25. august 2014

Bokomtale: Ren samvittighet av Jan Mehlum

Lydbokforlaget 2014
Opplesar Helge Winther-Larsen
Speletid: 11 t 40 min
Lånt på biblioteket


Ren samvittighet er bok nummer 14 i serien om den hyggelege men sarkastiske advokaten Svend Foyn. Han er eg-person og forteljarstemma i alle bøkene. Handlinga er som vanleg lagt til Tønsberg og andre stader i austlandsområdet. Foyn får litt av kvart å bryna seg på denne gongen; han vert blanda inn i ei sak på ein, for han sjølv, ubehageleg og personleg måte.

Foyn har ein rufsete og litt sliten stil, men samstundes er han ein samvitsfull og samfunnsengasjert person som gjerne tek på seg uortodokse etterforskingsoppdrag. Han liknar egentleg ganske mykje på Varg Veum.
Ei ung jente møter opp på kontoret hans med bøn om hjelp, men Foyn avviser henne; hennar problem er ikkje ei sak for han. Alt han kan tilby er ein samtale og ein rusletur saman med hunden Hulda. Den same jenta vert ei tid etter funnen død - det ser ut som eit sjølvdrap - og dermed vert advokaten involvert, på fleire plan.

Mehlum set fokus på fleire aktuelle problemstillingar og tema i boka. Det handlar til dømes om seksuelle overgrep, narkotikahandel og barneporno, samt om familiar og enkeltpersonar som har mørke og farlege hemmelegheiter. Han rettar også skarp kritikk mot tabloidjournalistikken generelt og VG spesielt. Svend Foyn er ein solospelar som nyttar kløkt, intuisjon og evne til å tenkja alternativt når han skal løysa innfløkte saker. Han støttar seg også på enkelte kjelder i politiet og har kontaktar i "datanerd-miljøet", om det er noko som heiter det. I tillegg samarbeider han med ein privat etterforskar med eit namn (Gunnar Stranda) som må vera ein gest til kriminalforfattarkollega Kjell Ola Dahl.

Eg har liksom ei kjensle av at eg har lest boka før, - men det har eg ikkje - boka er jo heilt ny i år. Altså - poenget mitt er at handlinga (og oppbygginga av denne) liknar på andre bøker eg har lest tidlegare. Ren samvittighet manglar med andre ord orginalitet. Eg tykte heller ikkje at boka var spesielt spennande og hadde til tider litt problem med å halda konsentrasjonen oppe medan eg lytta til boka. Sjølve avslutninga var på si side god, overraskande og oppklarande - så eg kjem til å lesa fleire Foyn-bøker i framtida. Eg har både Straffen og Din eneste venn liggjande på vent i hylla.

Tidlegare har eg lest Bake kake søte og En god sak. Fjorårets Mehlum-bok Lengsel etter penger (som ikkje handlar om Svend Foyn, men er ei heilt anna type bok - ein psykologisk thriller og ingen tradisjonell kriminalroman) har eg også nettopp lest.

Det går elles litt småtregt både med lesing og blogging for tida. Det skuldast mellom anna travle dagar på jobb, diverse bestemoroppgåver (det er berre kos altså!) og varierande uteaktivitetar. Eg er egentleg mest glad i å sitja heime i godstolen med ei bok når eg har fri, men "tvingar" meg ut i frisk luft og til litt fysisk aktivitet når eg har høve til det. Sykling og symjing er knakande fine måtar å mosjonera på, tykkjer eg - og fyrstnemnde aktivitet kan ein faktisk kombinera med lesing. Rettare sagt lytting. Så forrige veke hadde eg fleire fine sykkelturar "saman med" Helge Winther-Larsen og Svend Foyn.

19. august 2014

Bok på vent: Levende og døde i Winsford

Det er lenge sidan eg har delteke i Boken på vent-spalten i Beathes bokhylle, men no eg fekk lyst til å bidra med litt marknadsføring av den nyaste boka til Håkan Nesser. Dette er ein psykologisk thriller, tittelen er Levende og døde i Winsford og ho kjem ut på Gyldendal i oktober.

Håkan Nessers nyeste roman er en fortelling om avskjeder og nye begynnelser. En klassisk Nesser-fortelling der ubehaget ulmer og ingenting er slik det ser ut til å være. En kveld i november ankommer en kvinne byen Winsford på Exmoor i sydvestre England. Hun bosetter seg i et avsidesliggende hus ute på heiene sammen med hunden sin. Hun oppgir ikke sitt egentlige navn, og hvorfor hun har ankommet, er høyst uklart. Hun bruker dagene til å vandre rundt i den tette tåken og snakke med villhester. Hun har bestemt seg for å overleve.hunden sin. Kvinnen har en fortid og en historie. Selvfølgelig har hun det   [...]  
Spørsmålene er mange i Håkan Nessers nyeste roman Levende og døde i Winsford, en fortelling om å flykte fra sitt gamle liv. Om å forsøke å ta et oppgjør. Om kanskje å begynne på nytt igjen til tross for at man ikke lenger er ung og har livet foran seg.
(Presentasjonen har eg henta frå Tanum si nettside

Det er berre 4-5 år sidan eg las mi fyrste Håkan Nesser-bok. Tilfeldigvis kjøpte eg då En helt annen historie - og fall pladask for denne forfattaren og måten han skriv på. I ettertid har eg vel lest absolutt alle bøkene han har gitt ut. Nesser har ei heilt spesiell "stemme", eit nydeleg språk, humor og varme, og ikkje minst; sære, men truverdige karakterar. Han er fyrst og fremst kjend for kriminalromanane sine (Van Veeteren-serien og Barbarotti-serien), men er ein forfattar som stadig utfordrar sjangeren - og dermed lesarane sine. Det er ikkje så lett å setja Håkan Nesser i bås eller "rett" kategori/sjanger.

Me har starta på siste halvdel av august, bokhausten er i gang og forlaga presenterer og reklamerer. Mailboksen til ein bokbloggar vert full av tilbod om både bøker og katalogar. Det vert nesten for mykje av det gode - og eg takkar stort sett høfleg nei til leseeksemplar. Eg føler at eg har det friare som bokbloggar/lesar når eg låner eller kjøper dei bøkene eg les. Når ein får ei bok, vert det gjerne forventa av avsendar at ein skal lesa og omtala ho - ganske raskt og med ei positiv vinkling. Slike forventningar passar ikkje meg. Venteboka Levende og døde i Winsford kjem eg truleg til å låna på biblioteket når den tid kjem.

Bunken med uleste bøker veks - sjølv om eg les jamnt og trutt. Stadige besøk til dei to biblioteka "mine" gjer at ventebunken aldri minkar. Og så plukkar ein jo opp ein del lesetips når ein jamnleg er innom andre bokbloggar..

15. august 2014

Biografilesesirkel: Stikk i strid

Hausten 2007 kom det ut to ulike biografiar om Einar Førde (1943-2004). Den eine var skriven av Førde sin gode ven, forfattaren Tor Obrestad, den andre av journalisten Frank Rossavik. Eg har no - i samband med Moshonista sin biolesesirkel - lest den sistnemnde sin biografi. Rossavik vart tildelt Brageprisen for boka.

- - - - - - - - - - - - -

Spartacus forlag
373 sider 
Kjelde: Lånt privat

I forordet fortel Frank Rossavik at han ikkje kjende Førde personleg. Likevel klarar han å formidla eit levande, nyansert og nært bilete av mennesket og politikaren. Han har støtta seg på mange kjelder; familie, vener, studiekameratar, politiske kollegaer og mediafolk - i tillegg til mykje skriftleg materiale frå ymse arkiv. Boka inneheld òg mange gamle og interessante bilete.

I boka kan me lesa om oppveksten i industristaden Høyanger, skuletida ved Eidsvoll landsgymnas, studentlivet i Oslo og om dei mange politiske verva Einar Førde etter kvart fekk. Røtene til Høyanger og Sogn stakk djupt og prega han livet ut, men han var berre 15 år då han flytta austover. I ungdommen var han elles eit stort friidrettstalent og vart i si tid norsk juniormester på 1500 meter.

Rossavik går nær inn på personlege og private forhold - men utan å verta altfor grafsande og dyneløftande. At Einar Førde i fleire år hadde eit utanomekteskapeleg forhold til ein partikollega er ein av dei tinga som vert "avslørt" i boka - men no i ettertid vert vel ingen spesielt sjokkerte av ei slik opplysning. Utruskapen var ikkje nemnd med eitt ord i media den gongen på 80-talet. Og som Førde skal ha sagt ein gong: «Det gjeld å skaffe seg eit rykte som er så lurvete at du etterpå slepp unna med kva det skal vere».

Vidare kan ein i boka lesa om det turbulente samarbeidet med Gro Harlem Bruntland og det nære venskapet med Arne Treholt. Einar Førde klatra aldri heilt til topps i Arbeiderpartiet, - han var kanskje for kontroversiell til det. Men som nestleiar, parlamentarisk leiar, stortingsrepresentant og kyrkje- og undervisningsministar var han med på å prega norsk politikk og samfunnsliv i mange år. Mediepolitikk var noko han engasjerte seg i, og då Stortinget debatterte innføringa av fargefjernsynet (dette var faktisk ei svært omdiskutert sak!) rista han på hovudet av motstandarane som meinte at «synda har kome til jorda, men vi vil ikkje ha ho i fargar».
Førde gav seg som politikar i 1989 for å bli kringkastingssjef. Førde sto i spissen for å reformera og modernisera det noko tungrodde NRK-systemet, og "Einar i tre kanalar" vart etter kvart eit kjent slagord.

Eg likte å lesa denne boka - ho er på mange måtar skriven i stil med hovudpersonen - humoristisk og med snert. Einar Førde var ein fargeklatt i det grå politiske miljøet; ein engasjert og karismatisk person. Den frekke kjeften hans gjorde at han vart - på den eine sida - folkeleg og populær - men på den andre sida - arrogant og fjern. Sjølv sa han: «Du veit eg kjem frå den delen av landet kor det ikkje er noko som heiter høvisk tale. Det dreiar seg om grader av sjikane.»

- - - - - - - - - - - - -

Dei siste par ti-åra har det blitt utgitt eit "hav" av politiske biografiar, dokumentarar og memoarar. Eg har vel knapt bladd i desse bøkene, men har lest ein heil del om dei. Eventuelle kontroversielle tema og pikante personlege avsløringar som kjem fram i slike biografiar vert jo som regel plukka opp og omtala i media - og dermed mistar ein gjerne lysta til å lesa meir. Slik har eg det, i alle fall.

Sidan det er nokre år sidan Stikk i strid kom ut, kan ein hevda at denne biografien i dag er "gammalt nytt" og difor utan interesse lenger. Vel - kanskje det, - men Einar Førde var ein annleis politikar - ein humoristisk, kunnskapsrik og rappkjefta samfunnsdebattant - og difor interessant å lesa om. Dessutan var han sogning.

13. august 2014

Bokomtale: Når gjøken galer av Robert Galbraith

Cappelen Damm 2014
Speletid: 15:23
Opplesar: Jan Martin Johnsen

Lånt på biblioteket

Eg har stor sans for klassiske britiske detektivforteljingar. Når gjøken galer er ein original og moderne variant av denne undersjangeren innan kriminallitteratur.

Privatdetektiv Cormoran Strike er hovudperson. Han er ein litt sliten antihelt; ein krigsveteran med kunstig bein, dårleg økonomi og ufyseleg eks-kjæreste. Inn i livet hans kjem så kontorvikaren Robin og ein rik oppdragsgjevar med ei utfordrande sak.

Etterforskinga er detaljert, intrikat og omstendeleg - men boka vert på ingen måte stilleståande. Mykje av handlinga er lagt den luksuriøse og dekadente delen av London der kjendisar, modellar, paparazzi'ar, moteskaparar, skodespelarar og journalistar lever av og for kvarandre. Men boka fortel også om kontrastane til dette glamorøse jetset-livet; om dei fattige, dei heimlause og dei narkomane.

Den fantastisk rike, fantastisk populære og fantastisk vakre modellen Lula har tilsynelatande tatt livet av seg ved å hoppa ut frå balkongen i luksusbustaden sin. Eller vart ho dytta - myrda? Sjølv om Lula tilsynelatande hadde "alt", hadde ho på mange måtar ein uklar bakgrunn. Privatetterforskar Strike og medhjelpar Robin prøver iherdig å finna samanhengar og motiv. Og eg avslører vel ikkje for mykje når eg fortel at mordaren - i beste krimlitteratur-tradisjon - vert avslørt og konfrontert med alt - til slutt.

Robert Galbraith er som dei fleste veit pseudonym for J.K. Rowling (som igjen er pseudonym for Joanne Rowling) - og etter mi meining beherskar ho kriminalsjangeren nesten like godt som fantasysjangeren. Eg tykkjer at ho er ein god forteljar og at ho evnar å skapa originale, truverdige og "fleir-dimensjonale" karakterar. I denne boka byr forfattaren også på humor, ironi og bitande karakteristikkar av mote-/modell-miljøet og skakkøyrde samfunnsforhold.
Dette skal vera fyrste bok i ein serie - og eg kjem heilt sikkert til å lesa den neste!

Jan Martin Johnsen gjer ein fabelaktig jobb som opplesar av lydboka. Han er i stand til å formidla særprega til dei ulike stemmene/karakterane.
Alt i alt vart Når gjøken galer ei underhaldande og god leseoppleving.

10. august 2014

Bokomtale: Doktor Fredrikis kabinett av Jørgen Brekke

Lydbokforlaget 2014
Speletid: 9 t 44 min
Opplesar: Kim Haugen
Kjelde: Lånt på biblioteket

Jørgen Brekke debuterte i 2011 med Nådens omkrets - ei bok som vart ein stor suksess - og som eg likte veldig godt. Utgangspunktet for handlinga i den boka og i oppfølgjaren Drømmeløs var notida og det sjarmerande etterforskarparet Odd Singsaker og Felicia Stone - men med enkelte trådar og hendingar langt tilbake i tid. Begge er spennande og interessante og ein smule makabre. I Brekke sin tredje kriminalroman, Menneskets natur, er handlinga kun lagt til våre dagar.

Doktor Fredrikis kabinett er bok nummer fire og er ein historisk kriminalroman. Handlinga er lagt til Trondheim og året 1769. Hovudpersonen er politimester Nils Beyer (som me møtte fyrste gong i Drømmeløs), han er ein velutdanna og klok mann som strevar med forholdet til kjæresten og som slit med depresjon, einsemd og alkohol. Altså slike ting som "alle" moderne krimheltar også slit med. Ein finn faktisk mykje av den same tematikken i denne boka som i kriminalforteljingar lagt til notida; organisert kriminalitet, menneskehandel, korrupsjon og prostitusjon.

Det heile startar med at ei ung jente vert funnen drept - og Bayer lovar seg sjølv og andre at han skal finna ut kven som står bak det uforklarlege drapet. Samstundes kjem ein tidlegare kjenning tilbake til Trondheim; den mystiske doktor Fredriki som har med seg eit like mystisk kabinett og ein søvngjengar med profetiske evner. Fleire blodige hendingar finn stad - og Bayer og medarbeidarane hans vert involverte, på fleire plan.

Så vidt eg kan skjønna skildrar forfattaren godt dei historiske tilhøva i byen. Han får godt fram dei store, nesten groteske, skilnadene på folk. På den eine sida dei fattige som levde frå hand til munn - og på den andre sida dei "kondisjonerte" som levde i stor rikdom. 

Doktor Fredrikis kabinett er ei underhaldande, ganske spennande og velskriven forteljing, men eg tykkjer likevel at dette er den svakaste boka til Jørgen Brekke. Handlinga er for enkel og det manglar litt nerve - og så saknar eg Odd Singsaker..

Lydboka er greit opplest av Kim Haugen, han les i eit passe tempo og med brukbar innleving.

7. august 2014

Bokomtale: Tørk aldri tårer uten hansker av Jonas Gardell

Del 1 - KjærlighetenVigmostad & Bjørke 2013, 286 sider
Del 2 - Sykdommen  - V & B 2013, 284 sider
Del 3 - Døden           - V & B 2014, 290 sider

Trilogien til Jonas Gardell vart slukt i løpet av nokre få dagar i ferien. På førehand hadde eg fått med meg at lesarar og anmeldarar var overbegeistra for både bøkene og TV-serien - det gjorde at eg var skeptisk då eg starta lesinga av del 1 - eg er ofte litt "mot straumen" - men boka tok tak i meg frå fyrste stund.

Dette er nemleg hjerteskjerande og gripande lesing frå fyrste side i fyrste bok til siste side i siste bok. Opningsscenen i bok 1 byrjar på ein måte med slutten: Me møter ein døyande mann i sjukehussenga. Han får aldri besøk. Han har store smerter og dødsangst. Han får lite pleie og omsorg. Sjukepleiarane som passerer dei doble dørane til rommet har strenge restriksjonar om at mannen sine tårer ikkje skal tørkast bort utan beskyttelseshanskar. Hjerterått - men slik var forholda rundt dei hivsmitta og aidssjuke den gongen, midt på 80-talet.


Bøkene fortel om oppveksten til to gutar; Rasmus frå landsbygda og Benjamin frå Jehovas vitne. Dei er begge annleis. Alt frå barndommen føler dei begge at dei ikkje høyrer heime nokon plass. Dei er begge einsame og føler - på kvar sin måte - stor skam for si homofile legning. Når dei møtest, finn dei kvarandre. Dei finn venskap, kjærleik og sin eigen plass i samfunnet. Dei finn ein samanheng - meininga med livet, på ein måte - men opplever etter kvart at venene deira vert sjuke og døyr - og lyt gå i den eine begravelsen etter den andre. Kven blir den neste som blir sjuk? Kven blir den neste som går ein langsam og smertefull død i møte?

Vekslinga mellom det dokumentariske, det sjølvbiografiske og det skjønnlitterære i bøkene er svært verknadsfullt. Gardell ropar ikkje ut bodskapen sin - han fortel på ein stillferdig og sakleg måte - og det har langt større verknad enn om han hadde uttrykt seg meir aggressivt.
Aids-epidemien vart sett på som ein ny pest og i enkelte kristne miljø vart det hevda at det var Gud sin måte å straffa dei homofile på. Det fantest sjukehus som ikkje ville ta inn homofile. Det vart føreslått å tatovera alle hiv-positive og ein diskuterte til og med eigne "konsentrasjonsleirar" for dei smitta. Mange av familiane til dei sjuke og smitta prøvde å skjula sanninga om sjukdommen.

Desse bøkene viser lesaren at det svenske (og norske) samfunnet - og folk flest - har endra synet på homofili dei siste 30 åra. Heldigvis. Det er blitt noko enklare å komma ut av skapet. No er dei fleste meir tolerante og respekterer alternative familie- og samlivsformer; i dag er det vel knapt nokon som bryr seg om to av same kjønn er kjærestar, bur saman eller gifter seg med kvarandre. Men enno er det ein del fordommar og haldningar å ta tak i - særleg i dei eldste aldersgruppene og blant enkelte religiøse folk - og mange ungar brukar gjerne "din homo" som skjellsord fortsatt. 

Tørk aldri tårer uten hansker ga meg - faktisk - klump i halsen. Det er sjeldan ei bok går så inn på meg, så dette måtte bli toppkarakter. Eg følte meg litt utmatta etter at eg hadde lest ut trilogien - og har brukt ein del tid på å fordøya det eg las. Det handlar om livet, kjærleiken og døden. Om nærleik og venskap, einsemd og lengsel. Om fordommar og homofobi, hiv-skrekk og aids-frykt. Om smerte, angst og sorg. Bøkene er som sagt svært gripande, - og alt vert fortalt på ein intens og realistisk måte. Rått og sårt - og veldig lettlest, trass i at det vert hoppa fram og tilbake i tid og at historia vert fortalt frå ulike synsvinklar. Det er på mange måtar trist og vond lesnad, men den lune humoren og ironien til forfattaren er også til stades.

Noko av det som gjorde sterkast inntrykk på meg var nettopp det ekte i forteljinga. Det er ingen tvil om at forfattaren fortel om sitt eige liv, sine eigne vener og elskarar og sine eigne opplevingar. Det er Jonas Gardell sin unge kropp me ser på omslagsbiletet til den fyrste boka - men personen som held rundt han på biletet - han finst ikkje lenger, har forfattaren fortalt. Han har vidare sagt at han har slitt med skuldkjensle fordi han var mellom dei som overlevde.

Jonas Gardell er verkeleg ein forfattar og ein artist som byr på seg sjølv:

3. august 2014

Samleinnlegg: Lest og høyrt i ferien

Bloggen har hatt sommarferie og for å kommma ajour kjem her nokre 
mikro-omtalar i kulepunktformat


Saras nøkkel av Tatiana de Rosnay

  • Ei opplesarstemme eg ikkje vart "fortruleg med"
  • Utgangspunktet for boka er jødeforfølgingane under 2. verdenskrig, - dette er sterk lesing; både spennande og gripande 
  • Undervegs vert historia likevel platt, kjedeleg og lite engasjerande
  • Parallellhistoria frå notida er dameroman-aktig og "påtatt" dramatisk
  • Lite truverdige hovudpersonar
  • Irriterande klisjefyllt språk
  • Patetisk slutt
  • For meg vart dette ei dårleg leseoppleving; Terningkast 2

Kunsten å høre hjerteslag av Jan-Philipp Sendker

  • Lydbok, godt opplest av Håkon Strøm og Charlotte Grundt
  • Internasjonalt: Tysk forfattar og handling frå Burma og New York
  • Romantisk, til tider svært klissete
  • Oppskrytt og skuffande
  • Langtekkeleg og lite truverdig
  • Oppfølgingsboka fristar ikkje
  • Falt ikkje i smak hos meg, men vrien på slutten var litt overraskande og berga eit Terningkast 3

 Da duene forsvant av Sofi Oksanen

  • Lydbok; Anders Ribu les godt, men litt for "pompøst" for denne type bok
  • Historisk frå Estland; eit land og eit folk under tysk og sovjetisk herredømme
  • Om storpolitikk sett frå nokre "små" enkeltpersonar sitt perspektiv
  • Krigsdrama og familiedrama
  • Storslått, utfordrande, detaljert, imponerande research-arbeid
  • Alle detaljane, dei mange forteljarstemmer og hopp fram og tilbake i tid gjer boka kaotisk og handlinga uoversiktleg
  • Interessant, men ikkje sååå veldig fengande. Terningkast 4


Vann til elefantene av Sara Gruen

  • Glimrande lest av Finn Schau
  • Underhaldande og sorgmuntert om ein gammal mann som tenkjer tilbake på ungdomstida si på eit omreisande sirkus i USA på 30-talet 
  • Dramatisk og romantisk
  • Ein hovudperson å bli glad i
  • Grei, men forutsigbar avslutning
  • Terningkast 4

Sherlock Holmes: Skandale i Bøhmen og andre eventyr av Arthur Conan Doyle

  • Seks klassiske krimnoveller skrivne på 1890-talet
  • - Skandale i Bøhmen
  • - De rødhåredes forbund
    - Et identitetsproblem
    - Mysteriet i Boscombe Valley
    - De fem appelsinstenene
    - Mannen med den vrengte leppen
  • Nils Nordberg si stemme er perfekt for denne type forteljingar
  • Novelleformen er perfekt for forteljingane om Sherlock Holmes og Dr. Watson
  • Underhaldande og elegant, men litt langsamt; ei leseoppleving til Terningkast 4

Hendelser ved vann av Kerstin Ekman

  • Tildelt Nordisk Råds litteraturpris (-94) og Glassnøkkelen (-93)
  • Psykologisk thriller
  • Mangfaldig, samansett og originalt persongalleri
  • Stemningsfulle naturskildringar
  • Mørk, dyster og tidvis erotisk stemning
  • Stigande og grøssande spenning
  • Boka er som ein løk; ein skreller av mange lag undervegs
  • Stillferdig, ikkje så drivande handling som forventa
  • Litt tunglest, brukte lang tid 
  • Men boka er så velskriven og spesiell at eg gir Terningkast 5

Dukkene av Mo Hayder

  • Bok nr. 6 om politietterforskar Jack Cafferey (Walking Man-serien)
  • Bok nr. 4 om Cafferey og politidykkar Flea Marley - og ein anar omsider ei utvikling i forholdet mellom dei to
  • Framhald av Borte og ei bok eg har venta lenge på 
  • Bissart, brutalt, spennande, fengande, uhyggeleg
  • Ypparleg komponert med korte kapittel og stadig skiftande perspektiv
  • Forfattaren syner "vrangsida" av samfunnet og menneskesinnet
  • Både hovudpersonar og bipersonar framstår som "ekte" sjølv om dei er oppdikta
  • Ikkje så intenst spennande som dei føregåande bøkene i serien, men likevel ei leseoppleving til terningkast 5

Redlight Setesdal av Sigmund Falch

  • Som dei andre bøkene til Falch: Gamle bilete kopla saman med meir eller mindre passande tekstar
  • Resultatet er overraskande og hysterisk morosamt
  • Ei bok "utan meining"; kun for underhaldning og ingenting anna
  • Ein god latter forlengar livet og styrkar magemusklane
  • For meg er dette heilt topp; terningkast 5


          Mørketall av Arne Dahl

          • Bok nr. 8 i serien om A-gruppen
          • Handlingsrikt og perspektivrikt 
          • Dei ulike medlemene i A-gruppen jobbar med ulike saker som til slutt syner seg å henga saman. Ikkje så truverdig, men det vert i alle fall ein actionfylt avslutning
          • Gode personskildringar og karakteristikkar
          • Aktuellt om den vanskelege jakta på folk som står bak all barnepornoen på internett
          • Interessante filosofiske betraktningar
          • Svært velskriven - som alltid frå Dahl si side. Terningkast 5

          Før snøen kommer av Britt Karin Larsen

          • For det fyrste: Heilt "feil" omslag på denne utgåva. Biletet er altfor romantisert. Dessutan er eg litt allergisk mot blurbs. Dette omslaget er betre.
          • Dernest: Eit etterlengta gjensyn med Lina, Taneli, Hilda, Jussi og dei andre skogfinnane me har blitt kjent med i dei tre føregåande bøkene i serien. I tillegg vert me kjende med ein ny generasjon og ei ny tid.
          • Særeigen forteljarstil; spørjande og undrande
          • Nydeleg poetisk språk
          • Samstundes hjerteskjerande realistisk
          • Må lesast sakte
          • Ei bok og ein romanserie som anbefalast varmt. Terningkast 5
          - - - - - - - -

          Ferielesinga vart som ein kan sjå ganske variert - og leseopplevingane vart også varierande. Ei av bøkene eg starta på vart ikkje fullført; En amerikaner i Italia av John Grisham. Ikkje ein gong Ivar Nergaard si opplesingsstemme klarte å "berga" denne. Amerikansk fotball er fullstendig uinteressant for meg. Eg vel å tru at dette er ei utypisk Grisham-bok og kjem nok til å prøva meg på andre bøker av forfattaren ved seinare høve.

          "Rosina i ferielesingspølsa" vart Jonas Gardell sin trilogi Tørk aldri tårer uten hansker. Eg las alle tre; 1. Kjærligheten, 2. Sykdommen og 3. Døden medan eg hadde sommarferie. Desse bøkene gjorde djupt inntrykk på meg (terningkast 6 er sjelden kost på denne bokbloggen) og får ein eigen omtale.

          1. august 2014

          Oppsummering juli

          Påbyrja i juni, fullført i juli:
          Roy Jacobsen - De usynlige - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
          Tove Jansson - Sommerboken - Svensk/finsk roman - Papirbok lånt på biblioteket
          Kerstin Ekman - Hendelser ved vann - Svensk krim - Papirbok lånt av mor

          Lest i juli:
          Jan-Philipp Sendker - Kunsten å høre hjerteslag - Tysk roman - Kjøpt lydbok
          Sofi Oksanen - Da duene forsvant - Finsk/estisk roman - Lydbok lånt på biblioteket
          Jonas Gardell - Tørk aldri tårer uten hansker, 1. Kjærligheten - Svensk roman - Papirbok lånt på biblioteket
          Tatiana de Rosnay - Saras nøkkel - Roman - Lydbok lånt på biblioteket
          Mo Hayder - Dukkene - Britisk krim - Papirbok lånt på biblioteket
          (John Grisham - En amerikaner i Italia - Amerikansk spenning - Lydbok lånt på biblioteket) - Ikkje fullført
          Jonas Gardell - Tørk aldri tårer uten hansker, 2. Sykdommen - Svensk roman - Papirbok lånt på biblioteket
          Arne Dahl - Mørketall - Svensk krim - Papirbok lånt av mor
          Sara Gruen - Vann til elefantene - Roman - Lydbok lånt på biblioteket
          Jonas Gardell - Tørk aldri tårer uten hansker, 3. Døden - Svensk roman - Papirbok lånt på biblioteket
          Sigmund Falch - Redlight Setesdal - Humor - Ebok lånt på biblioteket
          Arthur Conan Doyle - Skandale i Bøhmen - Klassisk britisk krim, noveller - Lydbok lånt på biblioteket

          Påbyrja i juli, fullførast i august:
          Britt Karin Larsen - Før snøen kommer - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
          Jan Mehlum - Lengsel etter penger - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
          Jørgen Brekke - Doktor Fredrikis kabinett - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket


          Mange og varierte lese- og lyttestunder i juli altså - og takk og lov for bibliotektenesta!

          Eg tykkjer det har vore veldig godt og riktig med bloggepause ein periode - men no har det byrja å kribla skikkeleg i fingrane etter å ta tastaturet fatt igjen. Eg kjem til å publisera ein samlebloggpost med lest og høyrt i ferien om ein dag eller to.

          9. juli 2014

          Sommarhelsing med Sommerboken

          Her på Vestlandet er det varmt for tida - og me har hatt sommar "uendeleg" lenge allereie. Me har vore heldige og hatt ein forsommar mot normalt. Og no er det berre eit par dagar igjen på jobb før det blir (ein velfortent!) ferie.
          Denne bloggen kjem til å ta ein pause nokre veker. Er plutseleg tilbake i august.

          God sommar til alle blogglesarar! Ha ein fortsatt strålande lesesommar!

          - - - - - - - - -


          Som vanleg les eg fleire bøker parallellt - og mellom dei eg les akkurat no er Sommerboken av Tove Jansson. Eg "sparar" på boka og les eitt kort kapittel kvar dag. Boka er lånt på biblioteket.

          Sommerboken kom ut for fyrste gong i 1972, for 42 år sidan - men dette er ei bok som ikkje går ut på dato. Ho kan lesast gong på gong, sommar etter sommar.

          Den finlandssvenske forfattaren og kunstnaren Tove Jansson ville ha fylt 100 år i år. For dei fleste er ho mest kjent for forteljingane frå Mummidalen. I Sommerboken finst verken Mummitrollet, Snorkfrøken, Lille My eller Snusmumrikken, - men ein kan kjenna att stilen, humoren og filosofien hennar. I denne boka er det seks år gamle Sophia og farmora hennar som har hovudrollene - begge er skildra på ein inderleg, varm og klok måte.

          Dei to bur og lever saman på ei lita øy om somrane. I bakgrunnen skimtar me far til Sophia, men han er for det meste fråverande. Mora til Sophia er død, - dette får lesaren vita heilt i starten av boka - og gjer stemninga i boka vemodig og melankolsk - men ikkje sorgfull. Samspelet mellom den unge og den gamle er unikt; Sophia og farmor kan snakka saman om alt, men kranglar innimellom.

          Sophia er som andre seksåringar: nysgjerrig, ærleg og filosofisk. Farmor er litt sliten og litt gammal, men har behalde mykje av det barnslege i seg og er ganske "beint fram". Sophia og farmor forstår kvarandre godt og er svært nære og gode vener.

          Sommerboken er ei vaksenbok, men kan absolutt lesast av (eller for) barn. Boka er stemningsfull og koseleg - ei lita perle som anbefalast på det varmaste.

          4. juli 2014

          Bokomtale: De usynlige av Roy Jacobsen

          Cappelen Damm 2013
          Opplesar: Nils Johnson
          Speletid: 6 t 29 min
          Kjelde: Lydbok lånt på biblioteket

          Handlinga i De usynlige går føre seg i ei ikkje så altfor fjern fortid (1910/20-talet) og er om ein familie busette på ei øy på Helgelandskysten. Det er Ingrid, det einaste barnet til Hans og Maria Barrøy som er hovudperson i boka - og store deler vert fortalt frå hennar perspektiv.

          Fiskarbondefamilien på Barrøy består elles av Hans si syster Barbro - som truleg er lettare psykisk utviklingshemma, og faren Martin - som er gammal og utslitt. Dei lever eit strevsamt liv i pakt med og i kamp mot naturen. Ungane har plikter frå dei er heilt små. Skal ein ha mat på bordet og klede på kroppen må det jobbast. Dyra må ha stell og fôr, hus og redskap må vedlikehaldast, ærfugldun skal rensast, kaia må reparerast etter storm, fisk skal tørkast og graset skal slåast med ljå. Hans er i periodar på lofotfiske for å spe på økonomien, og alle veit at når mannfolka er ute på fiske, er det ikkje sikkert dei kjem heim att. Så kvinnene har mykje ansvar, og tek ansvar.
          Både Ingrid og mora Maria er sterke kvinner. Dei "står han av" som det heiter. Barbro vert gravid med ein svensk gjestearbeidar og det vert enno ein munn å mette på øya, men vesle Lars veks opp og vert ein dyktig arbeidskar og til stor hjelp for dei andre i familien.

          Personane i boka er fåmælte - kjensler vert ikkje snakka om og dei tenkjer mest praktisk når dramatiske og tragiske ting oppstår. Dei dveler ikkje med fortida og planlegg ikkje langt fram i tid. Dei lever på ein måte frå dag til dag og frå hand til munn. Når mora får samanbrot og vert lagt inn på asyl vert det vanskeleg for Ingrid - men ho gjer det ho kan; bit tennene saman, organiserer og handlar. Skilnaden på folk var ekstremt stor i den tida - men når tragedien råkar "overklassen" på fastlandet, er det igjen unge Ingrid som tek ansvar.

          Etter mi meining er De usynlige ein god og realistisk historisk roman. Det kunne fort blitt ei sentimental, grå og trist leseoppleving sidan temaet er "kvardagsleg slit frå gamle dagar", men Jacobsen fortel det heile på ein så fin og enkel måte; lågmælt og med varme og sjarme. Han syner oss korleis det verkeleg kunne vera å veksa opp i slike fattige og strevsame kår - og dagens raske overflodssamfunn framstår som noko nesten grotesk.

          Forfattaren skildrar naturkreftene, strevet og bekymringane til øybuarane i eit ujålete og direkte språk. Det enkle språket står såleis i stil med personane det vert fortalt om. Mykje kan lesast "mellom linjene". Dialogane er på dialekt - og eg hadde ikkje så store problem med å skjønna det som vart sagt her. Men enkelte lokale ord og uttrykk var fullstendig framande for meg som er oppvaksen i ein heilt annan kant av landet og i eit heilt anna miljø. Eg kunne ha tenkt meg ei ordliste/ordforklaring i starten av lydboka. Eg kunne ha googla dei orda eg ikkje skjønte - men interessant var det likevel ikkje - for forståinga av og samanhengen i sjølve historia er klar og tydeleg.

          Roy Jacobsen har med denne boka gjort den usynlege kystbefolkningen og deira strev synleg for oss. Eg tykkjer ikkje at De usynlige er så utruleg superfantastisk god som enkelte vil ha det til, men det er ei stillfarande forteljing til ettertanke som eg gjerne kan anbefala.

          Lydboka er godt opplest av Nils Johnson. Det nordnorske tonefallet og den litt langsame måten å lesa på passar fint til akkurat denne boka.

          - - - - - - - - - - - - -

          No i juli månad driv bokbloggarar "samlesing" av De usynlige. Dette er den fyrste og einaste boka eg har lest (fullført) som er på kortlistene til Bokbloggerprisen 2013. Eg gjorde eit forsøk på å lesa Fugletribunalet, men den likte eg rett og slett ikkje. Dei fire andre har eg bevisst valt vekk - dei er (for) langt utanfor mi komfortsone, mitt interessefelt og mi bokverd.