Annakvar månad arrangerer Ingalill -
Moshonistabloggen - biografisamlesing. Det vil sei; me melder oss på, les ein valfri biografi innan eit gitt tema, og omtalar boka og personen det vert skrive om. Ein artig og inspirerande utfordring. Marianne -
ebokhylla - valde no i oktober temaet
forfattarar, nærare bestemt 1001-forfattarar.
Eg funderte ei stund på kva eller kven eg skulle lesa. Eg ynskte å lesa om ein av dei 1001-forfattarane som eg faktisk
har lest - og det er ikkje så veldig mange. Men her ein dag då eg søkte litt på måfå inne på
nb.no, fann eg løysinga: Janet Morgan sin biografi om Agatha Christie. Christie har betydd svært mykje for eit utal andre kriminalforfattarar og er ein av
favorittforfattarane mine.
Enkelte er kanskje overraska over at Agatha Christie er med på lista over "1001 bøker du må lese før du dør". Men det er ho altså; med
Doktoren mister en pasient eller på originalspråket
The murder of Roger Ackroyd, som kom ut fyrste gong i 1926. Dette er ei Hercule Poirot-forteljing av den mest finurlege typen. Eg vil tru at ingen som har lest den boka gløymer den fiffige og overraskande løysinga på saka.
Janet Morgan si bok vart eg skuffa over. Ein skulle tru at Agatha Christie sitt liv var såpass interessant og spesielt at ein biografi om henne også vart ei bra leseoppleving. Slik vart det ikkje. Boka frå 1985 er kjedeleg, rotete, oppramsande og søvndyssande. Eg har faktisk ikkje lest heile heller; berre skumma meg gjennom for å kunna skriva dette blogginnlegget. Boka vert oppført som "avbrutt" i mi eiga loggføring. Eg gir heller ikkje terningkast sidan eg har lest for lite til å vurdera ho skikkeleg. Det ligg an til ein 1'ar eller 2'ar og eg giddar ikkje å bruka tid på å fullføra ei bok eg ikkje likar.
Morgan hadde, medan ho skreiv denne boka, tilgang til Christie sine notatar, manuskript, utklipp og dagbøker, men har ikkje klart å formidla alt dette på nokon god måte i biografien. Eg tykkjer boka inneheld for mykje detaljar om unødvendige og uinteressante ting. Det finst mange biografiar om Agatha Christie, men dette er den einaste autoriserte. Hennar eigen sjølvbiografi som kom ut posthumt i 1977.
Agatha Mary Clarissa Miller kom til verda i badebyen Torquay i 1890. Dei to søskena hennar var ti og elleve år eldre enn henne. Morgan fortel at Agatha hadde ein lukkeleg og trygg barndom. Faren var amerikansk aksjemeklar og mora britisk aristokratisk offiserdotter. Agatha fekk undervisning i heimen sidan familien var ganske velståande. I mangel på verkelege kameratar og sosialt liv fantaserte ho og dikta opp historiar då ho var barn. Ho var også heile livet sjenert og litt sky, noko ein kan forstå sidan ho hadde ein så "beskytta" oppvekst. Faren døydde då Agatha var 11 og då vart dei økonomiske tilhøva i familien endra. Det virkar som om Agatha hadde eit unormalt nært/usunt forhold til mor si.
Under 1. verdenskrig arbeidde Agatha som sjukepleiar i heimbyen og seinare fekk ho jobb på eit apotek. Her lærte ho ein del om gift; ein kunnskap som ho seinare skulle komma til å bruka i fleire av bøkene sine. Den fyrste boka hennar,
Styles-mysteriet, kom ut i 1920. Her vart den belgiske privatdetektiven Hercule Poirot og venen hans (og forteljaren) kaptein Hastings introdusert.
På det private planet gifta Agatha seg med piloten Archibald Christie i 1914 og ho fekk sitt einaste barn, dottera Rosalind, i 1919. Ekteskapet var lukkeleg dei fyrste åra, men Archie var notorisk utru og Agatha vart etter kvart frustrert og lei seg.
I desember 1926 vart det stort oppstuss i den engelske pressa: Den suksessrike forfattaren Agatha Christie var sakna. Bilen hennar vart funnen i ei grøft, men utan spor etter eigaren. Etter elleve dagar vart ho funnen i god behald på eit hotell, registrert under namnet til den nye elskerinna til mannen. Ho påsto at ho hadde hukommelsetap grunna eit nervøst samanbrot. Det vert
framleis spekulert i kva som hende den gongen; var det eit PR-triks i samband med bokutgjeving, ein utspekulert "spøk" for å hevna seg på ektemannen eller eit faktisk og mystisk hukommelsetap? Agatha Christie nemner ikkje hendinga i sjølvbiografien sin.
I 1928 var skilsmissen frå Archie Christie eit faktum og ei tid etter møtte Agatha Max Mallowan, ein britisk arkeolog. Han var 14 år yngre enn henne, dei gifte seg i 1930 og ekteskapet varte livet ut. Som forfattar behaldt ho hamnet Agatha Christie, men som privatperson var ho frå då av fru Mallowan. Agatha hadde i likskap med ektemann nummer to ei sterk interesse for arkeologi, noko som kjem fram i fleire av bøkene hennar.
Agatha Christie skreiv nesten 100 kriminalromanar, novellesamlingar og skodespel. Ho vart president i den britiske kriminalforfattarklubben og ein av dei mest berømte kvinnene i England - og verda forøvrig. I 1971 vart ho æra og adla. Dame Agatha døydde 12. januar 1976. Førti år etter får ho nye stadig nye lesarar og er like populær. Det er verkeleg imponerande, tykkjer eg.
Men som sagt innleiingsvis: Janet Morgan sin biografi er
ikkje særleg imponerande. Eg vil faktisk heller rå folk til å lesa
Wikipedia-artikkelen om forfattaren. Det meste av det eg skriv om Agatha Christie ovanfor har eg googla meg fram til.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Eg satsar på betre lukke neste gong, dvs. at neste bioleserunde byr på ei betre leseoppleving. Det burde lata seg gjera sidan det er underteikna som har fått det ærefulle oppdraget å bestemma kategori for biografileserunden i desember. Temaet blir
Snø og is (jo kaldare jo betre) og har samanheng med at eg likar å lesa polarhistorie og biografiar om polfararar. Men kategorien kan også romma vinteridrettsutøvarar, fjellvandrarar og andre "kalde folk".