Viser innlegg med etiketten Norsk krim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Norsk krim. Vis alle innlegg

16. oktober 2026

Norsk krim 2026 del 3

I dette innlegget kan du lesa vurderingar eg har gjort meg om tre ferske norske krimbøker. Dette er tre svært ulike bøker som viser litt av spennvidda innan denne sjangeren. Det er interessant at tematikk, stemning, skrivestil, spenningsnivå og grad av realisme er så forskjellig.

I forrige samleomtale skreiv eg at Karin Fossum er i ein klasse for seg. Det same kan seiast om Jo Nesbø.
Men:

Nådeskudd av Jo Nesbø
Aschehoug 2026
451 sider
Lånt papirbok privat

Oppbygginga er upåklageleg, plottet er genialt, drapa er makabre og skrivestilen er sjølvsikker og typisk Nesbø.
Nesbø er unik i norsk og nordisk målestokk. Kanskje også i verda. Så kvifor er eg ikkje meir begeistra over Nådeskudd enn det eg faktisk vart?

Det skuldast framfor alt at forfattaren sjølv - etter 13 knallgode bøker om Harry Hole - har lagt lista så skyhøgt, og at eg som lesar har tilsvarande høge forventningar. Eit anna ankepunkt er den raude tråden i romanen, sjølve bakteppet - eller filmkulissane, om eg skal halda meg til tematikken i boka. Det handlar nemleg gjennomgåande om film og ulike filmreferansar. Store deler av handlinga er lagt til filmmiljø og boka inneheld mange begrep, detaljar og utgreiingar som har med film og filmbransjen å gjera. Både gjerningsperson, offer, mistenkte og motiv finn me óg i det nemnde filmmiljøet.
For filmnerdar er temaet midt i blinken. For meg traff det aldri. Eg er lite interessert og ser nesten aldri på film (lenger). 

No må det likevel seiast at eg tykte det vart ei bra spennande leseoppleving. Sjølvsagt; Nesbø kan seriekrimfaget og brukar både kjende og meir ukjende verkemidlar for å fanga lesaren si merksemd.  Hovudpersonen framstår som edru og skjerpa i denne boka. Hyggeleg det, sjølv om eg må innrømma at eg finn den mørkare og meir destruktive versjonen av Harry Hole meir interessant. Nådeskudd byrjar dramatisk og endar likeeins, med ei løysing som er noko søkt og oppkonstruert. 

Eg pleier alltid å "sluka" Harry Hole-bøkene, men lesinga av denne boka gjekk overraskande tregt. Så med dette seier eg "god betring" til Jo Nesbø og ser fram til bok nummer 15. Ein teaser på slutten tyder nemleg på at det kjem meir. 
Terningkast 4.


Sparknekt av Gert Nygårdshaug
Cappelen Damm 2026
299 sider
Lånt ebok Biblio

Gert Nygårdshaug (80) leverer framleis. Fredric er frisk og rask og i balanse, Skarphedin er deprimert og einsam etter hendingane i forrige bok Den tredje engelen. Fleire kompliserte drapssaker får likevel Skarphedin Olsen på bana igjen. Det finst knapt ein meir eksentrisk etterforskingsleiar, heller ikkje i litteraturen, men Olsen har visse likskapstrekk med Fred Vargas sin Jean-Baptiste Adamsberg.

Bokserien om Fredric Drum og Skarphedin Olsen er heilt spesiell; underhaldningskrim med fantasifulle overraskingar og absurde vendingar. Sparknekt er bok nummer 14 i serien, men kronologisk er boka den nest siste. Rødsonen, bok nummer 10, er den siste om ein tenkjer kronologi. Alternativt kan ein starta med nummer 10 og halda fram med nummer 1, 2, 3 osv. Eller lesa dei hulter til bulter, slik eg har gjort. Dette er på fleire måtar ein ukronologisk serie.

Den fyrste boka i serien, Honningkrukken, kom ut for 30 år sidan, men Drum og Olsen er ikkje blitt særleg mykje eldre i Sparknekt. Eg har kosa meg med boka og ser på ho som mellom dei betre i serien. 

Mystikk og myter, arkeologiske gåter og hemmelege teikn er like naturlege i denne bokserien som politiarbeid og etterforsking. Når det gjeld Drum-bøkene må ein legga vekk krav om realisme og logikk, samt forventningar til tradisjonelle kjenneteign i krimlitteraturen. 
Terningkast 4+.


På stedet hvil av Martin Baldysz
Samlaget 2026
294 sider
Lånt ebok Biblio

Dette er "den vanskelege andreboka" etter den lovande krimdebuten Stille grender. Mange lesarar og kritikarar har hatt store forventningar til oppfølgjaren - som kan kategoriserast både som historisk krim, bygdekrim og psykologisk krim.

I den fyrste boka var handlinga lagt til ein avsidesliggande dal, i På stedet hvil er me i ein militærleir. Søskenparet Johan og Sonja har etablert Ryer detektivbyrå, og i den aktuelle saka skal dei prøva å finna ut kven som har teke livet av ein høgtståande offiser på Stormoen eksersisplass. Av spor kan nemnast personlege motsetnader, mystiske brev og manglande våpen. Me befinn oss i 1903 og sterke krefter jobbar for å få slutt på unionen med Sverige. Kan usemje om denne saka vera eit motiv? 

Johan er engasjert etterforskar som gjerne tek i bruk moderne etterforskingsverktøy som fingeravtrykk og fotografering. Sonja ser samanhengar frå ein annan synsvinkel og etterforskar frå utsida. Som kvinne har ho ikkje tilgang til militærleiren, så ho oppheld seg i det lokale gjestgiveriet. Boka er godt komponert og krimgåta er finurleg samanskrudd. Lesaren får sjå saka frå begge hovudpersonane sine perspektiv, og lesaren blir på den måten "invitert inn" i etterforskinga.

På stedet hvil byr på gode person- og miljøskildringar i eit lågmælt språk. Eg gav Stille grender ein blank femmar, denne gongen vart det eit lite knepp ned. Eg tykkjer boka manglar ein del av den nerven som den fyrste boka hadde.
Terningkast 4+.

Les meir:
Norsk krim 2026 del 1 

Norsk krim 2026 del 2


17. september 2026

Norsk krim 2026 del 2

 Fleire av våre mest kjende og røynde krimforfattarar har gitt ut bøker i år.

Aller kjæreste av Karin Fossum
Cappelen Damm 2026
184 sider
Lånt papirbok privat

Fossum er i ein klasse for seg. I ei fengslande, stemningsfull og intens forteljing får ho sagt mykje på få sider. 

Dette er ei god bok med mykje nerve og som til tider er ubehageleg å lesa. Boka handlar om det som er det mest dyrebare og kjæraste i eit menneske sitt liv. Schæferen Jon er den aller kjæraste for Bella, og når han forsvinn er det som om noko blir øydelagt inni henne, og hennar handlingar etter dette får uventa og dramatiske konsekvensar. 

I Aller kjæreste finst ikkje overforklaringar og unødvendige trivialitetar, kun det som er naudsynt for å skapa framdrift og spenning.
Bok nummer 6 i Eddie Feber-serien får terningkast 5.


Tvilen av Jørn Lier Horst og Jan-Erik Fjell
Bonnier norsk forlag 2026
444 sider
Lånt ebok Biblio

Andre bok i serien om Markus Heger stadfestar eit vellukka forfattarsamarbeid. Vel er Horst og Fjell dyktige kvar for seg (med hhv William Wisting-serien og Anton Brekke-serien), men endå betre i lag.

Hovudpersonen Heger driv ein true crime-podcast og har ein far som sit i fengsel. Når han tek opp saka til faren sin cellenabo i podcasten fører det til reaksjonar på ymse vis. Kan det ha skjedd eit justismord? Heger driv si eiga etterforsking parallelt med innspeling av stadig nye podcast-episodar. Det viser seg at saka er meir innfløkt enn det kan sjå ut til. 

Tvilen startar litt tregt, men er elles ei velskriven, gjennomarbeida og godt komponert bok.
Terningkast 5-.


Svarte hull av Sven Petter Næss
Aschehoug 2026
381 sider
Lånt ebok Biblio

Bok 7 i Harinder Singh-serien startar friskt, men har noko sein framdrift i midtpartiet. Både forfattaren - og politiet si etterforsking - stampar liksom utan å komma vidare, før det etter visse viderverdigheiter løyser seg. 

Harinder Singh deler også i denne boka hovudrolla med niesa Amandeep Kaur, ei kul og handlekraftig kvinne som opererer heilt i utkanten av det som er lovleg og akseptabelt. Mykje av handlinga utspelar seg i eit universitetsmiljø, noko som er uvant og interessant i krimsamanheng.
Terningkast 4+.


Satans segl av Tom Egeland
Bonnier norsk forlag 2026
509 sider
Lånt papirbok privat

Sjølv om eg likar Tom Egeland og sjølv om eg tykkjer Bjørn Beltø-serien er god og interessant, har eg ei kjensle av at eg har lese denne boka før. Med andre ord; Satans segl liknar (for) mykje på tidlegare bøker i serien. 

Dette er bok nummer 12 og det handlar nok ein gong om arkeologiske utgravingar, konspirasjonar, religiøse gåter og hemmelege prosjekt. Om Bjørn Beltø som på klossete, men sjarmerande vis prøver å finna ut av det. Og om at han for n'te gong forelskar seg i ei vakker og muligens farleg kvinne.

Ut frå tidlegare leseopplevingar og grunna høge forventningar får Satans segl "berre" Terningkast 4.


Les også: Norsk krim 2026 del 1.

21. juni 2026

Norsk krim 2026

Eg omtalar som regel årets norske krimbøker i samleinnlegg. I desse korte omtalane/vurderingane prøver eg å formidla det som (for meg) er mest vesentleg. Så langt i år har eg lese desse tre:

Alt skal bli støv av Jørgen Brekke
Gyldendal 2026
300 sider
Lånt ebok BookBites

Den 9. boka i Singsaker-serien startar slik at lesaren skal bli engasjert alt frå byrjinga av forteljinga. Etter ein urovekkande prolog held det fram med eit møte med eit offer for ei kommande brutal valdshending. "Tilfeldigvis" går dette føre seg ikkje så langt frå der Odd Singsaker oppheld seg, og lesaren er dermed umiddelbart midt inne i handlinga. 

Alt tyder på at det er ei sak av typen "familietragedie", der far har drepe familien sin og deretter teke sitt eige liv. Singsaker - som no er blitt pensjonist - tvilar på at det er så enkelt, og gjer si eiga gransking. Han har dessutan førstehandskunnskap på korleis politiet ser på saka i og med at kona hans Felicia er ein av etterforskarane. 

Eg likar karakteren Odd Singsaker og har etter kvart blitt godt kjend med han. Han er sympatisk, empatisk og har ein sterk rettferdigheitssans. I denne forteljinga skal denne sansen føra til både bisarre og farlege situasjonar.

Alt skal bli støv er bra, men ikkje den beste boka i serien, - eg har konkludert med eit terningkast 4+.


Fartsblind av Agnes Matre
Gyldendal 2026
311 sider
Lånt ebok Biblio

Sjette avsnitt i Bengt Alvsaker-serien, og etter å ha lese alle dei tidlegare bøkene er eg vel kjent med både serie, hovudpersonar og skrivestil. 

Matre er dyktig når det gjeld plott, oppbygging, aktualitet og at alt skal vera så realistisk som muleg. Både teknisk og taktisk etterforsking vert skildra utførleg og detaljert. Greitt nok, men det går til ein viss grad ut over framdrift og spenning. 

I utgangspunktet er dette såkalla bygdekrim, men som handlinga i boka viser kan organisert kriminalitet spre seg til små stader. Vidare handlar det om manglande bemanning og manglande kommunikasjon mellom ulike instansar. Det kan føra til at sårbare og einsame ungdommar lett kan bli rekrutterte inn i kriminelle miljø. 

Fartsblind er ein lettlest kriminalroman med relevant og aktuell tematikk. Terningkast 4.

Rovfugl av Jarle Sten Olsen
Kagge 2026
327 sider
Lånt papirbok biblioteket

Ny serie og ny forfattar for meg dette, og i slike tilfelle er eg alltid skeptisk-spent. Men dette lovar bra. Plottet er godt samanskrudd og spørsmåla om kven, kvifor og korleis driv handlinga framover. 

Handlinga er lagt til Telemark, og hovudperson er etterforskar Kim Utler. Han er tilstades på ein politisk debatt der ein gjerningsperson fyrer av eit skot mot statsministeren. Men vedkommande "bommar" på det som truleg er målet, og ein politimann vert drepen. 

Ein annan handlingstråd består av dagboksnotatar skriven av ein person som befann seg i Kosovo i 1999. Korleis desse sakene heng saman er lenge uklart, men får ei logisk oppklaring etter kvart.

Rovfugl er ei bra bok, sjølv om denne Kim Utler irriterer meg. Han er for usikker og for tam etter min smak. 
Terningkast 4-.

10. april 2026

Kort om: Stille grender av Martin Baldysz

Samlaget 2025
475 sider
Lånt ebok BookBites

I påsken las eg Stille grender, ein historisk krim skriven på nynorsk. Eg visste lite om boka og ingenting om forfattaren frå før, men det vart ei overraskande bra leseoppleving. Historia er fengande og original og forfattaren kan skriva. Eg set dessutan pris på forfattarar som utfordrar og fornyar krimsjangeren, noko Baldysz har lukkast med. Samstundes finn ein mange element som ein elles kan finna i klassisk tradisjonell krim. 

Stille grender er fyrste bok i det som skal bli ein serie. Hovudpersonar er eit søskenpar frå Ålesund som i denne forteljinga skal etterforska eit særdeles brutalt drap som har funne stad i den avsidesliggande (fiktive) Mardalen. 

Året er 1902. Den unge og ambisiøse overkonstabelen Johan Ryer tek med seg systera Sonja som assistent til Mardalen. Dette fordi Johan meiner at ho er både klok, analytisk og uredd. Og visst er Sonja skarp og modig, men lesaren får tidleg vita at ho har eit rusproblem. Johan forventar at det skal gå greit å etterforska og oppklara drapet, men så enkelt blir det ikkje. Mardalen er eit lukka samfunn sterkt prega av konflikta mellom eigarane av dei to største gardane i grenda. Offeret er  dotter til den eine av desse storbøndene. Stemninga er spent og uhyggeleg og mange av dei lokale er uvillige til å snakka om kva dei har sett og/eller høyrt.

Tidsbileta og miljøskildringane er gode; ein kan sjå for seg landskapet og naturen. Ja, ein kan faktisk sei at naturen framstår som ein eigen karakter, med den mørke skogen, dei bratte fjellsidene og den store fjorden - som bind Mardalen saman med omgjevnadene. Personteikningane er tydelege, slik at ein lett kan skilja dei enkelte frå kvarandre. Om noko skal pirkast på, er det at enkelte av karakterane på dette viset vert noko karikerte. Ein kan òg hevda at Johan er i overkant naiv og at Sonja er altfor dristig.

Tempoet er ganske langsamt, men framdrifta er likevel til stades sidan det skjer så mykje dramatisk. Stemninga er elles mørk og klaustrofobisk og det kjem fram mange hemmelegheiter og mykje kjensler som ulmar under den elles rolege overflata. 

Stille grender er ein innhaldsrik, stemningsfull og interessant krimroman som verkeleg kan anbefalast. For mi eiga leseoppleving var det positivt at ikkje alt var så beint fram. Eg forsto ikkje kven som sto bak ugjerningane før det vart avslørt. 

Eg ser fram til neste bok i serien. Eg vil gjerne bli meir kjent med Johan og Sonja og er nysgjerrig på bakgrunnen og oppveksten deira. Og eg tenkjer: Sidan denne boka er lagt til 1902 er det kanskje nærliggjande å tru at den neste kan komma til å handla om bybrannen i Ålesund i 1904?

5. februar 2026

Norsk krim 2025 del 3

Ny samleomtale som gjeld krim som kom ut i fjor. Alle bøkene er av svært røynde forfattarar og alle del av seriar. Og alle er etter mi meining i kategorien god grei krim.

Les også: 
Norsk krim 2025 del 1
Norsk krim 2025 del 2

Inn i mørket av Jan Mehlum
Gyldendal 2025
334 sider
Lånt papirbok biblioteket 

Bok nummer 23(!) om advokat Svend Foyn i Tønsberg - og 81-åringen Mehlum leverer framleis, på ein imponerande måte.

Innleiingsvis finn Foyn ein død person, og som alltid blandar han seg inn i saka. Han oppdagar etter kvart manglande etterforsking frå politiet si side og bestemmer seg for å snusa rundt. I samband med det fartar han mellom Tønsberg og Oslo og det blir óg ein snartur til København. 

Inn i mørket er ein velskriven kriminalroman, kanskje ikkje heilt på høgde med dei beste bøkene i serien, men likevel veldig bra. Mehlum har ein stødig penn, er oppteken av aktuelle saker og krydrar det heile med mørk humor og slagferdige replikkar. Han set dessutan søkelys på aktuelle samfunnsutfordringar. I denne boka skriv han m.a. om æreskriminalitet og politivald, og han kjem med ein krass (og velfortent) kritikk av NNPF.
Terningkast 4+.

Narrespill av Jørgen Jæger
Bonnier norsk forlag 2025
379 sider
Lånt papirbok privat

Det er som regel triveleg å besøka Fjellberghavn og Ole Vik. Det er det også i den 15. boka i serien, sjølv om veret er dårleg og sjølv om det skjer dramatiske og tragiske ting.

Ole Vik-serien er blitt svært populær, og det er ikkje så rart. Bøkene er lettleste og hovudpersonane Ole Vik og Cecilie Hopen er svært sympatiske.
Eit anna positivt trekk er at forfattaren flettar inn aktuelle saker og tema i handlinga. Den eine tråden i Narrespill er om transnasjonal diskriminering og undertrykking, eit tema eg ikkje visste noko særleg om på førehand. 

På plussida: Raske sceneskift, skiftande perspektiv og bra spenningsoppbygging. På minussida: Gjentakingar og overforklaringar. Konklusjon: Terningkast 4.


Her kommer natten av Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen
Gyldendal 2025
364 sider
Lånt ebok BookBites

Omsider kom den fjerde boka i Edvard Matre-serien, - den forrige kom ut i 2014. Det vil sei; Matre har dukka opp i den andre serien til Tvedt (Mikael Brenne), og likeeins har Brenne ei birolle i Her kommer natten. 

Edvard Matre har forlate Kripos og flytta tilbake til heimbyen Bergen og jobb i politiet der. Saka som er mest sentral i denne boka er drapet på ein kontroversiell lagdommar. Kven kan ha hatt motiv for ugjerninga? Det viser seg at det kan vera mange.

Her kommer natten er, som tittelen indikerer, ei ganske mørk forteljing. Det er ei bra bok som fortener fleire lesarar og meir merksemd enn ho har fått.
Terningkast 4+.

Ulvestuen av Jan-Erik Fjell
Bonnier norsk forlag 2025
Speletid 8:38
Lånt lydbok BookBites

Den 11. boka i Anton Brekke-serien er også grei krim. Denne gongen har forfattaren nytta seg av eit anna forteljargrep enn tidlegare, og det funkar bra. Medan Brekke og Magnus Torp er på farten i notid, fortel Brekke om ei heilt spesiell uoppklart drapssak frå 2002. Det er denne saka som er hovudforteljinga i boka. 

Det er interessant å få bli kjent med ein talentfull ung Brekke, som den gongen ikkje var fullt så sær og kynisk - men som alt hadde sine utfordringar. 

Boka er ein type puslespelkrim. Forfattaren legg ut mengder av spor og villspor, og det vart aldri tydeleg for denne lesar kva som var løysinga og kven som var gjerningsperson.
Lydbok anbefalast. Helge Winther-Larsen si opplesarstemme passar til Anton Brekke si forteljarstemme.
Terningskast 4+.

18. desember 2025

Norsk krim 2025 del 2

 Dette har vore ein sterk krimhaust! Her kjem ein ny samleomtale.

Nattseileren av Heine Bakkeid
Kagge 2025
440 sider
Lånt ebok BookBites

For ei bok! For ei ubehageleg - og fascinerande - leseoppleving! Nattseileren er ingen kosekrim, her er det verkeleg mørkt, både på det ytre og det indre plan. Stemninga er uhyggeleg, handlinga rystande, galskapen rår - og vêret er naturlegvis skikkeleg dårleg. 

Bakkeid, mest kjent for serien om Thorkild Aske, har med dette utgitt ein frittståande og nervepirrande thriller, og det er lenge eg las noko liknande. Fekk nesten Stephen King-assosiasjonar, men Nattseileren er meir realistisk - og dermed meir skremmande.

Hovudpersonen Jakk er psykisk sjuk, og me møter han medan han er på rømmen frå psykiatrisk sjukehus. Er han så gal og så farleg som enkelte trur? Er han på hevntokt? Kva skjedde den gongen då systera hans Jenny forsvann? Kven skjuler sanninga? Som lesar er ein lenge usikker på kva som er motivet, kvifor han handlar som han gjer. Men gradvis og via tilbakeblikk får me vita meir av kva som har skjedd tidlegare - og det er ikkje sikkert at det er Jakk som er den farlegaste..

Me får også følgja lensmannen Annemor Anger og politibetjenten Helene Jakobsen si etterforsking. Det kjem etter kvart fram kvar Jakk skjuler seg, men korleis nå fram til dei involverte når stormen rasar og infrastrukturen er lamma?

Nattseileren er ei dramatisk, opprørande og trist historie som blir verande hos lesaren lenge etter avslutta lesing. Boka er så intens at ein nesten kvir seg for å lesa vidare, i frykt for kva som kan skje. Eit soleklart og sterkt terningkast 5.

De svarte enkene av Ingar Johnsrud
Aschehoug 2025
Speletid 11:52
Lytteeksemplar frå forlaget

Dette er også ei veldig spennande bok, men på ein heilt annan måte enn den over. Eg likte godt den forrige boka Patrioter, og slo til då forlaget tilbaud meg leseeksemplar. For meg vart det då lydbok. (Ver obs på at om du lyttar til boka kan det vera krevjande å halda styr på alle trådar og karakterar.)

Historia startar med at eit Herculesfly styrtar over Østersjøen. Ombord er åtte ukrainske soldater og tre norske besetningsmedlemmar. Samstundes, i Oslo, vert ein person drept i en parkeringskjellar. Alt dette skjer på sjølvaste 17. mai.
Det handlar vidare om krigen i Ukraina og kommande fredssamtalar. Men i boka er det verken president Trump eller europeiske leiarar som står bak, men norske styresmakter, - i all hemmelegheit. Jens Meidel er nyutnemnd justisminister og blir involvert i verdenspolitikken medan han må handtera intrigar og politisk maktkamp, samt kjærleiksforhold og familieforviklingar. Eit anna maktspel som finn stad er mellom E-tenesta og PST. 

Boka er aktuell, truverdig og realistisk, har eit voldsomt tempo og driv og er ein skikkeleg sidevendar. Det er planlagt at dette blir ein trilogi, så eg ser fram til neste bok! Terningkast 5.


Taperen av Terje Bjøranger
Cappelen Damm 2025
303 sider
Lånt ebok BookBites

Forfattaren held seg til tematikken frå dei føregåande bøkene i serien om Charlie Robertsen; æresrelatert kriminalitet, gjengkriminalitet og samfunnet si berøringsangst. Dette er bok nummer 6 i serien.

Den såkalla æreskulturen er det mange som lir under, både kvinner/jenter og menn/gutar, i dagens Noreg. I Taperen møter me eit ungt par på flukt frå Nabifamilien; ein kriminell klan. Men sjølv i Chile og under ny identitet er ikkje dei to trygge. Samstundes, i Sverige, er ein annan klan i konflikt/krig med Nabiklanen. 

Charlie Robertsen, vår "helt", er egentleg degradert på grunn av gjentekne tvilsame og utradisjonelle arbeidsmetodar. Men så blir han involvert i ei ekstraordinær etterforskargruppe; ei arbeidsgruppe med utvida fullmakter, for om mogleg å få has på kriminelle bakmenn og klanar. Det blir etter kvart veldig spennande - og skremmande realistisk.

Bjøranger har bakgrunn som politiadvokat i Kripos og veit kva han snakkar om når han skriv om kriminelle klanar/familiar, æresdrap og negativ sosial kontroll. 
Også Taperen får terningkast 5.

Alliansen av Aslak Nore
Aschehoug 2025
399 sider
Lånt ebok BookBites

Alliansen blir kategorisert som roman av forlaget, og det er sikkert riktig, men eg tek likevel boka med her i denne krimsamleomtalen. Serien om familien Falck (Alliansen er bok 3) er ikkje vanleg krim, men ein politisk thriller - litt i same gate som Ingar Johnsrud si bok over her og Kim Leine sin Karoline-trilogi. Men der Leine festar grepet om lesaren si interesse for kvar bok, skjer det motsette her. I alle fall for denne lesar. 

I Alliansen tykkjer eg at det blir for mange ord og for mange stereotype karakterar. Men det er slett ikkje uspennande, og det er gjort eit imponerande stykke arbeid når det gjeld research for å få til ei så omfattande forteljing som dette er. 

Det vart dessverre ein prikk mindre på terningen denne gongen.
Terningkast 4.

Gjøkungegåten av Hans Olav Lahlum
Kagge 2025
440 sider
Lånt ebok BookBites

Sorry Lahlum, dette held ikkje. Eg er mellom dei som (hittil) har likt retroserien om K2 og Patricia, men denne 13. boka er seig. Eg set egentleg pris på at Lahlum har sin eigen stil, at bøkene hans har visse nerdete innslag og litt (ufrivillig?) humor. Dette er også til stades i Gjøkungegåten, men alt blir så altfor omstendeleg og gjentakande. 

I "notid" - som i dette tilfellet er 1974 - vert K2 involvert i ei tragisk og mystisk sak. Ein ungdom har nettopp fått vita at han vart adoptert som liten. Same dag som han skal møta den biologiske mor si, døyr ho under uklare omstendigheiter. Oppdraget til K2 er å finna ut kven som er biologisk far, men han etterforskar også rundt dødsfallet. Deretter vert det fletta inn ei historie frå 1950-talet. 
K2 løyser sjølvsagt til slutt mysteriet, med god hjelp fra rådgjevaren Patricia, etter ei langvarig og langsam etterforsking.
Terningkast 3.

12. november 2025

Samleomtale: Norsk krim 2025

Det kjem stadig ut norske krimutgjevingar, noko som er både interessant og kjekt. Krim er ein enormt populær sjanger og lesarar etterspør heile tida nye og fleire bøker - noko som gjer sjangeren svært lønsam for forlaga. Mengden krim gjer meg likevel ofte skeptisk, for det er jo ikkje alt som er like bra.
Sidan eg nok er blitt ein kresen og krevjande krimlesar etter kvart, har eg ein tendens til å prioritera bøker frå forfattarar eg kjenner godt til frå før. Dei som eg veit skriv godt, som har gitt meg greie leseopplevingar tidlegare og som sjeldan har skuffa meg. Som forfattarane nedanfor.

Diamanter og rust av Anne Holt
Gyldendal 2025
381 sider
Lånt papirbok privat

Veldig bra bok! Eg har kosa meg med den 13. boka i Hanne Wilhelmsen-serien; eg har lese seint for å verkeleg få med meg stemning, språk, dialogar og innhald. Forfattaren har nemleg uttalt at Diamanter og rust er den aller siste i serien. Det at ein veit at det er den siste boka fann eg litt foruroligande, med tanke på at Anne Holt tidlegare i ein annan serie har "avliva" protagonisten sin. Kva kjem til å skje med Hanne? 

Før ein veit korleis det endar skal me ein tur innom ein del merkelege ting som har foregått i forlagsbransjen og me får møta eit par meir eller mindre desperate forfattarar som slit med ulike ting; rykter, privatliv, skrivesperre og økonomi. Dessutan skjer det sjølvsagt eit mord. 

Det er sommar og Hanne og familien oppheld seg på nyinnkjøpt hytte. Men Hanne mistrivst med varmen og alle gjestene. Når hyttenaboen viser seg å vera ein jamaldrande forfattar som attpå til er eit viktig vitne i den pågåande drapssaka, vert Hanne veldig interessert, for å sei det mildt. Problemet er at det er gitt ordre om at Hanne ikkje skal involverast i noko politietterforsking.

Plottet er finurleg og løysinga logisk - med ei avslutning som er avklart - men også open. Fiffig!
Avslutningsvis må nemnast at referansen til Diamonds and Rust av Joan Baez er tydeleg, spesielt når boka er ferdiglesen.
Terningkast 5.

Kom hjem Amadou av Karin Fossum
Cappelen Damm 2025
221 sider
Lånt papirbok privat 

I Eddie Feber-bok nummer 5 finn du ikkje så mykje ytre spenning, men desto meir spenning som ligg på eit indre plan. Fossum har ei fenomenal evne til å få oss lesarar til å bry seg om dei ulike karakterane sine. Ho skriv effektivt og bygger historia opp på ein overbevisande måte. Her er det ikkje ei einaste setning eller eitt einaste ord for mykje.

Sentralt i handlinga er Nancy, ei einsleg og einsam kvinne som bur på ein stor gard, sterkt prega av ei vond oppleving i barndommen. Ikkje berre vart ho utsett for ei skremmande hending, men i ettertid forstår ho at ho var eit viktig vitne. Men ho var berre eit barn den gongen og det ho sa vart dyssa ned og ikkje teke på alvor.

Etter kvart blir etterforskar Eddie Feber, åttebarnsfar og menneskekjennar, involvert, - både i ei gammal forsvinningssak og fleire andre tragiske og skremmande hendingar. 
Terningkast 5.


Det levende mørket av Ørjan N. Karlsson
Gyldendal 2025
328 sider
Lånt ebok BookBites

Fjerde del i serien om etterforskar Jakob Weber har, som dei føregåande, handling frå Bodø og distriktet rundt. Bøkene i serien handlar ofte om mørke hemmelegheiter og uoppklarte forsvinningar.
I denne siste boka må Jakob noko motvillig tre inn som fungerande politimester. Aller helst vil han jobba i felt, men med to krevjande etterforskingar er det viktig at nokon held i trådane. 

Sakene er både groteske og mystiske. Den eine saka handlar om at eit partert lik vert funne i eit søppelanlegg og den andre om ein forvirra mann med ein blodig kniv. Som lesar blir ein ikkje spesielt overraska når det viser seg at dei to sakene heng saman.
Legg så til eit kart med merkelege påteikningar, ein nærgåande ulv, ein mann som skjuler identiteten sin bak ein birøktarhatt, samt narkotikasmugling og vald i nære relasjonar. 

Jakob er ein sympatisk og truverdig karakter, og eg kjem heilt sikkert til å lesa femte bok denne serien.
Det levende mørket får terningkast 4+.


Kismat av Abid Raja og Torkil Damhaug
Cappelen Damm 2025
Speletid 9:00
Lånt lydbok BookBites

To suksessrike og dyktige forfattarar frå kvar sin sjanger er blitt eit spennande krimforfattarpar. Kismat er fyrste bok i det som kan bli ein serie. Samarbeidet virkar å ha fungert fint og dei har funne ei form som funkar. 

Hovudperson i boka er Aurang Khan; han er advokat med pakistansk bakgrunn og aktuell som ny statsråd. Likskapen mellom Abid Raja og hovudpersonen er altså tydeleg, men også ganske ulik. Å vera fleirkulturell kan vera ein vanskeleg balanse, noko Raja sjølv har uttrykt fleire gonger i sine utspel om innvandring og integrering.

Gjennom perspektiva til ein journalist og ein ungdomsven får me vita at det finst ein del grums i Khan si fortid. Er det så grovt at det kan vera ei belastning eller hindring i ein eventuell ministerpost? Gjennom ulike tidsplan vert me kjent med bakgrunnen hans; m.a. om tida på koran-skule i Pakistan og om det kriminelle organiserte miljøet i Oslo på 1990-talet.

Ivar Nergaard les lydboka med sedvanleg engasjement og innleving og har evne til å skilja dei ulike forteljarstemmene frå kvarandre. 
Etter mi meining er boka meir interessant enn spennande, men eg les gjerne meir frå dette forfattarparet i framtida.
Terningkast 4+.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -


Tidlegare i år har eg lese følgjande krimromanar, òg utgjevne i 2025. Men det er ganske lenge sidan eg las dei og dermed har eg gløymt mykje av handlinga i bøkene.

Bomberen av Samuel Bjørk
Bonnier norsk forlag 2025
542 sider
Lånt papirbok privat 

Denne las eg i sommar då eg hadde ferie. Ypparleg ferielesing! Ei omfattande bok, men er lettlest og vart ikkje opplevd som for lang. Kan karakteriserast som ein actonthriller med mange spenningstoppar, overraskande vendingar, høgt tempo og god framdrift.
Bomberen er bok 6 i serien om Holger Munch og Mia Krüger, men serien er ukronologisk. Denne boka har handling frå tidleg 2000-tal, då Mia var heilt fersk som etterforskar. Terningkast 5.

Evig fred av Agnes Lovise Matre
Gyldendal 2025
351 sider
Lånt papirbok privat 

Eg las den femte boka i Bengt Alvsaker-serien i april og hugsar ikkje noko særleg av handlinga. Men det er i alle fall bygdekrim, og det må ha vore ei heilt grei leseoppleving; eg ga boka terningkast 4+. 
Sjå og høyr bokbad med forfattaren.


Minnesota av Jo Nesbø
Aschehoug 2025
Speletid 11:16
Lånt lydbok BookBites 

Boka kom ut tidleg på året og eg lytta til ho i mars. Så handlinga er som blåst bort frå hjernen min. Ikkje eingong når eg no i ettertid skummar gjennom omtalar og bokmeldingar kjem det tilbake til meg. Nesbø er uansett bra og eg ga terningkast 5.

23. mars 2025

Vinter- og vårlesing

Det har hopa seg opp med "uomtalte bøker". Igjen. 
Nytt samleinnlegg følgjer. Alle del av serie og alle i krimsjangeren, men ulike i stil, omfang og innhald.

Eg startar med ein ny og knallbra dansk krim..

Kaoskoden av Thomas Bagger
Vigmostad Bjørke 2025
511 sider
Lånt ebok BookBites

Den fjerde boka i Task Force 14-serien er heilt i min smak. I hovudrollene finn me to fascinerande og komplekse personar, spesialagentane David Flugt og Lucas Stage. I tillegg møter me fleire andre interessante karakterar, det er masse action, stadig ny informasjon og skremmande aktuell tematikk. 
Boka er omfangsrik, men likevel forholdsvis rask å lesa - fordi det heile tida kjem inn nye og overraskande moment. Stikkord for handlinga er konspirasjonsteoriar, kunstig intelligens, cyberkriminalitet, politisk ekstremisme og (frykt for) terrorisme.
Historia blir fortalt vekselvis frå David og Lucas sitt perspektiv, dei jobbar med kvar si sak som viser seg å henga saman. Lesaren veit, heilt frå fyrste bok, at sjølv om dei to på eit vis er kollegaer, er dei også bitre motstandarar. Lucas ber med seg eit mørke som kan gjera han farleg.
Det er framleis ein heil del lause trådar i denne serien, og epilogen hintar om kva som kan bli tema i neste bok.
Kaoskoden er ein intens, velkomponert sidevendar av ein spenningsroman.
Terningkast 5+.

..og held fram med eit like ferskt fransk innslag.


Et øye i natten av Bernard Minier
Aschehoug 2025
430 sider
Lånt papirbok privat

I del 8 i serien om Martin Servaz leikar forfattaren seg med skrekkfilmsjangeren. Det er tydeleg at han har stor kunnskap om - og interesse i - denne filmsjangeren. Det har ikkje denne lesar, men eg hadde likevel glede av boka. 
Kulissane er skumle, stemninga mørk, vêret dårleg, drapa groteske og etterforskinga er både tradisjonell og alternativ.
Persongalleriet er stort, men likevel oversiktleg. Ein del fargerike og sære folk, både blant etterforskarar, gjerningspersonar og bipersonar.
Boka har fleire overraskingar undervegs, mellom dei ein sørgeleg twist omlag halvveges - som slo meg litt ut. Derifrå og ut er det fantastisk spennande. Særleg truverdig og realistisk er det ikkje, men det vart ei fascinerande leseoppleving.
Hovudhistoria blir greit oppklart, og avslutningsvis kjem ein cliffhanger av det slaget som gjer at ein nesten ikkje klarar å venta på neste bok.
Eg gir eit lite fråtrekk for alle skrekkfilmreferansane - som eg ikkje forsto.
Terningkast 5-. 

Så over til ein velskriven finsk krim.


Djevelpakten av Max Seeck
Aschehoug 2023
Speletid 12:29
Kjøpt lydfil (Mammutsal)

Del tre i Jessica Niemi-serien, der Jessica sjølv har ei heller tilbaketrekt rolle. Tittelen gjorde at eg forventa at djeveldyrking og satanisme kunne vera ein del av handlinga, men der tok eg (heldigvis) feil. Det er meir jordnært enn som så. 
Her handlar det om hevn; eit vanleg motiv i krimromansamanheng, men her er det ytterst raffinert og utspekulert. Etterforskarane får verkeleg noko å bryna seg på. 
Boka har god framdrift og høgt tempo, eit oversiktleg persongalleri og fleire overraskingar.
Terningkast 5.

Nestemann er australsk.

Dragemannen av Garry Disher
Aschehoug 2021
Speletid 7:57
Kjøpt lydfil (Mammutsal)

Svært lovande start på Peninsula-serien. Omgivelsane er eksotiske: det er jul, midtsommar og steikande heitt på halvøya utanfor Melbourne, Australia. Elles er det ein heller tradisjonell krim slik me kjenner det, med høg grad av realisme i høve etterforskingsarbeid.
Eg likte umiddelbart hovudkarakteren Hal Challis, elles sleit eg litt med å halda styr på dei mange ulike karakterane. Det er ofte eit problem når ein les lydbok. 
Konklusjon: Ein fin introduksjon til ein ny serie som eg gjerne følgjer opp i framtida. 
Terningkast 4.

På tide å snu nasen i retning norden - og til ein svenske som er sådär.


Grevgatan av Maria Fallström
Lind & Co 2023
Speletid 7:39
Lånt lydbok BookBites

Ei bok av den typen som Anita kallar "knekkebrødkrim". Det vil sei ei bok av den lettfordøyelege og lettgløymde typen - og som av og til er det rette lesestoffet om ein skal slappa av. 
Dette er fyrste del i serien "Enhet for grova brott". Veldig bra opplesar av lydboka, elles ga ikkje boka noko særleg inntrykk. Ein får liksom kjensla av at ein har lese det før. 
Terningkast 3.


Til slutt - heim igjen til gamlelandet og tre norske innslag


Plutselig var det ingen drømmer igjen av Lars Helle
Liv forlag 2024
364 sider
Lånt ebok BookBites

Del 4 i Kurt Stille-serien. Eg har lese berre ei av dei foregåande, men det er ikkje vanskeleg å komma inn i forteljinga. 
Protagonisten er ein krimforfattar som vert oppfordra til å sjå nærare på ei uoppklart kald sak. Det set sjølvsagt i gang uro, bekymringar og spekulasjonar for familie og andre som var involverte den gongen.
Dette er ei bok i kategorien bygdekrim, der hemmelegheiter og ondskap ulmar under overflata. Boka er godt oppbygd med eit gjennomarbeida plott, i ei fortid- og ei notidsforteljing, der biletet blir gradvis klårane for lesaren. Løysinga er truverdig, og ikkje altfor usannsynleg. 
Terningkast 4+.



Fritt vilt av Agnes Lovise Matre
Gyldendal 2024
358 sider
Lånt ebok BookBites

Meir bygdekrim, denne gongen med handling frå Hardanger. I den fjerde boka i Bengt Alvsaker-serien tek forfattaren føre seg fleire aktuelle tema. Sjølve krimgåta handlar om ei drukningsulukke som kanskje ikkje er ei ulukke og ei ung jente som er sakna. Etterforsking og leiteaksjon blir ytterlegare komplisert av at vêret er ekstremt dårleg. Vidare handlar det om ungdommar som lever liv foreldra ikkje har kontroll over. Dei er gjerne tøffe utanpå, men egentleg veldig sårbare og dermed lette å manipulera.
Fritt vilt er ei grei krimbok der det blir sett fokus på alvorlege problemstillingar. Så veldig spennande blir det vel kanskje ikkje, men Matre har ein god penn, karakterane framstår som ekte og handlinga er truverdig.
Terningkast 4+.


Tørt land av Jørn Lier Horst
Bonnier norsk forlag 2024
Speletid 7:40
Lånt lydbok BookBites

Styrken til Lier Horst er at det alltid er truverdig og realistisk når det gjeld teknisk og taktisk etterforsking. Så også i den nyleg Riverton-nominerte Tørt land, som er nummer 18 i serien om William Wisting. 
Eg har ikkje lese alle bøkene i serien. Interessa for Wisting forsvann gradvis etter den 7.-8. boka, for eg tykte forfattaren etter kvart berre gjentok seg sjølv. Det var liksom så forutsigbart, traust og uengasjerande. 
Men eg må innrømma at Tørt land er ei bra bok. Her klarar faktisk WW (eller Lier Horst då) å overraska meg.
Terningkast 4.

11. januar 2025

Fjorårets beste krimbøker

Egentleg var eg ferdig med oppsummering av leseåret 2024, men så dukka det opp ein interessant artikkelserie på nettstaden krimlitteratur.com. Bidragsytarane der har plukka ut krimfavorittane sine for året som gjekk - og dermed vart eg inspirert til å gjera (noko av) det same. 

I 2024 las eg 31 krimbøker som vart utgitt i 2024; 15 norske og 16 omsette. 10 av dei 31 ga eg terningkast 5. Ikkje så verst egentleg, for eg er ganske kresen..
Når eg summerer opp viser det seg at mine 10 beste frå 2024 består av tre norske og sju omsette krimromanar. 

Norske


Heine Bakkeid: Sorgsankeren
 
Den femte boka i Thorkild Aske-serien er ei veldig bra bok og vart av den grunn ein av årets norske høgdepunkt for meg. Stemninga er mørk og dyster, hovudpersonen er hardkokt og desperat og gjerningspersonen er særdeles ond og utspekulert. 'Sorgsankeren' er velskriven, godt plotta og har eit veldig driv.

Terje Bjøranger: Den ingen ser
 
Denne boka er det mange som har nemnt som ein av dei beste i 2024 - og det er eg enig i. Bok nummer 5 i serien om Charlie Robertsen er ein viktig og engasjerande roman som tek opp alvorlege tema. Historia er sterk og fascinerande og gir eit truverdig bilete av aktuelle samfunnsproblem. 

Unni Lindell: Dukken i tauet 
Tredje bok i serien om Lydia "Snø" Winther er velskriven, velplotta og velkomponert. Forfattaren har behalde det kjende krimuniverset frå tidlegare bøker/seriar og tek samstundes opp nyare tematikk som kunstig intelligens, gaming og gentesting.

Utanlandske
Dei omsette er fire svenske, to danske og (overraskande!) ei australsk.

Arne Dahl: I sirkelens sentrum 
Fyrste bok i ny serie frå sjølvaste Arne Dahl er ein knallbra kriminalroman; ei godt oppbygd historie med dramatiske hendingar og vendingar. Boka har eit spennande og aktuelt tema og eit intrikat plott. Forfattaren kan krimhandverket og brukar verktøya effektivt.

Håkan Nesser: Det kom et brev fra München 
Nummer åtte i serien om Barbarotti er ein "snill" og underhaldande feelgood-krim der innhald, plott, skrivestil og språk er på eit høgt nivå. Omgivelsane og deler av tematikken minner om klassisk britisk puslespelkrim.

Lars Kepler: Søvngjengeren 
Bok ti i Joona Linna-serien er handlingsrik, perspektivrik og svært spennande, - og som alltid frå dette forfattarparet; mørkt, skummelt og blodig. Så veldig realistisk er det ikkje, men Søvngjengeren er ein bladvendar som gir deg puls!

Lina Bengtsdotter: Flammene 
Svensk bygdekrim, ikkje del av serie. Stikkord for handlinga er vonde hemmelegheiter, vanskelege oppvekstmiljø og dysfunksjonelle familiar. 'Flammene' er ei gripande historie med stemning og truverdige karakterar.
Den 10. og siste boka i Avdeling Q-serien er både underhaldande og spennande. Persongalleriet er mangfaldig og det vert fleire gjensyn med karakterar frå tidlegare bøker. Alt i alt ei verdig avslutning av ein knallbra serie - og det er fornuftig av forfattaren å gi seg på topp.

Jens Henrik Jensen: Pilegrim
Eg har ikkje blogga om den sjette boka om Oxen (men eg laga ein gong ein serieomtale av dei fire fyrste bøkene). 'Pilegrim' er ikkje så rå og brutal som 'Gladiator', men er ei spennande historie med god spenningsoppbygging. Hovudpersonane er interessante og framstår som "fleirdimensjonale". Det er spesielt interessant å følgja Oxen sine tankar og handlingar sidan han har bakgrunn som jegersoldat med PTSD-problematikk. Kan lesast som frittståande bok, men då går ein glipp av samanhengar og utviklingstrekk.

Emma Viskic: Den skyldige
Heilt til slutt; det mest nyskapande og eksotiske innslaget av mine topp ti frå 2024. Eg har ikkje blogga om 'Den skyldige' heller, men her vart eg både imponert og fascinert. Omgivelsane er originale, historia er engasjerande og boka er elles kjenneteikna av intensitet og høgt tempo. Protagonisten har eit handicap som gjer at han ser på verda på ein alternativ måte; etterforskaren Caleb Zelic er nemleg døv. Perspektivet er dermed heilt annleis enn det som er vanleg i krimlitteratur-samanheng. 
Neste bok har norsk tittel 'Ildfall' og kjem i mars.



Eg kunne i tillegg ha lagt til Karolines krig (som eg ga ein femmar) i denne lista, for eg ser at bokbloggar Tine har den boka med i sine utvalde omsette bøker. Men denne boka blir (av forlaget) kategorisert som roman og ikkje krimroman.


25. november 2024

Haustlesing: Norsk krim 2024

Som vanleg er eg bakpå når det gjeld omtalar, så her kjem eit skippertakinnlegg. 

Som eit eksperiment, og for å vera effektiv, har eg for fyrste gong (i bloggsamanheng) teke i bruk kunstig intelligens. Eg har naturlegvis kvalitetssikra og bearbeida innhaldet slik at eg kan stå for det som står skrive, men det er kanskje blitt litt annleis enn om eg ikkje hadde brukt KI.
Reaksjonar/kommentarar nokon?


Den ingen ser av Terje Bjøranger
Cappelen Damm 2024
379 sider
Lånt ebok BookBites

Forfattaren tek opp fleire aktuelle og vanskelege tema i denne boka. Stikkord er tvangsekteskap, æreskriminalitet og gjengkriminalitet, og me møter fleire uskuldige menneske som vert utsette for grove truslar og vald.

"Dei som ikkje blir sett" er to jenter som lir under det som kan kallast æreskultur. Bjøranger har sjølv jobba med temaet i fleire år, så handlinga framstår som truverdig og realistisk. 

Bok nummer 5 i serien om Charlie Robertsen er ein viktig og engasjerande roman som tek opp alvorlege tema. Historia er sterk og fascinerande og gir eit truverdig bilete av eit aktuelt samfunnsproblem.
Terningkast 5.


Blind hevn av Bjørn Bakken
Lind & co 2024
Speletid 7:14
Lånt lydbok BookBites

Bjørn Bakken, for oss bokbloggarar kanskje mest kjent som bokbloggkollega Bjørnebok, er ute med si tredje bok i Sørlandskrim-serien. Bloggen hans blir ikkje lenger oppdatert noko særleg, og sjølv om det er litt trist, så kan ein forstå det. No er det nok skriving av eigen krimserie som gjeld, og ikkje andre sine bøker.

Det er ein fordel å lesa bøkene i rett rekkefølge, men elles blir tidlegare hendingar forklart og repetert i starten av Blind hevn. Som dei to føregåande er dette ei ganske spennande og underhaldande bok, med bra framdrift og eit stødig språk. 

Lydbøkene i serien er blitt veldig populære - og det forstår eg godt. Ivar Nergaard si innlesing tilfører leseopplevinga noko ekstra - og gjer at eg legg til eit plussteikn:
Terningkast 4+.


Det blinde vitnet av Jørgen Brekke
Gyldendal 2024
302 sider
Lånt ebok BookBites

Nestenpensjonist Odd Singsaker er tilbake - med ei siste sak? Dette er bok nummer 8 i serien, men ho kan fint lesast som ei frittståande bok. Eg har lese og likt alle dei føregåande og hadde difor høge forventningar - som i stor grad vart innfridde. 

Historia startar med ei uvanleg hending: ei blind kvinne hevdar å ha sett (!) eit drap i naboleilegheita si. Kort tid etter vert den blinde kvinna funnen død. Dermed vert ei komplisert etterforsking sett i gang. 
Kan svaret ligga i fortida til kvinna? Kva har ho gjort, kvar har ho vore, kven har ho kjent? Dette får lesaren vita litt om undervegs via nokre dagboknotatar. 

Boka er ikkje så lang, men etter mi meining kunne deler av handlinga vore utkutta. Eg tykkjer t.d. at det er forstyrrande og irrelevant å lesa om bruk av tarotkort. Når forfattaren skal gjera det ekstra mystisk reagerer eg visst stikk motsett av det som truleg har vore føremålet. 
Terningkast 4.


I begynnelsen var mørket av Karin Fossum
Cappelen Damm 2024
285 sider
Lånt papirbok privat

Som alltid skriv Karin Fossum drivande godt, og som alltid er karakterane hennar heilt unike. Dette er fjerde bok i Eddie Feber-serien.

Tittelen gir bibelske assosiasjonar, og omslagsbiletet får ein til å tenkja på Hamlet - utan at eg kan sjå at det har relevans til handlinga i boka. 

Det er ingen tradisjonell krim og det handlar lite om vanleg politietterforsking. Men her skjer fleire brutale drap, og det handlar mykje om psykologi og vitneåtferd - og aller mest handlar det om kva utanforskap og einsemd kan føra til.

I begynnelsen var mørket er ei bra bok, men Fossum har vore betre før. Så dermed "berre": Terningkast 4+.

Svikere av Espen Skjerven
Liv forlag 2024
325 sider
Lånt ebok BookBites

Dette er fjerde bok i serien om Tom Greyston, sjølv har eg kun lese den tredje (Kleptokratiet) tidlegare. Det er kanskje årsaka til at eg ikkje er fullt så begeistra for boka som "alle" andre. 

Ikkje for det; det er ei velskriven og velkomponert bok, men for meg vart karakterane, også hovudpersonane, uklare og vage. Eg er ikkje blitt kjent med dei og forstår ikkje kva dei tenkjer og kvifor dei reagerer som dei gjer.
Til tider er det også noko overforklarande.

Plottet er originalt og innleiinga "passe ekkel". Stikkord for handlinga elles er likskjendingar, korrupsjon, konspirasjonsteoriar, miljøkriminalitet og miljøekstremisme. 
Terningkast 4.


Stille som snø av Ørjan N. Karlsson
Gyldendal 2024
Speletid
Lånt lydbok BookBites

I den tredje boka i Jakob Weber-serien er handlinga lagt til Bodø og Lofoten, og forfattaren skildrar natur og omgjevnader på ein bra måte.
Det er ei trist og opprørande historie som blir fortalt, og det vert elles teke opp ulike aktuelle tema. 
Etterforskarane sine privatliv tek litt stor plass i handlinga, men utan at det går noko særleg ut over framdrifta. Weber sjølv er ein sympatisk protagonist som har nokre utfordringar og som slit med å strekka til på ulike område. 

Også denne boka har tendensar til overforklaringar, og eg oppfattar forteljarmåten som omstendeleg. Men etter ei noko saktegåande midtparti aukar spenninga og tempoet mot slutten.
Terningkast 4.


Messe for en morder av Gard Sveen
Cappelen Damm 2024
383 sider
Lånt ebok BookBites

Andre bok i serien om politietterforskarane Ulf Sommer og Agnete Ness handlar om to saker som alt frå start av (truleg) har ein samanheng. Det handlar om ein farleg fange som har rømt og om eit forsvunne barn. Barnet er fangen si dotter. 

Sakene er skikkeleg utfordrande og med stigande spenning får lesaren følgja dei ulike etterforskingsstega og sjå korleis det utviklar seg. Det er sjølvsagt lagt ut både spor og villspor og dei ulike vitna er ofte upålitelege og/eller løgnaktige. 

Boka er ein type puslespelkrim som er både velskriven og velplotta, og for denne lesar framstår innhaldet som ganske realistisk. 
Terningkast 4+.

- - - - - - - - - - - - - -

Fleire omtalar av årets norske krimbøker (mine terningkast i parentes)