31. mai 2021

Oppsummering mai 21

Påbyrja i april, fullført i mai:
Atle Nielsen - Ett blod - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Kurt Aust - Den tredje sannhet - Norsk historisk krim - Lånt papirbok privat

Lest i mai:
Jens Kihl - Dette er også Noreg - Norsk dokumentar - Lånt ebok BookBites
Bo Svernström - Ofrenes offer - Svensk krim - Lyd Storytel
Bjørn Erik Thon - Olga Wilsons dobbeltliv - Norsk dokumentar/biografi - Lyd Storytel
Tina Frennstedt - Forsvunnet - Svensk krim - Lyd Storytel
Emilie Schepp - Ni liv - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Jan Brøgger - Epidemier - en natur- og kulturhistorie - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Jan Guillou - Slutten på historien - Svensk roman - Kjøpt lydfil
Terje Bjøranger - Business - Norsk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Bernard Minier - Natt - Fransk krim - Kjøpt lydfil
Richard Osman - Torsdagsmordklubben - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Tom Egeland - Sølvpengene - Norsk krim - Lånt papirbok privat


7 lyd, 2 papir, 1 ebok
4 lånt, 5 abonnement, 1 kjøpt
6 krim, 1 annan roman, 2 dokumentar, 1 biografi
6 norske, 4 svenske
8 menn, 2 kvinner
"Nye" forfattarar: Nielsen, Kihl, Svernström, Thon, Frennstedt, Brøgger

Kun norske og svenske forfattarar i mai, men er i gang med ei britisk og ei fransk bok no ved månadskiftet. Dessutan - av dei 10 maibøkene er heile 6 av for meg nye forfattarar. Det er truleg rekord, og noko som eg er veldig nøgd med. For det er stadig nye/ukjende/uleste forfattarar der ute! 

Mange terningkast 4, og eit terningkast 4 kan bety så mangt: Alt frå dei som nesten kunne ha fortent ein 5'ar - som Den tredje sannhet, men som ramlar ned eit hakk fordi boka er for lang - og til Slutten på historien der eg vurderte ein 3'ar sidan eg veit at Jan Guillou kan så mykje betre, men som på den andre sida var ei grei avslutning på Århundre-bokserien. 
Ein annan og meir soleklar 4'ar er Dette er også Noreg - "ein kommunal feelgood" - midt i blinken for personar som jobbar i ein kommuneadministrasjon. Som meg sjølv.

Ofrenes offer og Ni liv er svensk kvalitetskrim. Det same kan forsåvidt seiast om Forsvunnet, men den manglar det vesle ekstra som ville gitt terningkast 5.

(Dersom du lurer: Kva skjedde med Skjebnesteinen som eg heilt bestemt skulle lesa i mai? Jo, den forsvann frå BookBites og eg havna i ny lang kø igjen. Sjølvsagt vart boka etterspurt etter Rivertonpris og greier. Pr i dag er eg nummer 3 i køen, så då er det vel kanskje håp om at den kan bli junilesing..)

- - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Til slutt limer eg inn ein omtale eg la inn på nettsida bokelskere.no for eit par dagar sidan. På bokelskere.no finst det nemleg ein brukar som legg ut konspirasjonsteoriar en masse, utan at det har noko særleg med litteratur eller bokomtalar å gjera. Eg ignorerer som regel slike folk og slike innlegg, men har merka meg at enkelte brukarar av nettstaden er i ferd med å få nok av konspitullet til vedkommande. Difor la eg inn eit slags motinnlegg i form ein av bokomtale. Eg har så langt ikkje fått nokon reaksjon.

I tilfelle diskusjonar med koronaskeptikarar og vaksinemotstandarar kan ein finna mange saklege og nyttige argument i boka Epidemier (med undertittel en natur- og kulturhistorie). Boka kom ut i 2002 og er på ein måte "utgått på dato", men på den andre sida har ho fått ny aktualitet i samband med den pågåande pandemien. Det var nok også grunnen til at forlaget ga ut boka på nytt i 2020.
Forfattaren Jan Brøgger (1936-2006) var psykolog og sosialantropolog og gjer i boka greie for kva epidemiar og pandemiar har hatt å sei for utforming og utvikling av samfunnet. Han viser også til at folk gjennom tidene alltid har jakta på alternative løysingar og syndebukkar i slike høve. Konspirasjonsteoriar er nemleg ikkje av ny dato: I den mørke mellomalderen vart gjerne sjukdom forklart med syndig livsstil og hekseri, og elles har jo jødane fått skulda for det meste..
I dag ser me at konspirasjonsteoretikarar meiner at Covid 19-viruset ikkje finst og at koronaen er ein del av "ein større plan" og at det liksom skal vera "ein skjult agenda" bak pandemien. Enkelte av desse skrullingane hevdar at koronavaksina ikkje er ei vaksine, men ei giftsprøyte. Sprøyta/vaksinen inneheld aborterte foster og microchip'ar og gud veit kva andre skrudde teoriar som er lanserte. Og slik held dei på i sine eigne ekkokammer, med andre liknande misvisande og feilaktige opplysningar.
Men eg tenkjer: Takk og lov for at det finst vaksinar! At me er blitt kvitt fryktelege sjukdommar som kopper, kolera, poliomyelitt og tuberkulose skuldast sjølvsagt at dyktige forskarar og vitenskapsmenn- og kvinner har utvikla vaksinar - og at folk flest no er vaksinerte mot desse sjukdommane.
Når det er sagt: Eg skjønnar at folk stiller spørsmål om bivirkningar og er litt usikker på om ei vaksine er trygg. Ein er ikkje konspirasjonsteoretikar om ein er skeptisk. Men då må ein søka opp vitenskapeleg faktainformasjon og ikkje støtta seg på lugubre Facebook-grupper, liksomdoktorar og "Youtube-universitetet".

18. mai 2021

Vårlesing: Biografiar

I dette innlegget vil eg slå eit slag for sakprosa i lydbokformat. Eg har nemleg hatt mange positive lytteopplevingar innan denne sjangeren; både dokumentarar, populærvitenskap, debatt- og faktabøker - og særleg biografiar.

På Storytel finst det uendeleg mange biografiar å velja mellom. Her kan ein finna godbitar som Tor Bomann-Larsen sin biografi om Roald Amundsen, Hans Olav Lahlum sin biografi om Reiulf Steen, Ola Henmo sitt portrett av Kim Friele og sjølvbiografien Jeg er Zlatan. Mellom anna. 

Det er gjerne kjendisbiografiar som får mest merksemd, men ofte er det biografiar/forteljingar om ukjende folk som gir mest inntrykk. Om meir eller mindre vanlege folk som har levd meir eller mindre uvanlege liv, som t.d. Wilhelm Holst.
Her kjem heilt kort om nokre biografiar eg har lytta til dei siste månadene. Ingen av "dei biograferte" er kjende for eit breiare norsk publikum, verken no eller medan dei levde, men det var likevel interessant å lesa om dei. 


Sepp av Nina Kristin Nilsen 
Cappelen Damm 2019
Speletid 7:31
Lyd Storytel

Leonhard Seppala (1877 - 1967) var i si tid ein svært kjend hundekøyrar. I Alaska og andre deler av USA vart han særleg berømt for innsatsen i Serumløpet i 1925. 
Seppala var fødd i Skibotn i Troms og hadde kvenske anar. Han utvandra til Nome i Alaska i 1900, midt under klondyketida. Men gull vart det lite av, så i tillegg til arbeidet i gruvene tok han på seg fraktoppdrag med hundesledar. Han vart ein dyktig hundetrenar og fekk m.a. ansvaret for å trena hundar i samband med ein av ekspedisjonane til Roald Amundsen. Seppala tenkte heile tida nytt og utradisjonelt og foredla hunderasen siberian husky

Nilsen har skrive ein interessant biografi om ein mann som aldri ga opp og som hadde ein heilt uvanleg omsut for og kontakt med hundane sine. I tillegg inneheld boka utvandrings- og polarhistorie, fortalt på ein oversiktleg og lærerik måte.
Terningkast 4+.

Du kan lesa meir om Leonhard Seppala på nettsida til Seppalaløpet.
Kleppanrova har òg nyleg lest/høyrt denne boka. Les gjerne hennar grundige omtale.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Thor Gotaas, forfattar og folkeminnegranskar, er nok mest kjent for alle bøkene om langrenn- og hoppsporten; om Birken, om Wirkola og om Oddvar Brå, for å nemna nokre få. Men han har også skrive om ein norsk proffboksar:


Magnus "Wolf" Larsen av Thor Gotaas
Cappelen Damm 2019
Speletid 2:11
Lyd Storytel

Denne kan knapt kallast biografi, - som forfattaren seier sjølv innleiingsvis er det meir eit omriss av eit liv. Eit kort liv dessutan. 

Magnus Larsen (1901 - 1931) hadde alle odds mot seg då han vart fødd, men han "slo seg fram". Frå ein tøff oppvekst som bortplassert tatergut rømde han til sjøs som 14-åring. Etter kvart gjekk han i land i New York og byrja med boksing. Med eit naturleg talent vann han mange kampar, men det vart ingen langvarig suksess. Larsen døydde berre 30 år gammal av alkoholmisbruk og bokseskadar.
Ei trist historie, dette. All ære til Gotaas som har løfta fram ei ukjend historie om ein ukjend mann.
Terningkast 4.


Josef Elvebakken av Thor Gotaas
Cappelen Damm 2019
Speletid 3:32
Lyd Storytel

Nok ei trist historie om ein mann med taterbakgrunn. 
Josef Olaus Aleksander Alting (1900 - 1972) vart fødd på landevegen og var på reise med familien dei fyrste åra av livet sitt. Då Josef vart morlaus som sjuåring vart han, som vanleg i dei dagar i slike tilfelle, "sett vekk" dvs. plassert i fosterheim.
Gotaas skildrar Josef sin tøffe og tragiske oppvekst og eit tilvære heilt nederst på rangstigen i samfunnet. Han fekk skulda for det meste, fekk fleire fengselsdommar og vart tvangsinnlagd på Reitgjerdet. Forståeleg då at han vart mistenksam og folkesky. Han flytta til skogs og budde åleine i ei koie på fire kvadratmeter i mange år. Her livnærte han seg på jakt, fiske og skogsarbeid.

Biografien handlar om ein mann som levde i og av naturen og som vart sett ned på av "folk flest" og resten å samfunnet. Boka gjorde djupt inntrykk på meg. Terningkast 5.


Olga Wilsons dobbeltliv av Bjørn Erik Thon
Cappelen Damm 2019
Speletid 8:51
Lyd Storytel

Dette er meir som ein trippelbiografi. Her handlar det om Olga, mor hennar Anna - og den som truleg var far hennar; USAs 27. president, William Taft. Ganske sensasjonelt altså, men ifølge forfattaren kan ikkje farskapet bevisast. (Men kan ikkje ein DNA-test avgjera det? innvender krimlesaren i meg)

Uansett. Thon fortel vekselvis om Anna/Olga og William Taft. Om ei oppvakt jente frå Indre Østfold som utvandra til Amerika i 1892. Om mor og dotter som levde, reiste, budde og arbeidde i lag heile livet. Og om ein mann som vart president fordi folk rundt han forventa det.
Boka er litt rotete og repeterande, men ganske interessant. Terningkast 4-.

5. mai 2021

Vårlesing del 2: Norsk og svensk krim

Fyrst i denne samleomtalen: Eit par norske krimdebutantar. Når det gjeld krimdebutar prøver eg vanlegvis å vera open for det meste; positivt nysgjerrig - men også ein smule skeptisk - "klok av skade" kan ein vel sei.
Eg måtte bita skepsisen i meg denne gongen, for begge to viste seg å vera innan kategorien "grei og lettlest krim". Stilmessig er dei veldig ulike. Den fyrste er mørk og barsk, den andre er meir lettbeint og underhaldande.

Fem dager i mai av Ole Asbjørn Ness 
Vigmostad Bjørke 2021
335 sider
Lånt ebok BookBites

Ei bok som har fått svært blanda mottaking, så denne var eg spent på. Typisk nok hamna eg midt mellom dei som har slakta boka og dei som har lovprist ho. Eg kan godt anbefala denne boka, og særleg til unge kvinnelege bloggarar som eksponerer seg sjølv og legg ut "alt" om livet sitt. Det kan vera farleg! 

Fem dager i mai er ein dramatisk, engasjerande og provoserande spenningsroman. Korte setningar, stadige perspektivskift og ulike forteljarstemmer driv handlinga framover, så boka er både lettlest og fortlest. 

Dei to mennene i hovudrollene - protagonisten og antagonisten - er ubehageleg like. Begge har eit skeivt blikk på samfunnet og eit forstokka syn på kvinner. I begge tilfella kan det forklarast med vanskeleg oppvekst og dårlege erfaringar tidleg i livet. Korleis kan det forklarast at dei kvar på sin måte er mislykka og utanfor? 

Eg fekk ei merkeleg kjensle av å ha lest boka før. Truleg er det tema 'ung jente kidnappa' som gjer det, sidan det er eit tema som er ganske vanleg i krimromansamanheng. Eit anna tema i boka er ulike former for ekstremisme og fundamentalisme. 
Slik som historia utvikla seg var det ikkje vanskeleg å forstå kven som var gjerningsperson. Det trekker litt ned heilskapsinntrykket, for helst vil eg jo bli overraska. Likevel meiner eg at boka fortener eit terningkast 4+.

Ett blod av Atle Nielsen
Goliat 2020
Speletid 8:31
Lånt lydbok BookBites

Nielsen - eit velkjent ansikt og stemme frå TV2 - har gitt ut nokre bøker tidlegare innan quiz og sport. No har han altså debutert som krimforfattar - og han har kalla helten sin for Ole Bull.

Ett blod er underhaldande, befolka med artige (men nokså stereotype) karakterar og med eit forholdsvis truverdig plott. Forfattaren brukar sine eigne erfaringar som TV-journalist og sportsanker, - han har jamvel skrive seg sjølv inn i handlinga. Fotballinteressa og den humoristiske sansen er på ein måte basisen i forteljinga. Handlinga er lagt til Bergen, London - og faktisk; til Leikanger i Sogn.

Boka er til tider noko overforklarande og gjentakande, men eg tykte dette alt i alt var eit friskt pust. Eg les gjerne meir om journalisten Ole Bull i framtida.
Atle Nielsen les lydboka sjølv. At han då tidvis les så nølande og sakte er overraskande. Truleg skuldast det at han ikkje er så vant til lydbokopplesing. Terningkast 4.

Prosessen av Malin Persson Giolito
Cappelen Damm 2019
Speletid 1:54
Lydbok Storytel

Veldig tynn/kort bok, meir som ei lang novelle. Men storleiken har ikkje noko å sei for intensiteten og alvoret: Dette er ein forfattar som får sagt mykje på få sider.

Bok nummer tre i serien om advokaten Sophia Weber handlar om jakta på ein gjerningsmann etter at det har skjedd eit grusomt terrorangrep. Å bli mistenkt i ei slik sak kan få fatale konsekvensar, også om den mistenkte viser seg å vera heilt uskuldig.

Prosessen er ei forteljing til ettertanke. Enkel og lettlest, men med djupne og meining. Det er truleg fleire referansar til Prosessen av Kafka i denne boka, men den har eg aldri lest - så eventuelle poeng og referansar derifrå gjekk meg hus forbi.
Opplesar er Hedda Sandvig som gjer ein grei jobb. Terningkast 4+.

Be aldri om nåde av Martin Österdahl
Cappelen Damm 2019
Speletid 12:03
Lydbok Storytel

Ambisiøs og langsam forteljing som går over fleire generasjonar og tiår. Omfattande og innfløkt plott og heller komplisert med tanke på lydbokformatet. Men boka er såpass interessant at eg heldt så nokonlunde styr på trådane. 

Stikkord for handlinga er russisk mafia, svensk teleteknologi og vanskelege kjærleiksforhold. Handlinga går føre seg i Russland/Sovjet og i Sverige, på 1990-talet og med tilbakeblikk på 1940-talet.

Opplesar Bendik Østbye Johannessen er flink, men les veldig sakte. Då er det praktisk å ha mulegheit til å justera lesehastigheit. Terningkast 4-.

Ofrenes offer av Bo Svernström
Cappelen Damm 2019
Speletid 10:51
Lydbok Storytel

Dette er ei bok som ikkje egnar seg for sensitive lesarar; spesielt fyrste del inneheld mange skildringar av tortur og drap utført på ulike bestialske måtar.
Heile 5 personar er blitt utsett for ein ualminneleg sadistisk mordar. Vekselvis får lesaren følgja politiet si etterforsking og journalistane sitt arbeid. Fellesnemnar for ofra i saka er at dei har ei kriminell fortid og truleg mange fiendar. Er løysinga å finna her? Er det eit offer for ofra som er ute etter hevn? Kan det vera fleire gjerningspersonar? Kva er grunnen til at pressa er så godt informert?

Så kjem det ei stor overrasking; ein plottvending av det uventa slaget - og som gjer at boka etter mi meining hevar seg over det som kan kallast vanleg krim. I andre del er det gjerningspersonen som er forteljarstemme, og me får vita meir om kva som kan vera motiv for dei grusomme drapa. Plutseleg veit lesaren kven som er den skuldige - og ein er ikkje kommen lenger enn halvveges i boka. Ein skulle tru at spenninga dermed vart øydelagt - men det skjer ikkje. I staden endrar boka karakter, frå krimroman til thriller. Mot slutten kjem det enno ein twist, men den er eg meir førebudd på. 

Ivar Nergaard les boka med sedvanleg engasjement, passe tempo og tydeleg diksjon. Dette er noko som hevar leseopplevinga.

Det er muleg at forfattaren kunne spart seg (og lesaren) for dei aller verste og utbroderte skildringane, men denne boka er verkeleg så velskriven og velkomponert at eg landar på terningkast 5-.

1. mai 2021

Oppsummering april 21

Påbyrja i mars, fullført i april:
Bernard Minier - Ikke slå av lyset - Fransk krim - Lånt ebok BookBites
Erika Fatland - Høyt - Norsk dokumentar/reiseskildring - Lånt ebok BookBites

Lest i april:
Arne Dahl - Friheten - Svensk krim - Kjøpt papirbok
Peter May - Lockdown i London - Britisk krim - Lånt lydbok BookBites
Sigrun Slapgard - Eit hemmeleg liv - Norsk biografi - Lånt papirbok biblioteket
Nina Kristin Nilsen - Sepp - Norsk biografi - Lyd Storytel
Malin Persson Giolito - Prosessen - Svensk krim/kortroman - Lyd Storytel
Yrsa Sigurdardottir - Dukken - Islandsk krim - Lånt papirbok privat
Martin Österdahl - Be aldri om nåde - Svensk krim - Lyd Storytel
Ole Asbjørn Ness - Fem dager i mai - Norsk krim -  Lånt ebok BookBites

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Atle Nielsen - Ett blod - Norsk krim -  Lånt lydbok BookBites
Kurt Aust - Den tredje sannhet - Norsk historisk krim -  Lånt papirbok privat

4 lyd, 3 papir, 3 ebøker
6 lånt, 3 abonnement, 1 kjøpt
7 krim, 2 biografiar, 1 dokumentar
4 norske, 3 svenske, 1 britisk, 1 fransk, 1 islandsk
5 menn, 5 kvinner
"Nye" forfattarar: Nilsen, Österdahl, Ness

To av bøkene er veldig omfangsrike (Minier og Fatland) og ei er veldig tynn/kort (Giolito). Dermed konkluderer eg med at for april månad er 10 bøker greit nok og innanfor normalen. Med 37 bøker lest til no i år ligg eg litt "framfor skjema" når det gjeld målsetjinga om 100 leste bøker.

Terningkasta viser kva bøker eg likte best og minst. Når det gjeld Friheten og Eit hemmeleg liv viser eg til omtalane, og eg burde verkeleg ha skrive nokre ord om Høyt. La meg berre kort sei at Erika Fatland har imponert meg, nok ein gong. Eg burde også ha sagt noko om Sepp - biografien om Leonhard Seppala. Den var veldig interessant. Du finn lydboka i Storytel, godt opplest av Reidar Sørensen.

Når det gjeld krimbøkene er eg i gang med ein ny krimsamleomtale som skal bli publisert ein av dei fyrste dagane.

Elles er det ikkje så mykje å melda herifrå i denne månadsoppsummeringa. Eg har heller ingen detaljerte planar for kva som skal lesast i mai. Lesinga mi er som vanleg etter innfallsmetoden og etter kva som til ei kvar tid er tilgjengeleg på biblioteket, BookBites og Storytel. Men eg har i alle fall bestemt meg for ei bok som skal lesast med det fyrste: På torsdag vart det nemleg kjent at Skjebnesteinen av Svein Petter Næss vann Rivertonprisen. Eg har faktisk hatt boka tilgjengeleg (på iPaden) ei tid, men ikkje prioritert ho. Men no har eg flytta Skjebnesteinen fremst i køen!