dei fyrste bøkene i serien. Tematikken er på ein måte "oppbrukt" - og det vart aldri skikkeleg spennande. Terningkast 4.



Macbeth av Jo Nesbø

Aschehoug 2018
572 sider


Litt rart å omtala denne boka under "norsk krim", for dette er sanneleg internasjonalt - og det handlar om verdenslitteratur. Bakgrunnen er vel kjend for dei fleste: Eit britisk forlag ga ei gruppe bestseljarforfattarar i oppdrag å skriva nye versjonar av William Shakespeare sine verk. Jo Nesbø si bok baserer seg på skodespelet Macbeth.
Sjølv har eg aldri lest noko som helst av Shakespeare og hadde null bakgrunnskunnskap. Av den grunn valde eg å lesa Nesbø sin versjon som ein "vanleg" thriller.

Stemninga er mørk, dyster og dystopisk. Handlinga er lagt til eit slags 1970-tal, men noko må ha skjedd med verda: Samfunnet er gjenkjennbart, men er nedslitt og vanstyrt og prega av korrupsjon, forureining, arbeidsløyse og kriminalitet. Eit lite håp vert tent når den tidlegare korrupte politimesteren døyr, men den påfølgjande maktkampen vert hard og blodig.

Nesbøs hovudperson Macbeth har sine positive sider, men er ingen sympatisk og riddarleg person. Det skjer det same med han som med andre som får/tilegnar seg makt; dei vert usympatiske og grådige - på meir makt. Macbeth rusar seg og går over fleirfoldige lik for å nå målet sitt - og det endar ikkje spesielt godt. Språket i boka er, om ikkje middelaldersk, så i alle fall litt kunstig gammaldags. Store deler av handlinga er då også kunstig, rar og oppkonstruert. Stadnamn og personnamn er engelsk-klingande; truleg med tanke på eit internasjonalt publikum.

Sjølv om Jo Nesbø er ein stor favoritt og trass i at Macbeth er ei velskriven og spennande bok; dette vart ingen innertiar for meg. Dersom eg hadde sett meg litt inn i Shakespeare si dikting og/eller lese litt om verket Macbeth på førehand, vil eg tru at eg kunne gått høgre enn Terningkast 4.

Les også:
Norsk krim 2018 del 1
Norsk krim 2018 del 2

4. september 2018

Bokomtale: Clinch av Martin Holmén

Pelikanen 2018
364 sider
Lånt ebok eBokBib


Ei overraskande bra bok! Heilt annleis enn "vanleg normal krim", samstundes som det også er gjenkjennbart. Dette er nordic noir møter amerikansk hardkoktkrim. Eller Jens Lapidus møter Raymond Chandler. Eller Stieg Larsson møter Dashiell Hammet. Eller noko slikt. Poenget er at det funkar som berre det. Clinch er ein rå, mørk, hardtslåande og hjerteskjerande realistisk kriminalroman.

Me befinn oss i Stockholm i desember 1932. Hovudperson og forteljarstemme er antihelten Harry Kvist, eks-boksar, eks-sjømann og eks-fengselsfugl, no torpedo. Knyttnevane har vist seg å vera eit effektivt verkemiddel i pengeinnkrevjar-oppdraga. Eitt av desse oppdraga får konsekvensar for 'Kvisten': Ei tid etter at han har gitt eit gjeldsoffer juling vert vedkommande funnen drept. Harry vert mistenkt for mord og kampen for å reinvaska seg er i gang. Det finst to vitner som kan stadfesta at Harry ikkje er nokon drapsmann; den eine er uaktuell og den andre er sporlaust vekke. Store deler av boka handlar om Harry sin desperate leiting etter dette vitnet.

Harry Kvist er sanneleg ein fascinerande karakter, men eg vil ikkje sei at han er særleg sympatisk. Det er ganske ubehageleg å følgja han der han fer fram på brutalt vis - også på det seksuelle området. Han er biseksuell, men det er særleg unge menn han vert tiltrekt av. Etter kvart får lesaren vita kvifor Harry er blitt så beinhard som han er blitt. Det viser seg at han også har ei sår og sårbar side og at han viser omsorg og omtanke for dei svake og utstøytte.

Clinch ('klinsj' er vel eit betre norsk ord?) vil sei omklamring og i boksesporten sin fagterminologi betyr 'å gå i clinch' at boksarane er komne så tett opp i kvarandre at det ikkje blir rom til fullt slag. I boka vert det synt til fleire situasjonar der dette uttrykket er dekkande.

Holmén skildrar eit kaldt og klassedelt samfunn prega av depresjon og desperasjon. Kampen for tilværet er hardt for mange og det er som oftast skittent og illeluktande der Kvisten oppheld seg. Men han får også kontakt med dei rike og dekadente - og her finst også løysinga på Harry si aktuelle sak.

Clinch er ein tankevekkjande kriminalroman full av energi og driv. Det vert veksla mellom nøktern informasjon, svart humor, detaljerte observasjonar, actionfylte scener og skildringar av grov vald. Det er ei bok som kallar på mange ulike kjensler. Plottet er finurleg og løysinga logisk. Miljøskildringane er stemningsfulle og det virkar som om den historiske bakgrunnen er korrekt. Det gjeld både bygningar og gater, ord og uttrykk, omgangsformer, tankegangar og politisk klima.

Clinch er rett og slett ei av dei beste bøkene eg har lest i år - og enno betre; dette er fyrste del av ein trilogi. Eg ser fram til neste møte med Harry Kvist.

1. september 2018

Oppsummering august

Påbyrja i juli, fullført i august:
Ken Follett - Vinter over verden - Britisk roman - Lånt papirbok privat
Jo Nesbø - Macbeth - Norsk krim - Lånt papirbok privat

Lest i august:
Agatha Christie - Mord på Orientekspressen - Britisk krim - Kjøpt lydfil (gjenlesing)
Erika Fatland - Året uten sommer - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
John Hart - Mørkets testament - Amerikansk krim - Lånt papirbok biblioteket
Frits de Bourg - Rød desember - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Camilla Läckberg - Heksen - Svensk krim - Lånt papirbok privat

Påbyrja i august, fullførast i september:
Torbjørn Færøvik - Veien til Xanadu - Norsk dokumentar - Storytel
Martin Holmén - Clinch - Svensk krim - eBokBib
Carl-Johan Vallgren og Mikael Persbrandt - Sånn jeg husker det - Svensk biografi - Lånt papirbok biblioteket


  • 4 papir, 2 lyd, 1 ebok
  • 5 lånt, 1 kjøpt, 1 abonnement
  • 5 krim/spenning, 1 historisk roman, 1 dokumentar
  • 3 norske, 1 svensk, 2 britiske, 1 amerikansk
  • 3 kvinner, 4 menn 
  • "Nye" forfattarar: Ingen

Eg las ei bok mindre enn i juni og juli, men eg trur likevel at eg har lest meir denne månaden. Vinter over verden er på 900 sider, Heksen har omlag 650 sider og Mørkets testament og Macbeth er begge på over 500.

Høgdepunkta i august var gode gamle Agatha Christie og krimklassikaren Mord på Orientekspressen og unge dyktige Erika Fatland og 22. juli-boka hennar Året uten sommer.

Bokbloggerprisen 2017


skal delast ut i september og eg har stemt - på den einaste boka frå kortlistene eg har lese; Grensen - som er ei svært interessant og lærerik bok. Ingen av dei andre kortlistebøkene har frista meg hittil, men det er muleg at eg kjem til å lesa Berge ved eit seinare høve.

Eg har sjølvsagt fått med meg at Anorektisk, Tung tids tale og ikkje minst Tante Ulrikkes vei har skapt både debatt og begeistring rundt om, men dei passar neppe for meg. 

30. august 2018

Bokhyllelesing: Vinter over verden av Ken Follett

Cappelen Damm 2013
903 sider
Lånt papirbok privat

Her kjem ein kort og litt forsinka omtale av boka eg las i samband med juni/juli-runden av Bokhyllelesing. Tema for runden var tjukk bok - og denne mursteinen høver såleis godt, sjølv om eg ikkje har henta boka frå mi eiga bokhylle.

Andre del av Ken Follett sin århundre-trilogi er lagt til perioden 1933 til 1948. Andre verdenskrig er naturlegvis sentralt i handlinga, men det er inga krigsbok. Hovudpersonane er stort sett borna til karakterane i den fyrste boka (som eg las i samband med bokhyllelesinga i fjor sommar); Kjempenes fall. Dei fleste av dei "gamle" personane er med i handlinga, men har ei meir tilbaketrekt rolle denne gongen. Andre bikarakterar er verkelege historiske personar; me får glimt av både Hitler, Stalin, Churchill og Roosevelt. På slutten av Vinter over verden har mange frå andregenerasjonen fått born igjen, så i tredje og avsluttande bok På grensen til evigheten handlar det om tredje generasjon.

Dramatikken i boka finst på fleire plan; personleg, kulturelt, ideologisk og storpolitisk. Ved å fortelja om store verdenshendingar gjennom augene til enkeltpersonar i ulike familiar, ulike miljø og ulike land, får lesaren både underhaldning og historieundervisning.
Dei gjennomgripande og omveltande hendingane kjem veldig nær: Follett har "plassert" karakterane sine der det skjedde; nokon ser på Riksdagsbrannen i Berlin og andre deltek i den spanske borgerkrigen. Nokon opplever Blitzen i London og andre flyangrepet på Pearl Harbour. Nokon kjempar for livet i ruinar og andre deltek i prøvesprenging av atombomber. Nokon jobbar nær makta og andre jobbar i det skjulte i motstandsrørsler og med etterretning. Sjølv om ein "veit korleis det går" er det veldig spennande - for ein har jo inga aning om kva som hender med "våre" personar.

Krigen fører til store endringar for både nasjonar og enkeltmenneske - og etter freden i 1945 startar ein ny konflikt; Den kalde krigen. Her anar me at det kjem meir dramatikk i neste bok.

Vinter over verden har eit svært stort persongalleri og oversikta over familiane og personane fremst i boka er til god hjelp. Boka er elles handlingsrik, perspektivrik og ordrik. Som i Kjempenes fall finst det ein del flate personskildringar og enkelte småpinlege erotiske skildringar. Av og til vert Ken Follett liksom så overtydeleg.

Samla sett hadde eg ei god leseoppleving med Vinter over verden. No ser eg fram til å lesa den avsluttande boka i trilogien.

21. august 2018

Kort om: Mørkets testament av John Hart

Font 2018
523 sider

Lånt papirbok biblioteket

Eg har lest og likt alle bøkene til John Hart. Difor skulle ein tru at eg gleda meg til denne nyaste boka óg - men det gjorde eg faktisk ikkje. Tvert imot; på førehand var eg skikkeleg skeptisk. Eg las nemleg ein plass at forfattaren brukar overnaturlege element som ein del av handlinga i Mørkets testament. Slike ting har eg ikkje heilt sans for - og dessutan trudde eg ikkje at det kunne passa inn i ein oppfølgjar av Det siste barnet og miljøet som vert skildra i den.

Det skulle visa seg at skepsisen min ikkje var uberettiga. Fyrste del av boka er OK+, men andre del er heilt forferdeleg. Sjølv om eg altså var førebudd på enkelte uforklarlege/unormale/overnaturlege vinklingar, vart eg skuffa. Dette vart for mykje for meg. Det vart heller verken skummelt eller nifst - berre dumt. John Hart skal ha for at han prøver seg på noko heilt anna - men eg håpar inderleg at han kjem med noko meir jordnært i neste bok.

Når det er sagt: Mørkets testament er ei velskriven bok. Stemninga er gjennomgåande mørk og intens - og det er slett ikkje uspennande. Naturskildringane er ganske fantastiske; det er som ein kjenner med alle sansar korleis tilværet i villmarka/sumpen er. Men når Hart etter kvart kjem dragande med spøkelsar og synske, levande døde og døde levande, monster som forsvinn og landskap som flyttar på seg - vel, då steilar eg. Det heng ikkje på greip og eg blir aldri engasjert. Eller som anmeldar Ingvar Ambjørnsen i Dagbladet seier: "John Hart går seg vill i sin egen litterære hengemyr."

Me møter dei to gutane me vart kjend med i Det siste barnet; Johnny og Jack. Det har gått ti år sidan dei dramatiske hendingane som fann stad og dei har gått kvar sin veg i livet. Jack har utdanna seg innan jus og Johnny har blitt einebuar i villmarka, men dei er fortsatt nære vener. Når Johnny får bruk for ein advokat stiller sjølvsagt Jack opp for venen sin. Johnny er trygg og fri når han oppheld seg i sumpen og "nokon" held ei beskyttande hand over han. Men når "uvedkommande" nærmar seg området vert dei ofte råka av ei uforklarleg angst. Med god grunn, skal det visa seg. For dette "noko" er ondt, grusomt, skremmande og dukkar opp uforvarande og overalt.

Har du sans for onde spøkelsar og gamle segner og eventyr er det slett ikkje umuleg at du kjem til å lika Mørkets testament. Dersom du ikkje bryr deg om slikt så bør du finna noko anna å lesa.

For meg vart det altså ei skuffande leseoppleving. Konklusjonen er eit svakt terningkast 3.

Andre (og meir positive) bloggmeiningar:
Tine sin blogg
Artemisias verden

17. august 2018

Biolesesirkel: David Vogt om Carsten Borchgrevink

Underteikna fekk den store æra av å bestemma tema for augustrunden av Moshonistas biolesesirkel. Sidan eg har ei sær(leg) interesse for tidlegare tiders polferder og polfararar - og i tillegg har lest fleire interessante polfararbio'ar i samband med biosirkelen - brukte eg ikkje lang tid på å velja tema. For å utvida kategorien og muligens då gjera det lettare for andre biolesedeltakarar vart kategorien utvida til også å gjelda andre villmarksfararar. Eller som Ingalill kallar det; Polfar-ing og Villmark-ing. 

"Min mann" i denne runden er polarforskar og polarpioner Carsten Egeberg Borchgrevink (1864 - 1934). Nokre av dykk såg kanskje TV-dokumentaren om denne gløymde polarhelten? Serien på fire episodar er ei spennande filmatisk framstilling av det denne boka handlar om og den er framleis tilgjengeleg på Nett-TV. Borchgrevink var leiar for den aller fyrste overvintringsekspedisjonen i Antarktis i 1898 - men enda opp som fattig og ukjent.

Forfattaren David Vogt er arkeolog, tilsett ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo og oldebarn av ein av ekspedisjonsdeltakarane.

Vår glemte polarhelt av David Vogt

Aschehoug 2012
288 sider, lånt ebok eBokBib

Carsten Egeberg Borchgrevink vart fødd i Christiania i 1864 og hadde norsk far og engelsk mor. I 1888 utvandra han til Australia, der han jobba m.a. som landmålar og som naturfaglærar. Då skipet Antarctic av Tønsberg la til i Melbourne hamn i samband med ein kvalfangstekspedisjon i 1894, såg unge Borchgrevink sin sjanse til å bli med på eit spennande eventyr. Ekspedisjonen mislukkast når det gjaldt kvalfangst, men vart historisk fordi ei lita gruppe frå skipet greidde å komma seg i land på Kapp Adare. Mellom dei ivrigaste var Borchgrevink, og han var truleg det aller fyrste mennesket som sette sin fot på Antarktis - nokon gong.

I 1890-åra var Antarktis ein stor kvit flekk på kartet. Dei einaste som hadde vore i nærleiken av kontinentet, var ein britisk ekspedisjon under leiing av den engelske oppdagaren James Clark Ross i 1841. Denne Ross vart opphavet til dei i dag velkjende stadnamna Rosshavet og Rossbarrieren.

Borchgrevink vart nok som besatt av Antarktis etter deltakinga på Antarctic. Han jobba lenge og målbevisst med å få finansiell støtte til sin eigen ekspedisjon - og lukkast med det. Det er ikkje tvil om at han skrytte på seg meir polar erfaring og kunnskap enn han faktisk hadde for å få det til. Kvalfangstskuta Pollux (ombygd av Colin Archer og omdøypt til Southern Cross) vart innkjøpt. Hundar, utstyr og proviant vart skaffa og mannskap innhenta. Ekspedisjonen segla under engelsk flagg fordi størstedelen av finansieringa kom frå ein engelsk mediemogul, men største del av mannskapet var norsk. Målet med ekspedisjonen var å finna den magnetiske sørpol og om muleg å gjera framstøyt mot sjølve polpunktet, samt å samla inn biologiske, zoologiske, metereologiske, geografiske og geologiske data.

Ferda sørover var strevsam, men gjekk bra. I februar 1899 nådde ekspedisjonen Kapp Adare der det vart oppretta ein permanent base. Dei to hyttene som vart oppsette der eksisterer framleis og er i dag sett på som eit viktig kulturminne. Southern Cross vende tilbake til New Zealand før isen vart for tjukk og ti menn gjorde seg klare for overvintring på det ugjestmilde Antarktis. Ingen av dei ti visste korleis overvintringsforholda var, og dei var alle forholdsvis unge og uerfarne. Forutan ekspedisjonsleiar Borchgrevink var desse nordmennene med på den fyrste overvintringa: Lege Herulf Kløvstad, vitenskapeleg assistent Anton Fougner, zoolog Nicolai Hanson, assistent og kokk Kolbein Ellefsen og samane Ole Must og Per Savio som var ansvarlege for hundane. I tillegg deltok den australske astronomen og fysikaren Louis Bernacchi og dei to britane William Colbeck (magnetisk observatør og kartograf) og Hugh Evans (zoolog-assistent).

Borchgrevink var språkmektig, ein dyktig planleggjar og var god på logistikk, men var ingen god leiar for mennene sine. Det vart snart problem og konfliktar i gruppa, og mesteparten av dette skuldast nettopp Borchgrevink si framferd. Men med eitt unntak overlevde alle den iskalde og stormfylte vinteren. Den unge zoologen Nicolai Hanson vart sjuk på ferda sørover og vart gradvis dårlegare. Trass i at ekspedisjonen hadde brukbart med medisinsk utstyr og at både legen og dei andre gjorde det dei kunne for han, sto ikkje livet til å redda. Nicolai Hanson døydde utan at han fekk sjå si vesle dotter og vart den fyrste som vart gravlagd på Antarktis. Blant etterkommarane hans er David Vogt, forfattaren av boka.

Under opphaldet gjorde deltakarane fleire viktige vitenskaplege observasjonar. På heimturen fann dei bukta som nokre år seinare vart basen til Roald Amundsen, dei kartla Rossbarrieren og foretok sledeturar innover området med hundesledar. Slik danna ekspedisjonen grunnlag for seinare polarekspedisjonar og andre meir berømte polfararar, som Schackleton, Scott og Amundsen.

Då Carsten Borchgrevink etter kvart vende tilbake til England vart det lite merksemd og verdsetjing. Noko skuldast nok at Borchgrevink var ein kontroversiell person og at den egoistiske stilen hans hadde ført til eit dårleg forhold til dei andre ekspedisjonsdeltakarane. Ei anna årsak var at Borchgrevink var norsk og at det britiske polarforskingsmiljøet var meir opptatt av Robert Scott sin foreståande Antarktis-ekspedisjon. I Noreg vart han til ein viss grad hylla som den pioneren og føregangsmannen han var, men sidan ekspedisjonen egentleg var britisk vart merksemda heller lita også her i landet. Og snart kom det andre polarheltar og polarekspedisjonar som oppnådde meir enn det Southern Cross-ekspedisjonen gjorde.
Carsten Borchgrevink vende aldri tilbake til Antarktis. Han døydde i Oslo i 1934.

David Vogt fortel om ekspedisjonen med innleving og på ein oversiktleg måte. Det er ein dokumentar og biografi, men samstundes ei dramatisk og spennande forteljing. Han gir eit balansert bilete av Borchgrevink og dei andre medlemene av ekspedisjonen. Me får også vita korleis det gjekk med dei i ettertid og kva ettermæle dei fekk. Mykje av dette er tragisk og trist. Forfattaren har støtta seg på mange ulike skriftlege kjelder og skriv flytande og greitt. Resultatet er ei verkeleg interessant og lærerik bok.

12. august 2018

Sommarlesing 2018 - Ymse krim del 2

I denne del 2 av ymse sommarkrimlesing får du vita kva eg meiner om ein svensk, ein fransk og ein islandsk kriminalroman.

Evas siste vitne av Tove Alsterdal

Kagge 2017
429 sider, lånt papirbok privat

Alsterdal har mykje på hjertet i denne velskrivne kriminalromanen, minst like mykje som i Ingen vei tilbake som eg las tidlegare i år. Så mykje faktisk, at det går litt ut over sjølve kriminalhistoria.

Boka har fleire forteljarstemmer, dei to viktigaste er Eva og Niklas. Gjennom deira auge får ein historia om då eks-mannen til Eva vart drept medan ho sjølv slått bevisstlaus. Kva var det - egentleg - som hende? Eva vert mistenkt for å stå bak drapet, og ho har gjort ting og oppført seg på ein måte som gjer at det ikkje er så rart at ho vert mistrudd. Naboen Niklas vert involvert sidan saka ser ut til å ha vide forgreiningar.

Evas siste vitne kombinerer Alsterdal eit ganske så finurleg plott med samfunnskritikk og psykologisk innsikt. Ein nedlagd psykiatrisk institusjon er høveleg skummel kulisse for historia. Dei alternerande forteljarstemmene supplerer kvarandre og heilt til det siste er ein usikker på korleis det heile heng saman.
Terningkast 4.



Istider av Fred Vargas

Aschehoug 2018
469 sider, papirbok lånt biblioteket


Fred Vargas sine bøker er befolka med dei særaste karakterane du kan tenkja deg. I tillegg har ho ein særeigen forteljarstil og ein skarp og elegant penn. Istider er bok nummer 8 i Adamsberg-serien. Enno ein gong har Vargas gitt lesarane sine ein svært underhaldande kriminalroman med avansert handling.

Det heile startar med at ei kvinne blir funnen død i eit badekar. Alt tyder på sjølvmord, men så blir det funne eit spesielt symbol på åstaden. Deretter vert enno ein død person - og eit liknande symbol - funne. Har dei to ofra noko felles? Kva er samanhengen?
Dette blir litt av ei nøtt å finna ut av for Adamsberg og mannskapet hans. Spora fører til Island og ei tragisk hending som fann stad der ti år tidlegare. Spora fører også til ein organisasjon som interesserer seg for Den franske revolusjonen og som dyrkar Robespierre.

Istider inneheld mange digresjonar og absurde hendingar og innvikla tanketrådar. Det er difor ikkje noko lettlest bok, men eg kan likevel anbefala ho. Berre ver obs på at du bør ta deg tid og vera open for forfattaren sine krumspring.
Terningkast 5.

 

Skumring av Arnaldur Indridason

Cappelen Damm 2017
Speletid 10:22, Storytel

Skumring har fått svært gode kritikkar rundt om, men dessverre fann ikkje eg heilt ut av det med denne boka. Det var skuffande, for eg har likt så godt det meste av det Indridason har gitt ut tidlegare. Denne boka (og den foregåande Skuggasund) er rett og slett for treg og for uspennande.

Handlinga er lagt til 1941, og miljøskildringar og tidsbilete er som alltid hos Indridason; upåklageleg. Boka er også lærerik fordi forfattaren flettar inn interessante historiske fakta i forteljinga. 

Skumring er ikkje noko dårleg bok, men Indridason kan så mykje betre.
Terningkast 3.



Les også:
Sommarlesing - Ymse krim - del 1
Norsk krim 2018 - del 1
Norsk krim 2018 - del 2

31. juli 2018

Oppsummering juli

Påbyrja i juni, fullført i juli:
Ingar Johnsrud - Korset - Norsk krim - Kjøpt lydfil
Kim Leine - Rød mann, sort mann - Dansk/norsk roman - Lånt papirbok privat
Kjell Ola Dahl - Søsteren - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib

Lest i juli:
Arnaldur Indridason - Skumring - Islandsk krim - Lydbok Storytel
Jørgen Brekke - Alle kan drepe - Norsk krim - eBokBib
Tove Alsterdal - Evas siste vitne - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Torbjørn Færøvik - Orientekspressen - Norsk reiseskildring/fakta - Lyd Storytel
David Vogt - Vår glemte polarhelt - Norsk biografi/dokumentar - eBokBib

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Ken Follett - Vinter over verden - Britisk roman - Lånt papirbok privat
Jo Nesbø - Macbeth - Norsk krim - Lånt papirbok privat



  • 2 papir, 3 lyd, 3 ebøker
  • 5 lånt, 1 kjøpt, 2 abonnement
  • 5 krim/spenning, 1 historisk roman, 1 biografi/dokumentar, 1 reiseskildring/dokumentar
  • 6 norske, 1 dansk-norsk, 1 islandsk
  • 1 kvinne, 7 menn 
  • "Nye" forfattarar: Vogt
Så vart det omsider sommarferie; i skrivande stund er det feriedag nummer to - og det ausar ned og tordnar og lynar. Det er herleg at lufta vert litt forfriska etter den ulideleg kvelande varmen me har hatt i det siste. Eg har verken ferieplanar eller ferieleseplanar - men nokon sydentur vert det ikkje, for å sei det slik.. Det er avslappande og godt å ta ting på sparket når ein elles i året er nøydd til å gå etter planar, klokke og kalender heile tida.

Høgdepunkt i juli lesemessig sett vart naturlegvis Kim Leine si sterke og frodige forteljing frå Grønland Rød mann/sort mann. I tillegg er det grunn til å halda fram Ingar Johnsruds krimroman Korset, Torbjørn Færøvik sin stødige og lærerike reisedokumentar med Orientekspressen og David Vogt sin interessante biografi om Carsten Borchgrevink. Dersom det skulle vera biolesedeltakarar som ikkje veit kva dei skal lesa i neste runde kan eg verkeleg anbefala boka Vår glemte polarhelt.

20. juli 2018

Norsk krim 2018 del 2

Lesing og gjennomgang av årets norske kriminalromanar held fram. No har eg ikkje som mål å lesa alle krimbøkene som vert utgitt i 2018; eg plukkar ut kun dei eg trur/veit eg vil lika. Men forventningane mine vert ikkje alltid innfridde.

Korset av Ingar Johnsrud

Lydbokforlaget 2018
Speletid 13:32, kjøpt lydfil


Ingar Johnsrud skriv på ein sjølvsikker måte og handterar dei mange trådane og det innfløkte plottet i denne boka med stødig hand. Det er imponerande godt gjort. Korset er tredje og avsluttande del av trilogien der politietterforskarane Fredrik Beier og Kafa Iqbal er hovudpersonar - og for ein avslutning!

Boka handlar om saker som har forgreiningar til nasjonal og internasjonal politikk, handel med narkotika og biologiske og andre våpen, om korrupsjon og ondskap, om hevn og svik, om konspirasjonar og terror. Både Fredrik og Kafa vert personleg involverte, på fleire plan. Dette er kanskje i overkant oppkonstruert og usannsynleg, men i ei bok av denne typen er det OK. Utover i boka finn etterforskarane stadig nye spor og villspor og ein får fleire spenningstoppar.

Johnsrud repeterer/oppsummerer tidlegare hendingar på ein forståeleg måte slik at Korset fint kan lesast som ein frittståande kriminalroman. Opplesar Ivar Nergaard toppar leseopplevinga - og eg konkluderer med eit terningkast 5. 


Søsteren av Kjell Ola Dahl

Gyldendal 2018
349 sider, lånt ebok eBokBib


I denne boka får ein gjensyn med etterforskarane Gunnarstranda og Frølich som mange kjenner frå tidlegare Dahl-bøker. Det er Frank Frølich som er hovudperson og forteljarstemme i Søsteren.

Sidan sist har Franken slutta i politiet og starta sitt eige etterforskingsfirma. Det går ganske dårleg - men så, ganske plutseleg, får han mange oppdrag frå fleire ulike oppdragsgivarar. Sakene og personane er ulike, men alle har ei viss tilknytning til kvarandre.

Kjell Ola Dahl er ein stødig forfattar og han konstruerer alltid truverdige og passe innfløkte plott. Søsteren kan ikkje måla seg med Rivertonvinnar Kureren, men det er ei heilt grei bok. Terningkast 4.



Alle kan drepe av Jørgen Brekke

Juritzen 2018
362 sider, lånt ebok eBokBib


Bok nummer seks i Singsaker-serien er slett ikkje dårleg, men etter mi meining er dette den svakaste i serien. Brekke og helten hans Odd Singsaker tok meg med storm med Nådens omkrets og eg har stort sett hatt positive leseopplevingar med dei påfølgjande bøkene. Brekke har ein frisk og original stil og ein frodig fantasi. Eg likar å bli skikkeleg overraska når eg les krim og det har eg ofte blitt av denne bokserien.

Singsaker og Felicia er i ammetåka denne gongen - noko boka også ber preg av, på ein måte. Det er noko langsamt og tamt over heile forteljinga. Dei to alternerande handlingstrådane - den eine i notid og den andre frå sommaren 1992 - gjer at det likevel er eit visst driv.

Den forrige Singsakerboka Avgrunnsblikk var veldig bra, så det er å håpa at Brekke no tek seg ein god pause i skrivinga og kjem tilbake med noko betre enn Alle kan drepeTerningkast 3.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Les samleomtale av Heine Bakkeid, Ingebjørg Berg Holm og Frode Granhus sine bøker:
Norsk krim 2018 del 1